![]() |
![]() |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Postmodernisme
USA Blant dei mange amerikanske kunstnarar som vann internasjonal merksemd på 80-talet, var Julian Schnabel. Han vart kjend for å bruke knuste porselensskår som element i bileta sine. Ein annan kunstnar som gjore det bra, var Jeff Koons. Han har laga ein statue av songaren Michael Jackson og apen Bubbles, og dessutan ei kjempestor kanin i rustfritt stål.
Jenny Holzer sitt kunstnariske arbeid gjekk ut på å skrive tekstar på T-skjorter, postkort og elektroniske oppslagstavler. Ein av tekstane som vart vist på Times Square midt i New York var ”pengar skaper smak”. I USA var New Yorks Soho-distrikt sentrum for moderne kunst. Det var økonomiske oppgangstider. Folk hadde god råd og brukte mykje pengar på kunst. |
|
Graffiti Donald Judd Judd arbeidde mykje med objekt i seriar. ”Untitled” (1980) er ein serie med maskinelt produserte boksar i galvanisert stål og aluminium. Alle er like. Dei har glatt overflate og er monterte til ein vegg. Det handlar om relasjonar. Les meir om Judd under minimalisme. Kunstnaren er representert i Museet for samtidskunst i Oslo. Cindy Sherman Sidan 1978 har Sherman brukt foto i sitt kunstuttrykk. Etter kvart har ho konsentrert seg om politisk bodskap kring emne som aids og minoritetsgrupper i USA. |
|
Nyekspresjonisme
”Landet mellom elvane” eller ” Zweisromland” som skulpturen vert kalla høyrer til den faste samlinga i Astrup-Fearnley-museet i Oslo. Det er ei stor ”bokhylle” i stål, med 126 blybøker. Både skulpturen i seg sjølv og tittelen uttrykkjer ei tvetydigheit. Dei to elvane han viser til er Eufrat og Tigris. Landet mellom handlar om vår kultur. (vår kulturs vogge.) Les meir om Kiefer i andre periodar. Joseph Beuys I 1987 utførte Beuys verdas største ”kunstverk”. Han starta ein aksjon for å få planta 7000 eiketre rundt om i Tyskland. Ved kvart tre vart det plassert ein stein som symbol på det evige (varige). Det økologiske perspektivet stod sentralt i prosjektet. Kroppen var hovudtema i Beuys kunst. Det blei uttrykt gjennom fysiske objekt, symbol, skrift, biletteikn, former og performance. I Tate Modern-museet i London er installasjonen ”Slutten på det tjuande hundreår” frå 1983 utstilt. Den er det verd å bruke litt tid på.
Christo Kunstnaren Christo var født i Bulgaria, men flytta til USA for å utvikle sine kunstnariske evne. Han jobba med konseptkunst. Om slik kunst kan vi seie at ideen er det viktigaste. I 1983 laga han kunstverket ”surrounded islands” ved Miami i Florida. Elleve små øyer vart omkransa av eit kunstig framstilt vevd materiale. Seinare vart Point Neuf-brua i Paris innpakka. Mange av dei som såg kva Christo gjorde, meinte at han var sær. Sjølv påstod han at han berre prøvde å få folk til å legge merke til ting rundt seg. Kunstverket er heile prosessen, frå planlegging og gjennomføring til dokumentasjon. |
|
Skulptur
|
|
Arkitektur
Oscar Niemeyer Niemeyer er rekna som ein av det 20. hundreåret sine største arkitektar. Arkitekten er frå Brasil. I 1988 fekk han den høgaste utmerkinga ein arkitekt kan få, Pritzker Prize for Architecture. Oscar Niemeyer var fødd i 1907. Det siste verket han har fullført er eit moderne museum i Curitiba i Brasil. Han stod sjølv for opninga 22. november 2002. Eit populært museum med 14000 besøkjande dei to første opningsdagane. Då Juscelino Kubitschek var president i Brasil vart det bestemt at det skulle byggjast ein hovudstad. Byplanen vart forma av Lucio Costa med form som eit fly. Byen blei bygd på biltrafikken sine premisser, med ei hovudgate som er 70 meter brei. Trafikken er like kaotisk som i andre storbyar og byplanen er nær sagt ein katastrofe. Eit dårleg miljø for menneska som skal bu i byen. Men i hovudgata ligg det nokre arkitektoniske juvelar, teikna av Ockar Niemeyer. |
|
Design
Mote 1980 til 1990 var eit tiår då det var moderne å vise kor velståande ein var. Kleda skulle vere kostbare og elegante og det var særs viktig for dei som ville gjere inntrykk på andre gjennom påkledinga si. Det blei vanleg med skulderputer for både kvinner og menn. Enkelte motedesignarar vart skulda for å gjere kvinnemoten maskulin og herremoten meir feminin. Dyre merkeklede, klede designa av kjende designarar, vart kjøpt og brukt av alminnelege menneske. Ikkje berre av popstjerner og andre TV stjerner som hadde god råd. Issey Miyake, Jasper Conran, Calvin Klein, Jean Paul Gaultier og Erik Mortensen er kjende moteskaparar frå denne perioden. Dronning Sonja brukte Mortensen som designar til fleire av sine antrekk. Tradisjonelle motehus i Paris og Italia måtte konkurrere med designarar frå Japan, Storbritannia og USA. Ikkje berre motedesignarane vart kjende namn. Dei modellane som viste kleda, var avbilda på framsida av allverdas vekeblad, mellom andre Jerry Hall og Christie Brinkley, som seinare vart kjende filmstjerner. |
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal |