|
|
 |
 |
 |
|
VIKTIGE
HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA
- KRIGEN I NORGE:
Hitler og nazi-Tyskland hærsette Norge om natta den
9.april 1940. Tyske krigsskip tok alle dei viktige norske
hamnene nord til Narvik.
Sjå innom:
- Norsk
Krigsleksikon!
i arbeidet med dette omfattande og spanande temaet!
|
|
|
|
1. Hitler og Norge
Kva var årsaka til den tyske invasjonen 9. april 1940?
Ute i Europa var fleire land lagt under nazi-herredøme både
”frivillig” og med krig. Desse landa måtte godta at
nazismen
vart styreform i landet. Var det fordi han ville spreie
nazismen at Hitler tok Norge? Nei, vi var så få menneske i
Norge at vi var ikkje viktige. Sverige hadde jernmalm, og
selde mykje av denne til tysk våpenproduksjon. Malmen vart
skipa ut over Narvik
på grunn av at Sverige ikkje hadde isfrie hamner om vinteren.
Var det Narvik Hitler var interessert i?
Nei, eit nøytralt Norge måtte vera det beste ut i frå handelsinteresser.
Norge med sin lange og isfrie kyst var nok årsaka til at vi
kom i tyskarane sitt søkelys! Då krigen braut ut såg dei krigførande
partane seg rundt etter militære støttepunkt. Særleg den tyske
marinen, med admiral
Räder i spissen, hadde lenge sett på norskekysten som
viktig. Desse tankane nådde også Hitler, og han var
einig i at tyske militærleiarar begynte å planleggje eit angrep
på Norge. Kodeordet for angrepet vart operasjon
”Weserübung”. Angrepsplanen vart sett i gang 2. april
1940.
|
|
|
 |
|
2. Altmark Vi veit at 2. verdskrigen tok til alt 3. september 1939, men etter at Polen var hærteke, stilna krigshandlingane av. Men i Norden vart det krig! Vinterkrigen mellom Finland og Sovjetunionen tok til i november 1939. Dei vest-allierte diskuterte korleis dei best kunne hjelpe Finland. Mellom anna planla dei ein militær operasjon over Narvik og inn i Finland. Slik kom Norge i søkelyset også frå alliert side, men finnane måtte gi seg før dette vart noko av.
I februar 1940 kom det tyske sivile skipet ”Altmark” inn i norsk territorialfarvatn. Skipet hadde 299 britiske fangar om bord, og dette
visste britane om. Den engelske jagaren ”Cossack” jakta på den tyske båten ,og den prøvde å stikke seg unna i Jøssingfjorden, mellom Eigersund og
Flekkefjord. Utan løyve frå Norge gjekk militære britiske styrkar
inn i fjorden, gjekk til angrep på ”Altmark” og fekk set fri dei britiske fangane. Det er sagt at dette irriterte Hitler så mykje at han fekk fortgang i planane om eit angrep på Norge. Vi forstår at både tyskarane og dei allierte såg norskekysten som eit strategisk område.
|
 |
|
3. Det tyske åtaket Det er sagt i ettertid at det tyske angrepet på Norge kom svært så overraskande. Men kunne det vera slik? Norske diplomatar i Berlin høyrde rykte om det angrepet som kom, og melde heim om det dei hadde høyrt. Men norske styresmakter brydde seg ikkje så mykje om dei. Norge hadde vore nøytralt under første verdskrig og den same nøytralitetslinja heldt norske styresmakter på då andre verdskrig braut ut. Så sjølv om rykta gjekk og både Tyskland og England braut nøytraliteten vår, så vart det ikkje gjort noko for å styrkje forsvaret av landet.
Så seint som 8.april 1940 melde vestmaktene frå om at dei hadde
lagt miner langs kysten vår for å stoppe dei tyske malmskipa frå
Narvik. Men då var angrepet
på Norge alt i gang. General
Nikolaus von Falkenhorst leia det
tyske angrepet, og han hadde så og seie heile den tyske marinen
til disposisjon. I tillegg store flystyrkar. Men tyskarane trengde
ikkje ei stor hær for ta Norge. (du finn ei grei dansk oversikt
over perioda frå åtaket fram til 1945 her..)
|
 |
|
4. Blücher vert senka
Fleire tyske krigsskip var på veg inn Oslofjorden., mellom dei
kryssaren ”Blücher”. Om bord var det spesialtropper som skulle ta
Konge, regjering og Storting. I Drøbakksundet låg festninga Oscarsborg,
med sine eldgamle kanoner. Her i frå skaut dei mot dei tyske krigsskipa,
og dei fekk inn fleire fulltreffarar på ”Blücher”.
Båten eksploderte og gjekk rett til botns. Over 1000 tyske soldatar
drukna, mellom dei styrken som skulle brukast mot dei norske statsmaktene.
Omtrent samstundes fekk den norske regjeringa besøk av tyskarane sin sendemann, eller diplomat, i Norge. Han la fram krav om full norsk overgiving. Den norske utanriksministeren Halvdan Koht svara: ”Kampen er alt i gang”.
Takka vere at soldatane frå ”Blücher” ikkje rakk å ta styresmaktene våre, kom dei seg ut frå Oslo
med eit tog. Dei reiste nordover, først til Hamar, og sidan til Elverum, dette var 10. april. På Elverum hadde regjering og Storting møte. På dette møtet, som Stortingspresident C.J.Hambro fekk i stand, fekk regjeringa ”Elverumsfullmakta” frå Stortinget.
”Elverusmfullmakta” var ei fullmakt for regjeringa til å styre landet vårt utan Stortinget. Det var alt no klart at regjeringa ville prøve å røme til London. Kongen og regjeringa reiste vidare medan Stortinget reiste tilbake til Oslo.
|
 |
|
5. Vidkun Quisling Seint om kvelden 9.april heldt Vidkun Quisling ein radiotale der han utnemnde seg sjølv til sjef for ei ny ”nasjonal” regjering. Folk som høyrde talen trudde han var støtta av tyskarane, men det var han ikkje. Så dette var eit forsøk på verdas første statskupp over radio.
Quisling hadde i 1933 danna sitt eige parti ”Nasjonal Samling”,
eit nazistisk parti som såg med velvilje på den tyske invasjonen. Saman med nokre få hirdmedlemmar hadde han skaffa seg tilgang til NRK. Hirda var garden til Quisling. Dei tyske offiserane synest han var i vegen for å få ordna tilhøva i Norge, så etter ei stund vart han
”sett til sides” for ein periode. Han måtte ”gå av” alt 15. april.
|
 |
|
6. Konge og regjering På Elverum hadde den tyske sendemannen eit møte med kong Håkon, der han kravde at Quisling skulle
verte statsminister i Norge . Dette avviste kongen, og hans nei vart til inspirasjon for vidare motstand mot tyskarane. Når kongen hadde sagt nei til tysk samarbeid så ville folket gjera det same.
Kongen og regjeringa reiste så vidare nordover. Tyskarane prøvde å finne kongen, og mange av dei
plassane han var innom, vart bomba. Heldigvis så lukkast ikkje dei tyske flya å få inn noko treff. Etter ei tid på reise opp gjennom Gudbrandsdalen, kom kongen til Molde. Her i frå er det berømte biletet av kongen og kronprinsen under bjørka i Molde. Gullet i Norges Bank var og med på same reisa. Det var viktig for regjeringa at ikkje norske verdiar enda i tyske hender. Forfattaren Nordal Grieg, som hadde meldt seg til norsk krigsteneste, var ein av dei som transporterte gullet.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Den siste norske stoppestaden for konge og regjering var Tromsø. Den tyske krigsmakta var i hælane på dei, og no var det om å gjera og koma seg
over til England. Dette vart organisert og 7.juni 1940 gjekk kongen om bord i den britiske kryssaren ”Devonshire”. Konge og regjering delte seg på
fleire skip, for skulle noko skje var det om å gjera at delar av norsk statsmakt kom seg til London for å organisere den norske motstanden mot tyskarane derifrå. Den 10.
juni kapitulerte dei norske styrkane og vart demobiliserte. Kommanderande norske general Otto Ruge, kom i tysk fangenskap.
|
 |
|
7. Kampane i Norge Mobiliseringsordre vart gitt av regjeringa om natta den 9.april, men den norske hæren var dårleg førebudd. Likevel kjempa dei norske soldatane i 62 dagar mot den tyske krigsmakta. Nordmennene seinka den tyske frammarsjen mange stadar, særleg opp gjennom Gudbrandsdalen. Dette førte til at dei vestallierte prøvde å hjelpe Norge. Britiske styrkar vart sette i land både på Åndalsnes og i Namsos, men dei allierte var ikkje interessert i å yte full
krigsinnsats i Norge.
Naturleg nok greidde dei norske styrkane å yte mest motstand i Nord-Norge, for her fekk dei tid til å organisere seg. Saman med styrkar frå England, Frankrike og Polen greidde dei å ta Narvik attende frå tyskarane. Tyske krigsskip og handelsskip som låg på hamna i Narvik, vart senka, og dei tyske soldatane vart jaga til fjells. Dette var 28. mai. Etterkvart vart dei allierte styrkane trekte ut av Norge, og då kom tyskarane tilbake til Narvik.
Og den 10.juni måtte dei norske styrkane kapitulere, men det vart ingen fredsavtale med tyskarane. Norge var framleis i krig med Tyskland. Den norske filmen ”Secondløytnanten” med Espen Skjønberg i hovudrolla, gir ei god framstilling av korleis felttoget i Norge kunne vera.
|
 |
|
8. Josef Terboven Sjølv om Norge var i krig med Tyskland måtte hjula haldast i gang. Folk måtte ha ein jobb så dei kunne tene pengar
til hus og mat,og borna måtte gå på skule. Folk trengde varer som før, og skipsrutene langs kysten måtte haldast i gang. Det kom raskt i gang eit samarbeid mellom nordmenn og tyskarar,og fleire tusen tok seg arbeid
på byggje- og anleggsarbeid for tyskarane.Fisk og fiskeprodukt vart framleis eksportert til Tyskland. Einskilde samarbeidde så sterkt med tyskarane at det vart dømt som landssvik.
For at alt skulle fungere i Norge oppnemnde Høgsterett eit ”administrasjonsråd” som skulle samarbeide med tyskarane. Slik prøvde både nordmenn og tyskarar å spela Quisling ut over sidelinja. Men
samarbeidet var ikkje knirkefritt, så alt i slutten av april utnemnde Hitler Josef Terboven til ”Reichskomissar für die besetzten norwegischen Gebiete”. Det vil seie den høgaste sivile tyske styresmakt i Norge.
Terboven kravde at
Stortinget skulle kome saman og avsette kongen og regjeringa og utnemne eit ”riksråd” med vide fullmakter til å styre landet. I ettertid er det vanskeleg å forstå, men Stortinget gjekk faktisk med på det. Dei sende brev til kongen og ba han om å seie frå seg truna. Kongen sa nei. Då tok Teboven saka i eigne hender og avsette både Stortinget og administrasjonsrådet. Han innførte forbod mot alle politiske parti unnateke Nasjonal Samling, og utnemnde tolv ”kommisariske ” statsrådar som skulle vera ansvarlege berre overfor han.
|
 |
|
9. Nasjonal Samling Etterkvart som tyskarane, saman med folk frå Nasjonal Samling, tok over meir og meir av styret i Norge, vaks også
motstanden mot dette styret fram. Kringkasting og aviser vart brukt til tysk propaganda. Folk fekk ikkje lenger seie eller skrive det dei ville.
NS-folk fekk ta over alle stillingar i stat og kommune.
Skulen, kyrkja og idretten skulle nazifiserast. Rettssystemet vart gjort slik at folk
ikkje lenger følte seg trygge. Arrestasjonar og vald mot nordmenn vart meir og meir vanleg. Høgsterett la til slutt ned embeta sine i desember 1940. No var frontlinjene klare. På den eine sida stod tyskarane og deira NS-folk, på hi sida ei veksande motstandsrørsle.
|
 |
|
10. Heimefronten Etter kvart vart motstanden mot tyskarane organisert. Ordet heimefront vart brukt om mange slags aktivitetar og motstand mot tyskarane. Heimefronten hadde ein sivil og ein militær del. Den sivile heimefronten kunne drive med illegale aviser, hemmeleg kurerteneste, flyktningtransport både til svenskegrensa og vestlandskysten, gøyme flyktningar eller spionasje.
Å gjere motstand mot tyskarane var
farleg. Nordmennene vart godt passa på. Den tyske militærmakta, Wehrmacht, leia av av Nicolaus von Falkenhorst, den tyske sivile administrasjon, leia
av Terboven, og støtta av Quisling, gjorde det.
Men aller farlegast var nok det hemmelege tyske politi, Gestapo. Dei brukte alle middel for å
oppspore motstandsarbeid mot tyskarane. Dei hadde hovudkvarter på Victoria Terasse i Oslo, og hadde mange norske angivarar i si teneste. Gestapo dreiv med tortur for å få fangar til å røpe mest mogeleg.
Den militære motstanden mot tyskarane fekk namnet Milorg – militær organisasjon. Mot slutten av krigen var denne hemmelege hæren på rundt 47.000 mann. Dei vart populært kalla ”gutta på skauen”. Dei fekk våpen frå England, som kom med fly eller båtar. I skogen og på fjellet dreiv dei med hemmeleg våpenøving. Dei var med
på, eller gjennomførte sabotasje mot tyske anlegg eller anna som var viktige for tyskarane, som jernbanelinjer og bruer. Medlemmer frå Milorg var og i England for å lære seg sabotasjearbeid. Som eit resultat av det kan ein nemne sabotasjen mot tungvatnfabrikken på Rjukan.
|
 |
|
11. Utefronten
Norge hadde og ein utefront.
Alle som var med i utefronten gjorde sitt til at andre verdskrigen
tok slutt. Kongen
og regjeringa var i London og leidde motstandsarbeidet der i
frå. Kongen heldt mange radiotalar
som BBC
sende. Dei som hadde radioapparat i Norge høyrde desse talane, som
var til stor inspirasjon for alle heime. Kongen vart ei viktig brikke
i å sette mot i folk. Regjeringa, med statsminister Johan
Nygaardsvold i spissen, gjorde og alt dei kunne for å hjelpe
Norge og det norske folk.
Etter kvart som mange rømde frå Norge til Shetland,
England
og Sverige,
vart det oppretta norske militære styrkar utanfor Norges grenser.
Sjøforsvar og flyvåpen hadde avdelingar i Storbritannia. Norske
flygarar vart utdanna i ”Little
Norway” i Canada. Shetlandsgjengen
var ei norsk marineavdeling.
Mange av dei som rømde til Sverige gjekk inn i dei norske polititroppane som vart utdanna der. Tilsaman var dei ca.13000 mann. Tanken var at dei skulle delta i kampar mot tyskarane inne i Norge.
|
 |
|
12. Handelsflåten Den norske handelsflåten spela ei viktig rolle under krigen. Det er sagt i ettertid frå britisk og amerikansk militært hald at utan den kunne krigen ha teke ei anna vending. Dei norske skipa var livsviktige for forsyningslinjene til dei allierte. Drivstoff og våpen vart frakta over Atlanteren i all slags ver, og med dei tyske ubåtane jagande etter seg.
Konvoifarten til Murmansk i Sovjetunionen, var og utslagsgivande for resultatet av krigen på austfronten. Lasten hit var og drivstoff og våpen. Trefte ein torpedo eit lasterom fullt med ammunisjon, så gjekk båten til himmels. Den som overlevde eksplosjonen, hamna i det iskalde Barentshavet. Dei andre båtane i konvoien hadde ikkje lov til å stoppe opp for å plukke opp overlevande som låg i sjøen.
Svært mange norske båtar vart torpedert og meir enn 4000 sjøfolk miste livet. Dei som overlevde har ikkje gløymt det som skjedde, og mange har etter krigen fått psykiske problem som dei måtte slite med. Dei
norske styresmaktene har etter krigen fått hard kritikk for måten dei behandla sjøfolka på. Den norske handelsflåten vart under krigen samla til det største reiarlaget i verda - Nortraship. Nortraship
gjorde det slik at norske styresmakter fekk store
inntekter. Dei norske sjøfolka hadde betre løner enn dei britiske.
For at det skulle opplevast som rettferdig å vera sjømann
under krigen vart dei pengane som norske sjøfolk tente meir enn dei britiske sett inn på eit hemmeleg fond
– Nortrashipfondet. Sjøfolka vart lovde å få desse
pengane utbetalte etter krigen. Det gjekk mange år og lange rettssaker før desse pengane vart utbetalte til dei som overlevde, eller familiene til dei som miste livet. Her må det seiast at mange norske
skipsreiarar sat i dei organ som skulle styre dette fondet. |
 |
|
13. Shetlandsfarten Mange nordmenn ville gjerne gjere ein krigsinnsats. Då måtte dei kome seg ut av landet, gjerne over Nordsjøen til England eller Shetland. Det kunne og vera at tyskarane var på jakt etter
bestemte personar . Desse måtte røme frå landet for å unngå døden. Mang ei fiskeskøyte vart løyst frå kai i svarte natta og kursen vart sett mot Shetland. Etter kvart vart denne båttrafikken til Shetland
organisert ,og dei som var med på dette vart kalla Shetlandsgjengen.
Shetlandsfarten vart viktig for krigen i Norge. Dei frakta rømlingar,
agentar og våpen over Nordsjøen den eine eller andre vegen. Etter
kvart som tyskarane vart meir og meir klar over kva som gjekk føre
seg, innsåg dei allierte at andre båtar måtte brukast i Nordsjøfarten.
Den amerikanske marinen sende tre ubåtjagarar til Shetlandsgjengen.
Dei fekk namna ”Hitra”, ”Hessa” og ”Vigra”. Sikkert ikkje tilfeldig
då Shetlandsfarten hadde vestlandskysten som utgangspunkt.
Den lokale krigshistoria for oss som sit og skriv websidene er mykje knytt til desse krigsminna. Ålesund var oppsamlingsstad for mange som måtte ut av landet, og Godøygjengen gjorde sitt til at desse kom seg
unna tyskarane og Gestapo. Det gjorde dei med livet som innsats.
(Shetlandsfarten
frå Godøya - her presentert av elevar frå Godøy skule)
|
 |
|
14. Frontkjemparane
Rundt 55.000 nordmenn vart medlemmar av Nasjonal Samling under
krigen. Særleg var medlemmene frå kommunar i Østerdalen. På Vestlandet
stod partiet ekstra svakt. Denne fordelinga kan skuldast mange årsaker.
Ca. 8000 nordmenn vart frontkjemparar,
det vil seie at dei melde seg til tysk krigsteneste utanfor Norges
grenser. (les eit
brev frå ein frontkjempar)
Mange vart sende til austfronten og mange kom ikkje tilbake. 350
kvinner vart sjukesystrer
for tyskarane.Kvifor gjorde dei det? Les boka til den kjende norske
politikaren Hanna Kvanmo: ”Dommen”. Ho gir ein del svar på kvifor.
Svaret er ikkje alltid at desse menneska var nazistar. Vi skal huske
på at av og til kan historia gi oss svar på spørsmål.
|
 |
|
15. Frigjeringa av Finnmark
”Det tredje riket” vaklar og tyskarane må gjere retrett på alle
frontar. Sovjetunionen sine soldatar byrjar å jage dei tyske soldatane
ut av Sovjetunionen. Alt hausten 1944 drog dei tyske troppane i
Finland seg tilbake til Finnmark. Etter kvart som dei sovjetiske
soldatane kom etter drog tyskarane vidare sørover. Dei nytta seg
av ”den
brente jords taktikk”. Dei brende hus, hamneanlegg, dei øydela
vegar, og
folket vart tvangsflytta sørover. Det var ikkje lett å flytte
frå heimplassen sin. Fleire gøymde seg for tyskarane den
dagen dei skulle hentast. Fjellholer, hytter på fjellet og gruver
vart tilhaldsstad for fleire. I Bjørnevatn
gruver ved Kirkenes hadde mange menneske gøymt seg og eit heilt
samfunn vart organisert. Til og med born vart fødde her inne. I
oktober 1944 kom russiske soldatar til Kirkenes
og dei som budde i gruva var fri.
Ikkje alle som ville kjempe mot tyskarane rømte vestover. For folk i Finnmark var vegen mykje kortare til Sovjetunionen. Dei fekk opplæring i Sovjetunionen og kom tilbake for å spionere bak dei tyske linene. Det var helst meldingar om den tyske skipstrafikken. Tyskarane hadde fleire krigsskip i området på grunn av konvoi-farta til Murmansk og allierte krigsskip i Nord-Atlanteren. Mange tyske skip vart søkte på grunn av denne spionasjen. Desse agentane vart kalla partisanar. For mange vart opplæringa i Sovjetunionen ei personleg tragedie. Etter krigen vart dei mistenkte for å vera agentar for Sovjetunionen.
Då kong Harald reiste på signingsferd rundt om i landet ba han desse menneska om orsaking på vegne av Norge.
|
 |
|
16. Tysk kapitulasjon Det best kjende av alle fotografi frå maidagane. Tyskarane gir frå seg Akershus festning til ein representant for Milorg i Oslo. 8. mai 1945 kapitulerte tyskarane. Det var fred i Norge! Det norske flagget kom raskt fram frå gøymestadane. Frigjeringa gjekk fredeleg for seg. Mange var redd for kva som kunne ha skjedd. ”Festung Norwegen” var av Hitler rekna som eit ”lagnadsområde”, eit område der krigen skulle avgjerast. Derfor var det over 400.000 tyske
soldatar i Norge då krigen var slutt. Dersom dei hadde fått ordre om å kjempe vidare, kunne det bety at Norge ville blitt øydelagt, Mange menneskeliv kunne gått tapt.
|
 |
|
17. Kongen kjem attende Fem lange krigsår er over, og kong Håkon kjem tilbake til Norge. Det var det same skipet ”Devonshire” som kom tilbake med kongen, som tok han med over til England. På dagen fem år etter at han måtte reise frå Tromsø. Det vart ei paradeferd opp Karl Johan til slottet.
I Norge var det fest.
|
 |
|
18. Krigsoppgjeret
Også i vårt land kom det til eit krigsoppgjør. Særleg
Gestapo, og fleire norske nazistar, hadde utført terror og tortur.
Tusenvis av nordmenn hadde enda i fengsel eller i tyske konsentrasjonsleirar.
Ikkje alle fekk oppleve freden. Quisling hadde heilt sidan 1940
prøvt å kome til reell makt i Norge. Med statsakta
på Akershus i 1942 prøvde han på nytt. Enno ein gong greidde tyskarane
å få spelt han ut over sidelinja. Men han fekk tittelen ”ministerpresident”
og vart sjef for ei ”nasjonal
norsk regjering”.
Då krigen var over vart Quisling og fleire av ”statsrådane” hans
arresterte. Quisling vart dømd til døden. Farlegast for heimefronten
i Norge var norske angivarar.
Dei som var mest berykta var Rinnan-banden, eller ”Sonderabteilung
Lola”, leia av
Henry Rinnan. Rinnan-banden sine medlemmar dreiv infiltrasjon
av norske motstandsgrupper. Banden både torturerte og drap fangar.
|
 |
|
19. Jødane under krigen Eit av punkta i nazismen var at jødane var ”undermenneske”, og ”den endelege løysinga” var å utrydde jødane. Det er ei kjensgjerning at
norske styresmakter gjorde svært lite for å hindre at norske jødar vart registrerte. Då var det lett for tyskarane å organisere massearrestasjon på jødar. Norsk statspoliti hjelpte tyskarane med dette, og berre få av dei greidde å røme unna. Dette var i 1942. 759 jødar vart sende til
Auschwitz, og berre 25 overlevde. Både i Danmark og Finland hjelpte styresmaktene til med å redde jødane.
|
 |
|
20. “Tyskertøsene” Mange norske jenter forelska seg i tyske soldatar som kom til landet. Kanskje ikkje så rart. Langt dei fleste tyske soldatane var unge menn som var kommandert hit til landet. Meir enn
8000 kvinner fekk barn med tyske soldatar under krigsåra. Frå tysk side vart dette oppmuntra.
Desse borna skulle vera ryggrad i eit framtidig tysk rike. Dei fleste var saman med mødrene sine, men det hende og
at borna vart tekne frå mødrene sine og plasserte på tyske institusjonar. Nokre tusen kom til verda på Lebensborn-heimar, og fekk adoptivforeldre.
Desse jentene vart stempla som ”tyskertøser”, og fekk det ikkje lett etter krigen. Eit heilt land såg ned på dei. Fleire reiste til Tyskland
etter krigen saman med den mannen dei hadde vorte glad i, men ville dei flytte til Norge seinare, fekk dei ikkje det norske passet sitt tilbake. Noko som er vanleg for andre i ein liknande situasjon.
Men enno verre har det nok vore for mange av tyskarborna, eller ”skammens barn”,
som dei vart kalla. Når ein høyrer historia til fleire av desse, så forstår ein ikkje at nordmenn kunne vera så hjartelause. ”Defekt avkom” vart borna kalla av helsepersonell. Ei kvinne som i dag fortel si historie,
fortel om då ho måtte bu i hundehuset på julaftan. I desse dagar reiser nokre av desse borna sak mot den norske stat for å få erstatning for dei lidingar og plager dei har opplevd gjennom heile sitt liv.
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|