|
|
 |
|
VERDSLITTERATUR:
Dei første åra etter verdskrigen var det naturleg at litteratur og andre kunst- og kulturuttrykk tok føre seg hendingane under krigen. Utover i 1050-åra vart det klart at
atombomba og dei mange prøvesprengingane endra verdsbiletet. No kunne heile kloten vår og alt liv øydeleggast opp til mange gongar. Dette påverka mange forfattarar i fleire land.
Når det gjeld
utviklinga innan litteratur, er det vanskeleg å setja klare skillelinjer i tid. Mange av etterkrigstida sine forfattarar har vore aktive over ein lang periode, og kanskje endra skrivestil fleire gonger.
Mange har nok også
endra innfallsvinkel til stoffet fleire gonger alt etter som tidene har skifta. Du som brukar temaweben må ha det med deg når du leiter etter stoff, eller skal setja forfattarar og litteratur inn i ein samanheng.
|
|
|
 |
|
Frankrike
Jean
Paul Sartre (1905-1980) var viktig i fransk etterkrigslitteratur,
og han påverka litteraturen langt utover Frankrike sine grenser.
I 1950-åra voks det fram ei filosofisk retning i Frankrike som etter
kvart også påverka litteraturen. Sartre var både forfattar og filosof.
Han var grunnleggaren av den moderne eksistensialistiske filosofien.
Det filosofiske hovudverket hans var ”Væren og intet”. Eksistensialistane
trudde ikkje på Gud, og dei meinte at mennesket sjølv skulle velje
korleis det ville leve, men mennesket sjølv måtte og ta ansvar for
sine handlingar. ”Kven er eg?” vert då eit viktig spørsmål, også
det å finne meininga med livet. Sartre sine mest kjende romanar
er ”Kvalmen” og ”Muren”. Sartre stod langt til venstre
politisk, sjølv om han ved fleire høve også kritiserte det franske
kommunistpartiet. Sartre var interessert i mennesket, ikkje -ismen.
I 1964 fekk han nobelprisen
i litteratur, men avslo å ta i mot den av prinsipielle grunnar.
Simone
de Beauvoir (1908-1986) levde i lag med Jean Paul Sartre.
Ho var og forfattar og filosof. Som Sartre, vart ho etter kvart
meir og meir oppteken av konkrete situasjonar som set grenser for
menneska sin fridom. Den mest kjende boka hennar er ”Det annet
kjønn” (Le Deuxieme Sexe) frå 1947. Her kom ho med analyser
av kvinna si stilling i samfunnet gjennom tidene, og tok opp kvifor
kvinna har fått ein lavare posisjon enn mennene. ”Man blir ikke
født kvinne, man blir det” skreiv ho. Situasjonen, og ikkje at ein
er kvinne, set grenser for kvinna sin handlingsfridom. Boka vekte
oppsikt, og har vore til inspirasjon for likestillingskamp opp gjennom
åra.
Albert
Camus (1913-1960) var og ein av dei leiande franske forfattarane
som var oppteken av eksistensialismen.
Han skreiv mest om det meiningslause ved tilværet. Camus var med
i fransk motstandskamp under krigen, og gjennom dette arbeidet fann
han ”meininga med livet”. Kjende romanar som han har skrive er ”Den
fremmende” og ”Pesten”. I 1957 fekk han nobelprisen
i litteratur.
Samuel Beckett (1906-1989) var frå Irland. Han studerte fransk ,og kom til Paris der han
vart kjend med franske forfattarar. Han skreiv på engelsk i starten, men etter krigen tok han til å skrive på fransk. Han skreiv romanar, men det er som dramatikar han er kjend. Det mest kjende stykket hans er ”Mens vi venter på Godot” (En attendant Godot) og er frå 1953.
Dette vert sett på som gjennombrotet til det som vert kalla absurd teater. Stykket handlar om to eldre menn som ventar på ein viss herr Godot. Dei får bod frå han, men denne Godot
dukkar aldri opp. Det er mange tolkingar av stykket. Er Godot Gud, så er han svært ulik den Gud vi har forestillingar om. Andre att har tolka stykket som ”vi venter, altså er der noko”, om
ikkje anna forventninga om noko.
 |
|
 |
|
|
 |
 |
|
Italia Dario Fo (1926) er kjend for sine teaterstykke, som også har vore sett opp på norske teater, og vore
vist på norsk fjernsyn. Stykka hans må ein kunne kalle satire, og dei stiller krav til ein skodespelar for å få fram komikken i bodskapen hans.
Tyskland Når det gjeld utviklinga
innan tysk litteratur må ein sjå på ei utvikling over tid, og ikkje sette klare tidsgrenser. Etterkrigslitteraturen i Tyskland måtte sjølvsagt ta føre seg det som hadde hendt i Tyskland frå 1930-talet og fram
til kapitulasjonen. Rett etter krigen hadde ein i Tyskland noko som vart kalla ”ruinlitteratur”. Dei unge, gjerne soldatar, fortalde om kva dei hadde opplevd under krigen. Å bygge opp att tysk språk og
kultur gjorde ein og med å la den litteraturen som nazistane hadde reinska ut, kome til heider og verde att. Rett etter krigen prøvde og forfattarar frå Vest- og Aust-Tyskland å møtest og få til eit fellesskap. Men
etter som dei politiske motsetnadane auka (sjå historiedelen), så fall dette samarbeidet saman.
Men også på vest-tysk side
kunne det vera vanskeleg å skrive det ein ville. Vest-Tyskland var i åra etter krigen eit okkupert land (sjå historiedelen) , og
okkupasjonsmakta – USA – synest at eit par tidskrift vart for nærgåande i sin kritikk av situasjonen i Vest-Tyskland.
Heinrich Böll (1917-) var ein heimvend soldat, som starta med ”ruinlitteratur”.
Han skriv at tyskarane ikkje må gløyme, eller slå strek over, naziperioden. Kampen for menneskeverdet er tema for mykje av det Böll skriv. Han stiller
seg på dei svake i samfunnet si side, og vil slå ned på all maktutfalding. ”Gruppebilde med dame” frå 1971 er sett på som hans beste roman, og for den fekk han nobelprisen i litteratur i 1972.
Günter Grass (1927-) voks opp i byen Danzig, og har gjennom mange av bøkene sine teke
med miljøet i denne byen som bakgrunn for stoffet sitt. Han slo gjennom i 1956 med boka ”Blikktrommen” (Die Blechtrommel). Boka vart ein stor suksess, og vart lest i mange land.
Boka er også filma. Romanen er fantasifull og bisarr, og hovudpersonen Oskar nektar å vekse meir då han er tre år. Då han er 21, bestemmer han seg for å vokse litt til, og får pukkel.
Romanen sluttar då han er 30 år, og sit innesperra i eit sinnssjukehus, skulda for mord. ”Katz und Maus” 1961, og ”Hundejahre” 1963 er og kjende bøker av Günter Grass. Grass har
vore ein ivrig deltakar i det tyske samfunnsliv i mange år, og som politisk engasjert har han late si stemme høyre ved mange høve.
Sovjetunionen
Etter at Stalin døydde i 1953, har forholda for litteratur og anna kultur skifta med styresmaktene og klima i den kalde krigen. Ei periode har det vore så kalla ”tøvær”, og ei viss
form for kritikk av styresmaktene har vore tillate. Så har styresmaktene stramma grepet på nytt og sensurert kvart eit ord.
 |
Boris Pasternak (1890-1960) skreiv svært moderne litteratur i mellomkrigstida. Symbolisme
og futurisme er stikkord, men han gjekk etter kvart over til ein enklare skrivestil. Den romanen som har gjort Pasternak verdskjend er ”Dr. Zivago”. Han skreiv boka i 1940-åra, men
prøvde ikkje å få den gitt ut før i 1956. I 1957 kom den ut i Milano, først på italiensk og så på russisk. Boka handlar om ein diktar sin tragiske lagnad under
revolusjonen i Russland. Boka fekk stor merksemd, og styresmaktene i Sovjetunionen såg med kritiske auge på romanen. Då Pasternak året etter, i 1958, fekk nobelprisen i litteratur for boka, måtte han avslå å ta i mot prisen fordi styresmaktene såg på den som ein politisk provokasjon. I 1965 vart boka
filma, med mange verdsstjerner på rollelista. |
 |
|
|
 |
 |
|
England
Dylan Thomas (1914-1953)
var lyrikar, og han skreiv ofte om oppveksten sin på landsbygda
i Wales. Han la vekt på at orda han brukte skulle gi dikta hans
”melodi”. Han vart mykje brukt som opplesar i radio, og det han
skreiv, både dikt og noveller, vart ofte lest opp før det kom på
trykk.
Mange norske skuleelevar har hatt ”Lord
of The Flies” (Fluenes herre) frå 1954 på pensum. Forfattaren
av boka er William
Golding (1911-1993). Handlinga i boka er at ein gjeng
gutar strandar på ei aude øy. Etter kvart utviklar dei eit samfunn.
Boka er ein allegori eller ein fabel – ei forteljing der personar
og hendingar representerer visse idear, typar eller verdiar. Golding
prøver å få fram korleis vårt samfunn er, og har utvikla seg.
Han er ikkje nådig i sine avsløringar. I 1983 fekk han nobelprisen
i litteratur for heile forfattarskapet sitt.
Harold Pinter (1930 ) er eit kjent teaternamn frå England, og stykka hans vert spelt på
norske scener.
Kriminal - og actionlitteratur er ei populær sjangerform. Den tradisjonelle detektivromanen
er der framleis, så Agatha Christie har fått sine arvtakarar. Men fleire og fleire spionar og hemmelege agentar dukkar opp mellom to permar. John Le Carre (1931), som er eit
psevdonym for David J.M.Cornwell, har ei stor lesarskare med sine litt tyngre spionromanar. ”Spionen
som kom inn fra kulden” (The Spy Who Came in from the Cold) frå 1963 er vel
hans mest kjende bok. I den lettare sjangeren har vi Ian Flemming (1908-1964) sine bøker om James Bond. Kven kjenner ikkje historiene om agent 007? Han overlever alt, har drag på
damene, kan alt som tenkjast kan og kjem stadig tilbake i form av ein ny film. Ein supermann - og ikkje noko anna. No er det andre enn Ian Flemming som lagar dei nye film-manusa, men
dei første filmane var bygt på hans bøker.
Ein annan spenningsforfattar er Alistar MacLean (1922-1987) , som har skrive ei rekkje
spennande bøker der handlingane er lagt til ulike land og miljø.
Den tradisjonelle kjærleiksromanen finn ein også. Eleanor Hibbert (1906) skriv
kjærleiksromanar under fem ulike psevdonym, der det mest kjende er Victoria Holt. |
 |
|
|
 |
 |
|
USA
Også i USA har litteraturen hatt ulike vilkår i etterkrigsåra. Verst var det då senator Joseph McCarthy i 1953/1954 sette alle han trudde var kommunistar eller kommunist-sympatisørar under lupa. Fleire forfattarar måtte møte fram og
forklare kva syn dei framførte i bøkene sine. Då president Kennedy kom til makta var han interessert i kva syn forfattarane hadde på ulike saker. Hendingar
som, andre verdskrig, Korea, Vietnam, rasekamp, snikmord og korrupsjon var med å skape emner og innfallsvinklar i amerikansk litteratur.
Høyr senator McCarthy snakke om at det “er kun eit kommunistparti”!
Dei første åra etter verdskrigen, var det krigsopplevingar som kom til forlaga. Langt frå alt vart gitt ut, men nokre bøker vart svært populære. ”Mytteriet på Caine” (The Chain Mutiny) frå
1951 av Herman Wouk (1915) er ei av dei. For denne boka fekk han Pulitzer–prisen, som er
den sværaste amerikanske bokprisen. Boka vart også filma med Humphrey Bogart i hovudrolla, som kaptein Queeg om bord i ”USS Caine”. Men for dagens TV-sjåarar er vel forfattaren meir kjend for bøkene ”Winds of War” (1971) og ”War and Remembrance”
(1978). Desse er filma, og har gått som serie på fjernsyn. Bøkene fylgjer familien Henry gjennom krigsåra. Inn imellom forteljinga har forfattarar skrive ned ein del krigsfakta, som gjer
at både fakta og fiksjon får plass i bøkene.
Men den krigsromanen som kanskje har vekt mest merksemd, er ”Herfra til evigheten”
(1951), - ikkje minst på grunn av filmen, som alle måtte sjå! Boka er skriven av James Jones
(1921), og fortel om kor brutalt soldatlivet kunne vera. Handlinga er lagt til militærbasen på Hawaii like før angrepet på Pearl Harbour. Kjærleikscena frå stranda på Hawaii er ein av filmhistoria sine klassikarar!
Ein annan som og skreiv om hendingane under krigen var Norman Mailer
(1923) i boka ”De nakne og de døde” (1948) (The Naked and the Dead). I boka går han tilbake i personane sitt liv før krigen, for å forklare deira handlingar under krigen.
Når det gjeld amerikansk drama er det fleire namn vi møter på norske teaterscener. Tennessee Williams (1911-1983) har skrive fleire kjende
teaterstykke. Etter fleire dårlege stykke kom han med ”Glassmenasjeriet” i 1944. (The Glass Menagerie) Det handlar om ei mor som får den invalide
dottera ut av si draumeverd for ei kort stund – symbolisert gjennom ei samling glasdyr. Men meir oppsikt gjorde ”En sporvogn til begjær” frå 1947. (A Streetcar Named Desire) Kanskje skuldast suksessen mest ein
sexy Marlon Brando i filmversjonen av stykket. Her fekk T-skjorta sitt gjennombrot. Filmen ”Katt på hett blikktak” (Cat On A Hot Tin Roof –
1955 ) er kjend gjennom rolla til Elisabeth Taylor, men filmen bygger på eit teaterstykke av Tennessee Williams.
Eit anna teaternamn er Arthur Miller (1915). Han er kjend for stykket ”En handelsreisendes
død” frå 1949. (Death of a Salesman). Hovudpersonen er ” det ensomme massemennesket”, som ikkje greier å leve opp til myten om ein god seljar, og til slutt døyr av det. Men enno meir
kjend vart kanskje Miller gjennom sitt korte ekteskap med Marilyn Monroe. Det fekk meir medieomtale enn teaterstykka hans.
Ein forfattar som og skriv bøker som vekkjer til debatter var Truman Capote (1925-1984) Den boka som vekkjer mest debatt er ”Med kaldt blod” frå 1966. Han skriv om familien
Clutter, som vert myrda utan grunn, og får i gang ein debatt om kunstnaren sitt ansvar for det han skriv.
Henry Miller (1891-1980) vart utropt til pornograf. I bøkene ”Krepsens Vendekrets” frå 1934, og ”Steinbukkens vendekrets” frå 1938 brukar han
tabuord for å få fram sexskildringar. Dette gjer at bøkene vert forbodne både i England og USA. Men han er ein god forfattar, og i det han skriv t.d. brev,
utleverer han seg sjølv. Denne sjølv-utleveringa er det mange seinare forfattarar som har hatt som føredøme for det dei har skrive. |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|