![]() |
![]() |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Klassisk musikk - Fredsgenrasjonen
Fredsgenerasjonen av norske komponistar hadde med ei nasjonalforankring, men dei internasjonale impulsane var sterkt nedtona. Dei fleste av dei norske musikarane i frå denne perioda hadde organist-utdanning: Knut Nystedt, Johan Kvandal, Per Hjort Albertsen, Egil Hovland, Conrad Baden og Edward Fliflet Brein. Internasjonalisering
Kontakta med internasjonale musikk-miljø var aukande utover 50-åra, og det gav resultat i form av meir modernistiske trekk hjå komponistane, t.d Finn Mortensen (1922-83). Harald Sæverud (sjå Norge under 2. verdskrig) sin musikk vart gjennom krigen i stor grad eit opprør mot den tyske okkupasjons-makta. Like etter
krigen fekk han det prestige-tunge oppdraget med å skrive musikk til "Per Gynt" av Ibsen. Vi fekk då ein spennande og ny utgåve, der mange av dei nasjonalromantiske drag er borte.Norge hadde i etterkrigstida fleire musikarar som markerte seg internasjonalt. Pianistane Robert Riefling, Kjell Bekkelund og Robert Levin fekk mykje merksemd. Norske sangarar som gjorde internasjonal karriere i etterkrigsåra var Aase Nordmo Løvberg som debuterte i 1948, Ragnar Ulfung med debutkonsert i 1950 og Ingrid Bjoner i 1953. Populærmusikk / Pop og rock Filmen “Rock Around the clock” hadde premiere i Oslo i 1956. Etter framvisninga var det tendensar til opprør i gatene i Oslo. Politi med køller vart sett inn for å dempe uroa. Vaksen-generasjonen reagerte på musikken, og i pressa vart musikken omtalt som rennesteinsmusikk. Norske tenåringar har alltid vore på påvirka av amerikansk musikk, men denne nye musikkforma fekk eit enormt gjennomslag. Musikken ga næring til ungdomsopprør mot foreldre-generasjonen sitt samfunnsyn. Den nye ungdoms-generasjonen hadde funne sin eigen musikk og ikkje minst livstil, som kom til utrykk gjennom skinnjakke, traktorsko og brølande motorsyklar. Rocken kom til Noreg i ei periode då USA stod høgt i kurs.
I denne perioda var halvparten av filmane vist på norske kinoar produsert i USA. Saman med amerikanske produkt som Coca Cola, milkshake og soft-is vart den nye rock`n`roll musikken og rockefilmane ein viktig del av ungdomane si aukande fritid. ![]() Internasjonale artistar som vart svært populære blant etterkrigsungdomen i Noreg: Elvis Presley, Cliff Richard og den litt eldre Tommy Steel som m.a. kom til Oslo i samband med filmen om livet hans. Utover i 1950-åra fann vi eit breidt utval av amerikansk musikk i norske plateforretningar. Doris Day med ”What Will Be,Will Be", Luis Prima med ”Buena Sera", Frank Sinatra, Dean Martin. Og storbandmusikk med Glenn Miller og Benny Goodman.
Norsk rock og pop Etter kvart dukka det opp norske rock`n`roll band med norske gutar som let seg inspirere og gjekk på scena for å kopiere heltane sine. Grunnstamma av norske rocke kongar: Rocke-Pelle(Per Hartvig) spelte i 1958 inn den første rock`n`roll innspelinga i Noreg. Neste artist som gav ut plate var Per Elvis Granberg. Ronald Stenby var og ein sentral artist. Andre artistar Populære norske artistar som hevda seg på VG si nyetablerte Hit-liste, men som fekk lite gjennomslag hos norske tenåringar: Bjørg Bjørklund og Mikkel Aas, Per Aspelin, Engerdahl og Stordahl, Alf Prøysen og Vidar Sandbeck, Inger Jacobsen og Elisabeth Grannemann. I frå norsk revy og varite var Jens Book Jensen og Einar Rose svært populære. |
|
|
|
[Startside] [Arbeidsmåte] [Læreplanar] [Perioder] [Lenker] |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal |