![]() |
![]() |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Kong Olav døydde.
- Sjå biletserie frå signinga! - Lyd og bilete frå kongefamilien si nyare historie Nyttårsorkanen på Vestlandet. ”Nyttårsorkanen” på Vestlandet 1. januar 1992 råka heile landsdelen på ein svært brutal måte. Skip forliste, hus bles av grunnmurane og tre knekte saman som fyrstikker. Dei hardaste vindkasta vart målt til 223 kilometer i timen i Smøla kommune. Skadane etter ”nyttårsorkanen” kom på over ein milliard kroner. TV2 sendingar frå Bergen. 5.september 1992 er TV2 på norske skjermar for første gong. Den nye riksdekkande TV-kanalen er reklamefinansiert og fikk konsesjon i november året før Partnerskapslov for homofile i 1993 Rosemarie Køhn blir første kvinnelege biskop. Som første kvinne i Norden vart Rosemarie Køhn utnemt til biskop i 1993. 32 år tidlegare ordinerte ein forgjengar i Hamar bispedømme, Kristian Scheldrup, Ingrid Bjerkås til den første kvinnelege presten i landet.
Drapsforsøk på forlagssjef. Om morgonen 11.oktober 1993 vart forlagssjef William Nygaard i Aschehoug skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo då han skulle forlate huset sitt for å reise til kontoret i sentrum. Den mest nærliggande forklaringa på drapsforsøket var at Aschehoug Forlag ga ut boka ”Sataniske vers” av den britiske forfattaren Salman Rushdie i 1989. Med denne utgivinga kom Nygaard med på dei iranske ayatollaane sin dødsliste. William Nygaard var sjølv ikkje i tvil om at Iran sto bak attentatet. I 1989 sendte leiaren i Iran, ayatolla Khomeini, ut ein Fatwa, dvs. eit pålegg til muslimar over heile verda om å drepe forfattaren Salman Rushdie. Grunnen var utgivinga av boka ”Sataniske vers”. OL på Lillehammer 1994 Dei 17.olympiske leikane på Lillehammer vart ein kjempesuksess – ikkje berre fordi dei norske utøvarane sørga for tidenes gullrush, men også fordi
arrangementet gikk føre seg utan problem. Då president Juan Antonio Samaranch i Den internasjonale olympiske komite skulle oppsummere leikane i talen sin under avslutningssermonien karakteriserte han arrangementet som ”the best games
ever”. Johann Olav Koss blir desse leikane sin konge. Tre gonger kan Koss klatre til topps på sigerspallen.Dagbladet si OL-historie EU-nei. 28.november 1994 sa Noreg på nytt nei til å bli medlem i det europeiske fellesskapet. Dei tre andre søkarlanda; Austerrike, Finland og Sverige, sa alle ja til medlemskap i sine folkeavstemmingar. EØS-avtalen trer i kraft. Frå 1. januar 1994 vart Noreg ein del av EU sin indre marknad som følge av avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, EØS. Her gjeld fri flyt av varar, tenester, kapital og arbeidskraft. Alle borgarane har lik rett til å ta arbeid, busetje seg og drive handel i heile området. Konkurranse skal skje på like vilkår. Den store flaumen på Austlandet i 1995. Vatnet steig faretruande, og i byrjinga av juni opplevde Aust-Noreg ein flaum som var den største sidan den dramatiske ”Storofsen” i juli 1789. Det hadde vore ein lang og kald vår, og det var kombinasjonen av mye nedbør og plutseleg varme med påfølgande snøsmelting som løyste ut flaumen. Med hjelp av iherdig innsats frå militære mannskap og frå Sivilforsvaret - samt titusenar av frivillige – vart det ved hjelp av sandsekkar bygd flaumvern, og innsatsen gjorde at enorme verdiar kunne reddast. Men flaumen førte til materiell skader for over ein milliard kroner.
Sport på 90-talet.
Største flyulykke på norsk jord.
Trondheim 1000 år. Ifølge sagnet er Trondheim by grunnlagt av Olav Trygvason i 997, og i 1997 var det duka for ei gedigen feiring av 1000-årsdagen. Prøysenhuset vart opna. 28.november 1997 opna dronning Sonja Prøysenhuset på Rudshøgda i Ringsaker. Prøysenhuset er eit nasjonalt kulturhus til ære for Alf Prøysen og inneheld utstillingar, teater, galleri, bibliotek, eventyrrom og Solvang kafe.
Reform-97: Seksåringane inn i skolen. Oppdrettseventyret Oppdrett av laks og aure var på 30 år blitt ein av dei mest lønsomme eksportnæringane i Noreg. I slutten av 1990-åra er eksportverdien på over ti milliardar. Gro tilsett WHO i 1998. Gro Harlem Brundtland vart i januar 1998 nominert til stillinga som
generaldirektør i Verdas Helseorganisasjon (WHO). Øvst på Brundtlaands si liste over arbeidsoppgåver står kampen mot malaria. Andre store oppgåver er innsatsen mor HIV og AIDS. Livsstilssjukdommane er også eit område den nye
WHO-direktøren går laus på.Ny hovudflyplass på Gardermoen. 8. oktober opna den nye hovudflyplassen på Gardermoen. Røkke-eventyret.I 1985 visste berre nokre få i Molde og i fiskerinæringa kven Kjell Inge Røkke var – no er han ein av den omstridte personane i landet. Røkke er truleg god for fleire milliardar kroner, og han er den dominerande eigaren i eit av landets største selskap, Aker RGI. Orderud-saka. Trippeldrapet i Sørumsand. Tre personar var funne skotne på Orderud gård 23.mai 1999. Berre ni dagar etter gravferda etter ektemannen blir Anne Orderud Paust funne skoten og drepen saman med foreldra sine Marie og Kristian Orderud. I kårstua på familiegarden Orderud på Sørumsand. Trippeldrapet får stor oppmerksamheit i mediene. Fire personar - nokre av dei med nær tilknyting til dei drepne – blir etter nokre vekers etterforsking sikta i saka.
Arve Beheim Karlsen-saka I april 1999 vart Arve Beheim Karlsen jaga over ei gangbru i Sogndal. Bak han kom to unge menn som i følgje tiltalen ropte ”drep han” - ”drep denne negeren”. Måndagen etter vart den indiskfødde 17-åringen funnen drukna i Sogndalselva. Sleipnerulykka i 1999 Fredag kveld, 26. november, ble kystnoreg ramma av ei djupt tragisk ulykke da hurtigbåten Sleipner forliste med tap av menneskeliv. Skodespelaren Per Aabel døydde 97 år gamal.
|
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal |