|
Klassisk musikk. Spesielt på 60-talet laga komponistane vanskeleg musikk som få ønskte å lytte til, og som førde til ein mot-reaksjon med ønskje om å finne fram musikk frå tidlegare tider.
Avstanden mellom komponistar og publikum vart til tider stor.
Darmstad I Darmstadt vart det oppretta eit musikk-institutt som skulle få det tyske musikk-livet på beina etter krigen.
Mange av dei dyktigaste komponistane i etterkrigstida kom frå dette miljøet t.d.:
 Olivier Messianen (1908-1992) - Han var djupt religiøs og vart kalla 1900-talets store katolske musiker. Han brukte i komposisjonane sine
gregoriansk sang, indisk musikk og ofte fuglesang.
Lytt til musikk av Olivier Messianen
Pierre Boulez (1925-) - Han var ein av dei viktigaste komponistane i etterkrigstida og var óg ein ofte brukt forelesar. Han gjorde i tillegg internasjonal karriere som dirigent.
Karlheinz Stockhausen (1928-) - Markerte seg som ein av dei mest omdiskuterte komponistane sidan 1950.
Lytt til musikk av Karlheinz Stockhausen (MP3-filer)
Pop og rock. Etter andre verdskrig har denne musikk-forma hatt ei eksplosiv uvikling. Det er USA og England som har vore leiande på området.
I England vart musikk-forma kalla popmusikk og den amerikanske versjonen var ”Rock and roll”. I begge landa hadde musikken sin bakgrunn i blues, country &
western, folkemusikk og jazz. Musikken vart brukt som ein protest mot foreldregenerasjonen og samfunnet. I spreiinga av musikken fekk ein god hjelp av kommersiell gramafon- og filmindustri. Filmen ”Vend dem ikke ryggen” med
melodien ”Rock around the clock” vart eit gjennombrot og fekk raskt ein kultstatus. Grammafonselskapa satsa stort på rockesangarar som Bill Haley, Jerry Lee Lewis og ikkje minst rockekongen Elvis Presley, og tente store pengar på ungdomen.
Lytt til musikk av Bill Haley og Jerry Lee Lewis
Jazz
Luis Armstrong (1900-1971)
Han er ein av dei største jazzmusikarane som har levd. Trompet-tonen og den spesielle stemma hans opplever mange som svært givande å lytte til. Han har vorte eit
forbilete for alle som har spelt og er interessert i tradisjonell jazz.
Duke Ellington (1899-1974) Komponist, arrangør og orkester-leder som i meir enn 50 år var ein sentral person innan for
jazzmusikken. Han skapte diskusjon ved å arrangere Per Gynt Suite av Edward Grieg for jazz orkester.
Etter 1955 oppstod cool-jazz som ein reaksjon på den oppjaga og hektiske
bopmusikken. Bop-musikken var krevjande musikk med høgt tempo som ein
konsentrert må lytte til. Det var mange kvite musikarar som spelte cooljazz
inspirert av Rhythm & blues t.d Charlie
Parker.
 |
|