|
Erlend Loe (f. 1969)
90-åra
hadde fått den litterære kometen sin. ”Kultforfattar”, ”eit ikon for dessert-
generasjonen”, ”ei popstjerne av ein forfattar” – karakteristikkane er
mange og superlativa store når den unge forfattaren skal beskrivast.
Mange ser på han som ein lun humorist, ein underfundig forfattar, og noko
av ein ”antifilosof”, for som han sjølv har uttrykt det: ”De aller fleste
har jo levd før oss, faktisk.”
Erlend Loe er trøndar, fødd i Trondheim.
Dei kriminelt dyktige damene
I Noreg har kriminallitteraturen eit solid fotfeste hos publikum. Vi har til og med
gjort påskehøgtida til ein eigen høgsesong for denne sjangeren. Eit påfallande trekk ved kriminallitteraturen er at den har fostra så mange dyktige kvinnelege forfattarar. Internasjonalt var det nok Agatha Christie som viste veg, mens Gerd Nyquist nok har vore inspirator for dei kriminelt dyktige damene som har dukka opp her heime dei seinara åra.
Karin Fossum (f. 1954)
Karin Fossum vart fødd i Sandefjord. Ho debuterte først med diktsamlingar. I
1995 kom ho med den første kriminalromanen sin - ”Evas øye”. I denne boka presenterer ho den faste etterforskaren sin, Konrad Sejer. Fossum sine
kriminlhistorier representerer noko heolt nytt. I tillegg til sjølve plottet, viser ho djup psykologisk innsikt, og kan truverdig skildre personane sine innafrå, ikkje
minst menneske i ein vanskeleg livssituasjon. Nettopp dette særpregar alle kriminalbøkene hennar, og gjer at handlinga faktisk tar andre vegar enn dei lesaren først finn heilt opplagte.
Unni Lindell (f. 1957)
Unni Lindell vart fødd i Bærum, men er no busatt i Røyken. Ho gjorde
skrivinga til yrket sitt gjennom å utdanne seg til journalist. Ho debuterte som forfattar med ein ungdomsroman. Seinare skeriv ho fleire barne– og ungdomsbøker. Ho skreiv den første kriminalromanen sin i 1996, då kom ho
med ”Slangebæreren”. I boka intriduserer ho den faste hovudpersonen sin, politietterforskaren Cato Isaksen, som med dei daglegdagse problema sine, separasjon og nytt forhold, nesten blir ei historie i historia.
Anne Holt (f. 1958) Det har skjedd tidlegare i verdhistoria at ein minister er blitt forfattar, men at ein etablert
kriminalforfattar er blitt utnemt til justisminister, er truleg nokså eineståande. Det skjedde med Anne Holt. Anne Holt er fødd i Larvik, men det var i Tromsø ho budde store delar av barne-
og ungdomsåra. Ho studerte juss, og spesialfeltet er kvinnerett. Ho var ei tid politijurist før ho tok til som advokat i 1991.
 |
Anne Holt debuterte i 1993 med kriminalromanen ”Blind gudinne”. Her introdusertee ho også politietterforskaren Hanne Wilhemsen, den dyktige, mc-elskande og lesbiske detektivensom
går igjen i fleire av Anne Holt sine bøker.
Jo Nesbø (f. 1960) Jo Nesbø vart fødd i Oslo. Han skriv både kriminal-bøker og sangtekstar, og er
kjent som tekstforfattar og vokalist i bandet ”De derre”. Han debuterte i 1997 med spennings-romanen ”Flaggermusmannen”.
Kjell Aukrust (1920-2002) Kjell Aukrust var fødd i Alvdal. Han var både teiknar og forfattar.
Bergljot Hobæk Haff(f. 1925)
Bergljot Hobæk Haff vart fødd i Botne i 1925. Ho budde nokre år i
Sandefjord, mange år i Danmark, og er for tida busett i Oslo. Ho debuterte med ”Raset” (1956). Ho har gitt ut ei rekke romanar og slo for alvor igjennom med
”Skammen” (1996). Denne romanen vart også dramatisert med stor suksess. Bergljot Hobæk Haff har fått ei lang rekke prisar for bøkene sine.
Karsten Alnæs(f. 1938) Karsten Alnæs har skreve fleire bøker om Noregs historie.
Linn Ullmann(f. 1966) Linn Ullmann er fødd i 1966.Ho har etablert seg som ein av dei fremste av dei yngre norske forfattarane med romanen ”Før du sovner” (1998).l
Ari Behn(f. 1972) Ari Behn vart fødd i 1972 i Århus i Danmark, han voks opp i England og
Nord-Noreg og er busatt i Moss. Han har tidligare publisert noveller, forteljingar og artiklar i Vagant, Nye Linjer 1998 og Hot rod, og debuterte med novellesamlinga ” Trist som faen” i 1999. |