|
|
 |
|
DEN KALDE KRIGEN:
Å ta for seg etterkrigstida kan vera vanskeleg.
Det er mange brikker i puslespelet som skal på plass før ein har den fulle og heile oversikt. Grovt sett så varer den kalde krigen heilt fram til Berlinmuren sitt fall, men det vert eit for
stort historisk sprang på ein gang.
For å gi ei god oversikt, så kan ein dele inn utviklinga i fleire periodar. For å gi ei heilskap over perioden 1945 - 1990, så
kan ein gå nærare inn i følgjande periodar: 1945 - 1960, 1960 - 1980, 1980 - 1990. Vi starter med 1945-60!
Europa vert delt
I mai 1945 møttest Churchill, Roosevelt og Stalin i byen Jalta på Krim-halvøya i Sovjetunionen. Her diskuterer dei korleis alliert
politikk skal vera etter at Tyskland har kapitulert, for at Tyskland taper krigen er klart på dette tidspunkt - det er berre snakk om tid. |
|
|
 |
|
Alle dei tre leiarane ser på Europa som sitt interessefelt, og deler Europa mellom seg.Ein kan vel seia at USA og Storbritannia har noko lunde samanfallande interesser. Det er her Churchill for første gang lanserer
ordet jernteppet om ei då tenkt europeisk grense.
Krigen førte med seg at styrkeforholda i verda endra seg. Før krigen hadde ein rekna med sju stormakter: USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Sovjetunionen og Japan. Men etter krigen tok ”supermaktene” USA og Sovjetunionen over makta som før var delt
mellom fleire land. Dette skiftet i ”maktmonopol” er slutten på Europa si leiande rolle i verdspolitikken. |
 |
|
|
 |
 |
|
FN
Alt i april 1945 vart det halde ein konferanse i San Francisco.
Her møtte representantar for alle dei landa som var i krig med Tyskland.
Pluss utsendingar også frå Tyskland sine allierte. Målet for konferansen
var å halde fram med arbeidet som var starta med Folkeforbundet
etter første verdskrig. Fred, rettferd, fridom og menneskerettar
var stikkord for samtalane.
Den nye organisasjonen fekk namnet United
Nations Organization, som vi kjenner som FN.
FN fekk sete i New York og FN-pakta tok til å gjelde den 24.oktober
1945. FN vart organisert i ei hovudforsamling, sikkerheitsrådet og
mange underorganisasjonar, som td. UNISEF og WHO.
Nordmannen Trygve
Lie vart vald til den første generalsekretæren i organisasjonen.
Det er jobben som Kofi Annan har i dag. Eit viktig tilegg til FN-pakta
var menneskerettane.
FN vedtok desse rettane i 1948. |
 |
|
|
 |
 |
|
Opptrapping mot kald krig Dei materielle øydeleggingane etter krigen var store, infrastrukturen var øydelagt over store område og dei fleste landa hadde vanskelege økonomiske kår. Dette
førte sjølvsagt til at desse landa måtte avgrense vareimporten sin. USA, som hadde industrien sin i full gang, tapte på dette. Fleire politikarar i USA begynte også å bli redde for at kommunismen skulle få fotfeste i ein stor del av Europa.
President Roosevelt, som døydde før krigen var slutt, vart avløyst av president Harry S. Truman Han lanserte ”Trumandoktrinen”. Skal ein sjå på den som heilskap, så seier vel USA klart frå at dei utropar seg sjølve som verdspoliti mot kommunismen.
I ”Trumandoktrinen” står: ”USA skal føre ein politikk som skal hjelpe folk som motsetter seg underkuingsfreistnadar frå væpna mindretal eller mot press utanfrå. (Her viser det
klart til Sovjetunionen) Eg meiner at slik hjelp bør vera av økonomisk art, for ei slik hjelp har mykje å seia for den økonomiske stabiliteten, og for ordna politiske tilhøve.
Kimen til dei totalitære regima får næringa si frå fattigdom og naud”
Skal ein tyde dette, så seier vel president Truman at om eit land får økonomisk hjelp frå oss, så
vil vi unngå at desse landa vert kommunistiske. Trumandoktrinen innleidde ein ny amerikansk utanrikspolitikk. Den var slutten på den amerikanske nøytralitets– og isolasjonspolitikk.
Den amerikanske utanriksministeren
George Marshall la i 1947 fram ein storstilt plan om å få
dei krigsherja landa på fote att økonomisk. USA skulle gi økonomisk bistand til alle land, i Europa, som hadde bruk for det. Vilkåra var: ”Dei europeiske landa måtte sameinast om ei
økonomisk samordning og ein sams plan for å løyse dei økonomiske vanskane”. Summen som vart lagt fram var over 17 milliardar dollar, og den var tenkt som både lån og gåver. Marshallhjelpa var i stor grad med på å få Europa på fote att økonomisk.
Men USA tok og vare på eigne interesser gjennom Marshallhjelpa. På denne måten fekk dei Europa som handelspartnar, og kunne stille krav om ein liberal handelspolitikk. Marshallhjelpa
var med på å regulere toll og import– og eksportreguleringar.
Tilbodet om amerikansk økonomisk hjelp gjaldt også Sovjetunionen og dei andre aust-europeiske landa. Men regjeringa i Sovjetunionen takka nei, og påla også dei andre landa under sovjetisk kontroll å seia nei. I Moskva-avisa ”Pravda” stod det: ”Marshallhjelpa er ikkje noko anna enn at ein har teke opp att planen til Truman om å bruke dollar til å
utøve politisk press, og ikkje noko anna enn ein plan for å blande seg inn i andre land sine politiske saker.”
Ein ser at Europa er i ferd med å bli delt i to. Ein del der Sovjetunionen bestemmer politikken, og ein del der amerikansk politikk er, om ikkje bestemmande, så i alle fall svært så nærverande.
Se forøvrig artikkel fra dansk leksikon “Den kolde krig” og oversikten på disse skolesidene “Den kalde krigen 1945–1989”
Kommunistkuppet i Tsjekkoslovakia i 1948 Tsjekkoslovakia var det landet i Aust-Europa som hadde dei sterkaste demokratiske
tradisjonane. I 1948 kom det til indre politisk uro, då kommunistar fekk alle dei leiande stillingane innan politiet. Dette utnytta kommunistpartiet og sette i verk demonstrasjonar og
propaganda mot dei borgarlege partia. Dei greidde å ta makta utan å bruke særleg med vald. Den demokratisk valde presidenten Benes vart tvinga til å gå av. Kuppet i Tsjekkoslovakia
vekte sterke reaksjonar i dei vest–europeiske landa.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Berlinblokaden
I juli 1948 gjennomførte Sovjetunionen ein total blokade av
alle forsyningslinjer til Vest-Berlin. Dette gjorde dei fordi vestmaktene
innførte eit nytt pengesystem i vestsonene av Berlin. (Du kan lesa
meir om delinga av Berlin under Tyskland.) Sovjetleiarane meinte
at blokaden skulle få dei vestallierte til å dra seg ut av Berlin.
Berlinblokaden
skapte ein farleg situasjon som kunne ha ført til ny krig. Den einaste
måten å få mat og andre forsyningar til Vest-Berlin på, var å lage
ei luftbru. Kvar dag landa det over 600 fly på Tempelhof flyplass,
langt dei fleste var amerikanske. Dei amerikanske flygarane vart
heltane til barn i Vest-Berlin, for dei hadde med tyggegummi og
sjokolade.
Sovjetleiarane skjøna at ein effektiv blokade var umogeleg å gjennomføre, så dei avslutta heile opplegget i mai 1949.
Ein ser at året 1948 er eit år då den kalde krigen nærma seg farleg
frysepunktet. Interessemotsetnaden mellom Vest-Europa og Aust-Europa vert klarare og klarare. Det same året må Finland skrive under ein ”vennskapsavtale” med Sovjetunionen, som seier klart frå at Finland ikkje
må vende seg mot Vest-Europa politisk.
Berre Jugoslavia, der Tito hadde makta, fekk lov av Sovjetunionen til å føre sin
”eigen” politikk. Tito var ein ivrig kommunist og tilhengjar av Sovjetunionen, men hevda at kommunismen måtte tilpassast kvart einskilt land, og at han ikkje ville
finne seg i Sovjetunionen sitt herredømme. Dette førte til at det sovjetiske presset på resten av Aust-Europa vart endå hardare. Sovjetunionen hadde ikkje tenkt å gi slepp på sitt interesseområde.
NATO Alle desse hendingane førte til at vestmaktene, med USA i spissen, vart einige om å få i stand eit millitært samarbeid. I 1948 begynte det drøftingar mellom Storbritannia, Frankrike, Belgia,
Nederland, Luxembourg (Benelux-landa), USA og Canada om eit utvida millitært samarbeid i det nordatlantiske området. I 1949 vart NATO (North Atlantic Treaty Organization) skipa og
Atlanterhavspakta vart underteikna av 12 land, - USA, Canada, Storbritannia, Frankrike, Beneluxlanda, Norge, Danmark, Island, Italia og Portugal.
 |
I 1952 vart Hellas og Tyrkia medlemmer, og i 1955 kom Vest-Tyskland
med. Hovudmomentet i Atlanterhavspakta
er at om eit, eller fleire, av medlemslanda vert utsett for eit fiendtleg
åtak, så skal det reknast som eit åtak på alle NATO-landa.
Vest-Tyskland sitt medlemskap vart eit problem. USA ville ha landet med i Nato, men fleire av
Tyskland sine motstandarar frå andre verdskrigen var i mot. Løysinga vart at dei tyske styrkane vart sett under NATO-overkommandoen. Først var NATO sitt hovudkvarter i Paris,
men vart seinare flytta til Brüssel. Dette på grunn av at i 1966 ønskte den franske presidenten De Gaulle (sjå Frankrike) at Frankrike skulle sidestillast med USA og Storbritannia, dei då
viktigaste Nato-landa. Dette ville ikkje NATO-leiinga, og Frankrike trekte sine styrkar ut av samarbeidet. Men landet er framleis med i NATO sin militærkommando.
I 1982 kom Spania inn i samarbeidet. Etter 1989 og dei store endringane i Europa, har også
NATO si rolle og oppbygging, td.medlemsland, endra seg.
Sjå meir om dette på GOOGLE ved å klikke her: 
Warzawapakten
Sovjetleiarane såg på NATO som ein trussel vend mot dei kommunistiske statane. Som motvekt skipa austblokklanda ein militærallianse i 1955, nemleg Warzawapakta.
Dette førte til ei farleg spenning i Europa, og begge partar sette i gang ei sterk opprusting. Sovjetunionen hadde sprengt si første atombombe i 1949, og no vart det brukt enorme
summar til atomvåpen på begge sider. Langdistansefly og rakettar til atomvåpen vart vanleg.
Begge partar utførte i denne perioden mange forsøk med atomsprengingar
både til lands og til vatn, slik at dei kunne prøve ut nye våpen. Det radioaktive nedfallet frå desse sprengingane var og er farlege for livet på
jorda og i vatnet. Då både USA og Sovjetunionen utvikla hydrogenbomba i 1952 og 1953, vart nedrustningsspørsmål eit viktig emne i internasjonal
politikk. I 1963 kom det ein avtale om å stanse prøvesprengingane i lufta, på jordoverflata og i sjøen. Ein avtale om ikkje-spreiing av atomvåpen kom
i stand i 1970, 95 land skreiv under. Av stormaktene har ikkje Kina og Frankrike underteikna.
Vi veit at land som Israel, India og Pakistan ikkje var interessert i ein slik avtale, og har skaffa
seg atomvåpen. Truleg gjeld dette også fleire land. |
 |
|
|
 |
 |
|
Europeisk samarbeid Europarådet vart skipa i 1949. Vest-Europa følte på at dei ikkje heilt greidde å gjera seg gjeldande mellom dei to supermaktene, USA og Sovjetunionen. Derfor vart Europarådet skipa. Det skulle jobbe for dei demokratiske ideane, økonomisk, sosialt og kulturelt arbeid i Vest-Europa. Organisasjonen fekk sete i Strasbourg. Pr. i dag har organisasjonen 41 medlemsland, og nye land vil gjerne inn. Dei tidlegare austeuropeiske landa er i dag godt representert i organisasjonen. Alle EU-landa er i dag medlemmer. Norge er og medlem her.
Fellesmarknaden (EF)
I 1951 vart dei skipa noko som fekk namnet kol- og stålunionen.
Medlemmer her var Frankrike, Vest-Tyskland, Italia og Benelux-landa.
Tanken var å leggje kol-og stålproduksjonen i desse landa under eit
overnasjonalt maktorgan. Også andre europeiske land hadde høve til
å bli medlemmer. I 1957 skreiv dei seks landa under det som har vorte
kalla Romatraktaten,
og dei gjekk eit steg mot ein økonomisk union i Vest-Europa.
Denne fellesmarknaden vart kalla EEC
(European
Economic Community), på norsk kalla EF. Mellom EF – landa skulle
vera tollfridom, og felles tollavgifter på varer frå land utanom EF.
Innanfor EF-området skulle det vera fri etableringsrett for bedrifter,
og arbeidskraft og kapital kunne førast fritt mellom medlemslanda.
EF vert ei svært aktuell sak seinare.
EFTA I 1960 skipar sju andre land i Vest-Europa organisasjonen
EFTA (European Free Trade Association). Det var Storbritannia, Danmark, Sverige, Norge, Austerrike, Sveits og Portugal.
Seinare kom Finland og Island med. EFTA jobba og for tollfridom mellom landa, men elles fekk kvart land føra den handelspolitikken dei ville. I dag er ikkje EFTA til lenger. |
 |
|
|
 |
 |
|
Einskildstatar og politikarar i perioden Europa, og andre område i verda, gjennomgår viktige endringar i denne perioden, 1945-1960. Det må ein vite litt om for å forstå situasjonen i verda.
USA
I 1948 var gjennomsnittsinntekta i USA dobbelt så høg som i Europa.
Det skuldast at den amerikanske industrien ikkje var øydelagt av
krigshandlingar, og at Marshallhjelpa til Europa også var hjelp
til amerikansk industri. Amerikanarane eksporterte også sin kultur
til Europa, og særleg då ungdomskultur. Jukeboksa med dei
siste ”hits” vart eit fast innslag på kafear rundt om. Produkt som
tyggegummi,
Coca
Cola og
blue jeans (dongeribukser) vart vanlege mellom europeisk
ungdom.
Då president Roosevelt døydde i april 1945, var det Harry S. Truman som tok over presidentvervet. Med si ”Trumandoktrine” vart amerikansk utanrikspolitikk rettesnor for heile
den vestlege verda. Som eit ledd i den amerikanske antikommunistiske politikken vart CIA
oppretta (Central Intelligence Agency). CIA var eit hemmeleg politi med avdelingar rundt om i heile verda. Ved vala i 1952 var det krigshelten general Eisenhower som vann presidentvalet.
 |
Rasespørsmålet var no eit av dei største problema i amerikansk innanrikspolitikk. I 1954 sa amerikansk høgsterett dom om at rasediskriminering var mot den amerikanske grunnlova. Dei
svarte i sørstatane fekk ikkje lov å studere ved visse universitet, og heller ikkje kunne dei ta same buss som kvite. Mange svarte flytte til byane i nord, men då vart det problem der og.
Ved vala i 1960 vann John F. Kennedy presidentvalet. Han valde unge og
velutdanna rådgjevarar til å hjelpe seg. Innanriks sette han i gang ei sosialreform for alle, og han jobba vidare for at raseproblema skulle løysast. For å hjelpe seg
med dette utnemnde han broren, Robert Kennedy, til justisminister.
Sovjetunionen I 1945 stod Sovjetunionen overfor store problem. Landet hadde misse mange menneske under
krigen, både soldatar og sivile, og øydeleggingane var store. Økonomien var vanskeleg i ein slik situasjon. Først på 1950-talet greidde landet å få økonomien på fote att. Landet avslo å ta
i mot Marshallhjelp frå USA.
Stalin døydde i 1953, og då begynte ein lang kamp om makta i landet. Striden enda med at Nikita Khrustsjov tok over stillingane som statsminister og som førstesekretær i
kommunistpartiet, og dermed samla all makt i sine hender. I 1956 starta han eit oppgjer med Stalin-perioden og den harde undertrykkinga Stalin hadde gjennomført. Det vart lov å kritisere
og stille spørsmål til politikk. Det hemmelege politiet fekk mindre makt, politiske fangar vart sette fri, slaveleirane vart avvikla og kulturlivet fekk friare taumar. Khrustsjov sette og i verk
ein økonomisk politikk som skulle gi landet meir forbruksvarer. Den stramme sentraliseringa i industrien vart gitt opp og kollektivbruka fekk bestemme meir sjølve.
Ein delvis mislukka jordbrukspolitikk og nederlaget i Cubakrisa førte til at Khrustsjov måtte gå av i 1964.
Høyr Nikita Khrutsjov i ein debatt med visepresident Richard Nixon - “Kitchen debate”!
Storbritannia
Ved vala i 1945 avløyste statsministerkandidaten frå arbeidarpartiet,
Clement Attlee,
Churchill som statsminister. Den britiske økonomien var svak etter
krigen, og pundet fall sterkt i verdi.
Ei ny satsing på ein god sosialpolitikk førte og til store statlege utgifter.
Det britiske imperiet raknar etter krigen. Dette må ein sjå som ei naturleg utvikling etter ein
verdskrig der tanken om nasjonal fridom stod sterkt. Mange britar, særleg dei konservative, mislikar dette. Då det britiske arbeidarparti kjem til makta i 1945 startar dei ein
nasjonaliseringspolitikk - dvs. at bedrifter som private har drive, no skulle drivast av staten. Det gjaldt kolproduksjon, elektrisitetsforsyninga, jernbane, landevegstransport av varer og stålindustrien.
Dei konservative var sterkt misnøgde, og ved vala i 1951 vart Churchill på nytt statsminister i Storbritannia. Churchill var statsministeren for ein krigssituasjon,
men han lukkast ikkje like godt i fredstid. I 1955 trekte Churchill seg attende frå all politikk, og Anthony Eden vart ny statsminister. I 1964 vann arbeiderpartiet
valet, og Harold Wilson satsom statsminister fram til 1969, då dei konservative vann valet. Edward Heath vart ny britisk statsminister.
Frankrike Då tyskarane var drivne ut av Frankrike vart general Charles de Gaulle statsminister i ei fransk samlingsregjering. De Gaulle jobba for at den franske presidenten, noko han håpa på å
bli, skulle få sterk makt. Dei politiske partia i Frankrike ville at makta skulle liggje i nasjonalforsamlinga, slik som vi kjenner det frå Norge. Frå 1946 til 1958 hadde Frankrike 25
regjeringar. Det seier sitt om fransk politikk.
I 1958 var det politisk krise i Frankrike, og landet var i krig med kolonien Algerie. Alt i 1954
hadde Algerie gjort opprør mot det franske herredømme i landet, og dette opprøret utvikla seg til ein blodig krig. De Gaulle vart på nytt beden om å ta over regjeringsansvar i Frankrike, og få
slutt på krigen i Algerie. Han sa ja på det vilkår at han fekk stor makt. Nasjonalforsamlinga gav han den makta, og ved ei folkerøysting i 1958 vart De Gaulle sitt framlegg til ny grunnlov
vedteke, og han vart vald til fransk president. Dette vart i Frankrike kalla den femte republikken.
Då De Gaulle vart president, sette han alt inn på å få slutt på krigen med Algerie. Han sa at om dei franske koloniane i Afrika ville bli sjølvstendige straks, så skulle dei få lov til det, men då
fekk dei heller ikkje meir økonomisk støtte frå Frankrike. Dei kunne og velje eit mellombels sjølvstyre med økonomisk støtte frå Frankrike. Etter lange og harde diskusjonar valde Algerie
det siste alternativet, og i 1962 fekk dei sjølvstende sitt.
De Gaulle ville at Frankrike på nytt skulle bli ei stormakt, men dette fekk han ikkje gjennom i NATO (sjå avsnitt om NATO) Politikken hans tapte ei folkeavrøysting i 1969, og då drog
han seg ut av all politikk. Georges Pompidou tok over som fransk president.
Tyskland Ein kan tenkje seg situasjonen i Tyskland etter krigen. Landet låg i ruinar, flyktningar frå aust
som virra rundt om, alle transportmiddel var øydelagde og ikkje ein matbit til svoltne menneske. I den vestallierte tyske sona var matnauda så stor at britar og amerikanarar måtte
skaffe maten. Vi hugsar frå avslutninga av krigen at både dei allierte og Sovjetunionen kjempa om å ta mest mogeleg av Tyskland ved krigsavslutninga. Den kalde krigen starta alt før den
tyske kapitulasjonen. Kvar skulle grensa mellom aust og vest gå ?
I 1949 vart Vest-Tyskland (BRD - Bundesrepublikk Deutschland ) danna, som
ein demokratisk republikk, men fullt sjølvstende fekk dei ikkje før 1955. Konrad Adenauer vart den første vesttyske sambandskanslar. Han var ein dugande politikar.
Dei allierte hadde lært av feila frå Versailles-traktaten, og no vart det viktig å få Vest-Tyskland på fote att snarast råd. Vest-Tyskland var eit av dei landa som fekk mest Marshallhjelp. Denne
hjelpa skapte ein stor økonomisk framgang i Vest-Tyskland. Industrien voks, og den økonomiske framgangen var så stor at ein snakka om ”det tyske økonomiske underet”. Det
skuldast då stor kapitalinvestering frå vest, stor varemangel som la eit industrigrunnlag, godt leiarskap, lave lønner og innvandra arbeidskraft.
Den delen av Tyskland som Sovjetunionen tok dei siste krigsmånadane vart til Aust-Tyskland i 1949 (DDR - Deutshe Demokratiche Rebublikk ), med Walter Ulbricht som leiar. Landet
vart kommunistisk, og støtta av Sovjetunionen både militært og økonomisk. Etter mønster frå Sovjetunionen vart landbruket kollektivisert, og industrien nasjonalisert. Det betyr at den
aust-tyske staten dreiv all industriverksemd. Den bestemte kva vare som skulle produserast, kva prisen skulle vera og kva arbeidarane skulle ha i lønn. Dei økonomiske resultata svarte
ikkje til håpa, og levekåra i Aust-Tyskland vart mykje dårlegare enn i Vest-Tyskland. Dårlege levekår førte til at mange frå Aust-Tyskland rømde over til Vest-Tyskland.
Den gamle tyske hovudstaden Berlin kom i ei særstilling. Den var midt inne i Aust-Tyskland, og byen var etter krigen delt i fire soner. USA, Storbritannia og Frankrike styrte kvar sin del. I
røynda var det USA som styrte alle desse tre delane. Den siste delen var Aust-Berlin, styrt av Sovjetunionen. Det var også stor forskjell mellom levekåra i Vest- og Aust-Berlin.
Sovjetunionen ville gjerne ha styringa over heile Berlin (sjå Berlinblokaden)
sidan byen låg inne i Aust-Tyskland, men det fekk dei ikkje til. Det vart svært viktig for dei vestlege landa å markere at dei hadde Vest-Berlin. Checkpoint Charlie vart ein viktig plass i Vest-Berlin. Dette var grense- og
sjekke punkt for dei som reiste mellom Vest- og Aust-Berlin. Det vart framstilt som den siste vestlege skanse mot Sovjetunionen. Ved Checkpoint Charlie brukte USA og Sovjetunionen å utveksle spionar. |
 |
|
|
 |
 |
|
Skal ein forstå utviklinga i vår del av verda i etterkrigstida, må ein også vende augene mot andre land og verdsdelar. Hendingar her har påverka europeisk og amerikansk politikk - i meir eller
mindre grad. Denne bolken omhandlar perioden 1945-1960, men akkurat her er det naturleg å bruke eit større tidsperspektiv.
Kina
Då japanarane kapitulerte etter andre verdskrig, braut det ut ny borgarkrig i
Kina. Før krigen hadde nasjonalistpartiet Kuomintang, leia av general Chiang Kai-shek, vore i krig med kommunistpartiet, leia av Mao Zedong. Det japanske åtaket på Kina i 1937 samla dei stridande partane.
Kuomintangpartiet var korrupt, og hadde svikta sitt eige reformprogram for utviklinga i Kina. Partiet fekk økonomisk hjelp frå USA, men hadde mist all
støtte i folket. Kuomintang leid nederlag i borgarkrigen, og Chiang Kai-shek flykta til Taiwan (tidlegare Formosa) med regjeringa si og det som var att av hæren hans.
I 1949 vart folkerepublikken Kina oppretta, med Mao som president og formann i kommunistpartiet. Tittelen hans var formann Mao. Det er vel rett å
seia at han vart eineherskar over Kina. Amerikanarane var redde for at kommunismen skulle spreie seg i og med opprettinga av folkerepublikken Kina, så dei heldt fram med å støtte Kuomintang og Chiang Kai-shek. Det
var Kuomintang som fekk representere Kina i FN. Dette var folket i Kina svært sinte for. Kina fekk ikkje sete i FN før i 1971.
I kommunismen er det tradisjonelt arbeiderklassen som skal vera dei som gjennomfører ein revolusjon, men slik var det ikkje i Kina. Her var det småbrukarar, jordbruksarbeidarar og
leiglendingar som støtta Mao. På få år var jorda til godseigarane fordelt til fattige bønder. Mange vart utpeika som motstandarar av revolusjonen og undertrykkjarar av folket, og meir
enn ein million menneske vart avretta i denne perioden. Det vart sett i gang ein femårsplan for å modernisere Kina. Folk skulle lære å lese og skrive, industrireising måtte kome i gang og etter
mønster frå Sovjetunionen skulle jordbruket kollektiviserast.
 |
Kommunist-Kina og Sovjetunionen var vennar frå først av, og støtta kvarandre på grunn av den amerikanske Trumandoktrinen (Sjå USA). Etterkvart vart forholdet dårlegare fordi Mao
følte at leiarane i Sovjetunionen ville styre heile den kommunistiske verda. Kina hadde laga si form for revolusjon, og Mao meinte at Kina måtte stole på eigne krefter når landet skulle byggast opp.
I 1958 lanserte Mao tanken om ”Det store spranget”, der landet på kort tid skulle kome på høgd med dei kapitalistiske landa. 500 millionar kinesiske bønder vart fordelte på folkekommunar. Ei folkekommune skulle vera sjølvforsynt med alt. Innbyggarane skulle i
fellesskap dyrke jorda, få lik matrasjon og lik lønn. Kvinnene skulle ta del på like fot med mennene, og derfor vart det og oppretta felles kjøkken og barnehagar. Denne organiseringa
fekk opp matproduksjonen rundt om i landet, men fordelingsapparatet fungerte så dårleg at det likevel vart matmangel i Kina.
Industriproduksjonen nådde ikkje dei mål Mao hadde sett. Kvar folkekommune skulle produsere ei viss mengd med stål, men rundt om i landet hadde dei ikkje dugande nok
produksjonsutstyr. Det store spranget viste seg å vera mislukka, og mange millionar menneske døydde av svolt i Kina. Mao måtte gå av som kinesisk president, men fekk halde fram i stillinga som formann.
Det vart etterkvart tydeleg at fleire i Kina var motstandarar av Mao sin politikk. Han skulda leiinga i kommunistpartiet for å vera stivna byråkratar som gjekk ”kapitalismen sin veg”. Over
heile Kina vart skuleungdom og studentar ”raudegardistar” som jakta på folk som dei meinte ikkje støtta Mao. Alle intellektuelle vart sende utpå bondebygda for å dyrke mat. Dette førte til
at skular og universitet måtte stenge. Med ”Maos lille røde”, ei bok der Mao sine tankar var
skrivne ned, i hendene, skulle dei fjerne alle restar av gamal kinesisk kultur. Heile kulturrevolusjonen kom fullstendig ut av kontroll. Raudegardistane øydela gamle kinesiske
kulturskattar, dei ransaka private heimar på jakt etter ulovlege bøker og skrifter og til slutt slost mot kvarandre med våpen i hand. Til slutt måtte hæren settast inn for å få lov og orden att i landet.
Kona til Mao hadde fått stor makt i Kina, og saman med tre unge menn ville ho driva kulturrevolusjonen vidare. Desse vart kalla firarbanden. Då Mao døydde i 1976 vart det
maktkamp i Kina. Det enda med at firarbanden vart arrestert og fekk dødsdommar, men som ikkje vart sette i verk. Den nye leiaren i Kina vart Deng Xiaoping.
Aktuelt: Les tekstar av Mao på norsk! (frå AKP sine nettsider)
India og Pakistan India var ”juvelen i kronen” i det britiske imperium. Under andre verdskrigen hadde den
britiske regjeringa lova India sjølvstende så snart freden kom. Det viste seg å bli vanskeleg, og løysinga vart to sjølvstendige statar der dei religiøse grensene bestemte landegrensene. I 1947 vart det danna ein hinduistisk stat som tok namnet India, og ein muhammedansk stat som
tok namnet Pakistan. I India vart medarbeidaren til Mahatma Gandhi, Nehru, statsminister. I
1972 gjorde folket i Aust-Pakistan opprør, og danna sin eigen stat som dei kalla Bangla-Desh.
Det å dele India i to land var ikkje ei god løysing. Folk måtte flytte, alt etter kva religion dei høyrde til. Til saman 8 millionar menneske var på flyttefot. Gandhi, den indiske fridomshelten,
tala for forsoning mellom hinduar og muhammedanarar. I den samanheng vart Gandhi myrda av ein fanatisk hindu.
Sjå storfilmen ”Gandhi”, så vil du forstå denne konflikten betre. Det braut ut blodige kampar mellom indarar og pakistanarar om provinsen Kashmir. Kashmir høyrde til India, sjølv om folket der var muhammedanarar. FN mekla i konflikten, og hjelpte til med å dele
provinsen. Men den dag i dag er Kashmir-provinsen ei stridssak mellom dei to landa. Det er stadig uro og våpenbruk i grenseområdet mellom dei to landa. Både India og Pakistan er i dag
atom-makter, og verdsfreden er avhengig av den politikk desse to landa fører.
Midt-Austen Kvar skulle jødane gjere av seg etter at andre verdskrig var slutt? Mange av dei ville til Palestina. I 1947 var det FN som fekk i oppgåve å greie ut spørsmålet. FN føreslo å dele
Palestina i ein jødisk og ein palestinsk stat. Palestinarane protesterte, men då stormaktene støtta FN sitt forslag, vart staten Israel oppretta 15.mai 1948. Mange palestinarar rømde frå
heimane sine. Sidan den dagen har dette området vore eit uroleg hjørne av verda. Det har vore fleire krigar mellom Israel på den eine sida, og palestinarane og araberlanda på den andre.
Både i 1967 og i 1973. Dei palestinske flyktningane danna sin eigen organisasjon, PLO.
Begge partar har brukt terror i stor grad. I 1993 underteikna Israel og PLO ein avtale i Washington, den såkalla Oslo-avtalen. I avtalen godkjende dei kvarandre og palestinarane
skulle få sin eigen stat. Men i dag (våren 2002) veit vi at konflikten er langt frå løyst.
Sjå kart som illustrerer den arabisk/israelske konflikta!
|
 |
|
|
 |
 |
|
Koreakrigen 1950-1953
Den kalde krigen har gått i bylgjer, men i 1950 kom det
til verkeleg krig. Då den andre verdskrigen slutta i 1945, vart
Korea delt i to okkupasjonssoner langs den 38.breiddegrad. Nord-Korea
vart okkupert av sovjetiske troppar og fekk kommunistisk styre.
Sør-Korea
vart okkupert av amerikanske troppar, og fekk i namnet ei demokratisk
styreform. Men presidenten, Syngman
Rhee, var svært så autoritær. I 1949 vart både sovjetiske
og amerikanske troppar dregne ut av Korea. I
juni 1950 gjekk Nord-Korea til åtak på Sør-Korea. Målet
med åtaket var å samle landet att, men under kommunistisk styre.
Få timar etter at krigen hadde brote ut, kom Sikkerheitsrådet i FN saman for å diskutere den farlege situasjonen. På den tida møtte ikkje Sovjetunionen i Sikkerheitsrådet i protest mot at
Formosa-regjeringa representerte Kina i FN. På grunn av det vart det vedteke ei ordre til nordkoreanarane om å dra seg ut av Sør-Korea. Samstundes gjekk det ut ein appell til alle
medlemslanda i FN om å vera med på ein politiaksjon mot Nord-Korea. Aksjonen skulle gå føre seg i regi av FN, og under FN-flagg.
Klikk deg inn på Korean War Webs eller sjå denne Kronologien over Koreakrigen!
Alt før appellen gjekk ut frå FN, var amerikanske troppar på plass i Sør-Korea.
Det var sjølvsagt at amerikanarane leia aksjonen mot Nord-Korea, men 16 andre land sende og soldatar dit. Norge sende ikkje soldatar, men var med på å
utstyre eit feltsjukehus. Ein får berre håpe at det ikkje var det feltsjukehuset som TV-serien ”MASH” fortel om. Ein amerikansk general frå andre verdskrig, MacArthur, fekk kommandoen over FN-styrkane.
I starten av krigen var det nord-koreanarane som hadde den største framgangen, og greidde å erobre størstedelen av Sør-Korea. Men etterkvart som USA sende fleire og fleire soldatar til
denne krigen, så sigra FN-troppane. Spørsmålet vart om troppane skulle gå over grensa til Kina, for der i frå kom det utsegn som sa at dei ikkje ville sjå på at grannefolket deira vart
overfalne av imperialistar. Sovjetunionen sende og ut tydelege signal om at FN-troppane, dvs. amerikanske troppar, måtte halde seg på det vestlege området, som her var Sør-Korea.
 |
Det var fare for storkrig, og president Truman gav MacArthur ordre om å gjere krigsoperasjonane minst mogeleg. Amerikanarane rykte fram mot den kinesiske grensa, men
vart slegne tilbake av kinesiske troppar som kom over grensa frå nord. MacArthur, som var ein krigens mann, ville gå til militæraksjonar på kinesisk jord, men
då fekk han sparken som øvstkommanderande.
På denne tida meinte USA at all kommunisme vart styrt frå Moskva. Dersom kommunismen sigra i Korea, ville andre land i området også bli kommunistiske. Dette vart kalla dominoteorien: dersom ei brikke fall, så ville alle dei andre og falle.
Sovjetrussarane var og redde for at Koreakrigen skulle utvikle seg til verdskrig, og
dei gjorde alt dei kunne for å mekle i konflikten. Koreakrigen varte i tre år utan at
nokon av partane ”vann” krigen. Korea er framleis delt ved den 38. breiddegrad. Den fredsavtalen som vart underteikna mellom dei to landa i 1953, gjeld enno.
Koreakrigen vart oppfatta som ein slags duell mellom dei to supermaktene, og etter krigen vart det sett fart i væpningskappløpet mellom USA og Sovjetunionen.
Leiar i Nord-Korea var Kim Il Sung, ein eineherskar som fekk i stand
persondyrking av seg sjølv. Dette lukkast han i, men landet har og vore hermetisk lukka for påverknad utanfrå. No er det sonen Kim Jong Il som
styrer landet. Han prøver framleis å halde landet lukka for omverda, men ei rekkje svoltkatastrofer har gjort at hjelpeorganisasjonar og andre har fått
kome inn i landet. Politisk skjer det no ei viss tilnærming mellom dei to landa. Td. har slektningar som bor på kvar si side av 38. breiddegrad fått lov å besøke kvarandre.
Nyttige kartressursar om Koreakrigen! |
 |
|
|
 |
 |
|
Opprør i Aust-Europa
Stalin sin død i 1953 førte til ein kort avspenningsperiode mellom dei to
supermaktene. Hardstyret i Sovjetunionen letna noko, og folket vart lova rettstryggleik. Også overfor dei andre landa i Aust-Europa letta det sovjetiske
trykket noko. Men Sovjetunionen hadde ikkje rekna med at protestar og fridomstankar skulle dukke opp. I løpet av nokre få dagar var heile Aust- Tyskland i opprør, og det spreidde seg til Tsjekkoslovakia. Dette var i 1953.
Sovjetiske styrkar greip raskt inn og slo ned opprøra. Sommaren 1956 braut det ut opprør i Polen. Khrustsjov, som no hadde teke makta i Sovjetunionen, reiste til Polen for å få slutt på
opprøret. Polen fekk større fridom enn før, mot å love å støtte den sovjetiske utanriks- politikken, og ikkje bryte ut av Warzawapakta.
I Ungarn var det sterke motsetningar mellom ei liberal kommunistisk fløy, og ei stalinistisk
fløy. Etterkvart steig kravet om at den liberale fløya skulle overta regjeringsmakta i Ungarn.
 |
I 1956 skaut politiet mot eit demonstrasjonstog av studentar og arbeidarar. Då braut det ut
opprør mot den stalinistiske regjeringa. Delar av den ungarske hæren gjekk saman med opprørarane, men då greip Sovjetunionen inn. Sovjetiske tanks rulla inn over Ungarn.
Sovjetunionen ville ikkje tillate at land i Aust-Europa reiv seg lause frå det sovjetiske overherredømet. Dei var redde for at heile Warzawapakta kunne rakne.
Den 4. november 1956 gjekk sovjetrussarane til åtak på Budapest, og heile verda kunne høyre dei siste sendingane til den frie kringkastinga, som bad om internasjonal hjelp.
Sikkerheitsrådet kravde at invasjonen skulle stoppe, men sovjetrussarane brukte vetoretten sin, og dermed kunne ikkje FN gjere noko. Det ungarske opprøret var over på nokre veker.
Sovjetunionen viste at dei var herrar over landa i Aust-Europa. Likevel fekk Ungarn ei meir liberal utvikling enn andre land i aust.
I 1956 var det mange ungararar som flykta frå landet sitt, og fleire av desse kom til Norge. |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|