|
|
 |
|
FEM MØRKE ÅR FOR LANDET VÅRT:
I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnende trær. Men nettopp i denne timen vet vi hva frihet er. Der stiger en sang over landet, seirende i sitt språk, skjønt
hvisket med lukkede leber under de fremmedes åk. Det fødes i oss en visshet: frihet og liv er ett, så enkelt, så uundværlig som menneskets åndedrett.
- Nordahl Grieg -
|
|
|
 |
|
17. mai 1940 las diktaren
Nordal Grieg dette diktet på radioen frå Tromsø. Nordal Grieg ber alle i landet om å kjempe mot den tyske
okkupasjonsmakta. 9.april gjekk Tyskland til åtak på Norge. Denne maidagen var berre delar av Nord-Norge framleis eit fritt land.
Nordal Grieg var ein av dei norske forfattarane som arbeidde for Norge utanfor
landegrensene. Han reiste til London saman med konge og regjering, og ofte vart dikta hans lesne opp i dei norske sendingane frå BBC. Nordal Grieg arbeidde som journalist under
krigsåra, og han misste livet då han var med på eit alliert bomberaid mot Berlin i 1943.
Sigrid Undset gjorde det same. Ho reiste rundt i USA og talte Norge si sak der.
|
 |
|
|
 |
 |
|
“Nyordning” Krigsåra var naudsår for dei fleste, og skikkeleg mat var mangelvare . Det var forbod mot å gå ut om natta, og ein måtte blende for vindauga når det var mørkt. Gjennom
heile okkupasjonstida kravde tyske, og dei norske nazistyresmaktene at alle nordmenn skulle støtte nazismen.
I aviser ”Nyordning”
vart dette kalla. Aviser, blad, bøker, teater, radio, film, skule og kyrkje, alle skulle støtte nazismen. Aksjonar mot forlag, bokhandlarar og forfattarar tok til med ein gong tyskarane kom til landet. All antinazistisk litteratur av norske forfattarar vart forbode, og alle bøker av jødiske forfattarar skulle fjernast. All russisk litteratur vart og forbode, og streng sensur ramma mange amerikanske og britiske forfattarar. Til og med mange av dei tyske forfattarane vart sensurerte. Forlaget til arbeidarrørsla, Tiden, fekk øydelagt boklageret sitt på over 600.000 bøker.
”Nyordninga” gjekk hardt ut over norsk presse. I 1940 hadde Norge 260 aviser. Heile 110 av desse avisene vart stansa av den tyske
okkupasjonsmakta. Mellom dei så og seia dei fleste AP-avisene i landet. Storavisa ”Aftenposten” fekk nazistisk redaktør.
I staden dukka det opp fleire illegale aviser. At ei avis var illegal vil seie at den var
hemmeleg, og desse avisene var ein viktig del av motstandsarbeidet under krigen, dei heldt folk i Norge orientert om korleis situasjonen var ute i Europa. Spesielt fortalde dei om tyske
nederlag, og allierte sigrar. Den nazistiske informasjonen var ofte langt unna sanninga. Ein trur at mellom 10000 – 20000 personar var med på arbeidet med illegale aviser, alt frå skriving,
trykking og distribusjon. Slikt arbeid var strengt forbode, og dei som var med kunne få strenge straffer.
 |
|
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
|
Kulturlivet vert nazifisert Vekeblada vart og nazifiserte, og fekk naziredaktørar. Teatra fekk og nazistiske leiarar, men måtte innstille mykje av verksemda si. I Trondheim vart
teatersjefen skoten av nazistane. Framsyningane vart boikotta av vanlege folk.
På revyteateret Edderkoppen i Oslo stod Leif Juster på scena og sang visa ”Det er
det vi går og venter på”. Den tyske sensuren godtok forklaringa om at det var dei gode tidene etter ein tysk siger som folk venta på, men publikum var ikkje i tvil om
kva som var bodskapen i visa. Sjølvsagt at den tyske okkupasjonen snart måtte ta slutt.
Nazifisering av skule og kyrkje
Det gjekk ikkje heilt greitt å nazifisere det norske samfunnet. NS la vekt på å nå fram til ungdommen, og til det måtte dei ha hjelp av skuleverket. Lærarane vart bedne om å melde seg inn i Nasjonal Samling sin lærarorganisasjon. Dei aller fleste av lærarane nektar, og dei vart
arrestert. Ca. 1000 lærarar. Av dei vart over 500 deportert til Kirkenes på tvangsarbeid. Etter månader med hardt arbeid vart dei sette fri. Quisling ynskjer at ungdommen skal melde seg inn i NS–fylkingen, ein ungdomsorganisasjon i regi av NS. Foreldre over heile landet protesterte, så dette let seg ikkje gjennomføre.
Kyrkja
var sjølvsagt mot at nazismen skulle verta kyrkja sin bodskap. I Trondheim nekta domprost Arne Fjellbu å halde gudsteneste, og for det vart han
arrestert. Biskopane la då ned embeta sine, og prestane og kyrkjelydane fylde etter. Prestane heldt fram med sitt arbeid, men nekta å ta i mot lønn frå staten. Dei
klarte seg med privat støtte. NS svarte med å avsette ein del prestar, og fekk sine folk på preikestolane.
Nazifisering av organisasjonar
Denne nazifiseringa prøvde tyskarane å gjennomføre i alt organisasjonsliv, LO og idretten t.d. Det vart til og med avvikla illegale fotballkampar. 1942 og
1943 er vel dei åra desse framstøyta er på det sterkaste. Nazifiseringa fører til at motstanden mot NS, og dermed tyskarane, aukar. Terboven likar ikkje alt Quisling og hans ”ministrar” gjer. |
 |
|
|
 |
 |
|
Viktige forfattarar
Leselysta var stor under krigen. Dei
fire store i norsk litteratur vart henta fram frå hyllene, i
lag med mange andre forfattarar. Sjølvsagt også morosame forteljingar,
saman med kriminallitteratur og kjærleiksromanar.
Bøker om matstell og saum var populær
litteratur. Det hadde folk bruk for i kvardagen. Det vart populært
å gå på kino,
sjølv om det vart vist tyske filmar. Heimefronten hadde bede folk
la vere det, men folk gjekk likevel. Ein fekk heller hoste godt
og lenge under forfilmen med nazipropaganda.
I eit samfunn der diktatur er styreforma, vil mange finne ein måte å syne si
misnøye på. Dette gjorde norske forfattarar i stor grad. Nokre våga å ope kritisere tyskarane, og skreiv om at andre tider snart måtte råde. Andre var
meir forsiktige i sine skriverier. Alle visste dei at om kritikken mot tyskarane var sterk nok, kunne dei misse livet.
Ingeborg Refling Hagen skreiv om
dansketida, og fekk skriveforbod. Kvifor? Jau, når ho skreiv om danske futar som pinte ut det norske folk, ja, så forstod alle at ho samanlikna dei med tyskarane. |
 |
|
” Kom vestanstorm, på breide vengjer frå salte vestersjø, kom varm og våt og mektig til landet under snø. Her tyngjer fonn, her stengjer svell – Kom vestanstorm, med døn og smell
og føys den kalde klaken frå gråberg og frå bø.” (Rangvald Vaage)
|
 |
|
|
 |
 |
|
Motstandsdikt Dikt var ein fin måte å yte motstand på. Dikt på rim er lett å hugse, så kunne ein kviskre dei vidare. Dikt tek liten plass, då er dei lette å gøyme. Vart nokon teken med ein
lapp med dikt på, var det lett å putte den i munnen og svelgje det. Tyskarane fann det ikkje.
At dikt var viktig for motstandsarbeidet forstår ein når ein les Inger Hagerup sitt dikt, Aust- Vågøy, mars 1941: |
 |
|
”De brente våre gårder. De drepte våre menn. La våre hjerter hamre det om og om igjen. La våre hjerter hugge med harde vonde slag: De brente våre gårder. De gjorde det i dag.
De brente våre gårder. De drepte våre menn. Bak hver som gikk i døden, står tusener igjen. Står tusen andre samlet i steil og naken tross. Å, døde kamerater, de kuer aldri oss”.
|
 |
|
Tyskarane hadde sett fyr på fiskeværet Aust–Vågøy som hemn for allierte aksjonar i Lofoten. Diktet til Inger Hagerup vart spreidd i løynd, og i mørke kveldar las folk dette for kvarandre.
Knut Hamsun
Når ein tek opp norske
forfattarar under krigen må ein og ta med Knut
Hamsun(1859-1952). Han støtta nazismen og Hitler. I 1920
hadde Knut Hamsun fått Nobelprisen
i litteratur, og får du den så er du ein forfattar i verdsklasse.
Hamsun hadde fått prisen først og fremst for boka ”Markens
Grøde”(1917), som handlar om Isak Sellanraa. Isak Sellanraa
er ein einstøing som dyrkar jorda og lever i pakt med naturen. Hamsun
kritiserte i denne boka det moderne industrisamfunnet. Han var mot
pengar, handel og turisme. Han kritiserte ope engelskmennene, som
han meinte var dei som stod bak det moderne samfunnet.
Men i Tyskland fann han ei stor lesarskare til bøkene sine, og her vart han teken i mot som ein
viktig forfattar. Og då Hitler kom til makta i 1933, tok Hamsun ope parti for nazismen. Då dei
tyske troppene okkuperte Norge, meinte han at nordmennene burde gi opp kampen mot den tyske overmakta, og bli ein del av det tredje riket. I 1943 møtte Hamsun Hitler, men møtet
vart ein fiasko. Hamsun prøvde å gjera Hitler merksam på tilhøva i Norge, og på korleis Terboven styrte her i landet. Hamsun var ikkje stø i det tyske språk, og han var nesten døv. Så han fekk ikkje Hitler i tale.
Jan
Troell sin film ”Hamsun”
(Frå 1995/96) prøver å gi oss eit svar på spørsmåla rundt Hamsun
og andre verdskrig. Skodespelarane Max von Sydow og Ghita Nørby
gjer filmen svært sjåverdig. Etter krigen gir Hamsun ut boka ”Paa
gjengrodde stier” der han prøver å forklare si rolle under
krigsåra, og korleis han opplevde landssvik-oppgjeret mot seg sjølv. |
 |
|
|
 |
 |
|
Krigstida i litteraturen Naturleg nok handla mykje av litteraturen dei første åra etter 1945 om krigen, og heilt fram til i dag kjem det stadig ut nye bøker som omhandlar
krigsåra. Bøkene som omhandlar krigen kan delast inn i tre grupper :
1) Psykologiske romanar som handlar om kvifor nordmenn vart nazistar eller gjekk i tysk teneste. Her kan nemnast ”Møte ved milepelen” av Sigurd Hoel og
Lillelord-trillogien av Johan Borgen. Andre forfattarar som også skriv om dette emnet er Aksel Sandemose, Ronald Fangen og Kåre Holt. Også dokumentarboka ”Hvem var Henry Rinnan” må plasserast i denne gruppa.
Forfattaren, journalisten Per Hansson, prøver å forstå den psykologiske bakgrunnen for ein av dei verste norske torturistane i tysk teneste.
2) Meir eller mindre biografiske eller dokumentariske romanar og forteljingar om korleis folk hadde det under krigen,. ”Englandsfarere” av Sigurd Evensmo vart på nokre
månader ein salgssuksess, og den boka er filma. Torborg Nedreaas og Sigurd Hølmebakk skriv begge om korleis krigskvardagen var.
3) Den største og mest populære gruppa, er dagbøker og sanne historier om kamphandlingar og opphald i fangeleirar og konsentrasjonsleirar. Menneske som hadde
opplevd kamphandlingar, vore med på sabotasjeaksjonar eller flyktningtransport skreiv om det dei hadde vore med på, eller dei fekk andre til å hjelpe seg med skrivinga.
Ei av dei mest leste bøkene ”Ni liv” av
David Horwath, er forteljinga om motstandsmannen Jan Baalsrud si flukt frå tyskarane. Boka er filma, og filmen vart nominert til Oscarprisen.
Filmen vart i 1991 kåra til ”tidenes beste norske film”. Journalisten
Per Hansson skreiv også historia til familien Morset, som var aktive motstandsfolk i Trøndelag under krigen. ”- og tok de enn vårt liv
” heiter boka. ”Det største spillet” om motstandsmannen Gunvald Tomstad, og ”Hver tiende mann måtte dø
” er også bøker skrivne av Per Hansson. Den siste handlar om norske sjøfolk sin innsats under krigen.
Det vart skrive dagbøker
under krigen. Ei ung jødejente kom frå Austerrike til Norge i 1939. Ho heitte Ruth Maier, og ho skreiv om opplevingane sine i Oslo. Då tyskarane arresterte
norske jødar var ho mellom dei. Ho vart myrda i ein tysk konsentrasjonsleir. Etter krigen vart dagboka hennar offentleggjort. Ei gripande bok er ”Petter Moens dagbok”. Han sat i einecelle
og skreiv dagboka si på dopapir. Den vart funnen i cella hans etter krigen, men då var Petter Moen død under ein fangetransport til Tyskland.
Den best kjende dagboka frå krigen er ”Anne Franks dagbok” Det er historia
om den jødiske jenta Anne Frank frå Nederland. Ho måtte gøyme seg for tyskarane, og saman med fleire andre i same situasjon, gøymde dei seg på eit loft
i Amsterdam då jødeforfølgingane tok til der i 1942. Her levde dei i to år til dei vart oppdaga av nazistane og sendt i konsentrasjonsleir. Anne Frank vart sendt
til leiren Bergen – Belsen, der ho døydde to månader før Nederland vart fritt.’
Tarjei Vesaas sin roman ”Huset i mørkret”, som kom ut i 1945, er og ei
skildring av krigsåra i Norge. Gjennom symbolbruk vil han få fram situasjonen i landet vårt desse fem åra. Huset har mange rom, korridorar og kjellarar. Lysande
pilar viser veg til midten av huset. I midten bur makthavarane, dei namnlause. I huset bur og motstandsfolk, og mellom dei råder avmakt og angst. Dei kjenner at huset skjelv og knirkar av ein lydlaus storm.
Gjennom heile krigen las nordmenn mykje, og leselysta minka ikkje då freden kom. Alt i 1945 kom det ut 500 skjønnlitterære bøker av norske forfattarar. I 1939 var talet berre 250. I 1946
kom det ut 570 norske bøker. Det er eit svært høgt tal. |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|