Kunst og design - Verda 1960-80
 
 

[Historie] [Norsk] [Kunst og design] [Musikk] [Oppgåver] [Elevarbeid]

NYE TIDER - NYE UTTRYKK
Mykje av kunsten i perioden frå 1960 til 1980 tok utgangspunkt i det moderne mennesket og samfunnet. For å forstå denne kunstforma og arbeidsmåten, er det viktig å hugse på at kunsten er ein del av samtida, og at kunsten i denne perioden var knytt til rytmen i det moderne storbylivet.

Moderne kunst og populærkulturen
Tidlegare hadde folk mindre tid og pengar til fritidsaktivitetar, men song, dans og husflid var det mykje av i heimane og i lokalsamfunnet. Kunst, opera, ballett og bøker (høgkultur) var helst for rikfolk og privilegerte. Etter at samfunnet vart industrialisert, fekk folk betre råd, kortare arbeidsdag og meir tid til andre ting. Dette medverka til at populærkulturen utvikla seg. Folk kunne få billige utgåver av bøker og kjøpe ferdigmat. Dei kunne lytte til popmusikk og sjå på TV heime.

STIKKORD:
  • Moderne kunst og popkulturen
  • Moderne kunst mot snobberi
  • Popkunst
  • Liechtenstein's Whaam!
  • Warhol's Marilyn x 100
  • Andre kunstverk
  • Minimalisme
  • Kunst i landskap
  • Konseptkunst
  • Marianne Heske
  • Victor Vasarely og opkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Postmodernismen
  • Design
  • Motebiletet på 60-talet
  • Motebiletet på 70-talet
  • Motebiletet på 80-talet
  • Moderne kunst mot snobberi
    Mange folk trur framleis at moderne kunst er for spesielt interesserte og ikkje for alle og ein kvar. Men gode trykkjeteknikkar har gjort kjende kunstverk meir tilgjengelege gjennom plakatar, postkort og anna, utan at ein veit om det har gjort dei meir populære. Det å kjøpe original kunst kostar ofte meir enn folks lommebok toler, men å besøke kunstgalleri koster lite – kvifor går så få folk dit?

    Enkelte moderne kunstnarar har brukt denne problemstillinga i arbeida sine. Duchamp sjokkerte folk med sine "ready-mades" (fontene, 1917) og seinare prøvde popkunstnarane å gjere noko liknande. I staden for å bruke reelle objekt slik Duchamp gjorde, brukte dei bilete frå populærkulturen som inspirasjon til mellom anna måling, trykking og arbeid med skulptur.

    Campells`s Soup 1

    “Campbell's Soup 1”,
    Andy Warhol,
    1968

    PopkunstJust what is it that makes today`s home so different - klikk for større versjon!
    Forbrukarsamfunnet som utvikla seg i USA og Europa på 1950-talet, var i sterk kontrast til krigsåra. På slutten av 50-talet og tidleg på 60-talet var det inspirasjon til ei moderne kunstretning i USA og England, kjend som popkunst. Popkunstnarane henta idear frå teikneseriar, annonsar, kino og til og med ferdigmatindustrien. Dei blåste opp teikneseriar i stort format, gjorde banale kvardagsting og reklame om til biletkunst, og samtidig til ein parodi på forbrukarsamfunnet.

    Popkunsten vart oppfatta som rar og ufatteleg. Men målet var å få folk til å leggje merke til det som var omkring dei og kanskje sjå ting med nye auge.

    Liechtenstein's Whaam!
    Umiddelbart ser dette måleriet ut som to ruter i ei teikneseriestripe frå 1960-åra. Vi kan sjå snakkebobler, handling, sterke fargar og flat fargelegging som i teikneseriar. Men den største forskjellen på måleriet og teikneserien er storleiken. Biletet "Whaam" dekker ein heil vegg i eit rom. Kva trur du kunstnaren vil formidle gjennom storleiken på biletet? Kanskje ville Roy Lichtenstein vise at teikneseriar har stor verdi. Eller kunne det vere at han måtte bruke ironi for å få publikum til å sjå teikneserieheltane sine? På den andre side skapte bileta undring og drog truleg nye grupper til kunstutstilling.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av Whaam!

    “Whaam!”,
    Roy Lichtenstein,
    1967

    Lichtenstein sa at ein av tinga ein teikneserie gjer, er å uttrykkje voldsomme kjensler på en heilt mekanisk og distansert måte. ("One of the things a cartoon does is to express violent emotion in a completely mechanical and removed style")

    Warhol's Marilyn x 100
    Dette biletet er eit av dei mange bileta av Marilyn Monroe som Andy Warhol produserte tidleg på 1960-talet, like etter at filmstjerna døde. Biletet er eit silketrykk basert på eit fotografi av Monroe. 100 utydelege portrett som endrar farge, frå fargerike uttrykk til venstre mot svarte og kvite til høgre. Kan dette ha noko med Monroe sin lagnad å gjere?

    Klikk på bilete for større versjon!

    “MarilynMonroe”,
    Andy Warhol,
    1967

    Andy Warhol sine motiv er henta frå den amerikanske populærkulturen si biletverd, heilt frå filmstjerner, bilulykker, bokser til den elektriske stol, blomster og pressefoto. Både motiv,  gjentakingar i serie og sterke fargar er typisk for kunsten hans. Han vert rekna som ein av våre mest dristige og interessante popkunstnarar.

    Warhol deltok på utstilling i Kunstnernes Hus i Oslo i 1968. Han har måla portrett av dronning Sonja. Norske kunstnarar fekk sjå popkunst på ei utstilling i Louisiana kunstsenter i Danmark i 1964. Ørnulf Opdahl og Per Kleiva såg utstillinga, som hadde tittelen "106 former for kjærleik og fortviling".
     
    Andre kunstverk frå denne perioden som kan vere verd å sjå på er:
    Peter Blake "Got a girl"(1960), Whiteworth Art Gallery, University of Manchester, England
    Claes Oldenburg "Floorburger"(1962), Art Gallery of Ontario, Toronto, Canada
    James Rosenquist "Marilyn Monroe"(1962), MoMa, New York, USA
    Richard Hamilton "I`m dreaming of a White Christmas"(1967), Kunstmuseeum, Brussel, Sveits

    Popkunsten viser påverknad frå forbrukarsamfunnet i moderne kunst, men rørsla gjekk ikkje berre den eine vegen. Det er mange døme som viser moderne (og tradisjonell) kunst i kvardagslivet, frå Picasso-inspirerte T-skjorter til reklame for vaskepulver der reklamen inneheld imitasjonar av kjende kunstverk.

    Minimalisme
    Kva er minimalistisk kunst? Ein kan kanskje seie at det er ei intellektuell kunstform som inneheld svært lite. Slik at tilskodaren må nærme seg kunstverket varsamt for verkeleg å få med seg kva det inneheld. Arbeida er ofte rektangulære, geometriske og ein repetisjon av identiske objekt. Tanken var å redusere kunstverket til det grunnleggande, det minimale. Minimalismen utvikla seg i USA mellom 1960 og 1970. Malevich var ein av pionerane innafor retninga.
    Kunstverk av Donald Judd!
    Donald Judd har fleire minimalistiske verk som liknar matematiske system i serie. Verk som ikkje formidlar kjensler, forteljingar eller lyrikk, men meir eit dekorativt enkelt uttrykk utan djupare meining. Kunstnaren er representert i museet for samtidskunst i Oslo. I museet for moderne kunst i Frankfurt er det eit minimalistisk verk av Judd frå 1966.

    Kunst i landskap
    Denne kunstforma kom som ein motpol til minimalismen. Robert Smithson med fleire ville bort frå den storbyprega kunsten, og fleire kunstnarar fekk auka interesse for økologiske problemstillingar. Sjølv om utgangspunktet var ulikt, hadde landskapskunst og minimalisme eit felles motiv i dei geometriske grunnformene. Ideen bak Kulturlandskap Nordland har kanskje fellestrekk med Smithson sine idear.

    Klikk på bilete for større versjon av Spiral Jetty!

    “Spiral Jetty”,
    Robert Smithson,
    1970

    Sjå kunstverket "Spiral Jetty" (1970) ved Salt Lake i Utah i USA. Det er ein lang spiral av stein, saltkrystallar og stein, - ein spiralforma veg ut av vatnet. Det vert fortalt at dette verket ligg under vatn i dag, men det er avbilda i fleire bøker.

    Konseptkunst
    Amerikanaren Ad Reinhard med sine klare teoriar og strenge komposisjonar og kunstnaren Frank Stella med fleire bana veg for minimalistisk måleri og skulptur. Dei er oppstarten til Konseptkunsten. Ideen var viktig for kunstnarar frå midten av 60-talet, og kunsten vert ofte omtala som idékunst. Tilskodaren skulle oppleve at det var ideen dei kommuniserte med, og ikkje sjølve objektet eller verket. Kunstnarane var mot kommersialiseringa av kunsten og opna samtidig for nye uttrykksmåtar. Dei ville prøve ut grensene for det som vert kalla kunst. Den første verkelege konseptkunstnaren var utan tvil Marcel Duchamp.

    Amerikanaren Joseph Kosuth sitt verk "Ein og tre stolar" (1965) er eit godt døme på konseptkunst.

    Marianne Heske
    I Norge kjenner mange til Marianne Heske som frakta ei løe frå Tafjord på Sunnmøre til Ungdomsbiennalen i Paris. Biennalen er ei stor kunstutstilling. Heske fekk denne ideen til prosjektet, Gjærdeløa, då ho budde i Paris. Ho ville vel aldri gjennomført prosjektet om ho budde i Norge. Det vart vist ein video av løa i Tafjorden og av sjølve flytteprosessen. Å uttrykkje seg gjennom eit slikt prosjekt, der ein gjenstand vert teken ut av sin opphavlege samanheng, og plassert ein annan stad saman med ei omfattande skildring av prosessen, kallar vi konseptkunst. Marianne Heske er oppteken av prosessen, korleis ting blir til. Ho har også jobba mykje med videografikk. I september 2002 deltek ho på ei utstilling med installasjon i Henie Onstad-senteret på Høvikodden.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av dette måleriet av Marianne Heske frå 1987!

    “Full moon mountain”,
    Marianne Heske,
    1987

    Victor Vasarely og opkunst
    Ungararen Vasarely var ein pioner innafor opkunst. Opkunstnarane utnytta optiske verkemiddel. Opkunst er geometriske, abstrakte motiv. Bileta er fargerike og skaper illusjon av rørsle. Vasarely sine beste arbeid er uttrykt i geometriske, mekaniserte former.
    Bridget Reley er også ein kjend opkunstnar. Jesus Rafael Soto utnytta optiske effekter i både bilete og skulptur.

    Skulptur
    Claes Oldenburg sin skulptur "hamburger, is, pris" frå 1962 er ein blaut, stor skulptur laga av kvardagsgjenstandar. Skulpturen er i sterke fargar og den heng slapt på veggen. Utgangspunktet er ei blanding av forelsking i den amerikanske livsstilen og ein "blaut" kritikk av forbrukarhysteriet. Eit ikkje uvanleg utgangspunkt innafor popkunsten. Men Oldenburg er like godt kjend for sine bidrag til utviklinga av happening eller performance. Ei kunstform som har mykje til felles med teater.

    Jean Tinguely og Pol Bury med fleire arbeidde med kinetisk skulptur på 60-talet. I kinetisk kunst er skulpturen eller delar av den sett i rørsle.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon!

    Jean Tinguely,
    1987

    Arkitektur
    Kva hende i arkitekturen på 60-talet? Mange arkitektar og brukarar mista tilliten til det dei oppfatta som modernismen. Ikkje berre i USA og England, men over heile verda. Med modernismen kom store bustadblokker og kontorbygningar og dei karakteriserte moderne byar. Kritikarane som hadde omtala arkitektane som heltar, trudde no at arkitektane hadde øydelagt byane og svikta folket. Arkitektane sjølve vart usikre på kva som eigentleg skjedde. Dermed begynte arkitekturen å gå i fleire retningar. Vi fekk eit mangfald i arkitekturen som i samfunnet elles.

    Ei side ved arkitekturen som gjekk uforstyrra vidare, var teknikken. Det kom ikkje så mange nye oppdagingar, men teknikkar frå tidleg på 1900-talet vart vidareutvikla. Det skjedde framsteg i bruk av dei fleste byggjemateriala.

    Pompidou-senteret i Paris
    Paris fekk det aller mest radikale døme på moderne arkitektur tidleg på 70-talet. Pompidou-senteret blei teikna av Renzo Piano frå Italia og Richard Rogers frå England. Første gong ein nærmar seg senteret verkar det som om eit framandelement frå verdsrommet har landa midt i byen. Den 40 meter lange stålkonstruksjonen er gøymt bak eit gitter av stilas, ventilasjonsrøyr, gangbruer og rulletrapper. Men etter kvart oppdagar ein at den store "maskina" berre viser sine tekniske musklar.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av Pompidou-senteret i Paris!

    Pompidou-senteret i Paris, 1972-76

    Postmodernismen
    Perioden frå 1970 og fram til i dag har vorte kalla postmodernismen. Ordet "post" tyder "etter". Det vil seie at postmodernismen omfattar den perioden som kjem etter modernismen. Postmodernismen var ein tendens innafor både arkitektur, kunst, design og filosofi. På 70-talet var det fleire arkitektar som begynte å kritisere modernismen. Dei stilte spørsmål om kvifor ei bustadblokk såg ut som ein fabrikk eller kvifor eit vanleg bustadhus såg ut som samansette klossar eller eit relieff? Kvifor var det ingen som spurte etter det som var fint? Kvifor kan ein ikkje blande gamle stilartar med nye idear og eksperimentere?

    Modernistiske arkitektar la vekt på at arkitekturen skulle vere internasjonal. Nokre av dei postmodernistiske arkitektane, derimot, hevda at ein bygning skulle vere prega av byggjetradisjonen på staden. Vikingskipet på Hamar har vorte kalla eit postmodernistisk bygg. Har dette bygget eit lokalt preg? Kva meiner du?

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av Vikingskipet på Hamar!

    Vikingskipet på Hamar,

    Design
    Velstand og teknikk påverka formgjevinga i Europa på 60-talet. Moderne produksjonsmetodar og endra levevegar styrde til dels utviklinga. Fleire og fleire husstandar fekk elektriske hushaldningsmaskinar, stereoanlegg, TV og mange kjøpte eigen bil.

    Bilen
    Bilen er kanskje ein av dei gjenstandane som har sett sterkast preg på tida og kulturen vår. Modellane har skifta med mote og levevaner. Dei store bilprodusentane finn vi i USA, Japan og Tyskland. Design er eit viktig middel i marknadsføringa for å hevde seg i konkurransen. Men vi finn nokre bilmerke som har endra seg lite frå modell til modell, dei klassiske bilane, til dømes Rolls Royce og Porsche. Dei som kjøper desse bilane, vil ha dei slik som dei alltid har vore.
    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av denne Porschen!


    Designaren Giorgio Gugiaro har vore brukt av fleire bilprodusentar til å formgi bilar med funksjonell og populær design. I 1974 kom han med modellen Golf, som skulle erstatte folkevogna som ein kompakt, funksjonell og tidlaus folkebil. Golf-modellen vart ein populær bil og samtidig ein trendsetjar for små bilar. Å kjenne til folk sine behov og følgje med i det som skjer i samfunnet, er viktig for ein designar. Nye behov er ofte utgangspunkt for ny populær design.

    Motebiletet på 60-talet
    Men den britiske popmusikken og den amerikanske hippie-rørsla kom eit "Flower Power"- formspråk som saman med popkunsten påverka motedesignarar og møbeldesignarar. Ungdomskulturen og popmusikken i 60-åra, var eit opprør mot tradisjonell åtferd.

    "Ungdommeleg stil" var slagordet i reklame og media. Jeans, genserar og T-skjorter blei sjølvskrivne kvardagsklede for både tenåringar og folk i tjueårsalderen. Etter kvart vart det moderne med langt hår.

    Klede Mary Quant har designa!Den engelske moteskaparen Mary Quant lanserte miniskjørtet tidleg i 60-åra. Ho ville ikkje gå kledd som mor si i dei konete kleda som var vanlege då. Ho laga korte skjørt og kroppsnære overdelar for ungdom. Til dei korte skjørta vart det problematisk med stropper til å halde strømpene oppe. Mary Quant skapte difor strømpebuksa. I løpet av 10 år var strømpebuksa så populær at ho fortrengde både strømper, stropper og hoftehaldarar.

    Jackelyn Kennedy 1960 - klikk på bilete for større versjon!I damemoten var den feminine linja med nette prinsessekjolar moderne. Chanell-drakta var populær og miniskjørtet slo definitivt igjennom. I 1960 var Jackelyn Kennedy på statsbesøk i Frankrike. Ho hadde på seg ei rosa, minikort kåpe i prinsessefasong, teikna av designaren Hubert de Givenchy. Kåpa er ein del av utstillinga "Audrey Hepburn-Givenchy" som opna i oktober 2002, i Budapest, og eit godt døme på moten frå denne epoken.

    Geometriske mønster frå opkunsten kom igjen som mønster på kjøler og kåper. Romfart var også inspirasjonskilde til moteplagg. Vide bukser, hotpants og maksikåper var populære antrekk mot 70-talet. Til hotpants skulle det helst vere støvlettar. Lengda på dei varierte.

    I herremoten vart jakkene innsvinga etter kvart. Mennene føretrekte smale bukser utan oppbrett og kne-korte kapper. Dei brukte fritidsjakker og tynne genserar med rullekrage eller farga skjorte med breie, mønstrete slips.

    Framsida på eit moteblad frå 1962 - klikk for større versjon!Aktuelle lenker:
    - Womans Fashions of the 1960s

    - CNN - Cold War Experience: The Fashion Front

    Motebiletet på 70-talet
    Ungdomar ville helst gå i dongeribukse og joggesko. Diskomoten slo gjennom med grelle fargar og blanke materiale. Pønkarane gjekk med stramtsitjande skinnklede og sjokkfrisyrar, som ga uttrykk for ei antiborgarleg haldning. Pønkestilen starta i London. Det utvikla seg mange variantar etter kvart. Skateboard var veldig populært i USA tidleg på 70-talet og skatarane hadde sin eigen klesstil.
    Klikk på bilete for større versjon av herremote frå 1972!


    I damemoten gjekk skjørtelengda frå mini til midi. Til dagleg var det moderne med foldeskjørt og skjorteblusar. Kjolane skulle framheve figuren, og midja vart markert med eit belte. Rysjar, volangar og broderi var også moderne. Ein litt romantisk eller folkloristisk stil.

    I herremoten vart det moderne med bukser som sat stramt over hoftene og med vide bein. Jakkene var figursydde og hadde breie slag. I halsen skulle det gjerne vere eit skjerf eller eit tørkle. I tillegg vart det moderne med handvesker for menn.

    Diskomoten - klikk for større bilete!Aktuelle linkar:
    - Womans fashion of the 1970s

    - Casual Wear: Denim Jeans

    Motebiletet på 80-talet
    Det var stor variasjon i motebiletet. Kleda gav uttrykk for ein betre livskvalitet for både ungdom og vaksne. I damemoten fann ein den sporty, ledige stilen med eit enkelt snitt eller klede som la vekt på det feminine. Livet var markert og skulderpute var viktig, for å framheve skuldrane.
     
    I herremoten var det små endringar, men bukse med legg var nytt. Vide kapper i lette materiale var populære.Klikk på bilete for ein større versjon av korleis Margaret Thatcher var kledd!

    Aktuelle linkar:
    - Womans fashion of the 1980s
     

    [Same periode Norge]

    Google

    [Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker]

    Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
    Redaktør:
    Åshild Støbakk
    Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert: 17.01.04