|
|
 |
|
VIKTIGE HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA:
Jubileumsutstillinga 1914 Ni år etter unionsoppløysinga i 1905 feira Norge hundreårsjubileum for 1814. Det vart markert med ei jubileumsutstilling på Frogner i Oslo.
Heile 216 byggverk vart sett opp for å gi plass til alle landets næringsvegar, landbruk, industri, handel og kunst. Hovudfasaden i kunsthallen var ei
vakker Jugendbygning med fleire salar. Utstillinga opna 15. mai 1914.
Fleire kjende norske kunstnarar som
Theodor Kittelsen, Harald Sohlberg og
Gerhard Munthe deltok med separatutstillingar.
Ludvig Karsten og
Nikolai Astrup med
Christian Krogh i spissen var også med i den offisielle utstillinga.
Karsten budde i Danmark då krigen braut ut. Han måla ei rekke landskapsbilete og hageinteriør i Gilleleje på Nord Sjælland. Men krigstrusselen gjorde at han og kona valte å
flytte til Norge hausten 1914. Den vinteren måla han mange portrett innandørs. |
|
|
 |
 |
|
“Gobelin”, Ludvig Karsten; 1911
|
|
 |
|
Ei gruppe leia av Erik Werenskiold, mellom andre
Axel Revold,
Jean Heiberg og
Henrik Sørensen, arrangerte ei privat utstilling. Desse kunstnarane oppfatta seg sjølve som meir norske i målemåten og det kom som kritikk av den europeiske trenden
i miljøet rundt Krogh.
|
 |
|
Begge gruppene presenterte eit moderne formspråk. Folk såg ikkje skilje mellom gruppene, men var opptekne av dei nye uttrykksmåtane. Aktbilete og kunstretningar som impresjonisme og ekspresjonisme var nytt, særleg
for landsfolket. Ikkje alt vart like godt motteke. Ei vestlandsavis meinte at dei unge kunstnarane kunne verken teikne eller måle. Pressa i hovudstaden gav meir positiv omtale.
Det vart laga ein minnemynt,
eit jubileumsfrimerke med bilete av Eidsvoll-forsamlinga og mange plakatar i samband med utstillinga. Orkesteret som stod for musikken var leigd inn frå Tyskland, men i august måtte musikkarane reise heim for å
delta i fronten. Første verdskrig var i gong.
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk
- Webmaster: Svein Frøystad
|
|