|
|
 |
 |
|
BILETKUNST I ETTERKRIGSTIDA:
I tida etter krigen var det ein voldsom kamp kring den abstrakte kunsten. Slik kunst kan vere nonfigurativ eller vere oppbygd av formale verkemiddel. Dei
kunstnarane som arbeidde med eit abstrakt formspråk, ønska at bileta skulle verke på tilskodaren som musikalske uttrykk. Men kunstnarane kjempa for å nå fram med det abstrakte måleriet i Norge.
Inger Sitter henta impulsar frå popkunsten. I ein periode var ho særleg inspirert av Robert Rauschenberg. Ho studerte i Paris rundt 1950 og fekk interesse for abstrakt kunst. Etter kvart engasjerte ho seg i debatten i Norge. Inger Sitter var festspelutstillar i Bergen i 1966. Sitter hadde utstilling saman med Carl Nesjar, Halvdan Ljøsne og Gunnar S. Gundersen med fleire.
|
|
|
 |
 |
|
Gundersen
representerer ei anna abstrakt retning som vert kalla hard edge-kunst.
Denne kunstforma påverka minimalistane. Les meir om dette i neste
periode.
Halvdan Ljøsne, Roar Wold, Lars Tiller og Håkon Bleken var medlemmar i ei gruppe som arbeidde med eit abstrakt formspråk i Trondheim. Dei bygde opp biletet av firkantar. Denne kunsten vert omtala som abstrakt geometrisk kunst.
Utsmykking i Oslo Rådhus 15. mai 1950 var det offisiell opning av det nye rådhuset i Oslo på same dag som byen hadde 900-årsjubileum. Rådhushallen har eit stort areal som er utsmykka av fleire kjende kunstnarar. Dei henta motiv frå norsk historie, kultur og arbeidsliv og dei illustrerte hendingar frå krigen. Å dekorere offentlege bygg var ein måte å nå folket på. Det var særs viktig for sosialt engasjerte kunstnarar.
Alf Rolfsen har måla freskomåleri (murmåleri) av Sankt Hallvard. Legenda om Sankt Hallvard
er eit gjennomgangsmotiv i utsmykkinga. Ei frise (remse) med motiv henta frå norske næringsvegar og okkupasjonsfrisa er freskar måla av Rolfsen.
Henrik Sørensen har måla Nord-Europa sitt største store oljemåleri i hallen. Motivet er ”Folket i arbeid og fest”.
Per Krogh har dekorert eit av romma i tilknyting til bystyresalen med motiv frå by og land i dei
ulike årstidene. Arbeidet er prega av forteljeglede og det er rikt på detaljar. Krogh har hatt fleire offentlege utsmykkingsoppdrag.
Dagfinn Werenskiold har laga ei frise (remse) av kvadratiske
relieff i tre der han har skore ut motiv frå norrøn historie. Vi finn
mellom anna Tor, Odin, Balder og Sleipner som motiv. Frisa vert kalla
Yggdrasil (livstreet).
Frisa er måla i sterke fargar.
Minnedagen til Sankt Hallvard er 15. mai, same dagen som rådhuset i Oslo vart offisielt opna. Denne dagen er oftast merka på primstaven. |
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Arkitektur Då krigen var over i 1945, var gjenoppbygging av landet viktigare enn nytenking i arkitekturen. Bustadsituasjon i Norge vart oppfatta som kritisk. Med bustadmangelen frå
mellomkrigstida, liten byggeaktivitet under krigen og store øydeleggingar som følgje av bombing og brann, var det blitt eit underskot på om lag 100 000 bustadar.
Bustad som satsingsområde
Tida etter andre verdskrig var utbygging av bustadar eit satsingsområde. Norge har tradisjonelt hatt ein politikk basert på at alle skal eige sin eigen bustad. Takka vere Marshallhjelpa kom arbeidet raskt i gang. Politikarane såg på sosial velferd og økonomisk vekst som to sider av same sak. Lån til bustad etter behov vart viktig for at alle skulle ta del i velferdsutviklinga. Husbanken kom i 1946 og dei fleste husa vart finansierte gjennom den statlege banken.
Funksjonalistane i 50-åra Arne Korsmo var ein av dei leiande funksjonalistiske arkitektane i norsk arkitektur til langt inn i 60-åra. Han var ein av initiativtakarane til PAGON (Progressiv Arkitekt Gruppe Oslo Norge) ei gruppe arkitektar som ville ta opp igjen dei eigentlege ideane til funksjonalismen og vidareføre desse. Sverre Fehn, Geir Grung, P.A.M. Melbye og Christian Norberg-Schulz var med i gruppa.
Rundt 1950 arbeidde fleire norske arkitektar med dei same problemstillingane som arkitektar i til dømes USA. Der var to av dei mest kjende arkitektane i det tjuande århundre framleis aktive: Frank Lloyd
Wright og Mies van der Rohe. Ifølgje ein norsk arkitektur historikar kom desse to
til å påverke to ulike retningar som også fekk stor innverknad på norsk etterkrigsarkitektur.
 |
Frank Lloyd Wright var eksponert for ei organisk retning, der bygningane skulle tilpassast miljøet og baserast på bruk av naturlege materialar.
Mies van der Rohe var eksponert for ei teknologisk retning. Han var oppteken av at form og
funksjon skulle reduserast til stram romstruktur, medan bygget elles skulle vere systematisert etter tekniske kriteria. Kjell Lund og Niels Slaatto står bak fleire byggverk i Norge som
representerer den teknologiske retninga.
Erling Viksjø utvikla ein eigen teknikk, den såkalla "naturbetongen". Eit byggjemateriale som
vart produsert ved hjelp av singel og mørtel (sementblanding) som blei pressa saman til forskala former.
Tre som byggjemateriale Utover på 50-talet fortsette funksjonalismen å utvikle seg i arkitekturen. Nye materialar som
stål, glas og betong som kom med funksjonalismen i mellomkrigstida, vart helsa velkommen. Dei norske arkitektane tilpassa funksjonalismen til norske forhold mellom anna ved å bruke
tremateriale og naturstein. Kanskje mest til mindre hus og hytter. Dei fekk form som ein kube med store vindaugsflater i fasadane. Sjølve planløysinga var avhengig av funksjonen. Først
måtte ein finne ut kva romma skulle brukast til og så kunne konstruksjonen setjast i gong.
Sverre Fehn er ein kjend norsk arkitekt som viser at han har eit spesielt forhold til tre som
byggjemateriale. Han nyttar det mjuke, varme i ein trevegg framfor det harde, kalde i ein murvegg der forholda ligg til rette for det.
I
1958 deltok Fehn på verdsutstillinga i Brussel med ein paviljong i
tre, Paviljongen fekk tittelen, "Ein draum om treet". Den
var konstruert i laminert tre – det vil seie limt tre. Den samme konstruksjonsmåten
kan vi sjå på Domkirkeodden
i Hamar, her kombinert med naturstein, glas og betong.
Sverre Fehn har teikna Bremuseet i Fjærland (1995) og Aukrustsenteret i Alvdal (1996)
Kva trur du er årsaka til at arkitekten har valt så ulike materialer i desse to byggverka?
Knut Knutsen (1903–69) var arkitekt og ein stor beundrar av den unge Sverre Fehn. Begge
to brukte tre som byggjemateriale, men med svært ulike uttrykk. Frank Lloyd Wright sine idear om bruk av naturlege materialer og bygningane sitt forhold til naturen harmonerte fullt ut
med Knut Knutsen sine holdningar.
Knutsen henta impulsar frå gamle norske trehus, japanske papirhus og landsbyane i middelhavslanda. Han var oppteken av at bygningane skulle gå i ett med naturen for å
skjemme minst mogleg. Dette kan vi sjå i hans eige sommarhus i Portør. Huset viser nesten ikkje i det sårbare kystlandskapet. Mange besøkande har leita etter huset utan å finne det.
I Holmen kyrkje ser vi også samspelet mellom natur og arkitektur. Bygget si takflate folder seg utover mot sidene og går sakte mot bakken. Kyrkja ser ut til å "kvile" mot terrenget.
Per Cappelen og kona hans Molle, var elevar av Knut Knutsen. Dei brukte tre både i interiør
og eksteriør. I 1964 fekk dei Treprisen, ein pris som vart oppretta for å oppmuntre arkitektar til å bruke tre som byggjemateriale etter gamal skikk. Ekteparet fekk prisen mellom anna på
grunn av interiøret i Brumunddal kyrkje. |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
10.01.04
|
|