|
|
 |
|
ETTERKRIGSTIDA
Etter andre verdskrig vart USA eit sentrum for biletkunsten. For første gong gjer amerikanarane seg internasjonalt gjeldande med nye uttrykk. Ei av dei viktigaste
retningane var abstrakt ekspresjonisme.
Abstrakt ekspresjonisme
Det
er namnet på dei nye uttrykksmåtane som markerte seg særleg i USA frå 1945 til slutten av 50-åra. Europeiske kunstnarar vart påverka av amerikanarar som Jackson Pollock, Willem de Kooning og Mark Rothko,
tre kunstnarar med svært ulike uttrykk innafor denne retninga.
|
|
|
 |
|
Jason
Pollock (1912-56)
Pollock er eit kjent kunstnarnamn frå 50-åra som representerte abstrakt ekspresjonisme. Pollock likte best å lage bileta sine på golvet. Då kunne han gå rundt måleriet, kome til frå alle kantar og bokstaveleg
talt vere i måleriet. Han brukte knivar, pinnar og murskeier framfor penslar og han dryppa, slengde og klaska målinga utover store lerret. Arbeidsmåten er godt kjend gjennom foto og filmar av kunstnaren i aksjon.
Hos Pollock ser det ut til at alt som heiter samanheng og komposisjon er gått i oppløysing og det er snakk om ”informelt” (uformelt) måleri. Med det meinar ein at kunstnaren ser bort ifrå komposisjon og det
figurative i biletet og innhaldet handlar meir om målet eller prosessen. Litt av det same kan vi oppleve hos Yves Klein. For publikum kan
slik kunst ofte vere vanskeleg å forhalde seg til, fordi ein ikkje kan vurdere den etter vanlege kretereir som komposisjonsstruktur, proporsjonar m.m.
!
I Europa var det fleire av kunstnarane i Paris som utvikla seg mot "informell" kunst. Nicolas de Staël med sine mosaikkliknande
landskapsbilete var ein av dei. Motiva i bileta hans balanserte mellom det figurative og det abstrakte. I biletet ”Figurar ved kysten" (1952) har han sett saman fargar så dei nesten vibrerar. Kanskje
fargar han aldri før hadde sett saman? Så voldsame og på grensa til at det skurra, med landskapsfragment plasserte så dei nesten blir abstrakte i biletet.
 |
Utstillinga ”En sårbar balanse” i Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst i Oslo i 1997, var kunstverk av Nicolas de Staël presenterte saman med skulpturar av Alberto Giacometti.
Willem de Kooning
(1904-97) Eit av Koonings mest kjende bilete frå 1950 åra er ”Kvinne 1”. Han laga ein serie bilete med
same motiv. Kunstnaren likte å skjere ut smil frå blad og i eit av kvinnebileta er det limt eit kvinnesmil rett på oljemåleriet. Han laga ofte skisser av detaljar som han stifta her og der på
lerretet. Ingen vil vel kalle bileta for vakre, heller groteske.
Bileta er abstrakte, ekspresjonistiske, og dei inneheld malerisk energi, det ser ein i penselstrøka og den brutale måten Kooning brukte penselen på.
Mark Rothko (1903-70) Fargen var Rothko sitt viktigaste verkemiddel. Han brukte farge på ein slik måte at den skulle
stimulere publikum til å reagere melankolsk eller med ekstase. Dei beste arbeida både inviterar og forførar til meditasjon. Dei er kraftfulle og utstrålar energi. Til fleire lerret til meir verknad.
Bileta involverar tilskodaren slik at han eller ho blir delaktig. Dei røre ved mennesket på ulike måtar.
Rothko var fødd i Russland, men vaks opp i USA. Si første utstilling hadde han i 1929. Frå 1949 hadde han utvikla ei uttrykksform som han var trufast mot resten av livet. Han brukte
enkle former, rektangel plasserte i farga rom, eller former med uklare konturar. Formene skulle innehalde ein religiøs symbolikk. Rothko utsmykka eit kapell med ein heil biletserie. Mange
opplever ro i møtet med dette verket.
Rothko-rommet i Tate Gallery i London viser fleire av bileta hans frå slutten av 50-talet.
Kunstnaren sjølv sette stor pris på å få stille ut ein biletserie i same galleriet som Turner. |
 |
|
|
 |
 |
|
Cobra Ei europeisk kunstnargruppe tok namnet Cobra, som er sett saman av forbokstavane på byane kunstnarane kom ifrå, Copenhagen, Brussel og
Amsterdam. Dei viktigaste medlemmane var Pierre Alechinsky, Karel Appell, Egill Jakobsen, Asger Jorn og Lusebert. Kunsten deira var spontan, nonfigurativ og ekspresjonistisk. Dei ønskte å nå irrasjonelle, kreative
krefter i mennesket.
Popkunst
Den populære forbrukarkulturen som utvikla seg i USA og Europa
i 1950 åra var i sterk kontrast til den tronge levemåten før krigen.
Det inspirerte til ei moderne kunstretning i England og USA, kjend
som popkunst.
Kunstnarane henta inspirasjon frå teikneseriar, reklame, kino og
til og med ferdigmatindustrien. Dei var både ironiske og hylla velferdsamfunnet
i arbeida sine.
Richard Hamilton sin kollasj, ”Just what is it that makes today`s
home so different, so appealing?” (1955), gjore kunstnaren til ein av popkunstens fedrar. Biletet er både kritisk og ironisk til populær kulturen. Hamilton prøvde på ein måte å gjer det same som dadaistane. I
staden for å bruke objekt, som Duchamp gjorde, brukte han bilete frå populærkulturen. Enkelte moderne kunstnarar var og er opptekne av å få fleire folk til kunstgalleria og dette er kanskje ein måte å gjer det på?
 |
Andre kjende kunstnarar innafor retninga, om vi skal kalle popkunsten ei retning, er Ed Ruscha, Gudmundur Gudmundsson, Roy Lichtenstein, Ron Kitaj og Andy Warhol. Warhol er kanskje mest kjend for sine bilete av Marilyn Monroe eller lerret dekte med
suppeboksar. Han samanlikna seg med ei maskin og ønska at han kunne måle alle boksane like. Warhol har måla portrett av H. M. Dronning Sonja. Kunstbiletet var vist i Henie Onstad
Kunstsenter 30.06-09.09 2001 (les meir om Warhol under Kunst og Design for perioden 1960-80).
Josef Albers
Albers var ein tyskamerikansk målar og kunstteoretikar. Han måla kvadrat i ulike storleikar og fargekombinasjonar. Han representerar ei retning som vart kalla konkret kunst på 50-talet. Ei
abstrakt retning som har mykje til felles med hard edge- kunst og color field- kunst i USA.
Albers måla biletet "Hyllest til kvadratet" (1958) på same tid som han var professor i arkitektur og design ved universitetet i Yale i USA. |
 |
|
|
 |
 |
|
Skulptur I USA skjedde det lita eller inga skulpturell utvikling parallelt med abstrakt ekspresjonisme i målekunsten. Kanskje ikkje så lett å ta etter Pollock sine dryppteknikkar i stein
eller metall?
Claes Oldenburg, med sine mjuke skulpturar av kvardagsting, kan reknast som popkunstnar, men er også kjend for sine
bidrag til utviklinga av happeningar.
Alberto Giacometti arbeidde med skulptur i eit figurativt formspråk. Etter
krigen modellerte han spinkle figurar med grundig utarbeidde former og med forvirrande anatomi, men med riktige proporsjonar. Hovuda kunne ein berre
ane var der og blikka i ansikta var gjennomtrengjande. Her hos oss kan vi sjå trekk frå Giacometti sin kunst i Nils Aas sine arbeid frå mellomkrigstida. |
 |
|
|
 |
 |
|
Arkitektur
Notre-Dame du Haut
I den franske byen Ronchamps, vart det i 1955 vigsla ei kyrkje som vekte
stor oppsikt. Kyrkja er ei pilegrimskyrkje teikna av arkitekten le Corbusier. Ei lita kyrkje som av mange vert rekna som det 20. århundres største enkeltståande arkitektoniske verk.
Taket er eit stort betongskal som henger ned på midten og peiker oppover i hjørna, slik at heile bygget peiker utover samtidig som det ynskjer velkommen inn. Innvendig er kyrkja lita,
med tre mindre kapell og utforma slik at lyset slepp inn på ein spesiell måte. Heile kyrkja er ein studie i lys. Den eine langveggen har vindauge som er forma som rektangel i ulike storleikar, og
i veggen på andre sida er vindauga som tunnelar med størst opning inn mot kyrkjerommet. Med farga glas gir dette veggen og rommet eit flott spel av både fargar og lys. Heile interiøret
endrar seg med sola og det synes å vakne til liv.
Sjå ein flott biletserie frå kyrkja!
Le Corbusier i Sør-Amerika
Le Corbusier sin produksjon var enorm og mange av byggverka hans er blitt symbol for si tid.
I 1936 var Corbusier i Rio de Janeiro som konsulent for undervisningsdepartementet sitt nye bygg. Det var ferdig i 1945. Eit godt arkitektonisk verk som fekk stor innverknad på nyare arkitektur i Sør-Amerika.
 |
Etter den andre verdskrig eksploderte Brasil i ein overveldande arkitektur.
Den nye hovudstaden vart bygd på tre år og arkitekten bak dei mest
sentrale byggverka var Oscar
Niemeyer. Men det var Lucio
Costa som planlagde den nye hovudstaden, Brasilia.
Han vann konkurransen om byens utforming i 1957. Arbeidet gjekk så
fort at noko av byplanlegginga og arbeidsteikningane vart gjort undervegs.
Arkitekturen var basert på lettleik og byen skulle vere eit håp for
utviklinga i Brasil. Mange oppfattar Brasilia nesten surrealistisk.
Det vert fortalt at byen er ein arkitekts draum. I dag er byen lite populær å bu i. Kanskje var ein meir oppteken av det arkitektoniske enn å ta omsyn til dei som skulle bu i byen? Dette var
ikkje i trå med Niemeyer sine tankar om at arkitekturen skulle tilpassast terrenget og folket. For han var huset viktig. Det er der vi lever og det er der vi bor. Corbusier ville også tilpasse huset til menneska.
Frank Lloyd Wright i New York
Kven skulle tru at Guggenheimmuseet
(1956-59) i New York er teikna av ein tilårskomen arkitekt mellom
80 og 90 år? Arkitekten
Wright hadde ein lang yrkeskarriere og teikna om lag tusen
bygningar. Av dei vart halvparten realiserte.
Museet skulle vise moderne kunst, og Wright ønska å skape eit gjennomført moderne bygg i harmoni med nonfigurative målekunst og skulptur. Bygget er nesten ein demonstrasjon av
arkitekten sitt ideale om ein organisk, dynamisk arkitektur, der form, struktur og rom er sameina. Det har ei spiralliknande form. Arkitekten la opp til at dei besøkjande skulle starte
besøket i første etasje, ta heisa til toppen og gå gradvis ned den hellande rampen til dei var tilbake til utgangspunktet ved inngangen. Frå kvart nivå skulle dei sjå og orientere seg om kvar i rommet dei var.
Frank Lloyd Wright døydde 92 år gamal, same året som Guggenheim stod ferdig. I den seinare tid har Wright blitt kalla for modernismens far innafor arkitekturen. |
 |
|
|
 |
 |
|
Design Etterkrigstida og 50-åra, som enkelte i dag meir nostalgisk hugsar som ”dei glade femtiåra”, førte ikkje berre til politiske omveltingar, men også til store endringar innan
internasjonal design. Tyskland, Italia og Japan var først og fremst opptekne av gjenoppbygging og hadde i dei første etterkrigsåra nok med å tilfredstille eigne behov. USA derimot hadde, som den einaste av
sigerherrane, komme seg uskadd gjennom krigen. Landet overtok den økonomiske styringa og etablerte seg som den leiande nasjonen innan design.
Organisk form Museet for moderne kunst
i New York arrangerte i 1940 ein konkurranse med tittelen: ”Organisk design i bustad innreiing”. Ei organisk form er inspirert av former i naturen og målet for konkurransen var å få fram dei svungne, lette linjene
med band til menneskekroppen. Ikkje dei strenge geometriske formene til funksjonalismen som hadde vore moderne. Utstillinga skulle vise tidsmessige nye former for innreiing, stoff og liknande. På denne måten kunne
museet bestemme kva som var moderne no.
Charles Eames deltok i konkurransen med ein lenestol i palisander og skinn og Eero Saarinen med ein stol i polyester. Begge to vart prisvinnarar og står som dyktige representantar som sameinte form og funksjon innafor den organiske stilen. Dei jobba med polyester, aluminium og kryssfiner, men produksjonen kom ikkje i gong før etter krigen, då det vart betre tilgang på materialar.
Straumlinjeform i 50-åra Straumlinjeforma symboliserte dynamikk og framsteg. Den amerikanske industrien var i stand til å nytte denne forma i masseproduksjon, takka vere dei nye
materiala og teknikkane. Framsteg i industrien gav tillit til den amerikanske økonomien.
Straumlinjeforma var inga amerikansk oppfinning. Dei italienske
futuristane hadde brukt denne forma før, -idealforma til ein gjenstand
med minst mogleg luftmotstand. Kunne denne forma ha noko med romskip
og fart å gjere? Sovjetunionen sende ut første romskipet, Sputnik
i 1957.
USA tok over den økonomiske føringa og etablerte seg som den leiende nasjonen innafor design. Fleire kjende designarar og arkitektar emigrerte frå Europa til USA under nazitida. Her
vidareutvikla dei moderne arkitektur og design. Deira innsats kom gjerne tilbake til Europa gjennom moderne design. Alle industrinasjonar på 50-talet overførte straumlinjeforma til
produkt som, barnevogner, bilar, kaffitraktarar og mykje meir.
Rosa Cadillac og Elvis Med økonomisk framgang og større forbruk auka etterspørselen. Eit viktig designområde var
bilbransjen, og draumebilen for ein amerikanar var ein straumlinjeforma Cadillac. Bilen
hadde finnar som på ein hai eller eit romskip og baklys nesten som på jetfly på slutten av 50-talet.
 |
I 1956 fekk Elvis Presley ei platekontrakt til 35 000 dollar og ein rosa Cadillac. Same året
kom Elvis på førsteplass på hitlistene med ”Heartbreak Hotel”. Det vert fortalt at Elvis gav bort bilen til ei ung kvinne som stod og beundra bilen hans. Ikkje den same bilen, men ein heilt
ny frå butikken over gata. To politimenn fekk også rosa Cadillac etter å ha vore hjelpsame mot Elvis. Ikkje tvil om at han var ein gåvmild person.
Raymond Loewy i USA Loewy var fransk reklamemann og designar busett i USA og vert rekna som ein av dei mest
kjende designarane i det 20.århundre. Han var fascinert av moderne teknikk heile livet og ville gjere produkt vakrare via ”styling”. Målet med styling var å formgi for eit bredt masseforbruk.
Estetiske og marknadsorienterte kriterier la grunnlaget for den ytre utforminga av eit produkt.
Han gjorde nye produkt kjende via kostbare reklamekampanjar og han var den første
designaren som brukte moderne marknadsanalysar som eit viktig hjelpemiddel i arbeidet sitt. Lowey vidareutvikla mange produkt, og gav dei eit nytt utsjåande som gjore dei lettare å selje.
Med det understreka han: Det vakre er det enkle, ikkje det kjedelege. I 1951 kom han ut med boka ”Never Leave Well Enough ” (gjer det aldri berre bra nok), som stadfestar myten om hans suksess.
Nokre av dei mest kjende konsepta til Loewy er: Shell-logoen, Lucky Strike-pakken og tappemaskina til Coca-Coca, som likna ein påhengsmotor.
Særleg Italia og Tyskland var påverka av det amerikanske levesettet. Film og reklame skapte motebøljar og Coca-Cola og Lucky Strike vart symbol på ein ny livsførsel. Dongeribuksa på moten
Konfeksjonsindustrien fekk ei enorm utvikling på 50-talet. Dei eksklusive moteplagga frå motehusa blei tilpassa alle samfunnsgrupper. Med lettstelte syntetiske fibrar og lavere prisar auka forbruket.
I tillegg kom det ein eigen ungdomsmote påverka av filmstjerner og artistar frå
USA. Strikke , cord-, og skinnklede og ikkje minst dongeribukser blei ein enorm suksess, og salet vart støtta av reklamekampanjar. Dei blå buksene har
millionar av fans sjølv om mange foreldre har rista på hovudet av unge som har streva for å få ei ny bukse til å sjå slitt ut. Buksa er og blitt eit symbol på
likestilling mellom kvinner og menn, rik og fattig og mellom ulike sosiale klasser i samfunnet.
Levi Strauss, ein
tysk jøde som emigrerte til USA i 1849, var mannen som fann opp dongeribuksa.
Eit populært plagg kom til verda for over 150 år sidan og lever framleis
i beste velgåande.
Ungdomsidol
I tillegg til Elvis Presley var James Dean eit av dei store ungdomsidola på
50-talet. Han høyrde til ei gruppe som kalla seg beatnikar. Dei kledde seg i svarte skinnjakker, som gjekk ned til livet og dongeribukser (jeans). Hårsveisen
var viktig, med feit hårkrem kunne dei få til den rette "sleiken". T-skjortene var også ein del av antrekket.
Audrey Hepburn med si smale midje var idol til unge jenter som dansa swing. Vide
swingskjørt, som var volangklipte, tok seg godt ut på dansegolvet. Det var heller ikkje uvanleg med fleire skjørt oppå kvarandre, dei såkalla "strutteskjørta".
Italia Vespa skuteren er eit godt døme på italiensk design frå etterkrigstida. Den første modellen, Vespa 125 cm, 1951 var teikna av Corradino D'Ascanio for firmaet Piaggio i 1946.
På 50-talet opplevde stålindustrien eit oppsving og stimulerte utviklinga
av teknisk utstyr, som bilar og motorsyklar. Saman med Vespa skuteren,
var Fiat 500
dei mest kjende italienske produkta. Etter kvart vart italienske varer
kjende varer. Alt i 1953 kunne ein sjå den italienske stilen i Hollywood.
I filmen Prinsesse på vift med Audrey Hepburn og Gregory Peck er Vespa
skuteren brukt i ein av scenene.
Elegante sportsbilar, utvikla av Pininfarina,
frå Ferrari, Lancia og Alfa Romeo kom også frå Italia.
I Italia var det små skilje mellom kunst og design. Dei fleste designarar
var arkitektar som brukte abstrakte, dynamiske former frå moderne
kunst som inspirasjon til møbeldesign. var møbeldesignar og ein av
grunnleggarane av ”Triennalen” i Milano, som var den viktigaste designutstillinga
i Europa på den tida.
Tyskland Tysk design vart redda av den amerikanske Marshallhjelpa rundt 1952-53. Den organiske straumlinjeforma stilen fekk innpass. Optimismen rådde og folket fekk tru på framtida.
Max Bill (1908-94) var tysk målar, arkitekt og designar. Han var ein av initiativtakarane til
høgskulen i Ulm. Han såg på skulen som ei vidareføring av Bauhaus. Skulen hadde eit bevisst antifascistisk, internasjonalt, demokratisk konsept og det kom studentar frå heile verda.
Den berømte Ulm-krakken frå 1954 er eit multifunksjonelt møbel, tenkt til studentar. Den vart
symbolet på den rasjonelle tenkemåten i formgjeving ved høgskulen i Ulm.
Skandinavia
Mange kjenner til glas og keramikk frå finske Iittala og Arabia
som var produserte på 50- og 60-talet. Alvar
Aalto sin vase frå 1930 er finsk design som vart internasjonalt
kjend etter andre verdskrig. Finske produkt fekk fleire prisar på
den tida.
Industrialiseringa
kom seinare i gong i Skandinavia enn elles i Europa og USA og handverkstradisjon
i møbelproduksjon heldt fram også etter krigen. Med nye teknikkar
og metodar, kunne ein bruke bjørk og furu til nye organiske former.
Danske møbeldesignarar inspirerte av Kaare
Klint, vart retningsgjevande for møbeldesignarar i Skandinavia. |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|