Kunst og design - Norge 1990-2000
 
 

[Historie] [Norsk] [Kunst og design] [Musikk] [Oppgåver] [Elevarbeid]

KUNST OG DESIGN 1990-2000 NORGE

Biletkunsten er blitt  tilgjengeleg for alle. I alle byar og nesten alle tettstadar finst det kunstlokale. Folk har fått betre råd, og mange prioriterar å kjøpe tilgjengeleg kunst. Kunstakademia  rettar  seg meir  mot foto, film og installasjonar. Teknologien gjer at ein kan skape uvirkelege og fantastiske filmar.

På ein konferanse i Vega i 1988 blei det skapt ein ide om eit kulturlandskap i Nordland. Ideen blei lansert av
Anne Katrine Dolven, og i 1989 blei 46 kunstnarar  inviterte til å delta på prosjektet. Ideen var at Nordland skulle bli eit stort galleri, og dei 45 kommunane skulle få kvar sin skulptur. Skulpturane skulle uttrykkje noko om si samtid og vere av eit materiale som tålte det ekstreme veret i nordnorsk natur.  I 1998 hadde 32 av dei 45 Nordlands-kommunane fått sine skulpturar ute i naturen.

Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av Mannen fra havet!

“Mannen fra havet” av Kjell Erik Killi Olsen

STIKKORD:
  • Samtidskunst
  • Samtidskunstnarar
  • Stilartar
  • Skulptur
  • Tekstilkunstnarar
  • Design
  • Industridesign
  • Designprisar
  • OL Lillehammer
  • Motebilete i 90-åra
  • Pia Myrvold
  • Smykkekunst
  • Film-video
  • Norsk film
  • Filmpremierar
  • Filmskaparar
  • Grafitti
  • Samtidskunst
    Samtidskunst,  kva er det? Ordet er sett saman av to ord: samtid og kunst. Samtida er den tida vi lever i no. Kunst har alle ei formeining om. Mange lurer på om mykje av det som blir stilt ut i dag, verkeleg er kunst. Kunstnarane vil stadig prøve å gå nye vegar. Då er det viktig at vi ser med opne augo på det som blir vist. Nokre kunstnarar kan provosere i si samtid, men etter ei stund vert det  dei har laga heilt naturleg.  Kunstnarane er gjerne opptekne av kva som rører seg i samfunnet. Difor endrar kunsten seg stadig. I dag er vi oppteken av kva som skjer rundt oss, som drivhuseffekten, kjønnsroller, datasamfunnet osb. Kunstakademia i dag har og endra seg. I dag er installasjonar, film og foto framtredande.

    I 1990 opna Museet for Samtidskunst i Oslo. Her kan ein finne samtidskunst frå 1945 og fram til i dag. Det som kjenneteiknar kunstverka på dette museet, er det store mangfaldet i stilartar og teknikkar.

    Astrup Fearnley Museet for Moderne kunst opna i 1993. Museet viser norsk og internasjonal kunst frå etterkrigstida og fram til i dag.

    Henie Onstad kunstsenter - klikk for større bilete!

        
    Henie Onstad Kunstsenter: Ligg på Høvikodden.

    Samtidskunstnarar
    Håkon Bleken: fødd i Trondheim i 1929. Utdanning: Kunstskolen i Trondheim, Kunstakademiet, Statens sløyd og tegneskole på Notodden. Håkon Bleken er ein av våre fremste samtidskunstnarar. Han har hatt ei rekkje utstillingar i dei viktigaste  galleria i  landet. Han er kjøpt inn bl.a. av Nasjonalgalleriet, Norsk Kulturråd, Kunsthalle i Kiel, Norges Bank. Riksgalleriet, Trondheim kommune, Sundsvall Konstmuseum, Universitetet i Oslo. Som kunstnar har Bleken stor spennvidde og forskar stadig ut nye moglegheiter og utrykk. Han arbeider med ymse teknikkar, både oljemåleri, kolteikningar og ulike formar for grafikk. Bleken har og hatt utsmykningar i Eidsvoll kyrkje (glasmåleri) og Brittania hotell i Trondheim. Han har og gjort seg sterkt bemerka som illustratør til litterære bøker.

    Kunstklubben: Meir om Håkon Bleken!

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av Kafkas søstre av Håkon Bleken!


    Arne Nøst: fødd i 1962 og bur i Molde. Han er multikunstnar, det vil seie at han er både musikar, komponist og billedkunstnar.( Sjå eiga side med bilete av Arne Nøst)

    Kunstklubben: Meir om Arne Nøst!

    Kjell Nupen:  fødd i 1955 i Kristiansand. Målar og grafikar. Utdanning: Statens Kunstakademi  i Oslo og Statliche Kunstakademie Dusseldorf. Innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, The modern art Museum of China, Henie-Onstad Kunstsenter, Nordisk kulturråd osv. Utsmykking: Stavanger Lufthavn, Aker Brygge, Norsk Hydro, Bergen by, Statsministeren sitt kontor i Oslo, Silkeborg by i Danmark.

    Kjell Nupen bestemde seg alt som 13-åring for at han skulle bli målar. Allereie som 20-åring var han innkjøpt av dei mest betydningsfulle musear og samlingar i landet. Den franske stat har kjøpt inn fleire bilete av Nupen. Han har hatt mange utstillingar i Paris, og han seier at Paris har vore svært viktig for han som målar. Nupen er ein markant person i norsk samtidskunst. Han har laga politiske motiv, landskap og dekorative arbeid. Han hentar ofte inspirasjon frå eldre tradisjonar og historiske periodar.
    Klikk på bilete av Kjell Nupen for å sjå ein større versjon!


    Elling Reitan: fødd i 1947 i Trondheim. Han har utdanning innan litteraturhistorie og filosofi og har jobba som formingslærar i den vidaregåande skulen i 15 år. Han har teikna og måla sidan han var ein neve stor. I 5 år var han elev av Nerdrum tidleg på 80-talet. Han beherskar nær sagt alle teknikkar innan biletkunst, som oljemåleri, akvarell, kol og div. trykk.

    Kunstklubben: Meir om Elling Reiten!

    Per Kleiva: fødd på Senja i 1933 og voks opp i Troms, på Sunnmøre og i Sogn. I dag bur han på Nesodden. Utdanning: Bergen kunst og håndverksskole, Statens kunstakademi samt akademi i København, Firenze og Stockholm.
    Utstillingar: Han har hatt mange separatutstillingar i Noreg, Polen, Mexico, Irland og Tyskland. Han har og vunne ei rekkje internasjonale prisar for kunsten sin.  Utsmykking: Sentralsjukehuset i Fredrikstad, Det norske teatret, Oslo Lufthavn Gardermoen  og Krigsskolen.

    Kunstklubben: Meir om Per Kleiva!

    Jan Groth: fødd i Stavanger 13. nov. 1938. Som barn likte han å lese og teikne, ikkje å sparke fotball. I 1966 hadde han ei stor teikneeutstilling i København med 50 arbeid. Groth teiknar reine og enkle strek. Han måla i 6 år. Så blei han tekstilkunstnar og vevar. I dag har han eige gobelinverkstad i Danmark. På Gardermoen  heng ein gobelin av Groth på ”det stille rommet”. Det er kalla ”Tegn”.  På 1990-talet blei han skulptør. Han nyttar ståltråd, hønsenetting og leire. I 1993 fikk han St.Olavsmedaljen for den kunstneriske innsatsen sin. I 1982 til 1994 jobba han på ein kunstskule i New York. Groth  har budd i utlandet mesteparten av livet sitt, difor er han nok meir kjent i utlandet enn i Noreg. Han har stilt ut på museum rundt omkring i heile verda.

    Åke Berg: fødd i Larvik i 1946 og er i dag busett utanfor Larvik. Målar og grafikar. Utdanning: Oslo Tegne og Maleskole, Statens Håndverks-og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi. Berg er inspirert av Vestfold-naturen  og inntrykk han får på reisene sine. Han bruker sterke fargar i måleria sine.

    Gabrielle Kielland: fødd 1945 i Oslo. Utdanning: Statens Håndverks-og Kunstindustriskole. Ho har hatt mange utstillingar rundt i heile landet, samt i St. Petersburg. Mange av bileta hennar er av menneskekroppen. Ho har tolka mange litterære personar, t.d. Kristin Lavransdatter.

    Lars Kristian Istad: fødd 1943 i Ålesund. Han vaks opp I Trondheim, men har budd i Molde sidan 1963. Som kunstnar er han sjølvlært og har sidan 1985 vore biletkunstnar på heiltid. Han har hatt over 65 separatutstillingar og har hatt fleire utsmyknings-og illustrasjonsoppdrag. Han er grafikar og bruker naturen på Nordvestlandet som motiv i bileta sine.

    Eva Langås: fødd i Oslo i 1940. Grafikar. Utdanning: Ho er opprinneleg utdanna tekstilkunstnar  frå Statens Kvinnelige Industriskole. Langås hadde si første utstilling i Stockholm. Sidan har det blitt ei mengd utstillingar i inn-og utland. Langås skildrar kraftfulle landskap i glødande fargar.
    Det våres av Eva Langås - klikk på bilete for større versjon!


    Kjell Torjussen: fødd i Porsgrunn i 1942. Grafikar. Utdanning: Statens Håndverks-og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi. Har halde separatutstillingar fleire stader i landet. Innkjøpt: Nasjonalgalleriet, Norsk Kulturråd, Kunstakademiet og Bergen Billedgalleri. Torjussen er ein folkekjær grafikar. Han er ein usedvanleg god teiknar, og han får fram mange detaljar i motiva sine. Han skildrar ofte kulturlandskap og hus med sjel.

    Odd Nerdrum: fødd 1944. Han er kjent for sine portrett og store figurkomposisjonar. Målarteknikken hans er henta stort sett frå 1600-talet sine barokkmålarar. Han har skapt ein del diskusjonar rundt nokre av bileta sine, på grunn av provoserande motiv.

    Kunstweb: Meir om Odd Nerdrum!

    Håkon Gullvåg er fødd i 1959. Han er den mest betydelege portrettmålaren i vår tid. Gullvåg er kjent for måleria sine av kongen og dronninga. Dronninga har stått modell for Gullvåg ved fleire høve. Gullvåg er ærleg og dristig i si framstilling av personane han målar. Hen tydeleggjer karaktertrekk som han meiner er framtredande, sjølv om det kan verke utleverande.

    Håkon Gullvåg sitt portrett av kong Harald - klikk på bilete for større versjon!


    Vebjørn Sand
    :  fødd i 1966, og han er målar og grafikar.

    Franz Widerberg:  er fødd i 1834. Grafikar og målar. Widerberg bruker primærfargene, som er raudt, gult og blått når han målar. Bilda hans inneheld ofte nakne menneskjekroppar, hestar og ryttarar. Han er og innkjøpt av Ullevål sjukehus, Haukeland sjukehus og København lufthamn.

    Marianne Heske: fødd 1946. Ho er ein norsk kunstnar som nyttar teknologi som redskap. Ho nyttar film, video og datateknologi og viser oss norske isbrear og store fjell. Tidlegare har ho jobba med tresnitt og kobberstikk. Ho er kjend for prosjektet ”Gjerdeløa”. Då  fekk ho reve ned ei gammal norsk gjerdeløe frå 1600-talet. Denne vart bygd opp att på Ungdomssbienallen i Paris i 1980.

    Olav Kristoffer Jensen: er ein kunsnar som vekker begeistring og merksemd internasjonalt. Fleire av Jensen sine tegningar ber preg av å fungere som skisser. I dei seinare åra har han måla abstrakte bilete.

    Ida Lorentzen:  fødd i 1951 i USA. Ho har norsk mor og amerikansk far. I dag bur ho og arbeider på Nesøya. Ho er utdanna i USA or har hatt utstillinger fleire stadar i Europa og USA. Tidlegare måla ho møblar, bord og stolar i bileta sine. I dag målar ho rom i stadig nye former kor lyset spelar ei viktig rolle.

    Henie Onstad Kunstsenter: Meir om Ida Lorentzen!

    Inger Sitter: er fødd i Trondheim i 1929. Ho begynte på Kunstakademiet i Oslo då ho var knapt 16 år gamal. Sitter har hatt stor verdi for det modernistiske måleriet si utvikling i Noreg. Ho var og den første kvinnelege professor i Statens Kunstakademi. Sitter har budd delvis i Italia og Frankrike.

    Stilartar 1990-2000
    Nyekspresjonisme:
    Kunst som vil uttrykkje emosjonar og ting vi ikkje kan sjå, men subjektive reaksjonar på det.  Ekspresjonistane ønskjer å måle kjenslene.

    Eks: Mæhlum ”Papirmasker”
    Terje Uhrn ”De tre sammenføyes”
    Olav Christopher Jensen

    Eit typisk bilete av Inger Sitter - klikk på bilete for større versjon!Postmodernisme:
    Samla nemning  for tendensar spesielt innafor arkitektur etter 2. verdenskrig, som prøver å bruke element frå tidlegare formspråk saman med modernistiske trekk.

    Eks: Inger Sitter

    Popkunst:
    Kunstnaren nyttar bildete og ting frå brukarsamfunnet rundt oss. Det kan vere
    brosjyrar, boksar, teikneseriar o.s.v

    Eks: Sjå Warhol 1960-80

    Minimalisme:
    Enkle former, ofte geometriske og tredimensjonale.

    Eks: Anne Katrine Dolven

    Konseptkunst:
    Her er konseptet eller ideen det viktigaste. Det er viktigare enn sjølve kunstgjenstanden.
    Eks: Marianne Heske og Børre Larsen

    I dag snakkar vi og om fotokunst, smykkekunst, filmkunst og videokunst. Innimellom dukkar det opp menneske som gjer originale ting for å provosere eller få oppmerksam. Vi har fleire døme på det. Gruppa Young British Artists stilte hausten 1997 ut i Royal Academy of Arts i London. Utstillinga skapte reaksjonar fordi dei mellom anna stilte ut eit stort bilete av barnemorderska Myra Hindley. Ein annan stilte ut ein stor kopi av den døde far sin.

    Eks: Morten Viskum (rotter på glas) og Bjarne Melgård.

    Olof Palme si hand - Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av dette kunstverket av Morten Viskum!

    Skulptørar/Bilethoggarar
    Kva er ein skulptur?
    Vil du vite meir om det, finn du det her:  Skolenettet - KunstWeb
    Materiale ein skulptør jobbar med: Skolenettet - KunstWeb

    Gitte Dæhlin: Skulptør, bilethoggar, installasjon. Ho budde ei tid i Mexico, og nokre av skulpturane hennar er prega av det.
    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av Gryende oppstand av Gitte Dæhlin!


    Per Ung er fødd i 1933. Bilethoggar. Utdanning: Statens håndverk og kunstindustriskole, Kunstakademiet i Oslo og studiar i London. Han er ein stor kunstnar og har vore med på mange separatutstillingar og kollektivutstillingar. Han er representert i Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Museet for samtidskunst, Skaugum, Oslo Kommune, USA og i Tyskland.

    Olav Stavseng er skulptør.

    Skule Waksvik er skulptør. Du kan finne arbeida hans mellom anna på Galleri Roenlund i Jevnaker, Eva Bull Holtes Museum i Seljord og i Rørosbanken. Profilprisen, er ein pris som vert delt ut kvart år i Sogn og Fjordane til personar eller bedrifter som har markert seg nasjonalt eller internasjonalt. Statuetten som delast ut er laga av Waksvik.

    Jenny Alnæs: fødd i 1962 i Fredrikstad.

    Carl Nesjar: fødd i 1920 i Larvik. Han er utdanna mellom anna i USA. Han er målar, fotograf, grafikar og billedhoggar.

    Tekstilkunstnarar
    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av denne drakta som Ellinor Flor har laga!
    Ellinor Flor:  født 16.01.1946 i Fosen i Trøndelag. Tekstil/fiberkunst. Utdanning: Statens Høyskole for Kunsthåndverk og Design Bergen 1976-1980.  Separatutstillinger: Kunstnerforbundet Oslo, Galleri K Oslo, Festspillene i Nord-Norge Harstad, NRK, Heimdal kunstforening, Galleri Langegaarden Bergen. Ho har vore med på gruppeutstillingar i St.Petersborg; New Dehli, Seoul; Estland og Litauen.

    Innkjøpt av Kunstindustrimuseet Oslo, Riksgalleriet, Trondheim kommune, De sandvidske Samlinger Lillehammer, Vestlandske Kunstindustrimuseum Bergen m.m. Flor var aktiv i samband med OL i Lillehammer 1994. Der hadde ho konsulentoppdrag og utsmykkingsoppdrag. Ho er kjend for dei fantasifulle og flotte strikkeplagga sine. Ellinor Flor sine klede fortel små historier.

    Astrid Eidseth Rygh: Ho er fødd på Sunnmøre og bur i dag i Volda. Ho har arbeidd mykje med tekstilarbeid som kan brukast i skulen. Rygh har og gjeve ut eit undervisningsopplegg som ho har kalla ”Tolv bilder-tusen tankar”. Her har ho laga 12 bilete som ho har lagt ut på ein CD slik at elevar kan manipulere og gjere det dei vil med bileta.

    -> Kjelder om kva manipulerering er, finn du på Kunstweb!

    Edith Lundebrekke: fødd i 1959. Billedkunstnar og kunsthandverkar. Ho jobbar mykje med stofftrykk og broderi. Lundebrekke er oppteken av ornamentet sine mulegheiter.

    Design
    Design kjem frå det italienske ordet designo og betyr skisse eller teikning.
    Design er eit moderne omgrep og er mykje brukt i dag. Men prinsippa er kjende frå gamalt av. I alle tider har menneska skapt gjenstandar med tanke på nytte og samstundes at det skal sjå fint ut. Handverket er etter kvart blitt rasjonalisert og effektivisert, difor har fabrikkar teke over denne produksjonen. Det viste seg at fabrikkane fjerna seg frå handverkstradisjonane, og difor blei det behov for spesialister som no blir kalla industridesignare.

    Industridesign i Noreg
    Det er ikkje alle bedriftar i Noreg som har tilsette eigen designar. Det er vanlig at designarar blir engasjerte til eit prosjekt, eller ein designar har utvikla eit produkt og sel det til bedrifta som igjen set det i produksjon. I dag er det stor konkurranse på markedet, og industridesign er viktig for å få selt vara. Form, farge og brukervenleik er viktige element når produktet skal formast. Resultat frå eit forskningsprosjekt(1995) viser klart at design er ein faktor som gjer auka sal.  Dei fleste land i Europa har i dag ein designorganisasjon eller eit designsenter. Det trappast no og opp på designutdanning og forskning på dette området. Noreg har gjort seg spesielt bemerka på design av møblar. Peter Opsvik, som designa Tripp-trapp-stolen har i år 2000 selt over 2 mill. eksemplar av denne stolen. I 1995 fekk han klassikarprisen for denne stolen.
    Klikk på bilete for å sjå større versjon av Tripp-trapp skolen!


    Fabrikker i Noreg som nyttar seg av gode designarar: HÅG AS er ein ledande produsent av kontormøblar i Skandinavia. 75 % av salet er utanfor Noreg. STOKKE fabrikkar AS er ei  familieeigd bedrift på Sunnmøre. Tripp Trappp-stolen blir produsert her. HAMAX AS har hatt stor suksess i salet av mellom anna akebrett, barnesete til sykkelen og hjelmar. TOMRA System ASA er verdas leiande produsent av returmaskinar. Dei lagar maskinar som kan ta imot retur av plastflasker, bokser og kanner.

    Prisar som blir delte  ut for god design

    • Klassikarprisen: Dette er ei utmerking frå norsk design. Det er ein pris som heng svært høgt. Reglane er at produktet må ha vore på markedet i minst 10 år. Det bør vere konkurransedyktig og ha lang levetid. Retningsliner for klassikarprisen finn du på http://www.norskdesign.no/utmerkelser/klassikerprisen
    • Heidersprisen for god design: Denne prisen er ganske ny, han vart delt ut fyrste gong i år 2000. Prisen er den fremste designprisen som blir gitt til både bedrift og designar/designbyrå i Noreg.
    • Internasjonal Design Award: Denne prisen går til ein designar som jobbar i eit norsk eller eit utanlandsk designbyrå.
    • Talentpris for unge industridesignarar: Ein pris blir delt ut til unge utøvarar som har designa eit godt produkt.

    OL på Lillehammer 1994
    Under åpninga av dei olympiske leikane fekk ei heil verd sjå ein fantastisk scenografi med mykje flotte klede. Kari Gravklev teikna desse kleda. Ho lagar i dag scenografiar og kostyme i ymse samanheng. Sjå her for meir om design frå Lillehammer OL.

    Motebilete på 90-talet
    Hodeplagget kom sterkt inn i bildet. Capsar, skaut, panneband, bøttehattar og sixpence er populært både hos unge og eldre. Strikkaluer bruka som innelue er ein annan del av motebiletet. Mange gutar er kledde i saggebukser og alt for store genserar og bukser. Dei korte skjørta var ikkje så populære lenger, no skulle det vere lange skjørt. På varme sommardagar blei piratbuksa teke i bruk. På 90-talet var svart-og gråfarger mykje brukt, men også lyse

    For meir - klikk deg inn her: Woman Fashion of the 1990`s

    Pia Myrvold er fødd i Stavanger i 1960. Ho er kunstnar og klesdesignar og blir rangert som ein viktig klesdesigar. Ho bur i Paris og kan kallast ein performance-kunstnar. Det vil seie at ho presenterar kunsten sin som ei forestilling med musikk, video og scenografi. Myrvold brukar mykje internett for å nå ut til folket.

    Per Spook er ein moteskapar som har teikna klær for det moderne og aktive menneske. Sjølv om motehuset hans i Paris blei nedlagt i 1994, held han frem som kunstnar i dag. Då Gardermoen flyplass vart bygd, fekk han i oppdrag å teikne uniformane til dei ansette.

    Ellinor Flor (sjå tekstilkunstnarar)

    Smykkekunst
    Tone Vigeland er ein av dei  mest kjende smykkekunstnarane i landet. Ho har og hatt utstillingar i utlandet, både i New York og London. Vigeland bruker mange ulike typer materiale, og smykka er ofte enkle i uttrykket.

    Sigurd Bronger sine smykke kan sjå ut som reine kunstverk og ber preg av humor. Ein del av smykka hans egnar seg nok best til utstilling og ikkje som bruksgjenatandar.

    Liv Blåvarp set saman smykka sine av små element, gjerne frå plante-og dyreriket. Ho arbeider også med ulike treslag.

    Film/video
    Film, video og datamaskiner har fått ein stor plass i  kvardagen vår. Media tek i bruk stadig nye verkemiddel for å få oss interesserte. Barn og unge vert påverka av dette kvar dag. Det er og mange familiar som etter kvart har fått seg videokamera og har lært seg å filme sjølve.

    Animasjon: Å animere betyr å skape rørsle. I animasjonsfilm nyttar ein gjerne ting som ikkje kan røre seg, men som med hjelp av filmteknikk blir ”levande”. Ein kan teikne, bruke plastilina, legoklossar, dokker osv. Berre fantasien set grenser. Enkelt forklart tek ein eitt eller to bilete. Så lagar ein ei rørsle, tek nye bilete, lagar ny rørsle ..osv.

    Dataanimasjon: Her bruker ein datamaskin i staden for videokamera. Dei nye Walt Disney-filmane er laga på denne måten. Med hjelp av ein videospelar og eit dataprogram kan kven som helst lage ein dataanimasjon i dag.

    Norsk film
    I Noreg har vi fleire kvinnelege regissørar som har gjort seg bemerka internasjonalt. Dette er ikkje så vanleg elles i verda, det er ei kjensgjerning at filmskaping er dominert av menn. I 90-åra har den norske produksjonen av film auka i omfang. Ein av tendensane har vore interessa for  den litterære arven. Her kan nevnast Jan Troell sin film ”Knut Hamsun” frå 1996. ”Trollsyn” (1994) fortel historia om Jostedalsrypa. Vidare har vi ”Kristin Lavransdatter

    Filmen om Hamsun frå 1996Norske filmar - premierar
    1990:
    Døden på Oslo S 
    Herman
    1991:
    Kvitebjørn kong Valemon
    Frida-med hjertet i hånden
    1992:
    Telegrafisten
    1993:
    Høyere enn himmelen
    Sigrid Undset-et kvinneliv
    1994:
    Du pappa
    1995:
    Scene frå Søndagsenglar - klikk på bilete for større versjon!Kristin Lavransdatter
    Dis
    Eggs
    Mørketid-kvinners mote med nazismen
    1996:
    Søndagsengler
    Jakten på nyresteinen
    Hamsun (da/sv/no)
    Markus og Diana
    1997:
    Salige er de som tørster
    1999:
    Sofies verden

    Norske regissørar
    Liv Ullmann (fødd i 1938) var tidligare skodespelar, no er ho regissør. I 1995 kom ”Kristin Lavransdatter”, og filmen er sett av svært mange. Det er ei kjærleikshistorie etter ein roman av Sigrid Undset.
    Kristins Lavransdatter - Klikk på bilete for å sjå ein større versjon!


    Vibeke Løkkeberg (fødd i 1945) Manus og regi av ”Måker” og ”Der Gudene er døde”

    Berit Nesheim (fødd i 1945) debuterte som regissør i 1991 og har laga filmane ”Søndagsengler”, ”Frida -med hjertet på hånden” og ”Høyere enn himmelen”. Nesheim har skapt seg ein nisje innan ungdomsfilm.

    Pål Sletaune (fødd i 1960) er ein ung filmskapar. Han hadde i 1997 suksess med filmen ”Budbringeren”.

    Grafitti er skrift eller teikning. som er måla eller spraya på mur eller liknande. Det er ofte slagord eller enkle strekteikningar. Ulovleg tagging utførd på veggar har førd til stor skade. Det vert i dag rekna som hærverk. I København har det vore nulltoleranse når det gjeld grafitti. For mange er dette ein form for kunst. Og om ein teiknar/sprayar på lovlege stadar, kan ein sjå mange spennande uttrykk.
    Grafitti - klikk på bilete for større versjon!

    [Same periode Verda]

    Google

    [Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker]

    Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
    Redaktør:
    Åshild Støbakk (Godøy skule - www.godoy.no)
    Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert: 28.01.04