|
|
 |
 |
 |
|
Johan Borgen (1902-1979 ) er ein av dei forfattarane som er oppteken av kor viktig det einskilde mennesket sine val er. Dette får han fram i trilogien om Lillelord. Gjennom tre bøker Lillelord (1955 ), De mørke kilder (1956 ) og Vi har ham nå (1957 ), fylgjer vi livet til Wilfred Sagen. Ein overklasse gut som gjer sine val, endar opp som nazist under krigen, sjølv om han hjelper jødar over grensa til Sverige og tar til slutt sitt eige liv, for ikkje å bli arrestert av heimefronten i dei første fredsdagane. Han vil ikkje bli stilt til ansvar for handlingane sine.
Johan Borgen var og journalist i Dagbladet. Her skreiv han mange kåseri under psevdonymet Mumle Gåsegg. Han vart arrestert av tyskarane fordi han på mange finurlege måtar skreiv om motstandsarbeid. Det tok
tid før tyskarane forstod poenga hans. Han sat ein periode på Grini, og då han slapp ut måtte han flykte til Sverige.
Johan Borgen vert rekna som ein svært god novelleskrivar. Eit godt døme på det er novella
Av en født forbryters dagbok. Borgen var også ein framifrå radiokåsør. I meir enn ti år kåserte han kvar veke i radioprogrammet ”Søndagsposten”.
Torborg Nedreaas (1906-1987) er serleg kjend for bøkene om Herdis. I novellesamlinga Trylleglasset (1950 ), og romanane Musikk fra en blå brønn (1960 ) og Ved neste nymåne (1971 ), fyl vi livet til Herdis. Herdis er einebarn og einsam, og med det som utgangspunkt flyktar ho inn i si eiga fantasiverd. Vi fylgjer henne frå barn til vaksen, og vi får og lese om korleis det er å vera skilsmissebarn. Torborg Nedreaas gir oss ei god skildring av klasseskilnad i den perioden Herdis veks opp.
Tarjei Vesaas (1897-1970 ) skriv og om unge menneske som er einsame. Hovudpersonen i romanen Fuglane(1957 ), Mattis, er ein som heilt fell utanfor. Mattis har ei fornuft, men den er heilt annleis enn fornufta til ”vanlege” folk. Boka
endar med at Mattis døyr, og ein må stille seg spørsmålet om det ikkje er plass til ein som Mattis i vårt samfunn. Denne boka saman med Isslottet (1964 ), er nok dei mest lesne bøkene til Vesaas. Bøkene er også
filma. Ved sida av romanar, skreiv han dikt. Fleire av dei skildrar naturen i Vinje i Telemark der han var frå.
Vesaas er kjend for den spesielle skrivestilen sin; korte, enkle setningar med mykje
meining i. Nokre stader vert det han skriv kalla prosalyrikk. Vesaas vert rekna som ein av våre fremste etterkrigsforfattarar, og i 1963 fekk han Nordisk Råds litteraturpris.
Ein av dei forfattarane som det vart mest blest om på 1950-talet, var Agnar Mykle (1915- 1994). Han skreiv om erotikk og kjærleik, eit emne som folk sjølvsagt ville lese om. Romanen Lasso rundt fru Luna (1954), vart lest av mange. Men då Sangen om den røde rubin kom i 1956 gjekk det over alle støvelskaft. Forfattaren, forlagsdirektøren og styreformann i forlaget, vart alle tiltalt for brot på pornografiparagrafen. Under rettssaka som følgde, vart heile boka lest opp, og eit stort bevismateriale lagt fram. Det er sagt at rettslokalet såg ut som eit stort pornografiutsal. Forfattaren vart frikjend, og sjølvsagt vart rettssaka god reklame for boka då ein året etter fritt kunne kjøpe den i norske bokhandlar. 75000 eksemplar av boka vart selt det første året.
Ein forfattar som var sterkt oppteken av outsideren sin situasjon er Jens Bjørneboe (1920- 1976 ). Han kom sjølv frå ei velståande familie i
Kristiansand, men det tok ikkje lang tid før han gjorde opprør mot det som var venta av han. På skulen sette han rekord i utvisingar, og vart tvangsende til andre skular. I romanen Jonas (1955) går Bjørneboe til angrep på
skulevesenet. Hovudpersonen Jonas har dysleksi, men det er det ingen som prøver å hjelpe han med å koma over. I staden vert han klassen sitt
mobbeoffer. Nesten i alt han skriv finn ein att interessa for den som lir urett.
I Den onde hyrde (1960) tar han opp situasjonen til unge lovbrytarar. Bjørneboe talte
ungdommen si sak, og gjennom sin samfunnskritikk vart han viktig for det ungdomsopprøret som kom i mot slutten av 1960-åra. Gjennom diktet ”Ti bud til en ung mann som vil frem i verden”, seier han klart frå om kvar han solidariteten sin. I 1966 gav han ut boka Uten en
tråd. Denne vart sett på som klart ponografisk, og den vart forboden i Norge. Jens Bjørneboe levde eit hardt liv, og hadde til tider store rusproblem. Forfattaren tok sitt eige liv.
Ein annan forfattar som og er kritisk til samfunnet er
Aksel Jensen
(f.1932). Han går til angrep på forbrukarsamfunnet og velferdstaten. Det gjer han i romanen Ikaros (1957). Denne forfattaren vert og ein talsmann for det
ungdomsopprør som kjem mot slutten av 1960-talet. |
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Landskap med gravemaskiner
De spiser av skogene mine. Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine. Gud hjelpe meg for en skapning på dem. Hoder
uten øyne og øynene i baken.
De svinger med kjeftene på lange skaft og har løvetann i munnvikene.
De eter og spytter ut, spytter ut og eter, for de har ingen strype mer, bare en diger
kjeft og en rumlende mave. Er dette et slags helvete?
For vadefugler. For de altfor kloke pelikaner?
De har blindende øyner og lenker om føttene. De skal arbeide i århundrer og tygge
blåklokkene om til asfalt. Dekke dem med skyer av fet ekshaust og kald sol fra projektører.
Uten struper, uten stemmebånd og uten klage.
Rolf Jacobsen, 1954
|
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Tung tids tale
Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi. Eig du lukka så er ho ikkje lenger berre di. Alt det som bror din kan ta i mot
Av lukka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg. Det er mange i kring deg som frys, Ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varm imot barm. Det hjelper da litt, nokre få forfrosne, at du er varm!
|
 |
 |
|
De brente våre gårder. De brente våre gårder. De drepte våre menn. De drepte våre menn. La våre hjerter hamre Bak hver som gikk i døden, det om og om igjen.står tusener igjen.
La våre hjerter hugge Står tusen andre samlet med harde, vonde slag; i steil og naken tross. De brente våre gårder. Å, døde kamerater, De gjorde det i dag. De kuer aldri oss.
|
 |
 |
|
Dette var hennar protest mot tyskarane sitt hemnraid på Aust-Vågøy i 1941.
|
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Kulturlivet
Ved sida av bøkene så vert kunst, teater, film og musikk rekna
med i kulturlivet. I 1948 vart Riksteateret
oppretta. Det har reist land og strand rundt med sine forestillingar.
Det kunne vera kjende stykke som folk for først gang i sitt liv
hadde sjansen til å få sjå. Dette gjorde så klart inntrykk. I 1958
fekk
Oslo eit operahus, som framleis er i bruk.
I 1950 fekk Norge sin einaste Oscar-pris for beste dokumentarfilm det året. Det var for filmen Kon-Tiki , av og om Thor Heyerdal. I 1957 vart den norske filmen Same Jakki ein suksess
ved filmfestivalen i Cannes. Per Høst var mannen bak filmen, og den handla om livet og kulturen til reindriftsamane. Per Høst måtte leite etter nokre som var ”naturlege” nok. Kanskje eit underleg utsagn i dag?
Ein som har sett spor etter seg i norsk film er Arne Skouen, og i 1949 kom han med Gategutter. Det er hevda at no kom realismen inn i norsk film. Han står og bak filmar som
Bussen (1961) og Ann-Magritt (1969).
Også fleire filmar av den lettare sjanger vart produsert.
Utanlandsk kulturpåverknad
Takka vera Marshallhjelpa kom gjenoppbygginga etter krigen raskt i gang, og Arbeidarpartiet, med Einar Gerhardsen i spissen, styrte landet vårt etter ein stø kurs. (Sjå historiedelen) Etter
kvart fekk dei fleste nordmenn det trygt og godt, og mange opplevde ein aukande velstand.
Sjølv om desse åra var prega av den kalde krigen, så vart USA det store
førebilete for dei fleste nordmenn. Vi har no lese om forfattarar som protesterte mot samfunnsutviklinga, men folk flest er meir opptekne av tyggegummi og Coca Cola, to store salsprodukt med opphav i USA. Alle damer ville ha dei
nye amerikanske nylonstrømpene. Det gjekk så langt at hadde ein ikkje strømper, ja, så malte ein nylonstrømper på beina. På denne tida var det saum bak på strømpene, så den malte saumen vart i alle fall bein. Brylkrem og dongeribukser var
andre suksessprodukt. Den siste har faktisk halde seg heilt til i dag.
1950-åra var faktisk ei god tid for lesing her i landet, sjølv om finkulturen rynka på nasen av
og til. Teikneseriar og pocketbøker kom frå USA, og våre eigne vekeblad hadde gode salstal. Krigsoppgjeret sette sine spor i litteraturen. Teikneseriar som Spion 13 og Kampserien har gitt
mange av oss kunnskap om kva krig kan vera, og interesse for å setja oss inn i den verkelege krigshistoria. Også bøkene om flygarhelten Biggles var med på å forsterke ei slik interesse.
Lukkeleg var den som hadde 75 øre til overs på denne tida. Den personen hadde
nemleg økonomi til å kjøpe seg eit Donald Duck blad. Dette var klart den mest populære teikneserien. På denne tida er det Carl Barks som teiknar Donald, og har
full kontroll på hans sprell.
Vekeblada satsa nytt med fargerike forsidebilete, og på den måten auka dei sine salstal. Det er den arven laussalsavisene har teke over – til dels.
Filmstjernestoff frå USA var ein sikker vinnar. Rundt om det heile land var romma til
tenåringen i huset dekorert med utklipp av filmstjerner. James Dean i T-shirt og dongeribukse
var ein av favorittane. Filmen Rotløs ungdom skaffa han eit stort publikum. Andre storfilmar frå perioden er td. :Ben Hur med Carlton Heston, Kongen og jeg med Yul Brynner, Storbyhavnen
med Marlon Brando, West Side Story, Sound of Music med Julie Andrews og Manndomsprøven. Frå denne siste filmen er Simon og Garfunkel sin kjende melodi ”Mrs. Robinson” (klikk på linken og høyr ei midi-utgåve av slagaren!). Tema og scener frå filmen er i
dag brukt på nytt i amerikansk film, som i American Pie filmane.
Høyr ”Mrs. Robinson” i midi-utgåve!
Elisabeth Taylor, Audrey Hepburn, Grace Kelly og Ingrid Bergman er andre kjende
filmstjerner frå perioden. Grace Kelly vart spesielt kjend då ho gifta seg med fyrst Rainier av Monaco. To andre namn er Paul Newman og Robert Redford. Desse er framleis aktive og kjende skodespelarar.
I 1956 hadde filmen Blackboard Jungle eller Vend dem ikke ryggen premiere i Oslo. I filmen vert melodien Rock Around the Clock
med Bill Haley presentert. Bodskapen i filmen pluss rockemusikken fører til ungdoms- opptøyer i Oslo. Ungdom med Elvis-sveis og traktorsko velta bilar og sprang rundt i gatene i
Oslo. Politiet vart skjelt ut etter notar. Eit ungdomsopprør er på gang, og det vart enno meir tydeleg etter kvart som 1960-åra går mot slutten. Ungdommen hadde fått pengar mellom
hendene, nye verdiar og eit ynskje om å vera med å bestemme kva som var viktig i samfunnet.
Det som skjer i samfunnet elles er med på å forsterke det som skjer på ungdomsfronten. Drabantbyane byrjar å vekse fram, noko som skaper ei oppsamling av ungdom på bestemte
stader. Det som vert kalla flukta frå landsbygda startar også på denne tida. Utkant–Norge misser mykje av folket sitt. Då er det og vanskeleg å halda på sitt eige kultur-utrykk, og
dermed lett å adoptere ein felles ungdomskultur som alle kjenner. Men dette fører og til ei einsretting, som fleire kritiserte. |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Barne og ungdomslitteratur ”Bygg landet”. Eit godt politisk slagord som passar til barnebok-produksjonen etter krigen. Greit, sosialdemokratiet sine politiske slagord og framtidsdraumar kan
passe godt for mykje av barnebokproduksjonen
i denne perioden. Men vi må ha eit vidare perspektiv på det vi les. Det gode samfunn vart presentert, og opp til fleire generasjonar har identifisert seg med denne litteraturen, - ikkje noko gale i det!
Folk
og røvere i Kardemomme by (1955) av Torbjørn
Egner er ei slik forteljing. Kardemomme by er ein
by som andre byar. OK, byen har sine problem, tre røvarar
med namn Kasper, Jesper og Jonathan. Men problema vert løyst, og
politimester Bastian si lov gjeld. ” Og for øvrig kan man gjøre
hva man vil”. Kjekt – tenk om ein del politiske system var slik??.
Torbjørn Egner (1912-1990 ) skapte eit leseverk for den norske skulen som er heilt kjempe! I
dag kan mange sjå tilbake på si kulturdanning gjennom det Torbjørn Egner presenterte på 1950- og 1960-talet. Ola-Ola Heia er det mange i Norge som kjenner.
Torbjørn Egner var forfattar og dramatikar. Kven kjenner ikkje Karius og Baktus. ”Ikke gjør som mora di sier, Jens” er vel eit identifikasjonsutsagn for ein heil norsk generasjon. Filmen om
dei to tanntrolla er det mange som har sett. Historia kom i 1946, og i 1955 kom den filmen til Ivo Caprino, som ALLE kjenner.
Ved sida av det som no er nemnt, kjenner vi og historia om Klatremus og de andre dyrene i
Hakkebakkeskogen. Kva jubileum feirar Bamsefar, og kor mykje peppar er brukt i pepparkakedeigen tru? Eg lurer på kven som ikkje har ei formeining om desse spørsmåla ?
Etter krigen oppstår noko nytt. Kvar laurdag kl.18.00 hadde vi Barnetimen. Opplesingar,
dramatiseringar og musikk var med på å forme den oppveksande generasjon. ”Onkel Laurits” – ja, kven er han? Veit du kven Stein Oskar Magel Paus Andersen er ?
Om ikkje det så spør ein person som er over 40 år !!
Barnetimen for dei minste samla både barn og foreldre framfor radioapparata kvar morgon i
veka. Fantasi, humor og ein levande forteljar tradisjon møter den oppveksande slekt.
Kvifor fekk Anne-Cath Vestly (f. 1920) så mange rasande lyttarbrev på 1950-talet? Jau, i boka Ole Alexsander på farten, som ho også las opp i
radioen, sa ho at då mor til Ole Alexander skulle ha baby, så låg den i mors mage før fødselen. Og det meinte mange, ikkje var ei opplysning som passa for barneøyrer.
Anne–Cath. Vestly fekk sitt gjennombrot i Barnetimen for de minste. Det starta i 1952 med historiene om Ole Alexander Filibom-bom-bom, og i 1990 hadde ho laga meir enn 600
radioprogram for NRK og ho hadde gitt ut 44 bøker. Mormor og dei åtte ungane, Lillebror og Knerten, Aurora og Guro er alle kjende frå Vestly sine bøker. Miljøet ho skriv frå er ofte
drabantbyar og tettstadar på landet. Anne-Cath. Vestly er blitt heile landet si mormor.
Alf Prøysen (1914-1970 ) fekk og sitt gjennombrot i radioen med sine
forteljingar og viser. Alf Prøysen kom frå trange kår, og dei tekstane han skreiv er nære og folkelege. Ofte nytta han hedmarksdialekta si i det han skreiv.
Mykje av det han skreiv er for barn. Vi kjenner bøkene om Teskjekjerringa, og alle dei fine visene hans. ”Julekveldsvisa”, ”Så seile vi på Mjøsa” og ”Du skal få en dag i mårå”, er kjende og kjære for mange. Også som
vaksenforfattar er Prøysen høgt akta. Tekstane hans er omsette til fleire språk. Teskjekjerringa har kome ut i over tjue land.
Sjølv om ho er svensk må vi ha med Astrid Lindgren (1907-2002 ) når emnet er bøker for barn - i alle aldrar. Ho skriv med fantasi og humor, og ho har gitt ut både tekst- og biletbøker.
Svært mange av bøkene hennar er filma. Det tok til med Pippi Langstrømpe i 1945, og sidan har alle dei kjende bøkene kome. Emil i Lønneberget, Vi på Saltkråkan og Karlson på taket. Gjennom nokre av bøkene sine har ho teke opp alvorlege emne, som t.d. døden. Mio
min Mio og Brødrene Løvehjerte er døme på det.
Ungdommen les ikkje berre amerikanske teikneseriar. Bøkene om Frøken Detektiv og Hardyguttene er framleis populær lesnad. Framsidene på bøkene
har nok fått ny make up, men innhaldet er det same. Ein del protesterer mot for mykje fokusering på vald og krig, og i 1955 vart det oppretta eit statleg utval som skulle passe på kva innhald som kunne passere.
Utover på 1950- og 1960-talet endra ein del ungdomsbøker seg. Solidaritet med andre folk og kulturar vert emne. Veien til Agra (1959) av Aimee Sommerfelt førte til eit internasjonalt
gjennombrot for forfattaren. Ungdom med ulike problem som angst, skuldkjensle og valdsbruk vart skildra.
Boka i ei fjernsynstid
Då dei første ordinære fjernsynssendingane tok til i 1960 starta det ein debatt om boka ville overleve i ei fjensynstid. Fleire og fleire skaffa seg TV, og fleire kanalar etter som det vart
mogeleg. Det har vist seg at boka har overlevd. I 1965 vart det innført ei innkjøpsordning for norsk skjønnlitteratur. Staten skulle kjøpe 1000 eksemplar og fordele desse mellom
biblioteka. Forlaga fekk gitt ut bøker, og biblioteka fekk nye bøker i hyllene. Ordninga vart seinare også utvida til barne- og ungdomslitteratur. Også dei nye bok-klubbane førte til at folk las bøker. I 1961 vart Den norske Bokklubben starta. Dette vart populært, og fleir klubbar
kom til etterkvart. I og med at fjernsynet viser filmar og serier som ofte er bygt på bøker, så er det fleire som også vil lese boka.
Nordmenn er vel det mest avislesande folk i verda? Takka vere at staten gir pressestøtte til avisene, så får vi mange ulike aviser med mange ulike syn. Det er viktig for den demokratiske prosessen i landet vårt. |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
10.01.04
|
|