|
|
 |
|
VIKTIGE HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA:
Då krigen var over, stod store oppgåver i kø for landet vårt. Dei krigsherja strøka i landet måtte byggast opp att. Finnmark, Nord-Troms og ei
rekkje byar og tettstader var øydelagde. Det var husmangel over heile landet. Kommunikasjonsmidla var nedslitne, det same var heile vårt produksjonsapparat – dvs. all vareproduksjon – og alle varelager
var tomme. Det gjekk lang tid før folk i landet kunne kjøpe det dei ville. Varemangelen var så
stor at det var rasjoneringskort på nesten alle varer: kjøt,
fisk, mjølk, ved, klede, sko, tobakk og
brennevin.
|
|
|
 |
|
Dei siste rasjoneringane på matvarer vart oppheva i 1952, men for andre
varer gjekk det enno lenger tid. Bilar kunne ein ikkje kjøpe fritt i Norge før i 1960. Så då den første båten med bananar la til kai i Oslo etter krigen,
var den mest populære songen i Norge. ”Det kommer en båt med bananer”.
Regjeringa førte ein reguleringspolitikk, der verkemidla var, ved sida av rasjoneringa, import- og eksportkontroll, valutastyring og priskontroll. Det største problemet for staten, kommunene, bedrifter og einskildpersonar var å skaffe pengar til all investering som måtte til.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Marshallhjelpa Marshallhjelpa frå USA (sjå
historie verda) hjelpte oss å bygge opp att landet. Vi fekk 2500 millionar kroner frå USA i perioden 1948-1951. Då hjelpa kom var Norge i store økonomiske vanskar, men etter fem år var
”bedrifta Norge” på fote att og på full fart framover. Så utan denne hjelpa hadde utviklinga i Norge i åra etter krigen gått mykje saktare.
Marshallhjelpa,
og dei vilkåra som var knytt til denne hjelpa, førte likevel til
politisk debatt. Dei politiske partia hadde ulike syn i saka, og
skillelinjene gjekk mellom høgre- og venstresida i norsk politikk.
Arbeiderpartiet og landsfaderen Arbeidarpartiet kom i regjeringsmakt i 1935, og Londonregjeringa under krigen var og ei
Arbeidarparti-regjering. Då krigen var slutt, var det seks politiske parti i Norge: Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiskeparti på den sosialistiske sida, og Høgre, Venstre,
Bondepartiet (seinare SP) og Kristeleg Folkeparti. Dei første månadene etter frigjeringa vart landet styrt av ei samlingsregjering, leia av
Einar Gerhardsen. Han var frå Arbeidarpartiet og
hadde spela ei viktig rolle her heime under krigen. Hausten 1945 vart det halde val, og Arbeidarbartiet vann valet og sat med regjeringsmakta heilt fram til 1965. Fram til 1961 sat dei
med reint fleirtal i Stortinget. I 1963 miste dei regjeringsmakta, men berre for ein periode på tre veker (sjå Kings Bay-saka).
Einar Gerhardsen var statsminister i Norge i nesten 17 år. Unnateke ei
periode på 1950-talet. Han er den politikaren som meir enn nokon annan har prega norsk etterkrigstid. I og med at Arbeidarpartiet hadde Stortingsfleirtalet bak seg, kunne partiet åleine utforme norsk politikk, og
når Gerhardsen sat som partileiar, forstår vi at han har hatt mykje å seia for utforminga av politikken. |
|
|
 |
 |
|
Klikk her for å kome til historiske tabellar og oversikter over vala frå 1945 og fram til i dag!
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Norsk utanrikspolitikk
”Aldri
meir 9.april”. Dette var synet til mange i Norge
etter krigen. Norge måtte ikkje bli teke på senga ein gong til.
Arbeidarpartiet sin utanriksminister under krigen, Trygve
Lie, fekk jobben som FN sin første
generalsekretær. I dei første åra etter krigen, satsa Norge på FN
som garantist for fred.
Norge hadde sterke band både til Storbritannia (krigssamarbeid),
USA (Marshallhjelpa) og til Sovjetunionen (krigssamarbeid) etter
krigen. Etter som åra går ser ein at det har utvikla seg til strid
mellom USA og Sovjetunionen. Den
kalde krigen hadde teke til. Spørsmålet blir no: Korleis
skulle norsk utanrikspolitikk vera?
I 1948/49
vart det diskutert både eit
nordisk samarbeid og eit NATO-samarbeid. Det nordiske
forsvarssamarbeidet vert etter kvart lagt bort. Sverige var eit
nøytralt land, som ikkje ville ha tilknyting til anna vestleg forsvarssamarbeid,
og Finland hadde ein særavtale med Sovjetunionen. Norge, og særleg
Nord-Norge, har ei geografisk plassering nær Sovjetunionen som gjorde
at Norge valde å gå med i NATO-samarbeidet. Dei internasjonale konfliktane
i desse åra gjorde og at Norge
valde NATO. (Sjå
Historie verda) Utanriksminister Halvard Lange leia dei
norske forhandlingane, og då NATO-pakta tok
til å gjelde 24.august 1949, var både Norge og Danmark med der.
 |
Norsk tryggingspolitikk har vore bygd på prinsippa om avskrekking
og neddemping. Eit sterkt forsvar og medlemskap
i NATO skulle skremme Sovjetunionen frå å gå til åtak på Norge.
Neddempinga går ut på at Sovjetunionen veit at Norge ikkje gir nokon
løyve til å byggje framande basar på norsk jord, og at det heller
ikkje skal vera atomvåpen på norsk jord i fredstid. Dette vart kalla
basepolitikken. Diskusjonen om norsk NATO-medlemskap har halde på
heilt til i dag. |
 |
|
|
 |
 |
|
Økonomi og arbeidsliv Då rasjoneringa var over tidleg på1950-talet, var kjøpelysta stor. Folk handla mat, klede og kjøkkenreiskapar som aldri før. Det å få eit kjøleskap inn på kjøkkenet vart eit storhende i dei fleste familiar. No var det slutt på lunka mjølk med fløteklumpar i. Utover på 1950– og 1960- talet skjedde det ei storomlegging på dei fleste kjøkken. Kjøleskap, vaskemaskin, miksmaster og betre komfyrar gjorde husarbeidet lettare. Kvinnene sin arbeidssituasjon i heimen vart etter kvart lettare, men framleis brukte kvinnene like mykje tid til dette arbeidet. Den nye støvsugaren skulle også brukast! På noko lengre sikt fekk kvinnene frigjort meir tid. Skular, sjukehus og aldersheimar tok over ein del av kvinnene sitt tradisjonelle omsorgsarbeid. Nye offentlege barneparkar og barnehagar gjorde det etterkvart mogeleg for kvinnene å ta del i yrkeslivet.
Etter kvart auka varestraumen, og sal og marknadsføring vart viktige delar av dagleglivet. Dei aller første supermarknadsbutikkane kom til. Det første nummeret av ”Forbrukerrapporten” kom uti 1958. No var det ikkje lenger spørsmål om du fann ei vare i butikken, men at du valde rett vare.
Etter kvart som folk fekk meir pengar mellom hendene, begynte dei å
bruke pengar på ferie og fritid. Mot slutten av 1950-talet og utover i 1960-åra vart det moderne å dra på campingtur.
No fekk fjernsynsapparatet heidersplassen i mange norske stover. I 1960
starta dei første ordinære fjernsynssendingane i Norge. Signala nådde ut til 6000 apparat. Fem år seinare var talet oppe i 400000!
Som sagt var bustadmangelen stor over heile landet. Då Husbanken vart skipa i 1946, sette det fart i husbygginga. I Oslo gjekk OBOS / (Oslo bolig-
og sparelag) i gang med å planlegge nye bustadfelt. I 1958 stod den første
drabantbyen ferdig på Lamberseter.
Ved sida av Husbanken vart også Postsparebanken og Statens lånekasse for utdanning skipa. Desse tiltaka skulle sjølvsagt hjelpe folk, men det var og viktig for staten å skaffe seg
kontroll med utlån av pengar. Husk at Norge framleis var i ei oppbyggingsfase etter krigen, og at det var amerikansk Marshallhjelp som låg bak all framgang.
Norsk industri produserte varer som aldri før, skipsfarten gjekk godt, jordbruket utvikla seg, skogane vart betre utnytta, og store fiskemengder fanst i havet. |
 |
|
|
 |
 |
|
Industrien
Det store stridsspørsmålet i tida etter krigen var: I kor stor grad skulle staten eige og drive industriverksemder? Staten eigde fleire av dei store
industriverksemdene i Norge. Staten var eigar av aluminiumsverka i Årdal og i Sunndal. Det same var tilfelle for jernverket i Mo i Rana. Etter kvart overtok staten også store aksjepostar i Norsk Hydro og i A/S Sydvaranger
gruver. Det var strid mellom venstresida og høgresida i norsk politikk om dette spørsmålet.
Etterkvart som verdshandelen auka, vart konkurransen hardare. Handelsorganisasjonar som EF og EFTA vart oppretta (sjå
Historie verda). Dette får følgjer også for norsk industri, som vert organisert i større einingar for at effektiviteten skulle bli større. Dei multinasjonale selskapa finn ein etterkvart også i Norge. Slike selskap skaffa råvarar, teknikk og marknader
til norsk industri, t.d. i aluminiumsindustrien. Norge skaffa billeg elektrisk kraft til produksjonen.
Fleire norske industrigreiner fekk etterkvart problem, omstilling og konkurranse gjorde det
etterkvart vanskeleg for skotøy- og tekstilindustri. Staten prøvde og å hjelpe privat industri for at den økonomiske veksten skulle skje raskt. Dette gjaldt særleg skipsfart og kraftkrevjande
industri. På 1950-og 1960-talet voks talet på skipsverft raskt. På Sunnmøre har vi sett kor viktig verftsindustrien har vore, heilt frå mellomkrigstida og fram til i dag.
I 1951 vart ”Nord-Noreg” planen vedteken. Den gjekk ut på å støtte industri som ville etablere seg i Nord-Norge. Eit fond på 200 millionar kroner vart stilt til rådvelde, pluss
spesielle skattereglar for industri i nord. I 1960 kom og lova om Distriktsutbyggingsfondet, som samla all støtte til distrikta i eit fond. Det var stor semje i Stortinget om etableringa av dette fondet.
Skipsfarten Mellom 1949 og 1951 var det ikkje lov for norske reiarar å bygge skip i utlandet. Staten
måtte passe på at underskotet på betalingsbalansen med utlandet ikkje vart for stor. Etter 1951 vart norske skip bygt både i utlandet og her heime. Norsk skipsfart har til alle tider vore
avhengig av internasjonale konjunkturar, og etterkvart vart skip til å frakte olje med stadig viktigare. Skipa vart større og mannskapa mindre. Inn på 1960-talet begynte norske reiarar å bygge supertankarar heilt opp til 500000 tonn. Med dei store skipa auka faren for
oljekatastrofer.
 |
I etterkrigstida har den norske delen av all handelsflåte vore på ca.10 %, og dei norske reiarane har vore flinke til satse på spesialskip for å vera med i marknaden. Etterkvart har talet
på norske sjøfolk stadig minka sjølv om nye velferdsordningar stadig har kome til. Utviklinga har gått mot mange utanlandske sjøfolk og norske offiserar.
Jordbruket
Utover på 1950-talet begynte traktoren og mjølkemaskinene å gjere sitt inntog i jordbruket, og i dette tiåret vart maskinparken fordobla. Etterkvart vart dyra heilt borte frå mange gardsbruk, og
ein seier at jordbruket vart mekanisert og spesialisert. Bøndene spesialiserte seg på eitt eller få produkt. Nokre vart mjølkeprodusentar, andre dyrka korn og andre att vart kjøt- og
fleskeprodusentar. Slik spesialisering førte til at talet på arbeidskraft i jordbruket minka, men overskotet av arbeidskraft gjekk til industrien.
Dette var mønsteret på 1950- og 1960-talet. Rundt 1950 var 20% av den yrkesaktive befolkninga sysselsette i jordbruket, medan i dag er talet ca. 4 %. Ei slik spesialisering innan
jordbruket var heller ikkje tilfeldig, for staten støtta ei slik utvikling gjennom å gi økonomiske støtteordningar for denne utviklinga. Lønnsemda i jordbruket vart halden oppe ved subsidiar
og støtteordningar. I heile etterkrigstida har talet på gardsbruk gått drastisk ned, sjølv om ny dyrkingsjord har blitt broten opp, silo, kraftfor, kunstgjødsel, avlsarbeid med husdyr, foredling
av kornsortar har gitt høgare produktivitet i jordbruket. Det er småbruka som har vorte lagde ned, og dermed er det større bruk som er mønstret. Samtidig har landbruksnæringa bygt ut
organisasjonar til å ta seg av kjøp og sal, slik som meieri, fleskesentralar, eggsentralar og grønsaksentralar. Også når det gjeld innkjøp av fôr og maskiner, har bøndene organisert felles innkjøp.
Det har vore eit statleg mål etter krigen å halde oppe ein viss mat- og kornproduksjon her i landet. Det med tanke på sjølvberginga i ein krigs- eller krisesituasjon. |
 |
|
|
 |
 |
|
Fråflytting Utviklinga både i primærnæringane (jordbruk, fiske og skogbruk), industrien (sekundærnæringane) og i service-yrka (tertiærnæringane) har ført med seg endring
i busetjingsmønsteret. Talet på sysselsette i primærnæringane har gått sterkt ned. Særleg ungdommen fann det vanskeleg å skape seg ei framtid på bygdene. Arbeidsplassar, kommunikasjon og tenesteytande tiltak
mangla.
Utover på 1950- og 1960-talet satsa styresmaktene meir på å opprette store bygdesenter der tilboda fanst, enn å gi folk eit tilbod der dei budde. Ungdom frå utkantstrok i Nord-Norge og på Vestlandet
flytta ofte til Oslo-området. Oslo vart mellom anna den kommunen i Norge som hadde flest samiske innbyggjarar. Dei som vart verande att på bygdene, vart ofte dag- eller vekependlarar til større sentra. Korkje
Nord-Norge planen eller Distriktsutbyggingsfondet endra det faktum at mange flytta frå distrikta.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Skogbruk
Frå slutten av 1950-åra vart motorsaga teken i bruk i skogbruket, og hesten avløyst av traktor og lastebil. Maskiner som feller, kappar, kvistar og barkar
gjer i dag den jobben som tidlegare vart gjort for hand. Den gamaldagse tømmerfløytinga er det slutt på, og tog og lastebilar har teke over
tømmertransporten. Mekaniseringa førte til at mange skogsarbeidarar måtte finne seg anna arbeid. I dag er det berre ca. 6000 personar som har skogen som heiltidsarbeidsplass.
Ofte er skogbruk ei tilleggsnæring til jordbruket. Skogbruket er viktig for norsk eksportindustri, som produksjon av papir, tremasse og møblar.
Fiskeri
Fisket har til alle tider vore ein sentral næringsveg for heile norskekysten. Midt på 1950-talet gjekk det føre seg eit eventyrleg vintersildfiske utanfor Mørekysten. Silda forsvann delvis på
grunn av overfiske, men i dag er den komen tilbake, sjølv om mengdene er mindre.
Overfiske og tildeling av fiskekvoter har etterkvart vorte viktige stikkord for norsk fiskeripolitikk. Etter krigen fekk fiskarane
mange nye hjelpemiddel. Garn og snurpenot vart betre, og ekkolodd og asdic(sonar) auka fiskemengdene. Djupfrysingsteknikken gjorde det lettare å ta vare på og foredle
fisken. På land vart det bygt filetanlegg, fiskemjøl- og fiskeoljefabrikkar. I dag utgjer fiskarane berre 1 % av vår yrkesaktive befolkning, men fisk og fiskeprodukt er i dag ei av dei
viktigaste eksportvarene for landet vårt. Utan fiskeria ville livsgrunnlaget vera borte for svært mange menneske langs kysten, og fråflyttinga ville ha vore mykje større. Fiskeflåten har endra seg
etter kvart og i dag går mykje av fiskeria føre seg langt til havs. |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
10.01.04
|
|