|
|
 |
|
INN I VÅR TID Ungdomsopprør og 68-generasjonen kom og til Norge. Det som skjer i USA og Europa påverkar også oss i stor grad. Utdanningseksplosjonen fører til at ”alle” i Norge kan snakke
engelsk. Ungdommen i dei vestlege landa får eit felles språk, felles musikk og felles motar. Det vert moderne å reise på haiketur rundt om i Europa, og etter kvart kan ungdommen kjøpe seg billege
interrail-billettar.
|
|
|
 |
|
Dikt og viser Norske rockeband lagar sine tekstar på engelsk. Her kan nemnast grupper som Beatnicks, Vanguards, Pussycats, Rhytmic six og Saft. Musikken
deira når til og med ut over Norge sine grenser.
Norske visesangarar lagar sine protestviser mot den norske politikken. ”Bygdevise” er eit sterkt innlegg i norsk distriktspolitikk. |
 |
 |
 |
 |
 |
|
“Kvar er hammaren Edvard, du treng han vel no når døra skal spikrast igjen. For i utbygda Edvard, skal ingen mann bo. Du skal reise til byen min venn.”
|
|
|
|
Inger
Lise Rypdal sin hit ”Fru Johnsen” er eit saksinnlegg
i moraldebatten. Visesangarar som Lillebjørn Nilsen, Finn
Kalvik, Ole
Paus og Lars
Klevstrand hadde mange fine visetekstar.
Fleire unge diktarar samla seg rundt litteraturtidsskriftet Profil. Dette skjer midt på 1960-talet, og desse diktarane vil ha sin eigen, nye litteratur, og gjerne unge, nye lesarar. Einar Økland, Paal Helge Haugen, Dag Solstad og Jan Erik Vold er nokre av dei som var med.
Desse forfattarane skreiv ikkje likt. Nokre vart kjende for sine romanar, og andre for sin lyrikk. Men alle var interessert i kvardagen, dei små tinga rundt oss. Og dei ville gjerne finne nye måtar å skildre
dette på.
Diktsamlinga Mor Godhjertas glade versjon Ja (1968) var Jan Erik Vold
(f.1939) sitt store gjennombrot. Han skriv om trikkeskinnene i Oslo, og ikkje minst vart han kjend for diktet ”Tale for loffen”. Jan Erik Vold er kjend for sin
heilt spesielle måte å lese dikta sine på. På ein måte syng han dikta sine. Då er det kanskje ikkje så rart at han har gitt ut plater med eigne diktopplesingar i samarbeid med jazzmusikarar. Vi kjenner også diktet ”KULTURUKE” der han
leikar seg med ord og bokstavar. Jan Erik Vold er og ein ivrig forkjempar for å behalde Bislett som skøytestadion.
Japanske haikudikt frå 1600-talet vart omsett og fekk ein nyenkel stil. Haikudikt uttrykkjer
gjerne livsvisdom. |
|
|
Huset mitt har brunne ned. No kan eg alltid sjå på månen –
|
|
 |
|
Desse dikta inspirerte Paal Helge Haugen (f.1945) til diktsamlinga Blad frå ein
austleg hage (1965)
Ikkje alle dei gamle lyrikarane vart forkasta. Olav H. Hauge (1908-1994) var
det mange av dei nye lyrikarane som såg opp til. Han var frå Ullvik i Hardanger, og i 1966 kom diktsamlinga Dropar i austavind. Her var mange enkle dikt om
vanlege ting.
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
|
Eg er so gamal eg held meg til ljå. Stilt syng han i graset, og tankane kan gå. Det gjer ikkje vondt heller, segjer graset, å falla for ljå.
|
|
|
|
Nokre av profil-forfattarane meinar at litteraturen må handle om politikk og sjå på skeive forhold i samfunnet. Dei meinar at Norge bør vera eit sosialistisk samfunn, og rettar merksemda mot arbeidarklassen. Dei
skriv om arbeidet i fabrikkar, miljøforureining og fråflyttinga frå landsbygda.
Dag Solstad (f.1941) er ein av desse forfattarane. I romanen Arild Asnes, 1970 (1971) fortel han om hovudpersonen Arild Asnes som vert kommunist
og då finn meininga med livet. Dag Solstad sjølv stod også langt til venstre politisk, og skriv bøker der han støttar desse tankane.
I 1982 kjem romanen Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land. Her tar Dag Solstad eit oppgjer med det
politiske partiet AKP(m-l). Bokstavane står for Arbeidernes kommunistparti
(marxist-leninistane). Solstad var sjølv medlem i partiet. Dette partiet trudde på all informasjon vi fekk frå både Sovjetunionen og Kina. I dag veit vi at mykje av det som skjedde i desse to
landa var reint terrorstyre.
Kjartan Fløgstad (f.1944) skriv og om den norske industriarbeidaren. Han var frå industristaden Sauda, og i romanen Dalen Portland (1977) står ”Dalen” for bondesamfunnet og ”Portland” for ein industristad på Vestlandet.
Kanskje er det Sauda ? Gjennom bøkene sine seier han at kapitalistane utnyttar arbeidarane i fabrikkane, men at dei også utnyttar arbeidarklassen i
fritida deira gjennom ”TV, tippekupongen og Volvo”. I 1978 fekk Kjartan Fløgstad Nordisk råds litteraturpris for romanen Dalen Portland. |
|
|
 |
|
 |
|
Distriktsromanar Kjartan Fløgstad presenterer oss for Distrikts-Norge i bøkene sine. Det gjer og Edvard Hoem i si skildring av nordvestlandet i romanen Kjærleikens ferjereiser (1975). I boka møter vi eit lite kystsamfunn med kafë, rutebilstasjon, skule og kommunehus. Ei av Møre og Romsdal Fylkesbåtar sine ferjer er innom på si rute. Også Edvard Hoem var medlem av AKP(m-l) på 1970-talet, og har ein bestemt bodskap i romanen sin.
Pax forlag Pax Forlag gav i 1960-, 1970- og 1980-åra ut ei rekkje bøker som tok opp tema frå
samfunnsdebatten. Det kunne vera tema som krig og fred, EF, kvinnesak eller miljøspørsmål. Bøkene frå forlaget var billege og ein ”ny” bokdesign. Fredsdua var symbol for forlaget.
Kvinnesak og kvinneopprør I 1960-åra hadde vi ungdomsopprør, men i 1970-åra kom kvinneopprøret. Skulle kvinnene
berre vera husmødre – skulle ikkje dei ha høve til utdanning og jobb? Kvinnerørsla i den vestlege verda vert sterkare og sterkare, også i Norge. I 1972 får vi Kvinnefronten, som var
sterkt radikal. Tidsskriftet Sirene - Tidssignal for kvinner og menn, presenterte tankar og meiningar, og sette søkelys på ulike kvinnespørsmål. Utdanning, jobbsituasjonen for kvinner og
rett til sjølvbestemt abort var aktuelle saker. Fleire jenter sa klart frå at dei var feministar. Ein feminist kjempar for kvinnelege verdiar, og vil i stor grad frigjere seg frå mannen.
Ei samla kvinnerørsle meinte at årsakene til manglande likestilling låg i sjølve samfunnet, og dei maktstrukturar som menn hadde bygt opp. At kvinnesaka var emne for all verdas kvinner, forstår vi når FN peika ut 1975 som det internasjonale kvinneåret. Om dette påverka all
verdas kvinner er ei anna sak. Kvinnerørsla her i Norge sette fram klare krav: - Lik lønn for likt arbeid - Kortare arbeidstid
- Rett til sjølvbestemt abort - Fleire barnehagar - Forbod mot kvinnediskriminerande reklame
I 1975 fekk vi ei ny barnehagelov, og i 1978 kom lova om sjølvbestemt abort. Likevel ser
ein at ikkje alle krav er gjennomført, så kvinnekampen held fram, men i dag er den nedtona i samfunnet. Kvinnene av i dag har hausta fruktene av den kamp som gjekk føre seg på 1970-talet.
På 1970-talet oppstår begrepet kvinnelitteratur, ein litteratur skriven av kvinner om kvinner og for kvinner. Forfattarane ønskjer å bevisstgjere kvinnene, og fortelje dei om kvinner sitt liv .
Liv Køltzow (f.1945) fortel om ei kvinne som bryt ut av ekteskapet. Det var
ikkje vanleg på 1970-talet. I romanen Bare et lite sammenbrudd (1975), fortel Ebba Haslund om ei heimeverande kvinne som bryt saman fordi ho ikkje orkar å spele den perfekte husmor og vertinne.
Bjørg Vik (f.1935) var ein av dei mest sentrale kvinneforfattarane på denne
tida. Ho ville ha fram korleis unge jenter vart oppdregne i eit tradisjonelt kjønnsrollemønster. Gutane hadde stor fridom, medan jentene skulle vera heime og lære seg å verta gode husmødre. Ei av jentene i novella ”Søndag
43” spør: ”Kvifor gav Gud ein son, var det finare enn ei jente?” Skodespelet hennar To akter for fem kvinner (1974) vart sett opp på Nationaltheateret, og vist på fjernsyn.
I 1975 gjorde Anja Breien suksess med filmen Hustruer . Den handlar om tre jenter som
møtest på ein klassefest femten år etter at dei gjekk ut frå folkeskulen. Dei reiser ikkje heim etter festen, men tar ein tur med danskebåten. Hustruer – ti år etter (1985), og Hustruer – tjue
år etter (1995) har også Breien laga, men ikkje med same suksess.
Var ikkje kvinnesak engasjerande nok for mannlege forfattarar? Jau, i alle fall
for Knut Faldbakken. Han sette spørsmålsteikn ved mannsrolla, og i 1978 gav han ut romanen Adams dagbok. Ved sida av å sette søkelys på mannsrolla, har Faldbakken og skrive romanar om miljøspørsmål.
Ein annan forfattar som skreiv romanar om kvinna si stilling i samfunnet, var Gerd Brantenberg (f.1941).
Kvinnelitteratur var ikkje berre romanar, men og lyrikk. Her kan ein dra fram Marie Takvam (f.1926). |
 |
|
|
 |
 |
|
Morgan Kane
Kven var
Morgan Kane? - ”US Marshal, 192 cm høg, med skifergrå auge
og psykopatiske trekk”. På 1970-talet starta forfattaren Kjell Hallbing, under psevdonymet Louis Masterson, å skriva bøker om westernhelten Morgan
Kane. Nesten hundre bøker er utgjevne, og er selde i over fem millionar eksemplar.
I ei periode med mykje politisk litteratur, var det mange som ikkje likte denne typen
underhaldningslitteratur, men bøkene om Morgan Kane slo verkeleg an. Uansett korleis ein vurderer desse bøkene,så fortel dei om amerikansk historie på slutten av 1800-talet, og ein får
innblikk i samfunn og tenkjemåte. |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
22.01.04
|
|