![]() |
![]() |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
I sommarhalvåret 2002, frå 13. april til 15. september, viste
museet for samtidskunst ei utstilling med Johs. Rian sine arbeid.
Arne Ekeland var også av den eldre generasjonen på 60-talet. Han høyrde til dei radikale kunstnarane. Etter ei reise til Kina i 1966 blir bileta hans meir abstrakte. Bileta inneheld abstraherte bygningar og maskinar, framstilte i rytmiske mønster i samspel med menneskeliknande figurar. Fargane er urealistiske og det er liten variasjon i fargevalet. Abstrakt kunst Det vil seie kunst som ikkje liknar på noko. Slik kunst vert også kalla nonfigurativ eller ikkje førestillande kunst. Denne kunstforma fekk innpass i Norge rundt 1960. Det nonfigurative måleriet var gjerne eit sterkt abstrahert bilete med utgangspunkt i naturformer. Inger Sitter sine abstrakte måleri og teikningar har blitt samanlikna med fjellformasjonar langs sørlandskysten. Kunstnaren henta inspirasjon i naturen, i fjell, stein og berg. I samband med dei olympiske vinterleikane i 1994 brukte Sitter granitt, marmor og raud travertin i ein veggdekorasjon på Hamar. Ho har utført store dekorative arbeid til høgskulen i Bergen og landbrukshøgskulen på Ås, og saman med Carl Nesjar og Odd Tandberg laga ho store utsmykkingar til regjeringsbygget i Oslo. I 1980 vart ho den første kvinnelege professor ved kunstakademiet i Oslo.
Jakob Weidemann og Arne Haukeland si utstilling i Kunstnarens Hus i 1961 blir rekna som gjennombrotet for den abstrakte kunsten i Norge. Weidemann måla abstrakte bilete inspirerte av skogbotn. Bileta hans er ein hyllest til det som spirer og gror. Yndlingsblomen hans var hestehoven. Weidemann-samlinga på Ringebu prestegard inneheld 42 måleri av Jakob Weidemann og spenner over dei fleste epokane i hans kunstnariske produksjon. 1960-talet var eit tiår med store endringar i Norge. Biletkunsten skulle ta igjen den internasjonale utviklinga frå 40- og 50-talet, og samstundes skulle nye impulsar utforskast og fordøyast. Framleis dominerte tradisjonelle uttrykksformer som måleri og skulptur, men etter kvart kom nye uttrykk som happening, installasjon og materialbilete. "60-åra" er i dag eit uttrykk som mange forbinder med ungdomsopprør, studentopprør, raseopprør, politisk opprør og kulturelt opprør. Det som før var uoppnåeleg, var ikkje lenger nødvendigvis uoppnåeleg. (sjå historiedelen både Norge og Verda) Den amerikanske uttrykksfridomen kom med popkunsten. Den var figurativ og den nye figurasjonen slo gjennom blant unge kunstnarar i Norge. Ikkje uventa protesterte tilskodarane på denne uttrykksforma og kunstnarane svarte med opprør. |
|
Nye uttrykk
Per Kleiva Per Kleiva er kjend som ein dyktig og finurleg kunstnar som jobba med kombinerte bilete på 60-talet. Politisk kjempa Kleiva for sosialismen og kritiserte det kapitalistiske samfunnet gjennom kunsten sin på 70-talet. Biletet ”Den amerikanske angsten” er frå denne perioden. Kunstgalleri med Per Kleiva sine bilete!
Kjartan Slettemark Slettemark er kanskje mest kjend for biletet ”Av rapport frå Vietnam i 1965”. Kunstnaren brukte olje og kollasj for å framstille ein stor open munn i raudt med ei dokke inni. Eit barn som forblør. I bakgrunnen er det delar av det amerikanske flagget og ordet Vietnam skrive over heile flata. ”Barn overskylles av brennende napalm. Deres hud brennes til svarte sår og de dør” er biletet sin undertittel. Biletet blei stilt ut i ein monter framfor Stortinget og publikum som såg det vart sjokkerte og rasande. Biletet blei angrepet med øks. Kunsten var blitt politisk.
Ørnulf Opdahl Ein ung, uredd og nyutdanna kunstnar som kasta seg ut i kunstnarlivet i Oslo på 60-talet. Han fekk kunstnarvenar som Per Kleiva, Morten Krogh, Knut Rose, Anders Kjær. Dei hadde same utdanning, men dei var eldre og hadde meir erfaring. I 1964 reiste Per Kleiva og Opdahl til Danmark for å sjå ei utstilling med amerikansk popkunst. Ei utstilling med mykje humor og det var befriande, for det var ikkje så mykje humor i norsk kunst på den tida. Samtidig var fortvilinga og kjærleiken der. Dette tok dei med til Oslo og prøvde å jobbe vidare med sine uttrykk. Ørnulf Opdahl var handverksutdanna før han tok til på Statens Kunstakademi.
Der var han elev under Aage Storstein og Reidar Aulie. På 70-talet flytta han tilbake til sin barndoms landskap saman med kona, tekstilkunstnar Sidsel Colbiørnsen og to born. På småbruket sitt på Godøy bur Opdahl midt mellom
motiva sine. Han bruker sitt eige nærmiljø, møtet mellom hav og fjell, klimaet, lyset, mørkret og dei skiftande stemningane, i sitt kunstnariske uttrykk.Men også melankolien i menneskesinnet er viktig for Opdahl. Det handlar om tankar, draumar, om å søkje inn i seg sjølv. Bileta hans vert ofte omtala som melankolske og romantiske.
|
|
Skippergata |
|
|
|
Gruppe 66 |
|
Figurativ kunst
Det figurative kunstuttrykket fekk større oppslutning på 70-talet. Litt av den eksperimentelle kunsten dabba av. Men det abstrakte måleriet stod framleis sterkt. Tekstilkunst Norsk tekstilkunst hadde ei sterk utvikling tidleg på 60-talet. Dei første impulsane til denne utviklinga kom frå Aust-Europa. Med Magdalena Abakanowich i spissen, kom den tredimensjonale biletveven. Synnøve Anker Aurdal, Brit Fuglevaag og Ellen Lenvik har jobba med skulpturale tepper sidan 1960-åra. Polsk tekstilkunst fekk mykje å seie for norske tekstilkunstnarar og fleire nyutdanna kunstnarar tok studieopphald i Polen på 70-talet. Men rundt 1975 var det kunstnarar frå USA som overtok leiinga, og då forsvann veven. Det blei eksperimentert med andre teknikkar og materialar. Britt Smelvær, Gjertrud Hals, Astrid Løvås og Kirsten Wagle, Marianne Mannsåker, Ingunn Skogholt, Marianne Magnus, Ellinor Flor og Bente Sætrang er alle norske tekstilkunstnarar. Nokre av dei slo gjennom som kunstnarar på 80-talet.
Skulptur Boge Berg er frå Oslo og har studert ved akademiet i Oslo og Stockholm. I fleire år konsentrerte han seg om menneskeskikkelsken og laga skulpturar i bronse og andre materialar. Han brukte ei ekspressiv uttrykksform og modelleringa var veldig oppdelt. Lys og skugge var viktige verkemiddel i arbeida. Berg henta inspirasjon i tekstar og han brukte ofte arbeidstitlar eller tema. ”Krafta gjennom mennesket” er ein arbeidstittel. Boge Berg har laga skulpturen på Rådhusplassen i Ålesund. Liknande skulpturar kan vi finne fleire stadar. |
|
Arkitektur
Treprisen Treprisen vart oppretta i 1960. Målet med å opprette ein slik pris var å oppmuntre arkitektar til å bruke gamle norske byggjetradisjonar med tre som materiale. Den første treprisen gjekk til Knut Knutsen. Han let seg inspirere av den gamle norske garden, der husa var bygd opp kring eit tun. Per og Molle Cappelen teikna mange einebustadar og hytter der dei brukte tre både i interiøret og eksteriøret. Det var ein av grunnane til at dei fekk Treprisen i 1964. Dei er også arkitektane bak Brumunddal kyrkje. Sverre Fehn fekk treprisen for Hedemarksmuseet i 1973. Han er arkitekten bak Aukrustsenteret i Alvdal og Åsentunet i Ørsta. Det er gjennom arbeida hans norsk arkitektur er blitt kjent i utlandet. Eit par år seinare, etter han fekk treprisen, teikna han ein skule i Skådalen i Oslo. Det er ein skule for døve born. Han ville gjerne gi elevane ”visuelle klangar”, altså klangar du kan sjå, og til det brukte han mellom anna lys. Design frå 1960-1980 Stolen Hender det at du kjem heim frå skulen eller arbeid og har vondt i ryggen? Eller du sit i ein kvilestol utan å kvile ryggen? Dei fleste av oss sit stille store delar av dagen, og då er det viktig at stolen har ei god form. I 1960-åra var Ingemar Relling sin stol ”Siesta” eit godt døme på møblar der omsyn til sitjestillinga var avgjerande for utforminga av stolen. Ein populær stol som finst i mange heimar i dag. Tripp-trapp-stolen frå 1973 designa av Peter Opsvik, kan tilpassast barnet etter kvart som det veks. Stolen er vidareutvikla og er framleis i produksjon. Terje Hope har laga stolar med skulpturelt uttrykk. Men stolane er utforma med sikte på ergonomi og rett sitjestilling. Torstein Nilsen sin stol ”Totempel” viser etnisk påverknad. Piler og raude kuler minner om formspråket i ein indiansk fjørpryd. Mote I 1966 vart londonjenta Lesley Hornby lansert som ”årets andlet”. Fordi ho var så veldig tynn, fekk ho namnet Twiggy, som på engelsk tyder stilken. Twiggy skapte eit heilt nytt moteideal med den magre figuren sin. Klesmotane var sterkt påverka av henne og det var ikkje få ungjenter som måtte slanke seg for å kome inn i twiggykleda.
I desse åra kom ein ny type klede, ungdomsklede eller tenåringsklede. Unge jenter skulle likne meir på born enn vaksne. Unisexmoten kom på slutten av 60-åra og utover 70-åra. Gutar og jenter skulle kle seg likt for ikkje å framheve kjønnsskilnadane. Les meir om mote under same periode – Verda. Per Spook Spook fekk opplæring i motehuset Dior før han begynte for seg sjølv som einaste nordmann med motehus i Paris. Moteskaparen er mest kjend for design av lette og ledige klede for aktive kvinner. I 1992 feira Spook 15-årsjubileum og markerte det med ein vikinginspirert kolleksjon, som han hausta stormande jubel for. Motehuset blei lagt ned i 1994, men Per Spook held fram som designar. Ellinor Floor er ein annan internasjonal kjend designar som let seg inspirere av tekstilar frå tidlegare tider. Sjå meir om Floor sine arbeid i neste periode. |
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
|