|
|
 |
|
VIKTIGE HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA:
Den 1. september 1939 velta tyske hærstyrker inn over Polen. For første gang vart den
moderne lynkrigen demonstrert. To dagar etter, 3. september, erklærte Storbritannia og Frankrike Tyskland krig. Den andre verdskrigen hadde teke til.
Fem harde og vanskelege år i vår historie. Fem år som endra verdsbiletet. Desse åra er no historie, men likevel så nær at vi må ha kunnskap om denne perioden for å forstå verda i dag. Vi må ha kjennskap til årsakene til krigen, krigens gang og fylgjene av krigen. Kunnskapen må omfatte både internasjonale, nasjonale og lokale forhold. For å gi ei oversiktleg framstilling av hendingane kan ein
sette opp punkt som viser krigens gang.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
1. Årsakene til – og forspelet til andre verdskrig:
- Versaillestraktaten - Nazismen i Tyskland (oversikt over den tyske hærleiinga finn du
her..) - Italia - Borgarkrigen i Spania
- Anschluss - Munchen-avtalen
Etter at Hitler
hadde teke makta i Tyskland, starta han å ruste opp. Sjølv om dette
var imot Versailles-traktaten.
Storbritannia og Frankrike gjorde ikkje noko for å stoppe den tyske
opprustinga. Fascistiske
parti hadde teke makta både i Italia og Spania. Dei tyske hærstyrkane
fekk prøve ut nye våpen under borgarkrigen i Spania. I 1938 vart
Austerrike ein del av Tyskland gjennom ”Anschluss”.
Dei andre europeiske stormaktene godtok at Tyskland tok Tsjekkoslovakia
bit for bit. Tyskland og Sovjetunionen hadde inngått ei ikkjeangrepspakt.
No begynte Tyskland å vise interesse for Polen, men både Storbritannia og Frankrike hadde
garantert for Polen sin fridom. Ein garanti som var verdilaus då krigen kom. (Mange linkar i det som er skrive om mellomkrigstida)
|
|
|
 |
 |
|
Europa i 1930-39 (klikk på kartet for større utgåve)
|
|
 |
|
2. Krigen kjem - Lynåtak på Polen - Vinterkrigen - Åtak på Norge og Danmark – operasjon ”Weserübung”
- Katastrofen i vest – Be/Ne/Lux og Frankrike
Hitler måtte ha eit påskot til å gå inn i Polen. Ei tysk militæravdeling kledde seg ut i polske
uniformer og ”tok” den tyske radiostasjonen ”Gleiwitz” nær den polske grensa.”Dei polske
overfalla” sette krigen i gang. For første gang vart moderne lynkrig demonstrert. Blitzkrieg. Raske panservognframstøyt, kraftige flyangrep og motorisert infanteri.
Polen vart teke på nokre veker, og verst gjekk det utover Warzawa. Byen vart bomba sønder
og saman. Polakkane gjorde fortvila motstand, men Tyskland hærsette landet. Garantien frå Storbritannia og Frankrike hjelpte ikkje. Dei kunne ikkje få fram våpenhjelp. |
 |
|
|
 |
 |
|
No nytta Sovjetunionen situasjonen til å styrke stillinga si. Dei tvinga dei baltiske landa inn under sitt styre. Den 30. november 1939 gjekk Sovjetunionen inn i Finland.
Dei kravde området Karelen for å styrkje forsvaret av Leningrad. (no St. Petersburg) Dette trass i ikkjeangrepspakta mellom Sovjetunionen og Tyskland.
No begynte ein krig som har vorte kalla Vinterkrigen.
Dei finske soldatane brukte kvite kamuflasjeuniformer. Dette var nytt.
Dei brukte og geriljataktikk i si krigføring mot russerane. 2000 finnar
miste livet mot 100000 russarar.12. mars 1940 måtte finnane likevel
gi seg og gå med på harde fredsvilkår. Finland slutta seg til Tyskland
for ei stund. Etterkvart gjekk dei over til den allierte sida. |
 |
|
|
 |
 |
|
I aprildagane 1940 tok Tyskland
Danmark.
Tyskland trong Danmark til militærbase og råvareprodusent. Så lenge det var ro og orden i landet respekterte tyskarane det indre sjølvstyre. Men etter kvart voks det fram ei dansk motstandsrørsle, og då vesna tilhøva mellom danskar og tyskarar.
9. april 1940 gjekk Tyskland
til angrep
på Norge( sjå
2. verdskrig Norge). Angrepet hadde kodeordet ”Weserübung”.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
10.mai
braka det laust, tyskarane gjekk til storangrep mot vest. Sjå
på Europakartet.! Grenselinja mellom Tyskland og Frankrike
hadde solide festningsverk på begge sider. På fransk side var det
Maginot-linja og på tysk side Siegfried-linja. Dei franske
generalane trudde angrepet ville kome her, men Tyskland nytta den
same taktikken som dei brukte under 1. verdskrigen. Dei gjekk inn
i dei nøytrale landa Belgia
og Nederland,
og kom inn i Frankrike ”bakvegen”.
Den tyske krigsmaskina forserte
Ardenner-fjella
med lynfart. I same slengen tok dei Luxembourg. I Frankrike var ein god del av den britiske hæren
samla i lag med den franske. Men desse landa hadde ingen ting å sette inn mot Tyskland på dette tidspunkt. Kva skulle dei gjera? Dei måtte berre koma seg over Kanalen til England. Evakueringa skjedde frå byen
Dunkerque.
|
 |
|
Frå 27 mai til 3.juni 1940 vart 200 000 britiske og 140 000 franske soldatar evakuerte under tyske flyangrep. Til og robåtar vart brukte for å få flest mogeleg over til England. Mange franskmenn vart att for å
kjempe mot den tyske okkupasjonsmakta. Men tysk terrorbombing av Frankrike skapte så mykje kaos i landet at det var ikkje mogeleg å få fram militært utstyr.
Frankrike kapitulerte 25. juni 1940. Tyskland okkuperte nord- og vest Frankrike. Denne delen av landet var under direkte tysk styre. I resten av landet
vart det innsett ei tyskvennleg regjering med sete i byen Vichy. Denne vart kalla Vichy-regjeringa. Denne situasjonen liknar på Quisling-regjeringa i Norge. Etter
kapitulasjonen var det mange franskmenn som hemmeleg kjempa vidare mot tyskarane. Dei vart leia av general
Charles DeGaulle som sat i London. |
 |
|
|
 |
 |
|
3. Slaget om Storbritannia (sjå prosjektoppgåve over temaet!) - RAF og deira innsats
- Slaget om Atlanterhavet
Då
Frankrike kapitulerte stod Storbritannia
så og seie åleine i kampen mot Hitler. Hitler vil på dette tidspunkt
slutte fred med Storbritannia, men i England hadde Winston
Churchill teke over som ny statsminister. Churchill var
ein krigens mann, og han var taktikar nok til å forstå at Hitler
nok ikkje var til å stole på. Churchill avviser Hitler sine fredsforsøk,
og dermed blir Hitler rasande. No skulle Storbritannia invaderast.
Men først måtte det britiske flyvåpenet ”Royal Air Force”, eller
RAF, setjast
ut av spel. I Tyskland hadde Herman Göring bygt opp det tyske
flyvåpen, ”Luftwaffe”. Frå august 1940 kom det bylgje etter
bylgje av tyske fly inn over Sør-England ,og serleg gjekk det hardt
utover London.
Men det var store øydeleggingar også i andre byar, industristrøk, jernbane og hamneanlegg. Ofte var det og rein terrorbombing mot sivile mål for å skape panikk og motløyse. Men dei
menneska som opplevde dette stålsette seg og gjorde ein fabelaktig krigsinnsats. Denne bombinga vart kalla ”blitzen” og denne perioden er og omtala som ”slaget om England”.
Hitler hadde gitt desse flyraida mot England kodeordet ”Operasjon
Sjøløve”. Dei tyske flya som angreip var Stuka bombefly
eskortert av Messerschmidt jagararfly. Frå britisk side vart dei
møtt av Spitfire
og Hurricane jagarfly. Det er hevda at 15. august 1940 sverma
600 tyske bombefly pluss 400 jagarfly inn over Sør-England.
 |
Det viste seg at England hadde eit sterkare luftforsvar enn tyskarane hadde rekna med, og dei engelske flygarane i RAF var på vengene dag og natt. I slutten av september dabba dei tyske
angrepa av. Det på grunn av store tyske tap. Radaren var nemleg oppfunnen og teken i bruk. Den varsla dei tyske angrepa, og på den måten kunne dei engelske Spitefire jagarflya slå til
med fullstyrke. Det er sagt at radaren ved sida av atombomba var det avgjerande våpen for dei allierte under andre verdskrigen. (Oversikt over den engelske hærleiinga!)
|
 |
|
|
 |
 |
|
Då slaget om England var over heldt Churchill ein av sine berømte talar. Han sa mellom anna: ”Frå kvar ein heim på øya vår--- strøymer takksemda mot militærflygarane våre, som har vendt tidevatnet i krigen. Dei har ikkje late seg skremme av overmakta.
Dei har aldri trøytna av å setja livet inn i kampen. Aldri har så mange hatt så få å takke for så mykje”.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Samstundes med slaget om England gjekk det føre seg
eit slag på og i havdjupet. Tyske ubåtar prøvde søkkje alle skip og konvoiar som førte forsyningar til Storbritannia. Denne trafikken var mange norske skip med på, og varene og bensinen kom først og fremst frå USA.
 |
Churchill sende ein rapport til den amerikanske presidenten om den fortvila situasjonen Storbritannia var i utan nok forsyningar.
President Roosevelt
fekk den amerikanske kongressen med på noko som vart kalla ”låne- og leige avtalen”. Den gjekk ut på at dei allierte
skulle få våpen, skip og all slags krigsmateriell frå USA. Dette skulle ikkje vera hjelp i krigen, men britane skulle låne eller leige alt utstyr. Det vart mykje diskutert i USA om dette var
direkte krigshjelp eller ikkje. Amerikanarane hadde ikkje lyst til å bli dregne inn i krigen. Avtalen kom i stand i mars 1941. I august same år møttest president Roosevelt og
statsminister Churchill på eit amerikansk krigsskip i Atlanterhavet. Dei skapte noko som i ettertid har fått namnet
Atlanterhavsfråsegna. I store trekk seier den at alle land skal ha
fridom til å bestemme over seg sjølv. Styreform, sine eigne råstoff, frie marknader og ta del i eit fritt økonomisk samarbeid.
 |
Asdicen, eit lydpeileapparat, vart no funne opp, og teke i bruk til finne fram til ubåtar i
ned-dykka posisjon. Talet på allierte skip som gjekk ned minka medan talet på søkkte tyskeubåtar gjekk opp. På slutten av året 1943 var slaget om Atlanterhavet over. Tyske ubåtar var ikkje lenger noko stor fare for allierte skip i Atlanterhavet. Forsyningar kunne
sendast mellom USA og Storbritannia. Etterkvart vart det også sendt mykje forsyningar til Sovjetunionen. Denne farten gjekk forbi Island og norskekysten og var ei farefull ferd. Mange
norske båtar, og norske sjøfolk, kom aldri heim frå slike turar.
Kiel var hovudhamn for den tyske marinen. Her låg dei store skipsverfta, og både slagskip og ubåtar hadde tilhald her. Admiral Raeder og storadmiral Dönitz er kjende namn frå tysk
krigsmarine. Dönitz vart i 1943 utnemnd som sjef for heile den tyske marine.
Slaget om Atlanterhavet var ikkje berre ein ubåtkrig. Den tyske marinen sende dei store slagskipa sine ut i Atlanterhavet for å sikre tysk herredømme på havet. Det gjekk føre seg store sjøslag ute på
Atlanterhavet. ”Bismarck”, det kraftigaste, raskaste og beste slagskip som tyskarane hadde i
starten av krigen, vart senka av den engelske marine på sin første tur til sjøs. ”Scharnhorst”
vart send til Nord-Norge for å vakte på konvoiane til Murmansk i Sovjetunionen. Norske spionar rapporterte til England då båten stakk til havs. Mange engelske marinefartøy vart no sende ut for å ta opp jakta
på ”Scharnhorst”. Denne båten var raskare og hadde meir eldkraft enn noko britisk skip. Likevel vart den senka nordvest for Nordkapp i 1943.
Etter mange år med leiting har dei lukkast i å finna vraket av ”Scharnhorst”.
Slagskipet ”Tirpitz” var og ei stor fare for konvoifarta til Sovjetunionen. Skipet
gjekk inn i norske fjordar for ”å ligge på lur”. Nordmenn rapporterte om kvar det låg, og i 1944 lukkast engelske fly i å senke båten. Vraket ligg framleis ut for
Tromsøya - Håkonøya. |
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
|
22
juni 1941 vart ”operasjon Barbarossa” sett i gang. Enorme tyske
panserstyrkar rulla innover Sovjetunionen. Dei tyske styrkane kom
seg langt mot aust før russarane fekk samla seg, men då møtte
tyskarane motstand. General
Sjukov var øvstkommanderande for dei sovjetiske styrkane.
Tyskarane prøvde å ta Moskva, men greidde det ikkje.
General Sjukov leia den sovjetiske motoffensiven som stoppa dei tyske styrkane 60 km. frå
Moskva. Hitler hadde rekna med at han skulle ta Sovjetunionen på nokre månader, men det gjekk ikkje. Den sovjetiske hæren ytte etterkvart effektiv motstand, og heile folket var aktive
bak fronten. Det russiske folket var klart dei som leid mest under andre verdskrigen, og som ytte mest for å stoppe dei tyske hærstyrkane. Det skal vi ha i tankane når vi diskuterer
krigsinnsats. (Oversikt over den sovjetiske hærleiinga)
|
 |
|
Kan vi så peike på noko som gjorde at dei tyske invasjonsplanane slo
feil – for gode planar hadde dei! Hitler og den tyske hærleiinga hadde gløymt eit vesentleg moment, nemleg den russiske vinter.Den tyske hæren var ikkje
utstyrt for temperaturar langt nedover gradestokken. Vel å merke hadde dei nok tenkt seg eit raskt felttog, men likevel! Hitler og hans menn gjekk i same fella som Napoleon!
Tyskarane prøvde å ta Leningrad. Dei beleira byen. Men innbyggjarane og dei sovjetiske
soldatane nekta dei tyske soldatane å ta byen. Dei smugla mat inn så dei greidde å overleve, men mange fraus og svalt i hel. Inne i byen var ein gammal allë av tre. Beleiringa var vinterstid
så der fanst til slutt ikkje ved til fyring, men innbyggarane var einige om at allëen skulle dei ikkje hogge ned . Dei gjorde heller ikkje det, sjølv om mange fraus i hel.
I juni 1942 sette tyskarane inn ein storoffensiv. Hitler ville ha dei rike industri- og jordbruksområda sør-aust i Sovjetunionen. Elva Volga har til alle tider
vore ei viktig samferdselsåre i dette landet . For å kontrollere elva måtte tyskarane ha kontroll over byen
Stalingrad. Frå september og ut 1942
kjempa dei om denne byen. Dette vart ei prestisjesak for Hitler! Byen vart skoten i grus, men russarane viste ei fantastisk motstandsvilje. Det vart kjempa om kvart hus i byen.
Heile den tyske 6.arme, 330000 mann, vart sett inn i kampane om byen. Den
vart leia av general Friedrich von Paulus. Litt etter litt måtte tyskarane gi
seg. Heile 6.arme vart utsletta. Von Paulus vart utnemnd til feltmarskalk i eit håp om at han skulle greie å motivere troppene sine til ein umenneskeleg
innsats. Til slutt overgav han seg trass i Hitler sine ordrar om å kjempe til siste mann. 100000 mann vart tekne til fange, resten vart drepne eller fraus i hel.
Kampane om Stalingrad var eit av krigen sine vendepunkt. No begynte ein sovjetisk frammarsj vestover, heilt til Berlin. I overgangen1943/44 var tyskarane ute av Sovjetunionen.
Polen, Romania, Bulgaria og Ungarn vart frigjort. I 1945 gjekk russarane over grensa og inn i Tyskland.
|
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
|
7. Krigen går mot slutten - D-dagen - Kappløpet mot Berlin - Kapitulasjon - Atombomba - Den endelege løysinga - Krigen og dei sivile
6. juni 1944 kom det ei hemmeleg melding over radio. ”Operasjon Overlord” var i gang. Dei allierte sende no ein stor styrke over Kanalen og dei gjekk i land i
Normandie i Frankrike. Dei allierte hadde i fleire år planlagt denne invasjonen. Dei hadde samla saman båtar, fly og soldatar i Storbritannia. Til dømes hadde dei ikkje landgangsfartøy nok til ein invasjon av Europa, før uti
1944. Denne styrken som skulle over den engelske kanal var avhengig av godt ver, så invasjonen vart utsett fleire gongar før dei kom i gang. Den amerikanske
general Eisenhower, som seinare vart president i USA, var øvstkommanderande for styrken.
Montgomery (sjå ovanfor, der det er
skrive om krigen i Afrika) var nestkommanderande.
Hitler visste at invasjonen ville kome, men ikkje akkurat kvar. Han og
soldatane hans hadde førebudd seg godt. Dei hadde bygt ei sterk ”Festung Europa” der Atlanterhavsvollen var festningsverka i vest. Ved Atlanterhavsvollen hadde
general Erwin Rommel (sjå ovanfor, der det er skrive om krigen i Afrika) kommandoen, saman med
general Rundstedt.
Dei
allierte hadde enorme tap før dei greidde å sette seg fast
og begynte å tvinge tyskarane til retrett. Dei allierte hadde gitt
landingsplassane langs stranda namn: Gold,
Juno,
Sword,
og Utah.
Her kom dei allierte seg etter kvart i land, men ved plassen Omaha
Beach var kampane ekstra harde. Ca. 200 000 mann vart sett i
land, pluss utstyr.
Sjå
filmen ”Redd menig Ryan”, som fortel om invasjonen i Normandie. Slaget om
Frankrike var i gang. Frå London sende general de Gaulle ut oppfordring til fransk
motstandsrørsle om å slutte seg til den allierte invasjonen.
På tre månader var tyskarane ute av Frankrike og Belgia. Ved den
tyske grensa stoppa den allierte frammarsjen opp for ei stund, for her hadde tyskarane sett opp eit godt forsvar. Men i februar 1945 gjekk dei allierte inn i
Tyskland. Dei allierte sende no sine bombefly inn over Tyskland. Ein del av denne bombinga var rein terrorbombing som gjekk hardt ut over tyske sivile.
Spesielt byen Dresden vart hardt råka.
På same tid var dei tyske V1 og V2
sendt mot London. V står for Vergeltungswaffen. Dette var bomber med rakettmotor. Eit slags fly utan
førar. Det vart skote 8000 V1 mot London. Av dei 25% som nådde London var det svært mange som heldigvis ikkje eksploderte. Sperreballongar var eit godt våpen mot desse rakettane.
Video
frå luftkrigen! (kalla for “byrjinga til slutten” for Luftwaffe)
Sovjetunionen hadde lenge pressa på for å få ein front i vest slik at trykket på austfronten
minka. Så no vart Tyskland pressa både frå vest og aust. Både vestmaktene og Sovjetunionen var interessert i å ta størst mogeleg område av Tyskland, og no kom det som seinare har vorte kalla
kappløpet mot Berlin. Både USA og Storbritannia på den eine sida, og Sovjetunionen
på den andre, var interessert i å skaffe seg kontroll over Europa. Dette fordi dei to sidene kjempa om makta i Europa. Etter krigen får ein ”den kalde krigen” som klart viser dette.
Vest-allierte og russiske soldatar møtest ved elva Elbe i april 1945. No var heile Tyskland okkupert av allierte tropper. Den
30. april 1945 tar Hitler sitt eige liv i førarbunkersen i Berlin.
7. mai 1945 kapitulerte ”det tredje riket”. Krigen i Europa var slutt
8. mai 1945.
Japan kriga vidare mot USA etter at Tyskland hadde kapitulert. Den
6.august sleppte amerikanarane den første atombomba over byen
Hiroshima. Bomba hadde dei kalla "Little boy". Nokre dagar seinare trefte bomba "Fat man" byen Nagasaki. Det vart enorme øydeleggingar som Japan og folket der
lid av framleis. Vi som lever i dag veit kva ei atombombe fører til, men likevel har vi vanskar med å forstå kva som skjedde.
Japan kapitulerte 14.august 1945.
Hitler bestemte i 1942 at alle jødar skulle utryddast. Dette vart kalla den endelege løysinga. Tyskarane sette i gang å ta til fange alle dei jødar dei
kunne finne i Europa. Dei vart sende til dei konsentrasjonsleirane som vart bygt opp i ”det tredje riket”. Vi kjenner deira tragiske historie.
Ca. 6
millionar jødar miste livet i desse leirane. Mange miste livet på grunn av hardt slavearbeid, men mange vart og gassa i hel.
Sjå innom Holocaust Memorial Center og Simon Wiesenthal Center!
Filmen ”Schindlers Liste” fortel oss om nokre jødar si skjebne, men og om dei redslar
jødane opplevde. Filmen ”Tre historier frå helvete. Nordmenn i tysk fangenskap”, fortel og denne historia betre enn tusen ord.
Av dei ca.
40 millionar menneske som døde under andre verdskrigen, var meir enn halvparten sivile. Det landet som desidert ofra mest under andre verdskrig var Sovjetunionen.
Men også Norge fekk merke denne krigen, og framleis sit desse hendingane sterkt i det norske folk. |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
20.01.04
|
|