|
Nøytralitetspolitikk Norge understreka sin nøytralitet då krigen braut ut, og landet skulle føre ein streng
nøytralitetspolitikk. Både Norge, Sverige og Danmark sa seg nøytrale, og kongane i dei tre landa møttest fleire gonger under krigstida, for å understreka den felles haldninga.
Likevel vart nøytralitetsvern ei ny og stor statsoppgåve. Både marine og kystartilleriet hadde full mobilisering gjennom heile krigen, og hærstyrkar låg på festningane rundt om.
Det som påverka Norge mest under krigen var situasjonen til handelsflåten vår. Dei vest-allierte innførte blokade mot Tyskland, på denne måten hindra dei Tyskland i å innføre viktige varer. Tyskland svara med uavgrensa ubåtkrig. (Sjå
Første Verdskrig - verda) Dette ramma den
norske handelsflåten i stor grad. Dette førte til store tap av både menneskeliv og tonnasje.
Sjøkrigen tok ikkje omsyn til dei nøytrale landa. Om lag 900 skip gjekk tapt, og 2000 sjøfolk miste livet.
Heile 49,6% av førkrigsflåten gjekk tapt.
Handelspolitikk Begge partane i krigen, dvs. Storbritannia og Tyskland,
la økonomisk press på Norge. Men Storbritannia hadde makta på havet, og britisk kol var ei svært viktig importvare, så dei oppnådde mest av Norge. Det kom til bransjeavtalar, det vil seia at norske forretningsfolk
måtte love å bruke britiske varer. På denne måten hadde Storbritannia god kontroll over norsk utanriksøkonomi. Tyskland kjøpte opp nesten all norsk fisk i 1915, men då tvinga Storbritannia gjennom at berre 15% av
den norske fiskerieksporten kunne gå til Tyskland.
Før USA kom med i krigen, hadde handel med amerikanarane vore berginga,
men no vart situasjonen endra. No ville amerikanarane og ha handelskrig mot Tyskland. I Norge vart det no mangel på matvarer, og styresmaktene sende
Fritjof Nansen til Washington for å forhandle. I 1918 fekk Norge i stand ein avtale med USA - Amerika-avtalen. Norge kunne halde oppe ein liten handel
med Tyskland, mot å auke mengda av malm- og tømmereksport til dei vest-allierte. Så ein kan dra den konklusjon at Norge vart pressa inn i den allierte krigsøkonomien.Tyskland svara med utvida ubåtkrig.
Panikk og hamstring Då krigen kom, vart det panikk. Folk tok pengane sine ut av bankane for å hamstre matvarer.
Etter kort tid fall folk til ro att. Det var stort behov for varer, både i Norge, og Europa elles. Eksportindustrien fekk selt varene sine til svært så gode prisar. Fraktmarknaden tente gode
pengar, og skipsverfta arbeidde på spreng. Mange i Norge tente svært så gode pengar under første verdskrig.
Dei aukande inntektene førte til aksjespekulasjon. Folk kunne td. kjøpe aksjar i eit selskap
som enno ikkje hadde skip, men som skulle kjøpe seg eit eller fleire. Selde folk aksjane sine før skipa til dette selskapet sokk, så tente dei gode pengar. Venta dei til selskapet hadde kjøpt
skip, og desse vart torpederte, så miste dei kvart eit øre. På denne måten vart mange i Norge rike under første verdskrigen, og desse menneska brukte mykje pengar på luksus. Men dei
miste pengane sin like raskt som dei fekk dei.
Teaterstykket ”Bør Børson” fortel om korleis denne jobbetida, som den er kalla, verka ute
mellom folk. Baksida av medaljen var ein stor inflasjon, som vart verre og verre etter som
varemangelen i landet auka. Vanlege folk hadde lite pengar, og det førte til sosial uro. Streikar og klassemotsetnader var aukande, og vi får krisa i 1921 som eit resultat av dette.
Krigen førte med seg at staten laut ta på seg mange nye oppgåver, og det kom til eit
nærare samarbeid mellom staten og næringslivet. Dette var noko nytt i norsk politikk. Regjeringa måtte vera aktiv for å halde hjula i gang. Til og med rasjonering vart sett i verk.
Spanskesjuka
Frå
sommaren 1918 til ut i 1920, herja influensa-epidemien ”spanskesjuka”
Norge. Denne influensaen gjekk over heile verda, og mange menneske
døydde. Heile 15 millionar døydde på verdsbasis. I
Norge var det i 1918 registrert ca.400 000 tilfelle, og 15000
døydde. Kjenner du ein person som levde på denne tida , så spør
om denne sjukdommen. Fagfolk meiner at grunnen til dei store dødstala,
var nedsett motstandsevne i kroppen pga. dårleg næring under
krigsåra. |