|
Parlamentarismen og dei politiske partia

I den norske grunnlova stod det at statsrådane ikkje hadde lov
å møte i Stortinget. I dag er det sjølvsagt at statsrådane er nøydde
til å svare for Stortinget for saker dei står bak, og dermed må
søke avskjed om dei får Stortinget mot seg. Denne ordninga var eit
stort spørsmål på 1880-talet, og vi veit at parlamentarismen
vart innført i Norge i 1884. Mannen som først og fremst kjempa saka
gjennom overfor konge og storting, var Johan
Sverdrup. Samtida meinte at Norge hadde teke eit langt steg
i demokratisk retning, og var eit føregangsland i Norden. Eit resultat
av denne saka var aukande politisk interesse i Norge, som igjen
førte til politiske parti. Både Høgre og Venstre
vart skipa i 1884, og Arbeidarpartiet
i 1887.
I 1898 fekk alle vaksne menn stemmerett. Det var ei av merkesakene til Venstre, og Arbeidarpartiet støtta sjølvsagt opp om dette.
 |
Handel Norge var, då som no, avhengig av handel med andre land. Skipsfarten, trelasteksportørane
og fiskerinæringa heldt lave prisar, og fekk i stand avtalar som gav fritt tilgjenge på verdsmarknaden. Rundt hundreårsskiftet kom det til ei internasjonal proteksjonistisk rørsle,
som også fekk verknader for norsk handel. I 1905 fekk tilhengarane av høg toll på utanlandske varer, sin politikk gjennom i Stortinget.
Unionsstriden
Både nordmenn og svenskar såg positivt på unionen heilt fram til 1890-åra. Når det galt
økonomi og forsvar, var unionen eit gode for begge landa. Problema melde seg først og fremst i spørsmål om handel og utanrikspolitikk. Utanriksministeren var alltid svensk, og all
utanrikspolitikk vart ført frå Stockholm. Frå 1892 og framover, vart saka brennaktuell. I 1891 sette Venstre krav om eigne norske konsular opp på valprogrammet sitt, og i 1892
vedtok Stortinget at Norge skulle ha eigne norske konsular rundt om i verda. Norske konsular skulle arbeide for Norge og norsk handel i utlandet, og berre vera ansvarleg for norske styresmakter.
No vart det krise i forholdet til Sverige, og svenskane førte no ein lite god politikk overfor Norge. Desse hendingane førte til at det norske forsvaret vart styrkt, og det vart bygt
grensefestningar. Nordmennene innsåg at vi måtte vera både politisk og militært førebudde skulle vi få krava våre gjennom. Ein viktig siger vann Norge i 1898, nemleg at unionsmerket skulle vekk frå handelsflagget vårt. På folkemunne vart dette flagget kalla "sildesalaten".
 |
Så får unionsstriden ein liten pause. Den russiske politikken i Finland gjer at Sverige må passe på austgrensa si.
Ei svensk-norsk ekspertgruppe vart danna i 1902, og skulle sjå på
konsulatsaka.
Sjølv om det kommunikeet dei la fram slo fast at norske konsular var
prinsipielt rett, så blussa no striden opp igjen i begge landa. I
Norge var det ikkje berre strid om unionspolitikken, men også innanriksspørsmål.
Arbeidarpartiet og radikale grupper i Venstre ville ha ein meir radikal
politikk i Norge. Høgre stod på den andre sida, og hevda at i den
økonomiske politikken skulle ein høyre på meiningane til forretningsfolk
og skipsreiarar.
Våren 1904 kom den norske regjeringa med framlegg til lov i konsulsaka.
Den skulle vera likelydande både i Norge og Sverige. Det svenske svaret
kom ikkje før i november 1904, og det var ikkje positivt for Norge.
Nordmennene kalla det svenske svaret for "lydrikepunkta".
Det var særleg to moment som Norge ikkje kunne godta: Den svenske
utanriksministeren skulle ha ein viss kontroll over dei norske konsulane,
og kongen kunne ved spesielle høve suspendere eller avsette konsulane.
Norske og svenske styresmakter diskuterte saka, men i februar 1905
måtte den svensk-norske
kongen Oskar 2. melde frå at diskusjonane var stranda.
Februar og mars 1905 vart avgjerande månadar for oss. Dei politiske partia var einige om ein
felles politikk og slagplanen lagd, - konsulsaka skulle ein få gjennom.
11.mars vart Christian Michelsen statsminister for ei samlingsregjering.
Det var ein myndig mann som no førte saka vidare. Han sa frå til svenske
styresmakter om den aksjonspolitikk nordmennene ville føre om ikkje
konsulsaka gjekk gjennom. Den norske hær og flåte vart og sette i
alarmtilstand, og utlandet fekk melding om den norske politikken.
Fridjof Nansen
vart ein viktig sendemann for den norske regjeringa, og særleg i London
gjorde han eit godt arbeid.
Konsulatlova vart samrøystes vedteken i både Odelsting og Lagting,
og 27. mai vart lova lagd fram for kong Oscar 2. Kongen nekta å sanksjonere
lova. Det var den norske regjeringa førebudd på, og leverte raskt
inn sin avskjedssøknad. Kongen nekta å ta i mot denne avskjedssøknaden.
Men etter Grunnlova var kongen nøydd til å ha ei norsk regjering,
og no hadde ikkje kongen det. 7.
juni 1905 gjorde Stortinget samrøystes dei formelle vedtaka om
at kongemakta ikkje fungerte lenger, og at unionen med Sverige var
oppløyst!
Dette vedtaket utløyste regjeringskrise i Sverige, og ei ny svensk
regjering kom til. 13.august 1905 var det folkeavstemming
i Norge om unionsspørsmålet. 368208 var for unionsoppløysinga og 184
var mot.
Karlstadsemja
Korleis skulle unionen oppløysast? Norske og svenske styresmakter
sette seg nok ein gong til forhandlingsbordet. Forhandlingane skjedde
i Karlstad i perioden 31.august-23 september, og fleire gonger såg
det ut som krig mellom landa var einaste løysinga. Den svenske militære
overmakta var stor, men ingen i Sverige var for krig med Norge. Karlstadsemja
vart godteken av begge landa, og underskriven 26. oktober 1905.
Norge får eigen konge
No byrja ein ny, stor diskusjon i Norge. Skulle landet vera monarki
eller republikk? Den danske prins Carl vart spurd om han ville bli
konge i Norge, og han kravde ei folkeavstemming før han eventuelt
tok over som ny konge. Det vart eit stort fleirtal for kongedøme.
25. november la det norske krigsskipet "Heimdal"
til ved kai i Kristiania. Om bord var vår nye norske konge, Håkon
7. og dronning Maud. På armen hadde dei den nye prinsen Alexander,
som fekk namnet Olav.
Norge hadde på nytt fått eigen konge.
Industrivekst
Då Norge vart ein fullt ut sjølvstendig stat, tok "den nye arbeidsdagen" til. Unionsoppløysinga
fekk ingen negative økonomiske følgjer, fordi det var oppgangstider i heile den vestlege verda. I åra 1905-1916 auka norsk industriproduksjon med heile 83 %. Den viktigast årsaka til
denne veksten var fossekrafta, som gav elektrisk kraft til industrien. Det vart skipa ny industri i
utkantstrøk, der fossar vart omgjorde til kraft. Slike industristader fekk vi til dømes i Odda og Sauda, som fekk smelteverk. Notodden og Kirkenes vart og industristader.
Aluminium-industrien har vokse fram i Høyanger, Årdal og på Sunndalsøra. I 1905 vart Norsk Hydro på Rjukan grunnlagt. Han som grunnla Norsk Hydro,
var forretningsmannen og ingeniøren Sam Eyde. Fabrikken skulle produsere
kunstgjødsel, og dei nytta ein ny metode som fysikaren Kristian Birkeland hadde funne opp. Denne metoden gjekk ut på å utvinne nitrogen frå lufta, og
som saman med kalk vart til kunstgjødsel produksjonen. Folketalet på Rjukan var ca. 350 i 1900, og tjue år seinare var det over 9000.
Ved
sida av dette gjekk norsk skipsfart over frå segl til damp, og er
ein av dei fremste sjøfartslanda i verda. Fiskerinæringa tok
i bruk nye fangstmetodar. Når ein les "Den siste viking"
av Johan Bojer, forstår ein at dette var litt av ein overgang. Bøndene
fekk fleire tekniske hjelpemiddel, og Noregs Bondelag jobba for betre
lønnsemd i jordbruksnæringa. "Det
store Hamskiftet" har dette vorte kalla i ettertid. På denne
tida var og kvalfangst
viktig for Norge, og kvalfangarane frå Tønsberg og Sandefjord reiste
heilt til Antarktis på kvaljakt.
 Kommunikasjonane vart og utbygde. Den første bileigaren i
Norge var tyskaren Hans von Planitz, som var sjef for Schous bryggeri i Kristiania. Dette var i 1901, og han fekk bilnummeret A-1. Etter unionsoppløysinga vart dette bilnummeret til kongen,
og det er det framleis. Vegar og tunnelar vart bygde, og den store jernbane utbygginga i Norge varte fram til 1909, då var Bergensbanen ferdig. Den norske Amerikalinja vart skipa i 1910. Elektrisitet vart etter kvart ført fram til alle i Norge, sjølv
om ikkje alle i Norge fekk straum før i 1955.
 |
Striden om konsesjonslovene Skulle ein få til å bygge ut norsk industri måtte ein ha kapital. Rundt 1900 begynte fleire
utanlandske storselskap å kjøpe opp rettane til å bygge ut fossar i Norge. Mange bønder, og andre, selde rettar til utbygging for ein billeg penge. Desse storselskapa var aksjeselskap, der
kvar aksje-eigar berre hadde ansvar for det han hadde betalt inn for aksjene sine, og han kunne selje eller kjøpe aksjar fritt utan at styresmaktene la seg bort i kva han gjorde. Det kom
til sterk politisk strid om det trongst lover, slik at desse selskapa måtte søkje staten om
konsesjon når det ville bygge ut norske fossar. Slike selskap var og interessert i skog og
gruver. Den politiske striden var mellom høgre krefter med eit liberalistisk syn på desse selskapa, og venstrekrefter som meinte at staten måtte vera aktiv i denne saka.
I 1909 fekk vi konsesjonslovene.
Alle aksjeselskap, også norske, måtte ha konsesjon for å drive med
industriverksemd i landet vårt. Etter 80 år skulle staten ta over
all verksemd - utan å gi vederlag. Dei som ville drive gruver måtte
og ha konsesjon. Når det gjaldt oppkjøp av skog fekk ikkje utlendingar
lov til det, men og nordmenn måtte ha konsesjon frå staten om dei
ville kjøpe skog utanfor den kommunen dei budde i. Desse lovene har
sjølvsagt vorte endra på i ettertid.
Moderne politikk i eit nytt land
Eit industrisamfunn skapte nye veljarar. Arbeidarpartiet fekk auke i talet på stortingsrepresentantar. Fagrørsla hadde stor auke i medlemstalet. LO vart
skipa i 1899, og NAF (NHO) i 1900. Den første tariffavtalen mellom LO og
NAF kom i 1907. Fagrørsla jobba for lønnsauke, gode arbeidsvilkår og trygdeordningar. Noko nytt i landet vårt var arbeidsstridar, og slike fekk vi
både i 1907 og i 1911. Arbeidarane hadde streik som sitt maktmiddel, medan arbeidsgivarane kunne bruke lockout.
I 1884 vart Norsk kvinnesaksforening skipa. Kvinnene i arbeiderklassen hadde eigne
foreiningar som jobba for betre lønn, kortare arbeidstid, gode arbeidstilhøve og røysterett for alle. Kvinnene i dei øvste samfunnslaga var splitta i synet på røysterett,
og meinte den skulle knytast til eigedom. Steg for steg gjekk det framover, og i 1913 fekk norske kvinner allmenn røysterett
Sosiallovgivning Også Norge gjennomførte viktige sosiallover rundt hundreårsskiftet. Dette etter mønster frå
andre europeiske land. Når konservative politikarar var for dette i Norge, skuldast det tysk føredøme. Bismarck var ein politikar som vart respektert i vårt land. Han meinte at gode
levevilkår ville ta bort radikale politiske tankar. Men det vart Venstre som utvikla seg til eit sosialradikalt parti, med sosiale tiltak på programmet. Utover på 1900-talet var og Arbeidarpartiet viktig for dei lovene som vart vedtekne.
Arbeidarnemda frå 1885, den første fabrikktilsynslova i Norge 1892, lov om
ulykkestrygd 1894, lov om sjuketrygd 1909 og lov om normalarbeidsdag 1915. Det vart og gjort endringar i straffelova 1902 og det kom forbod mot
offentleg prostitusjon i 1887. I 1909 kom ei lov om høve til å løyse opp ekteskap. I 1915 fekk vi "Castbergs barnelover", som sa at barn fødde
utanfor ekteskap fekk rett til arv, og å ta faren sitt namn. Venstrepolitikaren Johan Castberg var ei drivkraft i sosialpolitikken.
Merkesaker
I denne perioden kom det og til fleire folkerørsler, med markerte
merkesaker. Fråhaldsrørsla
var den største masserørsla i landet. I.O.G.T.
hadde 250000 medlemmer i 1913. I 1906 vart Noregs
Mållag skipa, og i 1907 kom Riksmålsforbundet
med Bjørnson som leiar. Målstriden
er framleis eit omgrep. I Norge fekk vi og ein kyrkjestrid.
Lekmannsrørsla var nokså fundamentalistisk i sitt Bibelsyn, og
mot dei stod ein meir liberalistisk teologi. Som eit resultat av striden,
vart Menighetsfakultetet
skipa i 1908.
 |
Utanrikspolitikk
Etter1905 måtte Norge føre ein eigen utanrikspolitikk, og den
nye ministeren Jørgen
Løvland måtte bygge opp eit utanriksdepartement
og ei utanriksteneste. Norsk utanrikspolitikk var nøytralitetspolitikk,
og det var heller lita interesse for utanrikspolitiske spørsmål i
Norge. Så seint som i 1914 vart det sagt frå Stortinget sin talarstol
"..den skyfrie himmelen i verdspolitikken…" Så då første
verdskrigen braut ut var Norge lite førebudd.
Kjende nordmenn Polarområda har alltid vore interessante for nordmenn. Alt i 1889 gjekk
Fritjof Nansen på ski over Grønland. I åra 1893-1896 prøvde han å nå Nordpolen, men
nådde den ikkje. Han vart folkehelt i Norge, og var ein viktig talsmann for Norge si sak i 1905. Ishavseventyra hans hadde gjort han verdsberømt, og folk høyrde
på Nansen når han tala Norge si sak. Enno meir verdsett vart han for sitt enorme hjelpearbeid for flyktningar og menneske i svoltkatastrofer. Han fekk oppdrag frå
Folkeforbundet å hjelpe menneske i Armenia på byrjinga av1920-talet. Her er framleis Fritjof Nansen eit kjendt namn.
Roald Amundsen gjorde og store bragder i polare strøk, både i nord og sør. 14.
desember 1911 var han den første som nådde fram til Sørpolen, og planta det norske flagget i isaudet. Etter første verdskrig, flaug han til Nordpolområda i både luftskip og fly.
Ei bragd som er lite kjend, er den første flyturen over Nordsjøen. Den stod nordmannen Trygve Gran for, men det skjedde same dag som første verdskrig braut ut, så den hendinga
har fått ein heller liten plass i historia. |