![]() |
![]() |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Norge var litt ”kjerringa mot straumen” i internasjonal politikk. Fordi vi hadde oljepengar, kunne vi halde i gang bedrifter som hadde økonomiske problem. På den måten hadde vi lite arbeidsløyse i Norge. Slik var det ikkje i andre europeiske land. Hos oss tilsette vi stadig fleire folk i offentleg sektor, som lærarar, sosialarbeidarar og sjukepleiarar. Dette hadde ikkje andre land råd til. Få reiste spørsmål om kva som kunne skje, dersom vi ikkje hadde alle oljepengane i ryggen.
I 1986 kom krisa! Det vart produsert for mykje olje! Alle lager rundt om i verda var fulle, og prisane på olje rasa nedover. Norge vart råka av ei langvarig økonomisk krise. Fleire bedrifter gjekk konkurs, og andre måtte seie opp tilsette. Vi fekk aukande arbeidsløyse også i vårt land. I tillegg fekk vi høgare rente, og då fekk mange problem med å betale på låna sine. Fleire i Norge vart gjeldsoffer. Det vil seia at folk ikkje hadde pengar til å betale med, og at dei måtte få ordningar som gjorde at dei sat med gjeld i lang tid. Mange ”jappar” gjekk konkurs i denne tida. Økonomien i Norge tok seg ikkje opp att før ut på 1990-talet. Men framleis er norsk økonomi nært knytt til oljeverksemda i Nordsjøen, og vi er sårbare for internasjonale svingingar i økonomien. Vi burde ha meir industri, og fleire bedrifter utanom oljeverksemda. Då hadde vår økonomi vore sterkare. Ulykker i Nordsjøen 27.mars 1980 skjedde det som ikkje skulle skje! Under ein storm i Nordsjøen velta bustadplattforma ”Alexander Kielland”. Plattforma hadde fem bein, men det eine beinet rauk . Om bord var det 211 menneske, og 123 av desse forsvann i havet. Det var menneske frå heile landet vårt, og Norge var i sorg! Dette var den største ulykka på norsk område sidan krigen. Ein fann ikkje den direkte årsaka til ulykka, men konklusjonen vart materialtrøttleik. Det vart reist spørsmål om prisen for oljeeventyret var for høg? Norge hadde gjort seg for avhengig av oljeinntektene til å stoppe opp. Men tryggleilstiltak for alt arbeid i Nordsjøen vart trappa opp, og alle som arbeidde i denne industrien måtte gjennom sikringskurs. Heldigvis har vi ikkje hatt fleire store ulykker på plattformer, men ein høyrer frå tid til anna om helikopter som går i havet. Dette rammar landet vårt i stor grad. |
|
Miljøvern |
|
Innvandring
Innvandringsspørsmålet vil nok vekke egasjement også framover. Dessverre er rasisme-spørsmål også blanda inn i debatten, og då er det ei sak som er vanskelegare å handtere. Kulturkollisjonar er ikkje til å unngå. U-hjelp Norsk utviklingshjelp kom i gang i 1952. Nye, fattige land både i Afrika og Asia skulle få norsk hjelp til utvikling for folka i landa. Norge brukar ca. 1% av statsbudsjettet til u-hjelp Mange norske prosjekt har vore vellukka, men dessverre har også mange av dei norske prosjekta vore direkte mislukka. Mykje av den norske hjelpa har vore, og er, direkte nødhjelp ved katastrofer. U-hjelp har vore eit diskusjonsspørsmål i Norge. Eit av spørsmåla har vore: ”Kva er u-hjelp?” Mange av u-landa sine produkt kjem ikkje i norske butikkar fordi vi vil fremje vårt eige landbruk, og i mange år har vi stengt ute billege klede for å halda oppe vår eigen tekstilindustri. |
|
Gro og Kåre
Valet i 1981 gav Norge ei rein Høgre-regjering, med Kåre Willoch som statsminister. Dette var ei mindretalsregjering. Norsk politikk endra seg noko no når Høgre kom til makta. Kåre Willoch arbeidde for å setje ned skattane, og la private ta over litt av dei offentlege oppgåvene, td. i helsevesenet. Reint konkret fekk han gjennom lover, som sa at butikkane kunne ha lengre opningstider og at NRK-monopolet vart oppheva. No kunne private få lov til å sende radioprogram, og det dukka opp ei rekkje nærradioar rundt om i landet. Det var i 1982. Same året fekk vi og kabelfjernsyn, og no vart det mogeleg å ta inn utanlandske TV-kanalar.
I 1983 dannar Kåre Willoch ei ny regjering. Det var vanskeleg for partiet Høgre å sitja i regjering åleine. Det vart vanskeleg å få vedtak i Stortinget for det dei ville ha gjennom. No fekk vi ei samarbeidsregjering mellom Høgre, KRF og Senterpartiet. Dette samarbeidet overlevde også Stortingsvalet i 1985, men då Willoch i 1986 stiller kabinettspørsmål om økonomiske innstrammingar, og taper, tar Arbeidarpartiet igjen over regjeringsmakta. På nytt vert Gro Harlem Brundtland statsminister, og med åtte kvinnelege statsrådar i ei regjering med atten medlemmer markerer ho ei sterk kvinnepolitisk satsing. Med unntak av 1989-1990 var Gro Harlem Brundtland norsk statsminister i ti år. Dette eine året var det Jan P. Syse frå Høgre, som var norsk statsminister. Det var EØS debatten som gjorde at han hadde jobben berre i eit år. Gro og Kåre, heile det norske folk var på fornamn med dei, var dei politiske hovudmotstandarane på 1980-talet. Dei møttest ofte til politiske duellar med høg temperatur. Mange sette seg ned framfor TV når dei visste at desse to skulle diskutere ei sak. Desse to vert rekna mellom dei aller fremste norske politikarar. |
|
Norge på 1980-talet |
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
|