|
Sovjetunionen På slutten av 1982 døyr den sovjetiske stats- og partisjefen Leonid Bresjnev. Då hadde han styrt Sovjetunionen, og
det er vel ikkje feil å seie nesten heile Aust-Europa, med hard hand. Dei siste åra han styrte var han sjuk og gammal. Juri Andropov, som tok over etter Bresjnev, døydde etter berre to år ved makta. Det same skjedde med
hans etterfølgar att, Konstantin Tsjernenko i 1985. Dei som sat på toppen i Sovjetunionen var blitt eit gammalmannsvelde.
Dagen etter Tsjernenko sin død, vart Mikhail Gorbatsjov vald til ny generalsekretær i det sovjetiske kommunistpartiet. Det vil seie toppstillinga i
Sovjetunionen. Det var ikkje venta at han skulle starte ei omfattande liberalisering i Sovjetunionen, berre ein økonomisk reformkurs. Men han var klar over at Sovjetunionen hadde mange og store problem, og han ønskte å
endre på mykje.
Gorbatsjov lærte heile verda to nye ord, nemleg ”glasnost” og ”perestrojka”. Det første
ordet betyr å vera open, og det andre betyr endringar. Gorbatsjov ville ha mindre tvang i det sovjetiske samfunnet, ein meir effektiv økonomi og betre arbeidsmoral. Bøndene fekk det
friare, og det vart lettare for sovjetiske bedrifter å handle med utlandet. Han sette og i gang ei kampanje mot den høge alkoholbruken i landet. Vidare ville han at folk skulle få seie
meiningane sine, sjølv om dei gjekk mot systemet i landet. Sovjetunionen skulle og vera meir ope mot omverda. Det som kanskje vekte mest oppsikt var oppgjeret med Stalin-perioden i
Sovjetunionen, og for mange var det nytt å høyre at Stalin undertrykte folket og påførte landet store skadeverknader.
Den nye opne lina gav utslag i høve til USA. Det hadde ikkje vore møte mellom
supermaktene sidan 1979, men no møttest dei to statsleiarane i Geneve. Tre tusen journalistar følgjer dette toppmøtet, der det vart slått fast at dei to supermaktene har ansvar for
verdsfreden. Det vart også avtalt nye møter mellom dei to. Det mest kjende møtet skjer i Reykjavik der dei diskuterer nedrustingsspørsmål. Dei vart einige om ein avtale, men kom
ikkje fram til noko i spørsmålet om det amerikanske Star Wars-programmet.
Likevel var no den største utfordringa for Gorbatsjov å auke levestandarden for folk flest i
landet sitt. Sovjetunionen hadde også bruk for vestleg høgteknologi for å bygge opp landet, men den kalde krigen hadde sett sine spor, så den var ikkje alle tider tilgjengeleg for
Sovjetunionen. Landet gjekk inn i ei økonomisk krise, og det var naturleg at folket retta misnøya si mot Gorbatsjov.
Gorbatsjov meinte at Sovjetunionen kunne endre seg innanfor det kommunistiske systemet,
men det viste seg svær vanskeleg. No når folket hadde fått litt fridom, så ville dei endre heile samfunnet så fort som mogeleg. Men nesten hundre år med kommunisme, Lenin, Stalin og
Bresjnev let seg ikkje endre med eit pennestrøk. Uro spreidde seg i landet.
Ved valet til Folkekongressen (likt ei nasjonalforsamling) i 1989, var det høve til å stemme på
kandidatar utanom kommunistpartiet. Over heile landet vart kommunistane slått ut. Kunne Sovjetunionen bli eit demokrati? Det var for seint! Sjølve unionen gjekk i oppløysing. Den var
samansett av 15 republikkar som no ville vera med å bestemme utviklinga. Nokre av republikkane var til og med der under tvang, td. dei baltiske statane. Pr. i dag veit vi at det gamle Sovjetunionen har blitt til fleire nye land.
I 1990 fekk Gorbatsjov Nobel sin fredspris for arbeidet sitt. Ein kan vel seie at det var
verdssamfunnet si takk for at han hadde vore ein modig mann, som prøvde å endre.
 |
Fleire av dei som sat med maktposisjonar i Sovjetunionen ville ikkje gi opp det gamle systemet. Sommaren 1991 vart det gjort forsøk på statskupp mot Gorbatsjov. Boris Jeltsin leia motstanden mot kuppmakarane, og dei nye tankane overlever. I desember 1991 vart
Sovjetunionen formelt oppløyst, Gorbatsjov går av og Jeltsin vart no president i den nye republikken Russland.
I april 1986 skjer den største kjernekraft ulykka til no. 26.april skjer det to eksplosjonar i
reaktor 4 i kjernekraftverket i Tsjernobyl i Ukraina. Strålinga i reaktorbrannen etter ulukka er
30–40 gangar så stor som ved eksplosjonen i Hiroshima. Ulykka skuldast menneskeleg svikt, og styresmaktene let ikkje omverda få vita om ulykka før to dagar etter det hadde skjedd.
Brannen vert slekt etter nokre dagar, og det vart sagt at berre 3,5 prosent av dei radioaktive stoffa i reaktoren slapp ut. Men kva med dei som dette gjekk utover? Redningsmannskapa
etter ulykka hadde ikkje gode nok vernedrakter, og dei som budde i området vart utsett for stråling. 28 personar døyr i løpet av tre månadar etter ulykka. Kor store kreftskader og
genetiske skader ulykka vil føre til veit ein ikkje. Vi veit at mange barn har utvikla kreft i ettertid, og at nokre av desse kjem til Norge for å få nokre gode dagar kvar sommar.
Ei stund etter ulykka kunne vi i Norge ikkje ete reinsdyrkjøt frå dyr som hadde beita på Hardangervidda. Stråling frå ulykka i Tsjernobyl hadde også nådd vårt land. Dette gir oss litt å
tenkje på, og så veit vi at det i aust finst mange fleire dårleg sikra kjernekraftverk.
- Bellona med fakta om Tjernobyl-ulykka
- Nyheiter om Tjernobyl-ulykka i Aftenposten
28.mai 1987 vart Mathias Rust eit ”heitt” namn i all verdas nyheiter. I sitt vesle Cessna, eit ein
motors fly, landa han på Den raude plass i Moskva. Flyturen hadde gått frå Helsingfors til Moskva. Korleis Rust hadde unngått 1300 sovjetiske kampfly, ca.10000 luftvernrakettar og
7000 radarar, då han flaug innover sovjetisk luftterritorium, vart eit mysterium. Han vart skulda for pøbelstrekar, grensekrenking og brot på luftfartslovene. Han vart dømd til fire år i arbeidsleir. |