![]() |
![]() |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Kings Bay-ulykka
Då skipa dei andre partia på Stortinget, Høgre, Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti ei samlingsregjering med Jon Lyng frå høgre som statsminister. Denne regjeringa sat berre nokre veker, og så tok Gerhardsen over igjen. Dette regjeringsskiftet vart likevel viktig for utviklinga vidare. Dei borgarlege partia hadde vist at dei var i stand til samarbeid. Nye politiske straumar Ved valet i 1965 fekk dei borgarlege partia til saman eit fleirtal på Stortinget, og skipa ei samarbeidsregjering med Per Borten frå Senterpartiet som leiar. Denne regjeringa innførte ikkje ein ny politikk i Norge, måla om arbeid for alle, og utbygging av velferdsgoder stod framleis fast. Etter kvart sa Borten at det var vanskeleg å halde ”sprikjande staur”. Med det meinte han at det var vanskeleg å halde dei ulike partia saman. Det var usemje om EF-medlemskap, som til slutt felte regjeringa i 1971.
I 1972 vart det skipa eit nytt parti som plasserte seg til høgre for Høgre. Partiet kalla seg – Anders Langes parti mot skattar og avgifter og offentlege inngrep. Stiftaren var Anders Lange. Alt på 1920-talet hadde han vore politisk aktiv, og var med på å skipe det nasjonalistiske Fedrelandslaget. Mange såg på han som ein rar type. Han dreiv hundekennel, og gav ut avisa Hundeavisen . Her skreiv han om sitt syn på skattar og avgifter. På partimøta drakk han alltid eggelikør. Likevel
måtte folk etter kvart ta han på alvor. Ved vala i 1973, kom han sjølv og
tre andre frå partiet inn på Stortinget. Året etter døydde han. Partiet
skifta namn til Framstegspartiet,
og Carl
I. Hagen tok over plassen etter Anders Lange. Oppslutninga om partiet
har vore skiftande, men i dag ligg dei høgt oppe på meiningsmålingane. Partiet
har framleis lave skattar øvst på programmet sitt, men dei står og for ein
svært restriktiv innvandringspolitikk, og vil ha strenge straffer for kriminalitet. |
|
EF-striden
- meir om EU si historie på www.leksikon.org!
Storbritannia vart etter kvart redd for å stå utanfor eit europeisk økonomisk fellesskap. Saman med Norge, Sverige, Danmark, Sveits, Austerrike og Portugal inngjekk dei ein avtale om å senke handelstollen desse landa i mellom. Denne organiseringa fekk namnet EFTA, European Free Trade Association. Ut på 1960-talet søkte Storbritannia om medlemskap i EEC, men den franske presidenten de Gaulle sa nei. Han var redd for britisk konkurranse om leiarskapen i organisasjonen. Men etter studentopprøret i 1968, (sjå historiedelen – verda) måtte den franske presidenten de Gaulle gå av, og dermed var det klart for ein britisk søknad om medlemskap. Både Norge og Danmark søkte om medlemskap samstundes som Storbritannia. I Norge og Danmark skulle spørsmålet avgjerast ved folkerøysting. Det var i 1972. Dette vart ein hard politisk strid – truleg den hardaste i norsk politikk i etterkrigstida. I Stortinget var det fleirtal for å søkje om medlemskap, og det vart den borgarlege samlingsregjeringa med Per Borten frå Senterpartiet som statsminister, som fekk i oppdrag å søkje og forhandle med EF. Per Borten var i tvil om det var rett av Norge å sende ein søknad. Han var oppteken av korleis det då ville gå med norsk landbruk og fiskeri. Etter mykje strid innad i regjeringa, gjekk Per Borten av som statsminister, og overlet til Arbeidarpartiet og fullføre forhandlingane. Trygve Bratteli frå Arbeidarpartiet vart no ny statsminister.
Tilhengjarar av norsk medlemskap i EF i 1972: Høgre, Arbeidarpartiet, eit mindretal frå både Venstre og KRF, og Unge Høgre. Dessutan LO, NHO, Industriforbundet, Rederforbundet og Bankforeningen. Økonomisk vekst og ein garanti mot nye krigar i Europa var argument for. Motstandarar av norsk medlemskap i EF i 1972: Senterpartiet, SF (SV), Noregs Kommunistiske Parti, og eit fleirtal frå både Venstre og KRF. Dessutan eit mindretal frå Arbeidarpartiet, fagrørsla på grasrotplan og alle dei politiske ungdomsorganisasjonane minus Unge Høgre. Hovudargument mot medlemskap var at då kunne Norge misse sjølvråderetten sin, og at bønder og fiskarar ville bli utkonkurrerte av europeisk landbruk og utanlandske trålarar.
Tida fram mot folkerøystinga 25. september 1972 vart brukt til iherdig valkamp frå begge sider. Både nei-sida og ja-sida skipa store organisasjonar som skulle påverke folk, og det vart ein knalltøff valkamp. Valnatta vart spennande. Pendelen svinga lenge, men stoppa ved 53,5 % neistemmer, og 46,55 % jastemmer. Statsminister Trygve Bratteli hadde sagt at vart det eit nei-fleirtal så gjekk regjeringa av, så no fekk vi ei ny samlingsregjering med Lars Korvald frå KRF som leiar. Fleire trudde det ville bli økonomisk nedgang i Norge om vi sa nei, men slik gjekk det ikkje. Norge forhandla seg fram til ein god handelsavtale med EF. I 1993 endra EF namn til EU ( den europeiske union). |
|
OLJE! - Gå til utstillinga “Det norske oljeeventyret” på Museumsnett!
På 1960-talet og byrjinga på 1970-talet var det økonomisk vekst i Norge. Men i 1973 fekk vi oljekrise. OPEC-landa (Organization of the Petroleum Exporting Countries) tredobla prisane på råolje. Det gjorde dei for å ta att prisauken som hadde vore på varer frå industrilanda. Auke i oljeprisen førte til meirkostnader i vareproduksjon i i-landa, og dermed ei prisauke i desse landa, det igjen førte til arbeidsløyse i Vest-Europa og USA. Auken i oljeprisen hadde og ei politisk side. OPEC-landa er stort sett araberstatar, og dei ønskte på denne måten å ramme dei land som støtta Israel. For på dette tidspunktet gjekk Yom Kippur– krigen føre seg. Den internasjonale økonomiske krisa råka ikkje Noreg i like stor grad som resten av Vest-Europa, fordi vi hadde olje. På grunn av forventa oljeinntekter kunne vi ta opp lån i utlandet, og halde hjula i gang utan den store arbeidsløysa. Spesielt offentleg sektor nytte godt av dette. Likevel var det underlege tider. Det meste av privatbilismen stod still, og dåverande kong Olav reiste med bane då han skulle på skitur. Så visse utslag gjorde oljekrisa også i Norge.
|
|
Når internasjonal økonomi var i krise, måtte det likevel påverke Norge. Ein stram økonomisk politikk med løns- og prisstopp vart innført, og etterkvart måtte vi avgrense låneopptaka våre i utlandet. Det vart kalla hestekur, men
det greidde å halde arbeidsløysa nede. |
|
Verdiar i havet |
|
Velferdsstaten |
|
Medier og utdanning
Etter kvart har vi fått fire universitet i Norge. Dei ligg i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, og høgskulesystemet vart utbygt med distriktshøgskular rundt om i landet. |
|
Studentopprør og kvinnesak
Utover på 1970-talet tok kvinnene til å organisere seg. I 1972 vart Kvinnefronten danna, og dette var ein så radikal organisasjon at ikkje alle kvinner følte seg heime her. Men at kvinnespørsmål var på dagsorden tente alle kvinner. Krava frå Kvinnefronten var fleire:
|
|
- Bryllupsfesten i 1968 med video frå heile bryllupet og mange andre glimt på www.nrk.no! |
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
|