|
Kriminal litteratur Norge har mange gode kriminal forfattarar. Fleire av dei tar utgangspunkt i det norske samfunnet og er kritiske til dei tilhøva dei tar opp i bøkene sine. Fleire av dei
presenterer også ein helt som vi møter att i bok etter bok Men kva er ei god krimbok? Lesaren vert presentert for ei mordgåte. Oppklaringa av mordet driv handlinga i boka framover, og vi får ikkje vite kven den skuldige er før
heilt på slutten. Den skarpe lesaren finn kanskje svaret på mordgåta sjølv, for undervegs får vi små hint om kven den skuldige er.
Fredrik Skagen (f.1936) sine krimbøker handlar ofte om utanrikspolitikk, helst om kappløpet mellom supermaktene USA og Sovjetunionen. Helten hans,
Morten Martens, er ein heller tvilsam type som ikkje alltid held seg innanfor lova. Han vert også ein antihelt. Han drøymer om det store kuppet, og eit liv i
sus og dus. Men slik går det ikkje. Fredrik Skagen er frå Trondheim, og Morten Martens bor og der.
Jon Michelet (f.1944) skriv on nynazisme, narkohandel og spionasje. Hans
helt, eller antihelt, er Vilhelm Thygesen. Thygesen jobba tidlegare i politiet, men vert sparka ut etter eit fengselsopphald og er nærmast ein fyllefant. Likevel klarer han å løyse dei mysterium han møter på. Den mest kjende
boka hans er nok Orions belte (1977) som handlar om sovjetisk spionasje på Svalbard. Denne spenningsromanen vart til film i 1985, og det vart ein film som trekte fulle kinosalar.
Ved sida av å vera forfattar har Jon Michelet vore aktiv politikar på venstresida i norsk politikk. Han har jobba aktivt for RV i mange år. Han var også redaktør i Klassekampen i
fleire år. Sist har vi sett han som programleiar for reiseprogram på TV. Saman med forfattarkollega Dag Solstad (sjå Temaweb norsk 1960-1980) har han vore reisande skribent
til fleire VM i fotball.
Gunnar Staalesen (f. 1947) er frå Bergen, og han brukar Bergen og
bergensmiljøet som kulisse for alt han skriv. Hans helt, eller antihelt, er Varg Veum. Ein kjend skapnad i norsk litteratur. Varg Veum er privatdetektiv,
tidlegare politimann, og har kontor på Strandkaien i Bergen. I skrivbordsskuffa gøymer han akevittflaska. Som førebilete har Varg Veum den amerikanske detektiven Philip Marlowe.
Varg Veum bruker tid på å tenkje over dei samfunnsproblem som han møter på i si detektivgjerning. Eit ord som er knytt til skildringane av Bergen og Varg Veum, er film-noir.
Denne filmsjangeren skildra dei mørke sidene i samfunn og menneske. Det er spennande og spenstige samanlikningar, og som gir inspirasjon til oss som lesarar.
I dei seinare åra har Staalesen gitt ut ein trilogi som startar med eit mord i Bergen i år 1900, men som ikkje vert løyst før i år 2000. Her følgjer han familier i Bergen over ein periode på
100 år, og gir oss innsikt i Bergen si historie og utvikling i same tidsrom. 1900 - Morgenrød, 1950 - High Noon og 2000 - Aftensang. Spennande lesing!
Er det berre menn som skriv krim? Nei, Kim Småge (f. 1945) skriv om den kvinnelege helten Hilke Thorhus i bøkene Nattdykk (1983) og Origo
(1984 ). Hilke er like tøff som sine mannlege ”kollegaer”, men tenkjer som ei kvinne. Etterkvart har Småge skrive om andre kvinnelege hovudpersonar, som
Anne-kin Halvorsen, men ho beheld heile tida kvinneperspektivet når ho skriv. |