Norsk - Verda 1980-90
 

[Historie] [Norsk] [Kunst og design] [Musikk] [Oppgåver] [Elevarbeid]

SPENNING, ROMANTIKK, POLITIKK OG HISTORIE

Dette er vel nokre stikkord vi som lesarar gjerne vil knyte til bøker vi les.  Mange forfattarar gav oss slike bøker på 1980-talet. Det er vanskeleg å setja klare grenser for kva forfattarar som høyrer til innan for1980-talet, eller seie at den bestemte litteraturen høyrer til innanfor 1980-talet. Nokre forfattarar får plass innanfor dette tiåret. Sjølvsagt kunne utvalet vera annaleis, men det er diskusjon for seg sjølv.

STIKKORD:
  • Jean Auel
  • Regine Deforges
  • Tom Wolfe
  • Tom Clancy
  • Ken Follet
  • Fredrick Forsyth
  • Arthur Hailey
  • Jan Guillou
  •  

    Jean Auel - klikk på bilete for å sjå større versjon!Jean Auel (f.1936) har skrive fleire historiske bøker. Ho gjorde eit grundig forarbeid før ho gav ut bøkene om cro magnon jenta Ayla. På engelsk heiter serien Earth’s children. Bøkene Hulebjørnens klan, Hestenes dal, Klippehulens folk, Mammutjegerne og Steppevandringen kom i perioden 1980 til 1990. Ho har også skrive og gitt ut bøker heilt til no, og fleire vil vel kome.

    Regine Deforges, fransk forfattar har skrive trilogien Den blå sykkelen. I bøkene Den blå sykkelen (1985), I krig og kjærlighet (1986) og I hevnens skygge (1987) får vi høyre om ungjenta Lea Delmas. Ho er 17 år då andre verdskrig bryt ut, og då krigen kjem til Frankrike engasjerer ho seg i fransk motstandsarbeid. Hennar arbeid der, hennar sorger og gleder og hennar kjærleiksliv er populær lesnad. I ettertid har det kome ut fleire bøker om Lea, og forfattaren knyter handlinga i bøkene til historiske hendingar, som Vietnamkrigen og revolusjonen på Cuba.

    Tom WolfeTom Wolfe
    Tom Wolfe starta som journalist, og fekk ein stor pris for det han skreiv om Cuba tidleg på 1960-talet. Han har skrive fleire biografiar, og bøker om kunst. Han har ofte lege på bestseljar listene i USA. Om boka hans The Bonfire of the Vanitiers er det sagt at den var den store romanen i Amerika på 1980-talet.

    Tom Clancy
    Tom Glancy - klikk på bilete for å sjå ein større versjon!
    Tom Clancy (f.1947) har skrive ei rekkje spanande og kjende bøker. Dei er godt kjende fordi dei er filma. I 1984 gav han ut boka Jakten på Rød Oktober. Filmen, med Sean Connery i hovudrolla som sovjetisk ubåtkaptein, er det mange som har sett. I denne filmen møter vi også CIA agent Jack Ryan. Han er ein gjennomgangsfigur i fleire bøker, som Patrioten frå 1987. Denne boka er og filma, og filmen heitte Partiotens spill på norsk. Med Harrison Ford i rolla som Jack Ryan gjorde den suksess. I ein seinare film, Overhengende fare, spelte Harrison Ford på nytt Jack Ryan.

    Ken Follet
    Ken Follett - klikk på bilete for å sjå ein større versjon!
    Ken Follett (f.1949) er britisk, og har hatt ei rekkje bestseljarar opp gjennom åra. I 1978 kom romanen Nålen. I 1981 vart denne boka filma med Donald Sutherland i hovudrolla. Handlinga er lagd til andre verdskrigen, og held lesaren våken til boka er lest ut. Det er rett før D-dag 6.juni 1944, og dei allierte planlegg sine aksjonar, men Hitler har sendt sin beste agent, Nålen, til England. Handlinga i Rebeccakoden er og frå andre verdskrig, og den kom som film i 1985. I 1997 kom boka Den tredje tvilling, som vart kåra til ei av det året sine beste bøker.

    Fredrick Forsyth
    Fredrick Forsyth - klikk på bilete for å sjå ein større versjon!
    Fredrick Forsyth har vore aktiv forfattar i mange år, og skriv framleis. I 1971 kom romanen Sjakalen. Den er ein av hans best kjende, og handlar om eit mordforsøk på Frankrike sin tidlegare president Charles de Gaulle. Det er rett etter at Frankrike har gitt opp å halde på makta i Algerie (sjå Historie-Verda 1960–1980), og den politikken var mange i mot. Ei gruppe engasjerer ein leigemordar for å ta livet av presidenten. Etter denne boka kom Varulv og Krigens hunder.  Forsyth har gitt ut ny bok så seint som i år(2003). Den heiter Veteranen.

    Arthur Hailey
    Artur Hailey (f.1924) har opp gjennom åra skrive mange bestseljarar. Titlar som, Hotellet, Lufthavnen, Hospitalet og Banken er kjende romanar frå 1970-talet. Han er framleis ein aktiv forfattar, og har nettopp(2003) gitt ut ny bok.

    Jan Guillou
    Jan Guillou er svensk (f.1944), og ein svært populær forfattar. Vi i Norge les bøkene hans, og han har vore med i programmet til Gutta på tur. Guillou er ein ivrig jeger, og den gongen var programmet ein jakttur. Guillou er også journalist, og ein ivrig debattant i svensk samfunnsliv. I perioden 1986 til 1995 gav han ut ti bøker om agent Carl Hamilton alias Coq Rouge. Mange av desse bøkene er filma, men med ulike skodespelarar i hovudrolla. Kinofilmen Hamilton med Peter Stormare i hovudrolla, drog ein del folk til kinosalane.

    Jan Guillou - klikk på bilete for å sjå ein større versjon!


    I dei siste åra har Jan Guillou gitt ut trilogien om tempelriddaren Arn Magnusson. Arn er med på korstog for å forsvare den heilage byen Jerusalem. I tillegg til at lesarane får vite mykje om korstog, riddarar og arabisk kultur, så gir Guillou oss eit spanande innblikk i svensk historie i mellomalderen. Vi får historia om den svenske statsskipinga. Det kom og ei fjerde bok som fortel om tilhøva i Sverige etter Arn sin død. Håper det kjem fleire bøker frå denne forfattaren.

    [Same periode Norge]

    Google

    [Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker]

    Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
    Redaktør:
    Åshild Støbakk
    Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert: 25.01.04