![]() |
![]() |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Jakob Weidemann (1923–2002)
Jan Groth er ein av sin generasjons fremste biletkunstnarar. Han er representert i museum og samlingar verda over og har vore aktiv på utstillingsfronten i over 40 år. Gjennombrotet kom med utstillinga i Guggenheim-museet i New York i 1986. I den seinare tid har han vore aktiv på utstillingsfronten i Norge. Han ville tilbake til røtene etter å ha budd mange år i Danmark og USA. Therese Nordtvedt Sidan debuten på haustutstillinga i 1975 har Therese Nordtvedt arbeidd som målar og grafikar med menneskeskildringar, andlet og auge som sentrale motiv. Ho har hatt meir enn 35 utstillingar i inn og utland, gitt ut bok og illustrert frimerke. Kunsten hennar er innkjøpt av museet for samtidskunst og fleire andre kunstinstitusjonar i Norge.
Olav Christopher Jensen Jensen er eit eksempel på ein kunstnar som har veksla mellom ulike målemåtar. Han har fått mykje merksemd internasjonalt. Tidleg på 80-talet jobba han figurativt, men begynte å måle abstrakt. Sjå biletet ”Fra ingensteds” (1984). I dag er arbeida abstrakte og monumentale. I 1992 overtok han eit professorat ved akademiet i Hamburg. Ida Lorentzen Mange bilete av Lorentzen har rom som motiv. Det kan vere ei oppstilling av møbler frå atelieret eller veggar i eit tomt rom. Perspektivet er manipulert og det gir spenning og romkjensle i bileta. Biletet ”Rondo” (1983) som er innkjøpt av museet for samtidskunst, er eit døme på akkurat det .
Per Inge Bjørlo Bjørlo arbeider med fleire media, måleri, teikning, grafikk, skulptur og installasjon. Han er mest kjend for installasjonane sine. Han har laga ei rekkje installasjonar som han har kalla Indre rom. Det første vart laga i 1984 til Henie-Onstad-senteret. Seinare har han jobba mykje med fabrikklaga stålformer som den amerikanske minimalisten Donald Judd .
|
|
|
|
Fotografi
Fotografi er blitt eit av dei viktigaste uttrykksmidla i samtidskunsten og fleire fotografar lagar data- og multimediebaserte uttrykk med utgangspunkt i fotografi, til dømes Vibeke Tandberg. Andre kjende kunstfotografar er Tom Sandberg, Dag Alveng, Per Berntsen, Line Wælgaard og Per Maning. Videokunst Videokunst er kunst på same måte som anna biletkunst er det. Den kan vere uforståeleg, slitsam, kjedeleg, og provoserande. Ofte seier den alt, nokre gongar ingenting. Det kan vere eit pust, eit minne, ei kjensle, ein smak. Ein ting er sikkert, videokunst kan vere alt og ikkje treng det å vere sant heller. ”Portrett” av Per Maning er ein video av ei hand som teiknar. Kjartan Slettemark har brukt video som ein del av sitt kunstnariske uttrykk. Marianne Heske har jobba med video i kombinasjon med data. Ho viser norske motiv, isbrear, snaue fjelltoppar eller dramatiske stadar der det har gått ras. I 1980 gjennomførte Heske prosjektet Gjerdeløa. På biennalen i Sao Paulo i 1996 deltok Heske med installasjonen ”Ice Towers”. Ho blir rekna som konseptkunstnar. Vibeke Tandberg er ein kunstnar som bruker nettet. - Nettkunst.no - Kunstnett om nettkunst - Nettkunstnere - Nettutstillinger - En brukerguide til nettkunst |
|
Musikkvideo |
|
Arkitektur |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Design
Glaskunstnarane Karen Klim og Ulla Marie Brantenberg henta inspirasjon frå nyare europeiske stilartar. Dei laga glas som assosierar til blomster og ville vekstar. Med sitt langstrakte og slyngande preg minner dei om jugendstilens elegante glas. Smykkekunstnar Tone Vigeland utvikla ein teknikk der smykka vart bygd opp av eit utal små metalledd. Nesten på same måte som smykke frå mellomalderen. Keramikar Arne Åse bruker meir eksotiske kjelder som inspirasjon i arbeidet. Han jobbar med porselen og lagar lauvtynne, ofte stiliserte skåler og fat som gir assosiasjonar til japansk kunst. Torstein Nilsen sin stol ”Totempel” viser etnisk påverknad. Piler og raude kuler minner om formspråket i ein indiansk fjørpryd. Stolen blir laga på Sunnmøre av Møremøbler/Fora Form i Ørsta. Grafisk design Ei yrkesgruppe som mellom anna jobbar med reklame, blir kalla grafisk designarar. Hittil har dei først og fremst laga reklamemateriell som trykte bokstavar i plakatar og aviser, men no spelar også skjermgrafikk ei stor rolle. Skjermgrafikk er utforming av tekst og bilete på reklameinnslaga i TV og på Internett. Audiovisuell design Audiovisuell design, som har med både lyd og bilete å gjere, kan berre brukast i eit audiovisuelt medium som fjernsyn og film, til dømes i NRK. |
|
Norske motedesignarar |
|
Tekstilkunst
Sissel Calmeyers sine arbeid har utvikla seg frå fargesprakande biletvevar på 70-talet til ein meir sparsam palett med berre raudt, svart og bleik kvitt på 80-talet. Så kom utklippsserien i kvite nyansar. Sidsel Colbiørnsen er biletvevkunstnar. Ho er gift med målaren Ørnulf Opdahl og dei bur på Godøy ved Ålesund. Ho har hatt fleire offentlege oppdrag. Colbiørnsen stillte ut biletvevar i Galleri Haaken i Oslo hausten 2002. Veggplassen delte ho med ektemannen. Kyrkjetekstil Det kan vere utsmykking av kyrkjerom, altertavle, bispekåpe eller liturgiske klede som blir brukt under gudsteneste. Fleire kjende kunstnarar arbeider innafor dette feltet. Borgny Farstad Svalastog er frå Lillehammer. Sidan 1986 har ho laga kyrkjetekstil til eit tjuetals kyrkjer. Ho har også hatt fleire store utsmykkingsoppdrag til kyrkjerom. For kort tid sidan kom det ut ei bok om Svalastog sin kunst, ”Mellom fylde og tomhet”, ei nydeleg bok skrive av Gunnar Danbolt. Astri Ræstad Synnes er tekstilkunstnar og har delteke på gruppeutstillingar med kyrkjetekstil. Solveig Skeie Vinnes var tekstilkunstnar med hovudvekt på kyrkjetekstil. Sidan 1983 laga ho ei rekkje ulike kyrkjetekstilar til prestar og kyrkjer og ho deltok på utstillingar. Vinnes fekk Sunniva-stipend frå Kirke-, undervisnings- og forskningsdepartementet, for å fremme kunnskap om kyrkjetekstil i Den norske kyrkje, mellom anna som fagleg ansvarleg for eit nordisk seminar og utstillingar i Erkebispekården i Trondheim. I denne samanhengen var ho redaktør for boka ”– og du skal lage hellige klær” i 1998. Solveig Vinnes var ei kunnskapsrik kvinne som døydde så altfor tidleg, hausten 2002. |
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal |