|
|
 |
|
VIKTIGE HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA:
Andre verdskrig førde til at store delar av kulturlivet i Europa vart totalt lamma. Nazistane slo brutalt ned på kunstnariske uttrykk som sette
spørsmålsteikn ved deira samfunnsideal og menneskesyn. (”Entartete Kunst”, Munchen 1937). Dei forbaud etter kvart all kunst som var samfunnskritisk.
Kunstnaran hadde
i mellomkrigstida åtvara mot den politiske utviklinga og såg tidleg faresignala. Mange kom etter kvart i ein svært vanskeleg situasjon. Nokre tok opp kampen, andre tilpassa seg eller emigrerte.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Klassisk musikk Musikk gir i større grad rom for tolkning enn dei andre kunstartane.
Samfunnskritikken som blir uttrykt i musikk, blir ikkje så tydeleg som gjennom ord og bilete. Det kan vere vanskeleg å vurdere om eit musikkverk set eit problem under debatt eller om komponisten tek standpunkt i ei konflikt.
Dimitri Sjostakovitsj
(1906-1975):
”Leningradsymfonien”. Denne ”krigssymfonien” vart skriven i 1941 under
tyskarane sin okkupasjon av byen. Eit marsjmotiv blir gjenteke 12. gongar i første sats, og er eit musikalsk utrykk for tyskarane sin innmarsj i Leningrad.
Komponisten gir ei anna tolkning i 1981 i ”Memoarar” som blir smugla ut til Vesten. Han skriv at symfonien beskriv Stalin sitt harde regime og utreinsking av alle som tenkte annleis.
Musikken handlar om Leningrad, byen som Stalin øydela og som Hitler gav dødsstøtet. Leningradsymfonien vart godt motteken både i USA og i Sovjetunionen. Sjostakovitsj si
haldning til politikk og det kommunistiske system er framleis sterkt omdiskutert.
Feire lenker til denne komponisten finn du her.. |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|