Historie - Verda under 1. verdskrig

[Historie] [Norsk] [Kunst og design] [Musikk] [Oppgåver] [Elevarbeid]

VIKTIGE HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA:

Då første verdskrig braut ut, sa den britiske utanriksministeren Sir Edward Grey: ”No blir lysa sløkte over heile Europa. Vi kjem ikkje til å få sjå dei tende att i vår levetid.”

Kvifor vart det krig?
I Europa vart det skipa to stormaktsblokker, trippelalliansen og trippelententen. Den tyske rikskanslaren Bismarck hadde fått i stand ein avtale mellom keisarriket Tyskland, keisarriket Austerrike-Ungarn og Italia. På den andre sida danna Frankrike, England og Russland trippelententen. Mellom desse to maktblokkene voks det fram eit spenningstilhøve.

I 1871 hadde Tyskland teke området Alsace-Lorraine frå Frankrike, så derfor var et stor fiendskap mellom dei to landa. Når det gjaldt kampen  om koloniane, kom både Tyskland og Italia seint med.   Begge landa var misunnelege på dei andre kolonimaktene, og synest dei sjølve hadde fått for lite. Storbritannia og Tyskland kjempa om herredøme på havet.

STIKKORD:
  • Skota i Sarajevo
  • Krigen på Vestfronten
  • Austfronten
  • Krigen til sjøs
  • Avgjerd på Vestfronten
  • Versaillesfreden
  • Nye våpen
  • Folkeforbundet
  • Kvinnene og krigen
  • Den russiske revolusjon
  • Klikk på kartet for å sjå ein større versjon av europeiske alliansar i 1914!

    Klikk på kartet for å sjå europeiske alliansar i 1914

    Det neste momentet ein skal merke seg er kampen om herredømet på Balkan. Russland hadde eit ynskje om å samle alle slaviske folk på Balkan til eit rike under Russisk herredøme. Først og fremst gjaldt det alle serberar. Dette vart kalla den storserbiske ide, eller den pan-slaviske ide.

    Men det var ei hindring! Områda Bosnia og Herzegovina hadde serbisk befolkning, men låg under Austerrike-Ungarn. Forholda mellom Serbia og Austerrike-Ungarn var ikkje det beste . I 1908 innlemma Austerrike-Ungarn desse to områda i sitt rike, og då var det tett før det braut ut krig i området.
    Klikk på kart for å sjå korleis Europa såg ut frå 1905-14!


    Alle landa i Europa heldt store hærar i fredstid, og hadde ikkje berre ei stor ståande hær, men og svære reservar i sivilfolket. Det var også ei vanleg oppfatning mellom både folk og leiarar at ein krig var uunngåeleg. Dette hadde vore tankar i fleire år før krigen kom.

    Europa var som sagt delt i to, og alle konflikter vart til styrkeprøver. Alle landa ville støtte alliansepartnarane sine utan å tenkje på kva følgjer det kunne få. Serbia drog med seg Russland inn i krigen, og Russland drog med seg Frankrike, som igjen drog med seg Storbritannia. På same vis drog Austerrike-Ungarn med seg Tyskland inn i krigen.

    - Artikkel om bakgrunnen for 1. verdskrig!

    Skota i Sarajevo
    Gavrilo Princip skaut tronfølgjarparet i Austerrike - kalla skota i Sarajevo!
    I juni 1914 var ein austerriksk hær på manøver i Bosnia. Keisaren i Austerrike-Ungarn, Frans Josef, sende tronfølgjar-paret på besøk samstundes, Frans Ferdinand og Sophie. 28. juni gjesta dei Sarajevo, og på vegen til rådhuset vart tronfølgjar-paret skotne. Gjerningsmannen var ein 19 år gamal serbisk student, Gavrilo Princip. Han var medlem av terroristorganisasjonen ”Den svarte handa”, som kjempa for at Bosnia-Herzegovina skulle bli ein del av Serbia. Austerrike-Ungarn gav Serbia skulda for mordet, og truga med krig.

    Men Serbia hadde ein mektig alliert i aust, nemleg Russland, og Russland var saman med både Frankrike og Storbritannia i trippelententen. På den andre sida er Tyskland og Austerrike-Ungarn saman i trippelalliansen.

    Det var slik 1. verdskrig starta - med skotet i Sarajevo!


    28.juli 1914 lyser keisar Frans Josef  krig mot Serbia. Storbritannia seier frå at vert Frankrike dregne inn i krigen, er dei og med. Keisar Vilhelm II av Tyskland vert nærmast sjokkert, han hadde ikkje venta at Storbritannia ville gå med i krigen. Tyskarane fekk no kalde føter, og prøver å få Austerrike-Ungarn til å tenkja seg om, men det er for seint.
    Første verdskrig er i gang!

    -
    Biletgalleri frå mobiliseringa til 1. verdskrig i 1914!

    Krigen på Vestfronten - Ein skyttargravskrig
    Både Frankrike og Tyskland hadde sterke forsvarslinjer mot kvarandre. Frankrike hadde Maginot-linja og Tyskland  Siegfried-linja. Desse sterke forsvarsverka låg langs den tysk-franske grenselinja. No gjekk Tyskland utanom Maginot-linja og inn i Belgia, sjølv om Tyskland hadde garantert Belgia sin nøytralitet, og angreip Frankrike frå  den kanten.

    Den tyske millionhæren velta inn over den franske grensa i nord. Dei franske troppane greidde ikkje å stå i mot,og trekte seg tilbake utan avgjerande kampar. Den franske øvstkommanderande, general Joffre, trekte hæren tilbake til elva Marne, rett nord for Paris.

    Klikk på bilete for å sjå 1. verdskrig på kartet!


    Her kom det til avgjerande kampar. Etter ei veke med blodige kampar som kosta over ein halv million mann livet, måtte tyskarane dra seg tilbake. Kampane flytte seg nordover, og det vart kamp om kanalkysten. Her var og engelske troppar med. Dei tyske troppene vart stoppa, og Frankrike greidde å halde på dei viktige kanalbyane.

    Det tyske lynangrepet på Frankrike vart stoppa, og frå å vera ein rørslekrig vart det no ein stillingskrig. Frå Ostende ved Nordsjøen til  grensa mot Sveits, grov begge hærane eg ned i skyttargraver.

    Skyttargravskrig var ein grusom krig. Generalane på begge sider tvang soldatane opp av skyttargravene, og ut i ingenmannsland, og så måtte dei  springe uskjerma gjennom piggtrådsperringar, minefelt og fienden sin geværeld. Det var ikkje store landområde, eller slag som kunne vinnast på denne måten. Les boka ”Intet nytt fra Vestfronten” av Erich Maria Remarqe, så får du vite meir om det helvete ein skyttarkrig var!

    - Sjå Mellomkrigstida norsk!

    Mange soldatar deserterte, men desse vart ofte straffa med dødsstraff.

    Klikk på bilete for å sjå soldatar i ei skyttargrav på Vestfronten under 1. verdskrig!


    Ved byen Verdun og elva Somme gjekk fronten. Hærane låg i skyttargravene og hadde det fælt. Tyskland sette inn ein stor offensiv i februar 1916, og som stod  på heilt til september. Dei lukkast ikkje trenge gjennom dei allierte sine forsvarslinjer. Millionar av soldatar miste livet.

    - Biletgalleri frå elva Somme i 1916!

    Austfronten
    På austfronten stivna ikkje krigen slik som i vest. Her starta krigshandlingane med at russarane gjekk langt inn i Polen. På den tida heitte området Aust-Preussen, og var tysk. Dei tyske generalane Hindenburg og Ludendorf lukkast med strategien sin, og etterkvart måtte russarane dra seg tilbake. Russarane fekk det stadig tøffare på austfronten. Den tysk-russiske fronten vart stadig trekt lenger og lenger aust. Tyskarane hjelpte og til med å drive russarane tilbake frå område dei hadde teke i Austerrike. Til slutt vart dei militære nederlaga så store at Russland bad om fred, og ein fredsavtale vart underskriven i byen Brest-Litovsk i mars 1918. Men i Russland hadde det skjedd store endringar i 1917, nemleg den russiske revolusjon.

    Krigen til sjøs
    Ingen av krigsmaktene våga å få dei verdfulle krigsflåtane sine øydelagde i slag. Det kom berre til eit sjøslag under heile krigen. Britiske og tyske flåtestyrkar braka saman utanfor Jylland i 1916. Slaget vart rekna som uavgjort
    .
    Storbritannia hadde herredømet på havet, og det vart viktig for krigsutfallet. Den britiske flåten sikra dei allierte viktige forsyningar, samstundes som han var med på å hindre at varer kom fram til Tyskland og deira allierte. Både matvarer og varer til krigsindustrien vart mangelvare i desse landa. Ein seier at Storbritannia innførte blokade mot Tyskland. Tyskland svara med å sette i verk uavgrensa ubåtkrig. Det vil seia at dei utan varsel søkkte alle handelsskip, også  dei som var frå nøytrale land, om desse skipa kom innanfor bestemte områder i Nordsjøen, Atlanterhavet eller Middelhavet.

    Klikk på bilete for å sjå større versjon av denne ubåten som treff eit handesskip med ein torpedo!


    No steig talet på torpederte skip frå nøytrale land, og  mange tusen sjøfolk miste livet. Eit stort amerikansk passasjerskip Lusitania”, vart torpedert i 1917, og mange amerikanarar miste livet. Dette førte til at i april 1917 gjekk USA med i krigen. Det fekk mykje å seia for krigsutviklinga vidare.
    Klikk på bilete for å sjå eit postkort med Lusitiania som motiv!

    Avgjerd på Vestfronten
    Dei alliert troppene vart leia av den franske marskalken Foch!
    Då USA kom med i krigen, vart nye og store ressursar stilte til disposisjon for trippelententen. Det gjaldt både utkvilte soldatar,og den store amerikanske krigsindustrien. Då det også vart fred på austfronten, vart det klart at det ville koma til ei  avgjerd. Våren og sommaren 1918, sette Tyskland inn ein ny offensiv for å gjera eit gjennombrot før amerikanarane fekk alle sine soldatar på plass ved vestfronten. Rundt ein kvart million amerikanske soldatar vart sett i land i Frankrike pr. månad, og dei alliert troppene vart leia av den franske marskalken Foch.

    Om hausten 1918 begynte ein alliert motoffensiv, og no måtte tyskarane vike. Langs heile vestfronten begynte no eit tysk tilbaketog. Dei tyske øvstkommanderande Hindenburg og Ludendorf forstod at krigen var tapt, og dei bad regjeringa si om å innleie fredsforhandlingar med dei allierte. Den tyske regjeringa vende seg til den amerikanske presidenten Woodrow Wilson og ba om våpenkvile, men tyskarane vart skuffa då våpenkvile berre vart gitt på visse vilkår. Eit av vilkåra vart tolka som eit krav om at keisardømmet måtte avskipast, og at dei militære leiarane skulle misse den politiske makta dei hadde.  I fleire tyske byar braut det ut revolusjon, med krav om at keisaren måtte gå av. Dette kravet vart stadig sterkare, og då dei militære også var einige i kravet om at keisaren måtte abdisere, såg ikkje keisar Vilhelm II anna løysing enn å gå av. Han reiste til Nederland, der han fekk lov å vera.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av dette glimtet frå avslutninga av krigen!


    No skreiv tyskarane under på våpenkvile avtalen, og den 11.11.1918 klokka 11(sjå nederst på denne sida!) om føremiddagen var første verdskrig slutt.

    Fredskongressen i Versailles
    Den amerikanske presidenten W. Wilson ønskte ein forsoningsfred, og hadde sett opp 14 punkt som utgangspunkt for fredskongressen i Versailles. I januar 1919 kom kongressen saman, men berre representantar for sigerherrane møtte. Taparane fekk ikkje vera med, men skulle verte innkalla når sigerherrane hadde avtalt fredsvilkåra. Det vart USA, Storbritannia og Frankrike som sette saman fredsvilkåra.  Saman med Italia vart dei kalla dei fire store. Italia hadde hoppa av trippelalliansen alt i 1915, og gått inn i trippelententen. Men Italia fekk heller lite å seia under fredskongressen.
    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av  Speilsalen i slottet i Versailles!

    Wilson sine tankar om ein forsoningsfred vart snart skrinlagde, og ein sterk anti-tysk agitasjon tok over. Serleg Frankrike ville unngå tyske angrep i framtida. Tyskland måtte gi frå  seg landområde til Frankrike, den tyske krigsflåten skulle utleverast, Tyskland måtte ta på seg skulda for krigen og då måtte dei betale krigsskadebot til andre land. Dette protesterte sjølvsagt tyskarane på, men dei kom ingen veg med protestane.

    28. juni 1919 vart fredstraktaten med Tyskland underskriven. I ettertid veit vi at Versillestraktaten hadde i seg kimen til andre verdskrigen. Den var for hard til å forsone Tyskland med dei andre europeiske landa, og den var for mild til å knekkje dei krefter i Tyskland som ville oppheve fredsvilkåra. Dei vart sett på som sterkt urettferdige og brukte som påskot til den politikk som gav Hitler makta seinare i hundreåret.

    Europakartet såg annleis ut etter at krigen var over. Keisarriket Austerrike-Ungarn eksisterte ikkje lenger, men landa Austerrike, Ungarn, Tsjekkoslovakia og Jugoslavia kom i staden. Nye land var og Finland, Polen, Estland, Latvia og Litauen.

    Det nye Europakartet i 1918 - klikk for å sjå større versjon!

    Nye våpen
    Klikk på bilete for å sjå fleire ulike tanksar!
    Ubåten var eit nytt og farleg våpen i denne krigen. På same tid vart våpna mot ubåtar betre. Djupvassbomber og lytteapparat vart gjort meir effektive. Tanks var ei britisk oppfinning, og vart for første gong tekne i bruk i denne krigen. Det var og første gang fly vart brukt til krigshandlingar. Maskingeværet vart utvikla mot slutten av 1800-talet, og vart sette inn for fullt.

    Folkeforbundet
    Glimt frå talarstolen i Folkeforbundet - klikk for større bilete!
    Den amerikanske presidenten W. Wilson  hadde ideen til å opprette Folkeforbundet. Det hadde sitt første møte 10.januar 1920, og hadde sete i Geneve. Det var tenkt som eit verdsparlament der nasjonane skulle møtast, og ordne opp i eventuelle konflikter seg i mellom. Tyskland og Sovjetunionen fekk ikkje bli medlemmer i starten, og i det amerikanske senatet vart medlemskap stemt ned. Så ein kan vel seia at tanken om eit fredsorgan på verdsbasis ikkje slo heilt gjennom. Men Folkeforbundet var opphavet til det FN som vi har i dag.

    Kvinnene og krigen
    Klikk på bilete for å sjå denne plakaten av ein kvinneleg arbeider!
    Første verdskrig endra på kvinnerolla. Mange kvinner fekk seg no arbeid. Nokre melde seg til krigsteneste, og fekk jobb som sjukepleiarar ved fronten .Andre fekk jobb i krigsindustrien eller dei fekk jobbar som postbod, politikonstablar eller sjåførar. Men merk at dei fekk berre halvparten av mannleg lønn i same yrka. Kvinnene var med på å halde samfunnet i gang gjennom krigsåra, men fekk ikkje rettmessig betalt for jobben dei gjorde. Og då krigen var over, og dei mennene som overlevde skulle ut i arbeid att, vart kvinnene skvisa ut frå jobbane sine. Likevel kan ein seia at første verdskrig endra kvinnene sin posisjon, for i fleire land, t.d. Storbritannia, Tyskland og USA, fekk kvinnene røysterett i åra rett etter krigen.

    Den russiske revolusjon
    På starten av hundreåret rådde ein eineveldig tsar over det store russiske riket, og i landet budde det vel 100 millionar innbyggjarar. Dei fleste av desse var fattige bønder. Russland stod langt tilbake samanlikna med USA og Vest-Europa. Ei av årsakene til det var at tsaren og godseigarane, dei styrande i Russland, var redde for å miste makta si dersom samfunnet vart modernisert. I Russland var over 75% av folket analfabetar, og makthavarane var redd for at lærte bøndene å lese og skrive kunne det føre til ”farlege tankar” om eit rettferdig samfunn. T.d eigde tsaren, godseigarane og kyrkja mesteparten av all jorda i Russland.

    Under marsrevolusjonen i 1917 spilte hjemvende soldatar ei stor rolle - klikk på bilete for større versjon!


    Heilt mot slutten av 1800-talet tok industrialiseringa til i dette landet som var så rikt på naturressursar. Dette skiftet kom fordi Russland også ville vera med i kampen om nye landområder.

    - Sjå om imperialismen under: Eit nytt århundre tek til. (Verda i Førkrigstida)

    Skulle landet konkurrere med dei andre stormaktene, måtte det byggast ut både moderne industri og eit transportnett. Pengar til denne omstillinga kom frå dei før så fattige bøndene. Tsaren la på dei nye skattar og avgifter. Det var og bønder som flytta til byane og vart den nye arbeiderklassen i Russland. Den nye arbeiderklassen såg kva som elles skjedde med arbeidarar i andre land, som organiseringsfridom og sosiale rettar. I Russland var det ikkje lov å organisere seg og streik var forbode.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av Lenin frå 1918!Ein av dei som var med på å skipe eit hemmeleg sosialistisk parti, var Vladimir Ilitsj Uljanov. Han tok etterkvart dekknamnet Lenin, slik at politiet ikkje skulle spore han opp. Lenin var revolusjonær, og meinte at heile tsarstyret måtte kastast. Velutdanna revolusjonære leiarar skulle leie folket, og eit parti med sterk disiplin måtte ta over. Lenin sitt parti fekk namnet Det russiske sosialdemokratiske arbeidarparti, men vart kalla bolsjevikpartiet. Desse tankane likte sjølvsagt ikkje tsaren, og Lenin rømte til Sveits og leia arbeidet der i frå. I 1905 vart eit revolusjonsforsøk slått ned av tsaren sine troppar.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av tsar Nikolai II!Russland var med i første verdskrig, men dei russiske soldatane var dårleg utstyrte og vart dårleg leia. Det kunne skje at soldatane vart kommandert til angrep utan at dei hadde våpen. Det er sjølvsagt at dei russiske tapa var enorme. Tsaren leidde krigen, og han fekk sjølvsagt skulda for nederlaga. Jernbanetransporten braut saman, og folk fekk ikkje mat. No murra både adelen og mellomklassen mot tsar Nikolai II .

    I mars 1917 starta kvinnene eit opprør. Dei gjekk frå arbeidsplassane sine og demonstrerte for brød. Fleire og fleire slutta seg til, og dei soldatane som hadde ordre om å slå ned demonstrasjonane slutta seg til folkemassene. Bønder og arbeidarar organiserte seg no i råd eller sovjet. Tsaren måtte gå av, og ei mellombels regjering skulle lage forslag til ny grunnlov og organisere val. Tsarveldet i Russland var slutt!

    I Europa var det krig, og Tyskland ønskte ikkje å krige både på austfronten og vestfronten. Det gjorde dei svake. Tyskland var klar over kaoset som rådde i Russland, og kunne dei forsterke det, så ville kanskje Russland gi opp kampen mot Tyskland. Derfor sette dei Lenin i ei forsegla jernbanevogn og sende han gjennom Tyskland, Sverige, Finland og Russland. Då Lenin kom heim, tok han straks til å arbeide for ei revolusjon. Han meinte at folk var krigstrøytte og at kapitalismen i heile verda kunne styrtast. Dersom revolusjonen vart gjennomført i Russland, ville soldatar, bønder og arbeidarar i andre krigførande land følgje etter. Ikkje alle var einige med han i dette, og det viste seg at desse tankane ikkje let seg gjennomføre.
    Klikk på bilete for å sjå Lenin på den Raude Plass i 1919!


    Den mellombels regjeringa greidde ikkje å gjera forholda betre i Russland. Krigen gjekk framleis dårleg , og misnøya auka på nytt. Bolsjevikane var no dei mest handlekraftige i Russland. Sovjeta i Moskva og St. Petersburg støtta dei. Natta til 7. november 1917 tok dei makta i Russland. Revolusjonen var gjennomførd!! På grunn av ulike kalenderar i Russland og Europa, fekk den namnet oktoberrevolusjonen. Ei ny regjering med Lenin i spissen tok no over, og i mars 1918 fekk dei i stand fredsavtalen i Brest-Litovsk.  Då det kom til nyval viste det seg at bolsjevikane berre fekk 25% av stemmene. Dette var overraskande for dei sjølve, og Lenin nekta å gi frå seg makta. Han ordna det på den måten at alle andre parti no vart forbodne. Bolsjevikane døypte no Russland om til Sovjetunionen,og kalla seg kommunistar. Hovudstaden vart lagt til Moskva.
    Klikk på bilete for å sjå dei soldatane som skulle sendast ut i krigen, men som vende seg mot sine eigne makthavarar!


    Men ikkje alle var einige i dei endringane som hadde skjedd i landet. Godseigarar, generalar og kyrkja hadde mist all makta si. Desse kalla seg no dei kvite, og mana til kamp mot kommunistane, dei raude. Ein blodig borgarkrig rasa i tre år, og sju millionar menneske miste livet. Oktoberrevolusjonen tærte på folket i det nye landet. Fleire land, som USA, England og Frankrike, var redd for Lenin sine tankar om verdsrevolusjon, så dei støtta dei kvite. Dei raude vann krigen, og dei hadde støtte mellom vanlege folk som var redde for at det gamle maktsystemet ville ta over på nytt om dei kvite vann.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon av  Aleksandra Kollontaj!Det var ikkje mange kvinner  i leiinga av kommunistpartiet. Aleksandra Kollontaj vart utnemnd til minister for sosiale saker. Kvinnene i det gamle Russland hadde vore ekstra undertrykte. No fekk kvinnene røysterett på lik linje med menn, kvinner og menn skulle ha lik lønn for likt arbeid ,og kvinner og menn skulle vera jamstilte i ekteskapet. Aleksandra Kollontaj vart seinare verdas første kvinnelege ambassadør, som Sovjetunionen sin ambassadør i Norge.

     

    [Same periode Norge]

    Google

    [Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker]

    Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
    Redaktør:
    Åshild Støbakk - Webmaster: Svein Frøystad