Kunst og design - Verda under 1. verdskrig

[Historie] [Norsk] [Kunst og design] [Musikk] [Oppgåver] [Elevarbeid]

VIKTIGE HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA:

Den første verdskrigen blei utløyst av mordet på den austerriske erkehertugen Franz Ferdinand i Sarajevo 28. juni 1914. Storbritannia, Frankrike, Russland, Belgia, Serbia, Japan og Montenegro dannar ei allianse mot Austerrike-Ungarn, Tyskland og Tyrkia. Dei allierte får snart selskap av Italia, Portugal og Romania etter kvart som krigen aukar i omfang. USA kjem med i krigen i 1917. Krigen endar i 1918, og i 1919 vert Versailles-traktaten underteikna.

På same tid som krigen braut ut, laga Charlie Chaplin sin første film. Forfattaren
Marcel Proust byrja på verket ”På sporet av den tapte tid”. Pablo Picasso måla biletet ”Ei flaske Vieux Marc”.

STIKKORD:
  • Bilete og skulptur
  • Piet Mondrian
  • Konstruktivisme
  • Dada
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Design
  • Coca-cola flaska
  • Charlie Chaplin!

    Charlie Chaplin

    Bilete og skulptur
    Frå 1911 til 1917 skjedde det ei rask utvikling i kunsten i Russland, frå figurativ til nonfigurativ kunst. Nonfigurativ kunst er det same som abstrakt kunst, eit vanleg uttrykk innafor modernismen som nyttast om kunst som er basert på geometri og konstruksjon, eller ein friare organisk og ekspressiv kunst. Denne utviklinga gjore Moskva til eit senter for europeisk avantgarde-kunst.

    I 1914 vart suprematismen innleia av den russiske målaren Kasimir Malevitsj. Dei første arbeida som Malevitsj stilte ut i 1915, hadde enkle kombinasjonar av geometriske element. Sjølv om innhaldet var nonfigurativt, gav kunstnaren arbeida stemningsfulle titlar som framkalla assosiasjonar. Malevitsj kom fram til det nonfigurative uttrykket på ein annan måte enn til dømes Mondrian. Medan Mondrian byrja med naturlege former, som han gjorde abstrakte, freista Malevitsj å måle kjensler. Malevitsj meinte at han med dei enkle geometriske formene hadde nådd eit endeleg stadium i målarkunsten. Kunsten skulle opne for opplevingar av det universale.

    - Sjå fleire bilete av Malevitsj!

    “Solider of the
    first Division”,
    Kasimir Malevitsj,
    1914

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon!

    “The Sea”,
    Piet Mondrian,
    1914

    Piet Mondrian
    Mondrian er mest kjent for sine abstrakte måleri. Han fekk impulsar frå mystikk og filosofi. Han såg på menneskenaturen som tosidig til dømes det aktive og det passive, det mannlege og det kvinnelege.  Han freista å uttrykke dette i kunsten sin ved å bruke horisontale og vertikale linjer. Han brukte også primærfargar, fordi han meinte at desse fargane hadde den same symbolikken som dei vertikale og horisontale linjene.

    Mondrian brukte den kubistiske målemåten nesten som eit verkty til å formulere eit grunnleggjande prinsipp: det vertikale møter det horisontale, dannar eit kryss. Hans form for abstraksjon er eit filosofisk måleri, eit symbolsk og universalt bilete.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon!

    “Kvadratisk komposisjon i rødt, gult og blått”,
    Piet Mondrian,
    1930

    Mondrian budde i Paris, men han kom frå Nederland. Då krigen braut ut i 1914, var han heime på vitjing hos faren som var sjuk. Her blei han verande under krigen og første tida teikna han ein serie bilete av kyrkjetårnet i Domburg. Han hadde utstilling både i Amsterdam og Rotterdam, men etter kvart jobba han mest med kunstteoriar til han i 1918 fortsette å måle. Bileta vart meir og meir rektangulære og målsettinga var å skape relasjonar i staden for objekt i bileta. Eksperiment med regulære inndelingar. Mondrian måla ”same” biletet i 20 år.

    Composition with grid

    “Composition with grid”
    Piet Mondrian,
    1919

    I 1917 vart gruppa De Stijl i Nederland danna. Piet Mondrian, Theo van Doesburg og Gerrit Rietveld var initiativtakarar og kunstnarar som trudde på eit åndeleg uttrykk ut frå rette linjer og vinklar, primærfargane og kvitt og svart. Eit formspråk som påverka kunst, arkitektur og design.

    - Sjå fleire bilete av Mondrian!

    Konstruktivisme
    Dei russiske konstruktivistane ønskte å skape ein ny kunst for det nye samfunnet som kommunistane utvikla i Sovjetunionen. Difor skapte dei eit visuelt språk basert på abstrakte, geometriske former som dei trudde alle kunne forstå, under leiing av Vladimir Tatlin. Mange kunstnarar som støtta den russiske revolusjon i 1917, viste det gjennom kunsten. Nokre av dei vart medlemmar av konstruktivismen.

    Den allsidige russiske kunstnaren El Lisitskij kalla dei abstrakte bileta sine for prouns, som tyder mot ein ny kunst. Plakaten ”Slå dei kvite med ein raud kile” (1919) har ein sterkt symbolsk bodskap. Den raude kilen symboliserar truleg kommunismen og den kvite sirkelen er symbol på kvite Russland. Orda på plakaten formidlar bodskapen om vi les frå venstre til høgre. Omsett til norsk tyder dei kile, raud, slå og kvite.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon!

    “Proun 1A: Bridge 1”,
    El Lissitzky ,
    1919

    Dada
    I 1916 møttest ei gruppe kunstnarar med ulike nasjonalitetar i Zürich. Sveits var eit av dei få nøytrale landa i Europa under første verdskrig, og mange kunstnarar søkte tilflukt der for å unngå mobilisering. Andre reiste til nøytrale byer som New York og Barcelona. Gruppa kalla seg dadaistar. Dei ville bryte med den tradisjonelle og aksepterte kunsten. Dada var ei kortvarig, men viktig internasjonal rørsle som dukka opp då Hugo Ball grunnla Cabaret Voltaire i Zürich. Ein litterær klubb der innehavaren inviterte målarar og forfattarar til å stille ut og underhalde. Til meir ekstreme dei var, til betre var det. Klubben vart fort populær.

    Fontene

    “Fontene”,
    Marcel Duchamp ,
    1917

    Dadaistane provoserte med sine nye uttrykksformer, og mange kjenner til Marcel Duchamp sine ”ready-mades”. Han stilte ut daglegdagse ting og kalla det kunst. ”Fontene” (1917) av Duchamp er eit pissoar som er signert av kunstnaren. Det er no utstilt i Tate Modern i London og provoserar vel mange den dag i dag.

    Hans Arp var dadaist, men er også kjend som surrealist. Han blanda måleri og skulptur. Max Ernst, Hannah Höch og Kurt Schwitters er også kjende namn innafor dadaismen.

    Skulptur
    Kunstnarane Antoine Pevsner og Naum Gabo arbeidde med skulptur i Paris før krigen. I 1917 reiste dei til Russland og utvikla konstruktivismen saman mad Tatlin. Dei brukte stål og laga skulpturar av ulike bitar. Det likna meir konstruksjonar enn tradisjonelle skulpturar. Gabo var i Norge saman med broren i 1914.

    Arkitektur
    Første verdskrig var mellom to stilretningar i arkitekturhistoria. Jugendstilen med sine mange ornament og detaljar vart erstatta med funksjonalismen sine enkle, reine former etter krigen. Trongen for ro og orden var viktig etter katastrofane som følgde krigen og den russiske revolusjonen i 1917. Dette kjem også til uttrykk i arkitekturen.

    I 1917 var det ei gruppe kunstnarar og arkitektar som kalla seg De Stijl. Dei gav ut eit tidsskrift med same namn. Gruppa var inspirerte av arbeida til kunstnaren Piet Mondrian, som brukte geometriske former som greip i kvarandre, glatte, nakne flater og primærfargar i måleri og konstruksjonar. (sjå ovanfor!)

    Design
    Gerrit Rietveld er designaren bak den mest omtalte stolen i det tjuande århundre. Rietveld var medlem av gruppa De Stijl, og han utvikla idear til ei tredimensjonal form. Det mest kjende uttrykket er den ”raude og blå stolen” (1918). Stolen har felles trekk med til dømes Piet Mondrian sine måleri.

    Klikk på bilete for å sjå ein større versjon!

    “Den raude og
    blå stolen””,
    Gerrit Rietveld ,
    1918

    Coca-cola flaska
    Klikk for å sjå eit større bilete av ei gamal utgåve av colaflaska!
    I 1915 utvikla den svenske ingeniøren Alex Samuelson den klassiske colaflaska, basert på ei form på ein illustrasjon av ei kaffibønne han fann i eit leksikon. I 1920 vart hans endelege design i tysk grønt glas patentert. I dag blir cola selt mest i boksar og plastflasker, men den tradisjonelle glasflaska er ofte brukt i reklame. Med sin avrunda kontur og slanke, kvite skrift, er denne forma også overført til etikettar på boksar og plastflasker.

    [Same periode Norge]

    Google

    [Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker]

    Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
    Redaktør:
    Åshild Støbakk - Webmaster: Svein Frøystad