![]() |
![]() |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Tyskland |
|
Sovjetunionen
Emne: Kvinne og mann På seksti- og syttitalet var det fleire forfattarar som skreiv om forholda mellom kvinne og mann, og mellom raser. Dei forfattarane som er med her skriv på det engelske språket, og har eit emne–fellesskap. Doris Lessing (f.1919) er kjend for sine kvinneromanar. Ho vaks opp i
dåverande Rhodesia - i dag Zimbabwe, men har i sitt vaksne liv budd i England. Doris Lessing står langt til venstre politisk, og det ber bøkene hennar preg av. Den gylne notatbok er ein av hennar romanar. (The Golden
Notebook, 1962) I eit bibliotek i dag finn ein gjerne boka Jane Somers dagbok (1983) om ein leiter etter bøker av Doris Lessing. Nadime Gordimer (f.1923) bor i Sør-Afrika, ho er kvit, men skriv for å endre
samfunnet. Mange av hennar romanar var forbodne i landet på grunn av kritikk av apartheid-politikken. Desse bøkene kom då sjølvsagt ut før landet skifta
styresett. Ho har gitt ut bøker som Julis folk, (1982) Min sønns historie (1991) og Reisen alene. (1994) Som ein ser så er dette bøker som er gitt ut seinare enn
den perioden vi no er inne i, men dette er forfattarar som framleis skriv og gir ut bøker. Derfor er det vanskeleg å plassere dei i ein periode – dei kan ikkje setjast i bås.![]() Forfattaren Ian Flemming (sjå perioden 1945-1960) sin hemmelege agent 007 – James Bond - vert for første gang presentert på film i 1962. Filmen heiter Dr. No, og det var Sean Connery som spelte hovudrolla. |
|
USA
|
|
NORDEN |
|
Tankar i tida
I 1962/63 er det ei ny gruppe frå Liverpool, The Beatles, som ligg øvst på hitlistene. I dag er det ingen som ikkje kjenner historia og musikken til The Beatles. Deira musikk og deira tekstar har vorte ein del av vår kultur. Les ein fleire av tekstane til gruppa, så finn ein fin lyrikk. I 1965 er ei anna britisk popgruppe, The Rolling Stones , på besøk i Oslo. Dette skaper kaotiske tilstandar, og når gruppa landar på Fornebu må brannvesenet bruke vannkanoner mot hysteriske tenåringsjenter. Desse to popgruppene, og andre, var med på å gi ungdommen sin eigen identitet. Etter at The Beatles slo gjennom begynte unge menn å la håret gro. Ikkje berre musikken gjorde at ungdommen begynte å protestere mot det etablerte samfunn.. Utover på 1960-talet vart Vietnam krigen meir og meir brutal, (sjå historiedelen) atomopprustninga aukar og det var stor naud mange stader i verda. Ei protestbølgje startar i USA og spreiar seg etter kvart til Europa. Visesangarar syng protestviser mot krig og undertrykking. Den best kjede er Bob Dylan, og hans tekstar er i dag verdskjende. ”Blowin’ in the wind” er
framleis ei vise som blir sungen, også ”The times they are a-changin”. Han
er vel ein av dei beste lyrikarane i vår tid. ”Oh Lord, won’t you give me a colour tv” sang Janis Joplin og lo til jakta på statussymbol.I USA, spesielt i San Francisco, slo Hippie-rørsla gjennom. Det var i åra 1966/67. Etterkvart fann vi hippiar i alle dei europeiske storbyane, også i Oslo. Hippiane tok avstand frå det etablerte samfunn, og protesterte mot det dei såg på som besteborgarleg og vanleg. Dei ville leve utan faste reglar. ”Flower power” var eit av slagorda deira. Dei kledde seg spesielt, hadde langt hår og lytta til rockemusikk. Mykje av denne musikken og tekstane til sangane hadde gjennomslagskraft for heile den vestlege ungdomsgruppa. Bruk av narkotika, spesielt hasj, var utbreidd. Hippie-kulturen vart etter kvart så vanleg at den ikkje var spesiell lenger. Framleis finn vi delar av hippie-kulturen i bruk, som t.d. bokollektivet. Våren 1968 eksploderte det i Paris! Studentane ved universiteta og
høgskulane i byen gjennomførte store demonstrasjonar. Opptil 30000 menneske kunne gå i demonstrasjonstog. Rundt om på skular og universitet hang det plakatar med slagord. Studentane var misnøgde med pensum,
eksamensordningar og lærarane sine. Vidare ville dei ha medråderett i styre og stell på utdanningsstadane. Dette studentopprøret spreidde seg utover både i Europa og USA, og vart til eit ungdomsopprør. Kvifor demonstrerte studentane i Paris og andre stadar ? Dei som var unge på 1960-talet tok del i ein utdanningseksplosjon. Det vanlege hadde vore folkeskule, i Norge sju års folkeskule, men no vart det vanleg med lengre skulegang og studier for fleire og fleire. Ungdommane fekk fleire ungdomsår før dei måtte ta til å jobbe. No hadde ungdommen fått sitt eige opprør, sin eigen musikk og sin eigen klestil. Uttrykket 68-ar, eller 68-generasjonen var skapt.
Ein eigen ungdomskultur var no etablert, og vart ført vidare. I august 1969 vart det halde ein stor festival, Woodstock festivalen, i USA. Her var det ungdommen sin klestil, musikk og livsførsel som kom til uttrykk. Denne festivalen påverka også ungdom i Norge i stor grad. I litteratur samanheng kan ein seia at dei tekstar som vart framførte der, var ungdommen sin litteratur. Dette var tekstar mange kunne, og framleis kan. Ungdomsopprøret gjekk på slutten av 1970-talet over i pønkerørsla. Kjennemerke var utståande farga hår, naglar og nåler og rå musikk. Også desse sette tradisjonelle verdiar på prøve, men deira opprør greidde ikkje på nokon måte å omforme samfunnet. Dei nådde berre fram til ei lita ungdomsgruppe. |
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
|