![]() |
![]() |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Berlinmuren
Likevel er overraskinga stor då austtyske styresmakter om natta den 13.august byrjar å sperre av gatene mellom Aust- og Vest-Berlin. Dei som klarte det, skunda seg no over til den vestlege delen av byen. Nokre få dagar etter vert store betongelement sett opp, og Berlin-muren vert bygt. Trass i muren var det mange som prøvde å røme frå aust til vest. Risikoen var stor, og mange miste livet på denne måten. Dei vart rett og slett skotne under flukta.
Det vart få overgangsstader mellom dei to bydelane, men nokre stader var det lov å krysse grensa under strengt vakthald. Den einaste overgangsstaden der utlendingar kunne kome gjennom muren, var ved Checkpoint Charlie. (Sjå Etterkrigstida-verda) Dette punktet vart spesielt kjent fordi aust og vest utveksla spionar her. Plassen var og med i mange spionfilmar som handla om forholda mellom aust og vest. I dag eksisterer ikkje Checkpoint Charlie lenger, for i juni 1990 var det ikkje lenger bruk for overgangsstader mellom Aust-Berlin og Vest-Berlin.
|
|
Den kalde krigen (sjå denne fine oversikta laga for skuleelevar!) Desse flya som hadde base i Pakistan, skulle flyge over Sovjetunionen og til Bodø Flystasjon. På denne måten vart Norge trekt inn i ei storkonflikt. Dei norske styresmaktene seier dei ikkje kjenner til desse flygingane, men det er klart at U 2 hadde vore fleire gonger i Bodø og at nokon måtte vite om kva som skjedde. Flygaren vart tvinga til å stå fram i sovjetisk fjernsyn og på ein måte drive propaganda for Sovjetunionen. Etter ei tid vart han utveksla med ein annan spion. |
|
USA President Kennedy hadde bror sin Robert Kennedy som justisminister.
Saman jobba dei for at dei svarte i USA skulle få det betre. I 1960-åra var USA prega av borgarrettskampen til dei svarte amerikanarane. Ein av
leiarane deira var Martin Luther King. I 1963 leia han ein kjempesvær marsj mot Washington, for å støtte lovene om like rettar for alle
amerikanarar. I 1964 kom lova som forbaud all form for diskriminering. Same året fekk Martin Luther King Nobels Fredspris for arbeidet sitt. King var ein god talar, og han er spesielt kjend for talen ”I have a Dream”. I 1968 vart King myrda av ein snikskyttar.Same året vart Robert Kennedy også myrda. Han kjempa for å bli demokratisk presidentkandidat ved valet i 1968. Cubakrisa I 1962 oppdaga amerikanske U 2 fly utskytingsutstyr for mellomdistanserakettar på Cuba.
Verda gjekk inn i ein krisesituasjon, og har aldri vore så nær ein tredje verdskrig. Cuba hadde vore styrt av diktatoren Batista, som var svært korrupt og i lomma på amerikanske økonomiske interesser. Filmen Havana med Robert Redford i hovudrolla, gir ei god skildring av tilhøva på Cuba på denne tida. I 1959 var der revolusjon, og Fidel Castro kom til makta. Saman med Che Guevara, marsjert han inn i hovudstaden Havana. Cuba fekk støtte frå
Sovjetunionen, og etter kvart sa Castro frå om at han var kommunist. Cuba sin store eksportartikkel er sukker. USA nekta og kjøpe sukker frå Cuba
etter at Castro sa han var kommunist, men så lenge Sovjetunionen eksisterte, kjøpte dei sukkeret frå Cuba. Castro satsa mykje på helse og utdanning, og han lukkast i gjera levetilhøva på Cuba mykje betre. Men på den andre sida fengsla han sine politiske motstandarar. Mange av desse rømte til USA. I 1961 gjekk desse til angrep på øya, men mislukkast totalt.
I 1962 viste satellittbilete at Sovjetunionen hadde utskytingsbasar for atomrakettar på Cuba. Rakettane kunne brukast mot USA. Kva som var bakgrunnen til at Sovjetunionen gjekk til eit så drastisk skritt, veit ein vel ikkje den dag i dag. President Kennedy kravde at desse rakettane skulle bort! Han bestemte seg for å blokkere Cuba. Det vil seie at sovjetiske skip ikkje kunne nærme seg Cuba. Kennedy stilte Sovjetunionen eit klart ultimatum: Dersom rakettane ikkje vart fjerna, ville USA gå til angrep på Cuba. Då ville Sovjetunionen vera innblanda i ein eventuell krig.
Sovjetunionen hadde fleire skip på veg til Cuba med rakettar om bord, og Kennedy la blokadelinja så nær den cubanske kysten at skipa hadde sjanse til å snu. Kva om dei ikkje snudde? Heile verda sat klistra til radioapparata. Kva no? Er den tredje verdskrig alt i gang? Også dei som budde i Norge var redde for at ein ny krig skulle kome. Heldigvis så snudde dei sovjetiske skipa, og ein krig var avverga. Men krisa var ikkje over. Kennedy kravde at alle atomrakettar skulle vekk frå Cuba, og Khrustsjov kravde at USA ikkje skulle gå til noko slags angrep på øya. Dette vart dei einige om, og det vart ikkje krig. Resultatet av konflikten vart at dei to statsleiarane oppretta direktete telefonlinje seg i mellom, og kunne diskutere problema direkte. - Cubakrisa dag for dag (elevarbeid i en dansk skuleklasse for 8. klasse) Heilt fram til i dag har USA nekta å handle med Cuba, og har vore med på å gjera forholda for folk på øya vanskelege. Då Sovjetunionen ikkje var meir fekk det landet vanskar med å kjøpe sukker frå øya, og på den måten miste øya ein viktig handelspartnar. Hugsar du den vesle guten, Elian Gonzales, som i 1999 dreiv i land i USA etter at han saman med mor si hadde rømt frå Cuba til USA. Mora miste livet, men guten kom i land i USA, og slektningar i USA kravde å få guten. Faren hans, som framleis budde på Cuba, ville ha guten sin tilbake. Dette utvikla seg til ei konflikt der guten til slutt vart kidnappa av amerikanske styresmakter, og send tilbake til far sin. Heile verda var engasjert i denne guten sin lagnad. |
|
Vietnamkrigen (sjå denne oversikta over Vietnamkrigen)
I Sør-Vietnam vart det ikkje gjennomført noko frie val, og generalstyret vart etter kvart meir og meir diktatorisk og korrupt. Som eit resultat av dette, vart det skipa ei frigjeringshær i Sør-Vietnam, FNL, og då dei gjorde opprør i 1959, vart dei støtta av kommunistregimet i nord. FNL ville at dei to delane i landet skulle slå seg saman att, og deira opprør vart støtta av mange i sør. USA vart meir og meir redde for at kommunistane skulle ta makta over heile landet. Og i 1961, under president Kennedy, byrja amerikanarane å sende
krigsutstyr og soldatar til Sør-Vietnam. Det amerikanske engasjementet i Vietnamkrigen berre auka på. Etter at Lyndon B Johnson tok over som president, vart USA involvert for fullt.2.august 1964 kjem det til skotveksling mellom amerikanske- og nord-vietnamesiske militærfartøy i Tonkin-bukta. Amerikanarane hevda dei var i nøytralt område medan den andre part hevdar at amerikanarane var innanfor grensene til Nord-Vietnam. I alle fall brukar amerikanarane denne hendinga som eit påskot til å gjennomføre militære operasjonar inne i Nord-Vietnam. I 1965 byrjar amerikanarane ”Operation Rolling Thunder”, som gjekk ut på å teppebombe områda i nord. Store amerikanske B-52 bombefly sleppte i perioden 1965-1968 dobbelt så mange bomber over Vietnam enn det som vart sleppt under heile andre verdskrig. Ein amerikansk politikar sa :” at landet skulle bombast tilbake til steinalderen”. Frå vietnamesisk side var krigen ein geriljakrig. Soldatane slo til, og trekte seg raskt tilbake til jungelen. Amerikanarane brukte kjemiske middel for å utrydde skogen som soldatane gøymde seg i. Dei brukte også napalm-bomber. Dei verkar slik at alt dei treff, skog, hus og menneske brenn opp. Det vil seia at napalmen brenn i huda til eit menneske.
FNL, også kalla Viet Cong, leia kampen mot amerikanarane. Dei hadde sine basar både i Sør- og Nord-Vietnam. Desse soldatane kjende landet sitt, og kunne føre geriljakrig mot amerikanarane. Mellom anna bygde dei tunnelar på kryss og tvers under jorda, og som gjorde at dei dukka brått opp og dei forsvann like fort. Det tok ei stund før amerikanarane skjøna kva som skjedde. Under ein stor offensiv i 1968, den såkalla Tet-offensiven, drap FNL og nordvietnamesiske soldatar mange tusen menneske som dei mistenkte for å samarbeide med amerikanarane. Amerikanarane slo like fælt tilbake, og utsletta heile landsbyar, og drap innbyggarane om dei trudde landsbyen støtta FNL. Det er sagt at Tet-offensiven var eit vendepunkt i krigen. |
|
Amerikanarane innsåg at dei ikkje kunne vinne krigen i Vietnam utan eit større engasjement, men det tyda at mange amerikanske soldatar ville misse livet. Og det tapet var ikkje folk i USA villige til å ta. Så etter kvart vart det starta forhandlingar mellom Nord-Vietnam og USA. 27. januar 1973 vart det underteikna ein våpenkvileavtale i Paris. USA trekkjer seg ut av konflikten utan at dei oppnådde det som var målet med å sende soldatar til Vietnam. Men krigen i landet var ikkje slutt. Kampane mellom Nord-Vietnam og Sør-Vietnam heldt fram med stor styrke heilt til 1975. Då vart Vietnam på nytt eit heilt land, men utan at folket hadde fått sagt sitt i frie val. For å vinne fram, hadde Nord-Vietnam også brukt Kambodsja og Laos som utgangspunkt for krigshandlingar, og landet hadde vore i krig med desse to nabolanda sine. I 1975 vart det fred i området, og heile Indokina hadde vorte kommunistisk. USA, verdas mektigaste land, hadde lidd nederlag. - Bilete frå ulike delar av Vietnamkrigen!
I ettertid har Vietnamkrigen vorte sett på som den første verkelege tv-krigen. Over heile verda såg folk kva som skjedde i Vietnam. Det at krigen rulla over folk sin fjernsynsskjerm, var også ei av årsakene til den store motstanden mot krigen. Dei kommunistiske styresmaktene som hadde vunne krigen gjennomførte eit hardt styre i landet. Alle som dei mistenkte for å ha samarbeida med USA sende dei til ”omskuleringsleirar” der dei var fangar på ubestemt tid. Jordbruket vart kollektivisert, og bøndene fekk ikkje lenger eige jorda si. USA gjorde alt som stod i deira makt for å hindre at landet fekk internasjonal hjelp. Mange menneske flykta frå landet. Ofte i båtar, som nesten ikkje var flytedyktige. Norske skip plukka opp mange slike”båtflyktningar”, og mange av desse kom til Norge og har slått seg til her. I dag er tilhøva i Vietnam betre både når det gjeld politikk og økonomi, og landet har blitt eit populært turistmål. President Bill Clinton reiste på offisielt statsbesøk til Vietnam, så ein kan vel seia at i dag er tilhøve mellom dei to landa tilnærma normale.
Det er kanskje vanskeleg for oss i dag å forstå kva som verkeleg skjedde under Vietnamkrigen. Det er i ettertid laga mange gode filmar som fortel historier frå denne krigen. Ser ein nokon av desse kan ein forstå litt av det helvete denne krigen var, og ein forstår kvifor folk over heile verda protesterte mot det som hende. T.d. Apocalypse nå, Full metal jacket, Født 4. juli, Platoon, og Good morning Vietnam. |
|
Militærkuppet i Chile
General Augusto Pinochet tok over makta, og gjennomførte eit diktatorisk styresett. Tidlegare tilhengjarar av Allende vart arresterte og avretta, mange fengsla utan lov og dom. Kor mange som vart drepne veit ein ikkje den dag i dag. I 1998 vart Pinochet skulda for brotsverk mot menneskeslekta. |
|
Watergate-skandalen |
|
Praha-våren
Det islamske presteskapet stod sterkt i landet, og motarbeidde alle reformer. Inne i Sovjetunionen budde det og mange muslimar, og styresmaktene i Moskva var redde for at når muslimane i Afghanistan gjorde opprør, så kunne der spreie seg til Sovjetunionen. I vest var mange redde for at gjennom å ta Afghanistan, kunne Sovjetunionen gå vidare og skaffe seg tilgjenge til Persiabukta og oljelanda der. I eit vanskeleg fjellandskap gjekk afghanske geriljatropper til aksjon. Som i Vietnam lukkast ein og i Afghanistan med geriljakrig. Sovjetunionen prøvde på alle måtar å slå ned motstanden, men lukkast ikkje. Dette vart og ein grusom krig, men som vi ikkje kjenner like godt til som Vietnamkrigen, på grunn av at mediedekninga ikkje var like god. Sovjetunionen slepte miner frå helikopter, og desse var forma som leiketøy eller sjokolade. Den som plukka opp ei slik mine vart enten drepen elle vart øydelagd for resten av livet. Å misse bein, armar eller synet var vanleg for den som kom for nær ei mine. Mange andre land med USA i spissen, kritiserte Sovjetunionen for denne krigen. Sovjetunionen måtte etter kvart berre trekkje seg ut av landet, akkurat slik USA måtte gjere i Vietnam. Det var i 1989, men i 1986 hadde Sovjetunionen fått eit nytt politisk system som ikkje lenger var interessert i å halde fram med krigen. |
|
MAD
Men heilt på slutten av 1970-åra auka opprustinga att. Sovjetunionen utplasserte sine nye SS 20 rakettar i Europa, og rakettane var retta mot Kina og andre land i Asia. Sovjetunionen gjekk til krig mot Afghanistan på denne tida. Nato vedtok same året å utplassere mellomdistanserakettar i Vest-Europa dersom ikkje Sovjetunionen ville forhandle om avgrensingar. Forhandlingar vart sette i gang, men i 1983 braut dei saman, og utplasseringa tok til. - Oversikt over åra 1970-79 i NATO-handboka - Fleire bilete av SS-20 rakettane! Kvifor MAD? Det er på sin plass å stille dette spørsmålet? Kva skal vi med så mykje våpen at verda kan øydeleggjast fleire gongar? Krigsindustrien i verda er styrt av kapitalkrefter, som er interessert i stor forteneste. På nasjonalt nivå betyr krigsindustrien mange arbeidsplassar. Store forskningsmiljø rundt om i verda arbeider med våpen og våpenindustri. Fleire land har eit militærapparat som er ein viktig politisk maktfaktor. Skal ein snu desse faktorane må det mykje til, og ein må bevisst ville det. |
|
All you need is love and give peace a chance
På 1960-talet var alle spor etter varemangel og krigstid sletta. Mange unge byrja å stille spørsmål til overflodssamfunnet og verdiane til vaksengenerasjonen. På midten av 1960-åra oppstod hippie-rørsla i SanFrancisco USA. Dei avviste eit samfunn som der folk gjekk på jobb, og tenkte på å tene mykje pengar. Dei flytta saman i kollektiv, let håret gro, kledde seg i lange kjortlar og spelte akustisk gitar. Mykje av bodskapen deira fann ein i ein del av dåtidas musikk, Bob Dylan, Joan Baes, Jimi Hendrix, Joni Mitchell og The Doors. Alle desse hadde i seg ein kraftig samfunnskritikk. Slagorda til hippierørsla var ”Flower Power” og ”Make love not war”. Dei stod og for bruk av rusmiddel. (Sjå norskdelen ) Hippier fann ein etter kvart i heile den vestlege verda.
Kva er ein 68-ar? Jau det er ein ungdom som var politisk aktiv på slutten av 1960-talet, og var med på å protestere mot det etablerte samfunnet. Ved Sorbonne universitetet i Paris kravde studentane medbestemmingsrett (sjå norskdelen) i 1968. Dei fekk i stand omfattande demonstrasjonar, og studentopprøret spreidde seg til mange land. Ved universiteta i USA vart det og mykje uro, og under ein demonstrasjon ved Kent State University i Ohio i 1970 gjekk det så gale at nasjonalgarden som hadde vakt på området, opna eld mot studentane, og fire vart drepne. Engasjementet
frå den unge generasjonen var stort, men i einskilde høve gjekk det nok
for langt. I Vest-Tyskland fekk ein Baader-Meinhof
gruppa som meinte at gjennom terrorhandlingar kunne ein forandre på samfunnet.
Gruppa fekk namn etter Andreas
Baader og Ulrike
Meinhof. Gruppa kom til på slutten av 1960-talet, og var eigentleg
ei protestgruppe mot krigen i Vietnam. Gruppa fekk etterkvart ein del militante
medlemmer og vart til Rote
Armee Fraktion (RAF).
Gruppa stod bak terror, kidnapping og militante protestar, og til slutt
vart dei mål for det vest-tyske politiet sitt arbeid. Baader og Meinhof
enda tilslutt i fengsel, og Ulrike Meinhof døydde i 1976 og Andreas Baader
i 1977. Det vart sagt at begge tok sitt eige liv i fengsel, men det var
så mange uklare moment rundt dødsfalla at mange hevdar at dei vart godt
hjelpte inn i døden av dei Vest-Tyske styresmaktene. Fleire hevdar at desse
to vart regelrett avretta. |
|
|
|
Etter kvart fekk ungdomskulturen andre uttrykksformer. Etter at filmen Saturday Night Fever (1977) med John Travolta i hovudrolla hadde premiere, rasa discofeberen for fullt. Det var Bee Gees som hadde musikken til filmen. Året etter kom Grease,
der også John Travolta dansa seg til suksess. ABBA sin musikk sette også sitt preg på 1970-talet, og det same gjorde David Bowie. Mot slutten av 1970 slo Sex Pistols gjennom med sin Punkmusikk. I 1977 døydde ”The king” Elvis Presley.
I år (2002) har vi minnast han med musikk og show i media. Det er no 25 år sidan han døydde. |
|
Kvinneåret 1975 |
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
|