|
|
 |
|
BILETKUNST I NORGE FRÅ 1940-45:
2. verdskrig og Hitler sitt ønske om å legge Europa under Tyskland ramma nesten alle landa i verdsdelen, også Norge. Dette sett preg på norsk kunst og
kulturliv på mange måtar.
Fleire kunstnarar markerte seg i kampen mot nazismen ved å la vere og delta på offentlege utstillingar, nokre brukte kunsten som våpen og arbeidde i smug, andre verva seg
som soldatar eller dei reiste frå landet.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Reidar Aulie
Reidar
Aulie måla biletet "9. april 1940". Biletet fortel
om ei trist hending i eit trist landskap. Fargane og komposisjon
i biletet dreg blikket mot flagget. Aulie ville truleg fortelje
om invasjon i Norge, ei trist hending som burde samle folket. Arne
Engelstad (1945) skriv i boka, Interart, at biletet vart trykt opp
i åra etter krigen og mangfoldiggjort nærmast som eit ikon. På den
måten kan det samanliknast med Inger Hagerup, Arnulf Øverland og
Nordahl Griegs sine krigsdikt. Det er nyleg kome ut ei bok i ein
kunstserie som viser dikt og bilete av Nordahl Grieg og Reidar Aulie,
redigert av Beate Lønne Christiansen. Boka inneheld fleire av Aulie
sine bilete måla under 2. verdskrig.
Både Reidar Aulie og Sigurd Winge provoserte nazistane og kunsten deira vart forboden under krigen.
Sigurd Winge Sigurd Winge (les
om om
tendenskunst) var påverka av tysk ekspresjonisme og høyrde til ei
gruppe som blei kalla 30- talet sine modernistar. Den tyske kunstnaren, Rolf Nesch, var med å prege dei norske kunstnarane som arbeidde i eit moderne, ekspresjonistisk formspråk. Dei
brukte nye teknikkar, nye materialer og bileta hadde ofte grove og stofflege uttrykk. Winge sitt bilete frå 1942, " Adam og Eva flyktar frå Telemark", er eit materialbilete av to figurar i flukt.
Fleire av dei kjende norske kunstnarane henta motiva sine frå Telemark. Mellom anna Henrik Sørensen. Dei var opptekne av å dyrke det nasjonale og dei såg på landsdelen som det ekte
norske. Kva kunne vere grunnen til at Winge brukte denne tittelen på biletet?
Rolf Nesch
Rolf Nesch var tysk kunstmålar som flykta til Norge då Hitler tok makta i Tyskland i 1933.
Nesch var
ekspresjonist og stor beundrar av
Edvard Munch og kanskje var det litt av grunnen
til at han kom hit. Han var modernist, ein dyktig grafikkar og er kjent for sin spesielle teknikk, men han fekk ikkje gode arbeidsforhold i sitt nye heimland. Då krigen kom vart han kalla til
krigsteneste av tyske styresmakter. Men i 1943 vart han påkøyrd av trikken og blei ikkje soldat etter ulykka. Etter krigen vart Rolf Nesch norsk statsborgar.
 |
I Tyskland vart mange av modernistane forfølgde m.a. kunstnarane Kurt Schwitters og Bruno Krauskopf som kom til Norge ilag med Rolf Nesch i 1933.
I Ålesund Kulturhus
heng Sigurd Winge si 30 meter lange båtfrise. Winge laga dette kunstverket etter å ha opplevd sildefiske på Mørekysten saman med Rolf Nesch og Olav
Strømme. Dei tre kunstnarane deltok i konkurransen om utsmykkinga av
Oslo Rådhus. Båtfrisa var med på Verdsutstillinga i New York i 1939. |
 |
|
|
 |
 |
|
Nasjonalgalleriet i Oslo
Nasjonalgalleriet
i Oslo fekk ein nazi-venleg direktør, Søren
Onsager. Han stod bak utstillinga "kunst
og ukunst" i 1942 der nazikunst var kunst og moderne kunst
var " ukunst". Fleire norske kunstnarar lot vere å stille
ut arbeida sine etter denne utstillinga.
Nasjonal samling med Vidkun Quisling som leiar, utnytta nasjonalkjensle, familieverdiar og tradisjon i sin propaganda. Det vart laga fleire hundre NS-plakatar.
Heimefronten Heimefronten var namnet på motstandsrørsla under krigen. Det vart sett i gong aktivitetar som
skulle hindre Nasjonal Samling å få til ei nasjonalistisk samfunnsform i Norge. Folk reiv ned plakatar og heldt pipekonsertar utanfor NS-møter. Dei song "Ja, vi elskar" og gjekk med raud topplue. Aasmund Lægreids forlag i Stavanger laga ein serie julekort der alle figurane hadde
raud nisselue og eit av korta hadde H7-symbolet til ære for kongen. Flagget var også eit sentralt symbol.
Hannah Ryggen
Hannah Ryggen deltok i motstandsrørsla. Ho reagerte på det som skjedde i
samtida mot vold og overgrep under 2. verdskrig. Ho uttrykte forakt for diktatorar som Hitler, Mussolini og Franko. Formspråket hennar var ekspresjonistisk og ho brukte veven som uttrykksmiddel. Då Rolf Wickstrøm og Viggo Hansteen vart stilt for tysk rett og skotne samtidig med at tyskarane
hadde erklært unntakstilstand i 1941, sette ho seg i veven for å vise sin reaksjon på hendinga. Teppet "Freiheit" taler for seg sjølv. " 6. okt. 1942",
"Grini, 1945" og " Den fortapte sønn" er alle teppe der innhaldet er hendingar frå krigen.
I teppet "6.oktober 1942" ser vi Churchill i midten og familien Ryggen i båten, ei biletleg
framstilling av draumen dei hadde om å reise over havet til England. Dei raude rosene over ei båtform som liknar meir ei kiste fortel kanskje kvifor dei blei verande på Ørlandet til krigen var
slutt. Mange miste livet under Englandsfarten.
 |
I 1964 deltok Hannah Ryggen på Bienalen i Venezia og på Statens Haustutstilling. Det året kjøpte Nasjonalgalleriet eit av teppa hennar.
Arne Ekeland Arne Ekeland måla biletet "Kampen" som heng i Nasjonalgalleriet, og biletet,"
Budskapet" frå 1940 høyrer til Rogaland Kunstmuseum. Ein stor norsk kunstnar som aldri fekk dei store offentlege oppdraga. Utstillinga "De siste skudd" i
Kunstnernes Hus i 1940, opna samtidig med at tyskarane tok Norge.
Kunstnaren vil bli heidra i eit komande Ekeland-senter om planane vert realiserte. Akershus fylkeskommune støttar prosjektet økonomisk. |
 |
|
|
 |
 |
|
Illegale aviser Mange born var med i motstandsarbeidet, dei var m.a. med å lage illegale aviser. Ungguten Joakim Grøgaard var Grini-fange og teikna mange av medfangane sine.
Han teikna m.a. Tor Bjerkedal frå Oslo, som var15 år då han vart arrestert. Arrestasjonsgrunnane var avis og Milorg.
Andreas Hauge laga mange teikningar og illustrasjonar med tekst som fortel om
krigshandlingane i Sør- Norge. I 1960 kom boka, "1940 Frå kampane i Norge" som viser Hauge sitt arbeid.
Under krigen var det liten aktivitet innafor både arkitektur, skulptur og design
. Det som vart bygt og produsert var oftast på oppdrag og betalt av tyskarane. Dei som tente på dette vart kalla for krigsprofitørar.
Moteklede Vidareutvikling av moteklede var utenkjeleg med stoffmangel og rasjoneringsreglar,
men folk var flinke med omsying. Damekleda var enkle, men kledelege. Smale fasongar med markerte skuldrer og knekorte skjørt. Herreantrekket hadde
dobbeltspent jakke utan vest. Vide bukser med oppbrett. Filthattar, alpe- eller skuggelue. Skoa var lave og robuste og hadde tresolar.
Den mest brukte oppskriftsboka for strikking var laga av Anniken
Sibbern med mønstre inspirerte frå Fana, Selbu og Setesdal.
Jødisk kunst Før krigen braut ut budde det ca. 1800 menneske med jødisk tilknyting i Norge. Vel
halvparten klarte å røme til Sverige og Finland. Men 760 norske jødar vart arrestert og sende til Auschwitz, av desse var det berre 25 som kom attende til Norge. Heile familiar vart utsletta
i gasskammer av nazistane.
Anselm Kiefer
(1945) har vore ein sentral kunstnar i utviklinga av tysk etterkrigskunst
både nasjonalt og internasjonalt. Han var oppteken av at tyskarane
skulle ta eit oppgjer med nazismen. Fleire av måleria hans frå 1970-talet
viser det. Han var også oppteken av mytologiske emne, særleg frå
hebraisk og egyptisk kultur.
Kiefer sine verk fungerer, dei er monumentale kunstverk og fylde av kjensle og det blir eit møte mellom kunstverket og den som ser.
Skulpturen "Zweisland" 1985-1990 står i Astrup Fearnley Museet. Ei stor
bokhylle med 200 blybøker på 300 kg. kvar. Dei fleste bøkene inneheld manipulerte bilete, foto av jorda si overflate. Andre bevarer organiske stoffer,
det kan vere leire, erter. hår, strå og liknande, alt som dannar grunnlaget for livet. Men ikkje alle bøkene har innhald, nokre er tomme. Desse bøkene kan
fortelje oss om alle dei jødane som vart forfølgde under andre verdskrigen.
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|