|
Tolkien Tolkien sitt forfattarskap er blitt anerkjent som eineståande i vårt århundre.
Aldri før eller sidan har ein diktar vist ei så formidabel evne til å framstille det fantastiske på ein overtydande måte. Han var inspirert av norrøn mytologi.
Ressursar: The Tolkien Society | Tolkien Online
Roald Dahl
Ein av barnelitteraturen sin mest underfundige og elleville forfattarar er Roald Dahl. Namnet hans røpar ei norsk tilknyting, man han var walisar, fødd i
landsbyen Llandaff. Foreldra hans var imidlertid norske som slo seg ned i Storbritannia.. Roald voks opp i ein stor søskenflokk, og om somrane var
familien ofte i Noreg på ferie, kor den gang tospråklege Roald let seg begeistre av dei norske folkeeventyra.
Roald Dahl er kjend for dei grøssande fantasifulle historiene sine. Han meinte at barn skulle
ikkje lære noko av å lese bøker, dei skulle derimot sei: ”Dette var artig” når dei lukka igjen boka. Roald Dahl døydde i 1990, 74 år gammal.
Ressursar: Roald Dahl si webside (stilig side med lyd og animasjon!)
Roald Dahl Fans Com
J.K.Rowling
Joanne Kathleen Rowling vart fødd i 1965 i Bristol i England. Etter å ha
tatt universitetsutdanning i fransk og arbeidd i Portugal ei tid, kom ho tilbake til England som skilt aleinemor. Det var da hun tok til å skrive bøkene om
Harry Potter, ein av dei mest kjende guttane i verda, Harry Potter. Ho
seier ho fann opp hele historia på ein togtur. Karakteren blei faktisk til mens ho såg på kyr. Ho seier: ”Det var heilt klart for meg at det skulle vere ein
skole for trollmenn og hekser.” Og Harry som hovudperson var lett å finne. Det tok tid før ho fann ein forleggar til bøkene, men deretter blei dei raskt ein suksess over store delar av verda.
Ressursar: Harry Potter website | Harry Potter Homepage (interaktiv webside)
Isabell Allende
Ein annan forfattar som også skriv bøker fylt med mystikk og fantasi , og som plasserer seg blant dei beste i sjangeren magisk realisme er Isabell Allende (1942 -).
Isabell Allende vart fødd i Peru, men voks opp i heimlandet Chile, i hovudstaden
Santiago. Ho starta skrivinga si som journalist 17 år gammal. Ho vart etter kvart ein kjent personlegdom i kulturlivet i Chile, men det vart stadig vanskelegare for henne å arbeide som journalist etter Pinochet sitt kupp i byrjinga av 1970-åra.
Ho måtte flykte til Venezuela, og etter kvart flytta ho til California.
Ho debuterete med romanen ”Åndenes hus”, den er også filmatisert med stor suksess. Boka
skildrar eit heilt familiedynsti frå starten av hundreåret og heilt fram til kuppet og drapet på president Allende.
I 1991 endrar Isabell Allende både stil og miljø med romanen ”Den endeløse planen”, der handlinga går føre seg i USA og temaet er dei latinske innvandrarane i landet. Så rammar den
personlege katastrofa. Allende si datter Paula blir sjuk og døyr. Den djupe sorga bearbeider ho med å skrive om dottera i boka ”Paula” som kom ut i 1994.
Toni Morrison
Med si blanding av mystikk og røyndom, markerte Toni Morrison seg som ein sprudlande
forteljar, og med ein stil som leier tankane mot den søramerikanske magiske realismen. Toni Morrison voks opp i Ohio dit foreldra hadde flytta for å unngå dei veksande raseproblema i
sør. Ho fikk dermed ein oppvekst relativt fri for rasemotsetningar. Det svarte samfunnet sine legender og eventyr vart ho kjend med i barndommen takka vere faren som var ein svært dyktig forteljar.
Debutromanen ”De blåeste øyne” er lagt til eit svart miljø. Der finn vi ei jente som
er overtydd om at alt hadde gått så mykje betre for henne i livet om ho berre hadde hatt vakre, blåe auge. Debutromane vart motteken med høfleg anerkjenning. Med boka ”Sangen om Salomon” kom det internasjonale
gjennombrotet. I 1993 fikk Toni Morrison Nobels litteraturpris.
Kriminalromanen er for lengst blitt ein ”stoverein” del av litteraturen. Sjølv om det er spenning og underhaldning som ofte kjenneteiknar sjangeren, finst det mange eksempel på
kriminalromanar med god litterær kvalitet.
Ein forfattar som skriv kriminalromanar av denne typen er:
P.D.James (1920- )
Bak forfattarnamnet P.D. James skjuler det seg ei kvinne, Phyllis Dorothy
James. Dei fleste kjenner kriminalhistoriene hennar gjennom fjernsys- filmatiseringa av fleire av dei, med den lyrikkskrivande inspektør Dalgliesh
som hovudperson. Etter eit liv med ein sjuk mann og ulike jobbar for å brødfø familien vart den gamle draumen om å skrive bøker realisert. Først lenge etter
at ho hadde slått gjennom som forfattar tok ho sjansen på å leve av forfattarskapet. P.D.James er for lengst blitt ein verdskjent forfattar. Ho er ein seriøs forfattar som meistrar både språket og forteljarkunsten.
Minette Walters (1949- )
England
si nye krimdronning heiter Minette
Walters. Sansen for kriminalhistorier har ho hatt heilt
sidan barndommen, og ho les nøye kriminalreportasjane i avisene.
Ho tok til å skrive då sonen begynte på skolen og ho fikk nokre
timar fri på føremiddagen. Det måtte ha vore kreative timar, for
då ho debuterte i 1992 var det nærast med eit brak .”Døden i ishuset”
blei ein bestseljar.
Det er nærast ei eventyrleg karriere Minette Walters har hatt som kriminalforfattar, og ho er i
dag England sin mestseljande forfattar i denne sjangeren. Ho har sagt at det er morsrolla som er den viktigaste erfaringa hennar for å kunne skrive kriminalhistorier – for ei mor må halde
orden på fleire trådar samtidig.
Andre kjende forfattarar:
Gunter Grass
I dei tyskspråklege samfunna og det øvrige Sentral-Europa er Gunter Grass prototypen på ein forfattar der stemma lar seg høre ut over litteraturens grenser,
men dermed også ut over den parlamentariske politikkens. Med sin siste tildeling i dette århundret peiker Svenska Akademien igjen på denne diktarrolla. Nobels
litteraturpris gjekk til ein svært samfunnsengasjert forfattar i 1999.
Salman Rushdie (1947- ) Salman Rushdie er ein indisk-britisk forfattar, fødd i Bombay 1947. Han vart eit symbol på ytringsfridom etter at romanen hans ”Sataniske vers” (1989) blei
fordømt av iranske myndigheiter, som sendte ut ein ”fatwa” - dødsdom - over forfattaren. I 1998 vart han utnemt til æresdoktor ved universitetet i Tromsø.
|