|
Klassisk musikk
Ny-romantikk kom til å prege mykje av musikken i første halvdel av den
perioden, t.d. Egil Hovland. Det skulle vere musikk for publikum, og det skulle
vere kjekt å gå på konsert. Ragnar Søderlinds sine verk er eit døme på denne treden. Hans ”Trauer musik” fekk gjennomslag hos publikum. Musikken var på
mange måter politisk og er ein kritikk av Sovjet sin innmarsj i Tsjekkoslovakia.
Arne Nordheim gjekk nye vegar i si musikk-formidling og vart etter kvart
internasjonalt kjend. Han skreiv musikk til ballett, film, radio og konsertsalar. Han har motteke både nasjonale og internasjonale prisar. Sidan 1981 har han
budd i Grotten ”Statens æresbolig for kunstnarar”. I 1975 skreiv han ei multimediekantate som vart sendt over radio og tv der over 300 musikarar frå
fem forskjellige byar deltok. Dette var eit nybrottsarbeid med både akustiske og elektroniske klagar som vekte merksemd langt utover lande-grensene.
”Piggtrå musikken” gjer sitt inntog i Noreg I 1960 var den første rock`n`roll bølga over i Noreg. Kompgruppa til Cliff Richard - The Shadows - inspirerte norske rockemusikarar til å spele instrumental musikk, der sangaren vart
nedtona og fokus låg på gitarspelet. Musikarane fekk meir likeverdige roller. ”Piggtråmusikk” var eit uttrykk som vaksengenerasjonen brukte etter å både ha sett og høyrt kva som skjedde på scena! The Quivers nytta gamle slagarar som ”Dei nære ting” der
dei fekk publikum med ved å nytte den nye musikkforma.
 |
I 1973 starta NRK opp programmet ”Norsktoppen”. Dette vart eit forum for norskspråkleg
populærmusikk som hadde rom for både rock, slagarar og viser. Vømmøl spelemannslag med samfunnskritikk og progressive tekstar var ofte representert på listene.
Mykje av rocken i denne denne perioden har vore omtalt som progressiv og henta inspirasjon i frå progessive musikarar i England og Amerika. Målet var ikkje å kome på første plass på
hitlistene, men lage orginal rocke-musikk.
Mange norske band vart svært dyktige til å spele, og kunne måle seg med engelske band t.d 1960: The Vanguards. 1961: The Pussycats frå Tromsø var eit band som utmerka seg og som mange hevda var på høgde med utanlanske band
1967: Little Earl & the Sapphires 1968: Prudence 1972: Popul VUH 1975: Åge Aleksandersen
Festivalen Ragnarock i Holmenkollen i 1973 var norsk variant
av Woodstockfestivalen. Gruppa ”Saft”
frå Bergen spelte saman med folkemusikaren Sigbjørn
Bernhoft Osa. Dette var eit døme på samspell påtvers av sjangarane
noko som fleire musikarar etter kvart prøvde ut.
I 1967 lanserte Arve Sigvaldsen protest låten ”Graveyard paradise” med gruppa 126 frå Bodø. I 1968 gav han ut ”Romeo og Julie" med Inger Lise Rypdal, og seinare kom slagaren "fru Johnsen”.
Andre norske artistar med eit breiare publikum
Grynet Molvig, Ray Adams, The Mon Keys, Søstrene Bjørklund, Jan Høyland,
Kirsti Sparbo. Wenche
Myhre kom i 1964 med “La meg være ung”, tekst Arne Bendiksen.
Den vart i ettertid omtalt som ein av dei flottaste produksjonane
i 1960-åra.
Wenche Myhre i 1979 (video)
Country musikk Den amerikanske popartisten Jim Reeves vart svært populær her i landet. Bjøro Håland har
vore ein sterk eksponent for country musikk i Noreg. Som m.a. har henta inspirasjon frå amerikansk country.
Songar av Jim Reeves - klipp i Real-Audio format
I 1974 kom plata ”Frem frå glemselen”. Dette vart ein stor suksess og vart den første plata i Noreg med 100 000 solgte eksemplar. Gruppa Country Snakes med Ottar "Big Hand”
Johannsen og Lillian Askeland sin musikk har óg sett spor etter seg i norsk countrymusikk
Norske Jazzrockband
Tidleg på 70-talet dukka det opp mange dyktige band med rockemusikarar som også tok blåseinstrument i bruk. T.d Reidar Myhre og Finn Eriksen sitt orkester. |