![]() |
![]() |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Krigen i Kosovo i 1999. Balkan brenn.
Midtausten. Golfkrigen. Den 2.august 1990 gjekk Irak overraskande til åtak på naboen sin ved Den persiske bukta, Kuwait. På nokre timar hadde den irakiske diktatoren Saddam Hussein sine troppar fått full kontroll over det vesle sjeikedømmet. Den
regjerande emiren vart tvungen til å flykte til Saudi-Arabia, og Kuwait vart degradert frå suveren stat til irakisk provins.Irak sitt overfall fekk store konsekvensar, ikkje berre for Kuwait og regionen rundt Persiabukta, men også for heile verdssamfunnet på grunn av alle følgene av denne uvanleg frekke og brutale tilsidesettinga av internasjonale reglar og normer. Krigen som fulgte var også unik i den forstand at det var eit arabisk land som overfall eit arabisk broderland, og fordi det dreide seg om muslimar som greip til vald mot trusfellar.
FN sitt sikkerheitsråd stilte Saddam Hussein overfor eit ultimatum om umiddelbar tilbaketrekking av dei irakiske styrkane og gjenopprette Kuwait sin suverenitet. Saddam fulgte ikkje dette kravet og FN i samarbeid med USA gjekk til ei seks vekes lang luftoffensiv mot Irak. I tillegg vart det iverksett ein handelsblokade mot landet. Aksjonane førte til at Kuwait vart frigjort, den irakiske krigsmaskinen vart påført store tap, folket i Irak vart påført store tap og lidingar, men Saddam Hussein sat framleis ved makta. Ressursar: Golfkrigen - en kronologi | Aftenposten: Irak | VG: Irak-spesial
Ressursar: Meir om Oslo-avtalen Peres, Arafat og Rabin får fredsprisen. Etter eit dramatisk, ekstraordinært møte i Nobel-komiteen fredag 7.oktober 1994 blir det klart: PLO-leiar Yasir Arafat og Israels statsminister Yitzhak Rabin får fredsprisen. Seinare avgjer komiteen at også Shimon Peres skal få vere med på å dele den.
Rabin blir drepen. 4.november 1995 blir den israelske statsministeren Yitzhak Rabin skoten og drepen av ein høgreekstrem israelar som vil stoppe fredsprosessen mellom Israel og Palestina. Latin-Amerika. Klassemotsetnadene i Latin-Amerika vart særleg bitre i dei landa der dei i stor grad fall saman med rasegrenser. Dette var arven frå kolonierobringa, slavehandelen og den europeiske innvandringa. Behandlinga av gatebarna i Brasil er vanskeleg å forstå utan å ta med eit element av rasisme. Gatebarna i Brasil kom i søkelyset i samband med den store miljøkonferansen i Rio de Janeiro i 1992. Gjengar i tusental ernærte seg av kriminell verksemd. Nabolag og forretningsfolk organiserte til tider mordargrupper for å kvitte seg med plagen Latin-Amerika er raseblandinga sitt kontinent, og det er vanskeleg å trekke klare skiljeliner. Det totale antalet indianarar vart i 1992 rekna til ca. 34 millionar. Under 500-årsjubileet for Columbus i 1992 førte indianarane problema sine fram i det internasjonale søkelyset under slagordet ”500 års kamp”. ![]() I 1992 fikk Rigoberta Menchu frå Guatemala Nobels fredspris for hennar arbeid for sosial rettferd og etnisk-kulturell forsoning basert på respekt for urbefolkninga sine rettar. 25 år sidan militærkuppet i Chile Afrika. Ved byrjinga av 1990-åra var dei fleste afrikanske land fallitt. Verdsdelen hadde den største auka i folketalet, veksten i jordbruksproduksjonen flata ut og landa måtte importere subsidierte vestlege matvarer som konkurrerte med dei lokale varene. Landa var komne inn i ein vond sirkel. Ressursar: Afrika si historie AIDS. AIDS ramma i andre halvdelen av 1980-åra Afrika med full kraft. Dårleg hygiene og ei seksualåtferd der det var mange partnarar, påskunda spreiinga! I 1990 vart det anslått at 5–20 prosent av dei vaksne i storbyane i det austlege, sentrale og sørlege Afrika kunne vere HIV-smitta, i dei verst utsatte distrikta opp til 30–40 prosent. Barn av HIV-smitta mødre hadde 30-40 prosent sjanse for å bli fødd med smitten i seg. Sør-Afrika. Eit av dei sterkaste fridomsbilder frå vår periode er bildet av lauslatinga i februar 1990 av Nelson Mandela etter 27 års fengselsopphald på Robben Island utanfor Cape Town. Eit historisk drama – apartheidstaten frå 1948 – gjekk mot slutten, og eit nytt – overgangen til fleirtalsstyre – var i byrjinga.
Etter lauslatinga batt president Frederick Willem de Klerk og Nelson Mandela seg til eit skjebne fellesskap om å finne ei fredeleg forhandlingsløysing på framtida til Sør-Afrika. Det store spørsmålet var korleis den nye grunnlova skulle sjå ut. For Nasjonalistpartiet – og dei fleste kvite – var visse garantiar mot eit svart ”fleirtalsdiktatur” over det kvite mindre talet eit absolutt krav. For boarane var også vern om eige språk og eigen kultur eit viktig omsyn. For ANC var målet ”ein mann ei stemme” og parlamentarisk styre i ein sentralisert stat, men dei slo fast at menneske rettane gjaldt uavkorta. Apartheid. Den politiske hovudpilaren i apartheid var at den svarte delen av folket formelt sett var borgarar av sine respektive etniske ”heimland” (”homelands”). Ordninga var absurd, sett mot den økonomiske verkelegheita. ”Heimlanda” utgjorde berre 15 prosent av flateinnhaldet i landet. Sjølv i fengsel vart Mandela ei belastning for det kvite mindretalsregimet i Pretoria. I løpet av kort tid vart han verdas mest kjende politiske fange. Tre veker etter at han var lauslaten vart han vald til nestleiar i ANC. I 1991 vart han vald til leiar for ANC og i 1993 fekk Mandela og de Klerk Nobels fredspris.
Massakre i Rwanda. Bortimot ein million menneske vart truleg drepne i blodige massakrer da hutuar og tutsiar støyter saman i Rwanda. Om kvelden onsdag 6.april 1994 styrtar flyet med presidenten i Rwanda og presidenten i nabolandet Burundi. Flystyrten blir starten på ei nedslakting der mellom ein halv million og ein million menneske blir drepne. Dei to presidentane var på veg heim frå eit møte i Tanzania der dei afrikanske leiarane hadde diskutert striden mellom hutu-og tutsi-stammane. Den har i fleire tiår vore årsak til kaos og blodbad i Rwanda og Burundi.
Hutu-stammen er i fleirtal i befolkinga i Rwanda, som tel vel sju millionar. Begge presidentane er hutuar, sjølv om det tradisjonelt er tutsi-mindretalet som har hatt makta.. I dei første vekene etter flystyrten får drapsmennene nærast frie tøylar. Det går oppfordringar til drap ut over radiostasjonane. Tutsiar blir hogd ned i heimane sine og i kyrkjene der dei søker tilflukt. FN hadde styrker utplasserte i området. Den hadde eit avgrensa mandat og grip ikkje inn overfor massakrane. Etterpå er omverda blir kritisert for passivitet. Etterpå har også innrømmelsane kome frå ulike verdsleiarar, mellom dei presidenten i USA, Bill Clinton, for at dei ikkje lytta til ropa om hjelp. Globale problem. Den økonomiske veksten og framgangen for demokratiet over store delar av verda i tida omkring 1990 kunne gi grunnlag for optimisme. Men samstundes kom menneskeheitas grunnleggande problem sterkare i forgrunnen. Den skrikande fattigdommen, den tilsynelatande ustoppelege befolkingsauken og den tiltakande miljøforureininga som trua med å øydelegge levevilkåra på jorda. Menneske på flukt frå naud og krig i sine eigne land eller på jakt etter beter levekår i andre land dramatiserte problema. Kva elles på 1990-talet? Raseuro i Los Angeles. Ghetto-oppstanden og herjingane i Los Angeles i april 1992 overraska ikkje dei som hadde fulgt med i amerikansk populærkultur. Ei rekke hip hop-artistar, hardrockarar og rapparar hadde sunge om livet i storbyghettoane. Dei beskreiv eit sjukt samfunn: fattigdom, familie- oppløysing, narkotika, gjengkampar, vald, drap og hat mot politi og myndigheiter. Det som utløyste opprøret i Los Angeles var den kvite jurien som frikjente
politiet for mishandlinga av den svarte arrestanten Rodney King som var tatt
for råkjøring. Videofilmen viste dei 56 kølleslaga. Både rettsvesen og politi blir skulda for rasediskriminering, og opprøret varte i rundt to døgn. Då hadde
53 menneske mist livet, meir enn 100 blitt såra og rundt 300 bygningar sett i brann. I april 1993 vart to av politimennene funne skuldig av ein ny jury.Euro-Disney blir opna utanfor Paris i 1992. Estonia går ned i 1994. På veg frå Tallin til Stockholm ein mørk haustkveld blir passasjerferja ”Estonia” råka av ei katastrofe, 852 menneske omkjem då ferja havarerar og søkk i Austersjøen.
FN er 50 år i 1995 Kugalskap i 1996 Det bryt ut panikk då den britiske regjeringa i mars 1996 går ut med ei kunngjering om at det kan vere samband mellom kugalskap og ein dødeleg hjernesjukdom hos menneske. Det er det sjeldne Creutzfeldt-Jakob-syndromet ein kan bli smitta av ved å ete infisert kjøt. Prinsesse Diana døyr i ei bilulykke 31.august 1997 Prinsesse Diana av Wales, ”Englands rose”, vart drepen i ei bilulykke i Paris
natt til 31.august 1997. Med paparazzi-fotografar på slep kolliderte bilen med prinsessa og venen hennar Dodi al-Fayed med ein stolpe i ein tunnel. Dodi og sjåføren vart drepne på staden, Diana vert brakt til sjukehus, men
livet hennar var ikkje til å redde. Berre livvakta overlevde. Først vart all skuld lagt på fotografane som hadde forfulgt bilen. Seinare vart det klart at sjøføren var rusa og truleg påverka av medikament. Kloning av sauen Dolly.I februar 1997 slo ei bombe ned i form av den seks månads gamle sauen Dolly. Dolly var nemleg ei kloning, sett til verda av den skotske forskaren Ian Wilmut. Det kom seinare fram at kloninga Dolly ikkje var så lik opphavet som det først vart antatt. Lansering av DVD-spelaren. I februar 1997 lanserte Panasonic den første DVD-spelaren. DVD var eit nytt CD-format som kunne lagre lyd, bilder, data og video. Ei DVD-plate kan lagre meir enn 30 gongar så mykje informasjon som ein vanleg CD-rom. Deng Xiaoping døyr i 1997 – slutten på ei kinesisk periode. (meir om Deng)
Hongkong gikk frå britisk koloni tilbake til Kina i 1997 Nord-Irland. Først etter nesten 30 års blodig kamp – med over 3000 drepne og mange fleire lemlesta – får det nordirske folket ved utgangen av 1990-talet håp om ei fredeleg framtid. Etter fleire år med forhandlingar underteiknar representantar for den katolske, republikanske sida og det protestantiske, unionistiske fleirtalet deen historiske fredsavtalen 10.april 1998.
Clinton-skandalen i 1998 21.januar 1998 meldte Washington Post at president Bill Clinton vart
etterforska. Det var mistanke om at presidenten hadde sverga falsk i retten, og at skulle ha fått den unge venninna si, Monica Lewinsky, til å gjere det same. Det
var også mistanke om at han hadde prøvd å påverke retten sitt arbeid ved å påverke forklaringa til vitne og halde tilbake bevismateriale. Clinton avviste først
skuldingane. Seinare innrømte Lewinsky forholdet mot å få rettsleg immunitet for sitt eige straffbare, falske vitneutsagn. Clinton må krype til korset og innrømme at han har loge om forholdet sitt til henne.. Titanic - filmen vart laga i 1998Keiko blir tilbakeført til Island i 1998 Bjørn Afzelius døydde i 1999. Øresundbrua opna i 1999. |
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal |