|
"Ensartete Kunst" i München i 1937
Ekspresjonisme er ei uttrykksform i biletkunsten som var særleg nytta frå det
tjuande århundre. Retninga vert også kalla uttrykkskunst, bileta inneheld kjensle og uttrykkjer ofte angst og redsle. Ekspresjonisme er ei modernistisk kunstform som starta i Tyskland. Under nazismen vart modernistisk kunst forbode i 1930-åra. Nazistane stod bak utstillinga "Ensartete Kunst" som viste
ekspresjonistisk kunst utstyrt med nedsettande tekstar og plakatar, det var meint å vere ei utstilling til spott og spe. På samme tid vart det sett opp ei utstilling som viste ideell nazistisk kunst.
Det vert fortalt at Hitler var ein stor beundrar av ekspresjonisten
Munch og at han måtte brenne kunstverk av kunstnaren. Kvifor trur du nazistane såg på ekspresjonistisk kunst som ein trussel?
Fleire kunstnarar emigrerte frå Tyskland. Kurt Schwitters m.fl. reiste til Norge. Tate Modern i England viser mange av Schwitters sine arbeid.
I Sovjetunionen var sosialistisk realisme den einaste lovlege kunstforma frå 1934. Det vil
seie at arbeiderklassa, til dømes fabrikkarbeidaren eller vegarbeidaren skulle framstillast som heltar i kvardagen. Kunstforma var lett å kontrollere i motsetnad til ekspresjonistisk kunst som
kunne utnyttast i propaganda.
Kunstnaren Mikhail Sjeremnykh laga ein karikaturplakat av ein tysk soldat i uniform. Fire
dagar etter den tyske invasjonen i Sovjetunionen vart plakaten offentleggjort gjennom eit offisielt telegrambyrå. Det var første arbeidet av ein serie sovjetiske krigsplakatar som vart
berømte for eit kraftig og visuelt formuttrykk. Plakatane hang overalt og opplaget nådde 100.000 før det var gått to månader av krigen. Kunsten vart brukt som våpen. Den mest
overraskande utviklinga kom i 1941 då Stalin prøvde å få fram russisk patriotisme ved å gjenopplive historia. For første gong etter revolusjonen kunne kunstnarane nytte store russiske
heltar frå Tsaren sin hær i arbeida sine.
Ernst Neizvestnij er eit kjent namn frå denne perioden.
Kunstnarar som uttrykte seg ekspresjonistisk vart også hindra i Kina litt seinare under Mao.
Utstillinga "Lasst tausend Blumen blühen" i Louisiana i Danmark 2001, er kunstnaren Anselm Kiefer si personlege tolking av Mao sitt utsegn: "La tusen blomstrar blomstre". Det
kan sjå ut som kunstnaren vil vise felles trekk mellom sterke leiarar. Mao held opp ei arm til nazihelsing, han nyttar hitler-liknande metodar, han er den som helsar ikkje den som blir helst
på. Tittelen på utstillinga står i sterk kontrast til Mao sine brutale handlingar etter revolusjon i 1949 og kulturrevolusjon i 1968.. |