|
|
 |
|
BILETKUNST FRÅ 1880-TALET OG
FRAM TIL FØRSTE VERDSKRIG
1880-åra var ei politisk aktiv tid i Norge med strid
både politisk og kulturelt. Johan Sverdrup danna regjering
for Venstre i 1884, på tross av motstand frå embetsmennene
og høgrekreftene i Stortinget. Regjeringa måtte no ha tillit
frå Stortinget. Embetsmennene og kongen fekk mindre makt som
ei følgje av dette.
Den politiske kampen vart ekstra intens fordi den gjekk parallelt
med ein kulturkamp. Det var ein kamp om normer og verdiar.
Mange kunstnarar engasjerte seg i debatten, mellom anna Christian
Krohg, Hans
Jæger og Bjørnstjerne
Bjørnson. Realisme og naturalisme var dei nye kunstretningane
som prega kunsten i Norge.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Frå fransk realisme til norsk realisme og naturalisme "Steinbrytarane" frå ca.1850 av Gustav Courbet er eit godt døme på realismen i Frankrike. Realismen som epoke er knytt til perioden1848-1880, der Courbet var den leiande figuren. Han understreka gong på gong at det som gjorde motiva til kunst, var det kunstnaren tilførte motiva gjennom penselføring, strøk, farge, form og komposisjon. Naturalisme var opphavleg henta frå litteraturen og særleg knytt til forfattaren Emile Zola.
Edouard Manet sitt bilete "Olympia" frå 1865 er eit samfunnskritisk bilete
som viser kva rolle kunsten fekk i denne perioden. Kunstnarane tok opp sosiale problem. Dei kritiserte etablerte normer og holdningar.
Courbet og Manet sine bilete fekk mykje å seie for norske kunstnarar
som til dømes Christian Krohg. Han meinte at kunsten skulle
ha eit sosialt innhald, og samtidig vere eit våpen i den politiske
kampen. Krohg markerte seg sterkt i kunstdebatten på slutten av
1900-talet og var med i ei gruppe som blei kalla Kristiania-Bohemen.
Dette var ein klikk på 20-30 radikale biletkunstnarar og forfattar,
som kritiserte og provoserte borgarskapet sine holdningar og normer.
Forfattaren, Hans Jæger var ein av frontfigurane i bohemmiljøet.
“Christian Krohgs sosiale tendenskunst”
- oppgåve som også omtalar Kristiania-Bohemen!
|
 |
|
Kunstnarstreik i 1882
Kunstforeininga i Kristiania arrangerte ei årleg utstilling der unge kunstnarar fekk
delta. Styret i foreininga, som ikkje hadde ein einaste kunstnar som medlem, valte ut kven som skulle vere representerte. Kunstnarane meinte at dei var best
kvalifiserte til å bedømme kunst, og at styret stod for eit konservativt kunstsyn. Dette var årsaka til at kunstnarane boikotta den konservative kunstforeiningaog arrangerte si eiga utstilling i Studentsamfunnet. Erik Werenskiold, Christian Krohg og Fritz Thaulow stod bak aksjonen, som vert omtala som kunstnarstreiken i
1882. Mange såg utstillinga i Studentsamfunnet, og den var opptakta til Haustutstillinga, som har vore arrangert nesten kvart år sidan 1882.
Impresjonismen
Impresjonistane var opptekne av korleis lyset hadde innverknad på fargen. Impresjonismen var ein stilart som oppstod i Frankrike i 1870-åra. Denne
målestilen var kanskje første steg mot modernismen. Den kjende franske, impresjonisten Claude Monet, var i Norge i 1895 og måla vinterbilete. Jørgen
Sørensen sitt bilete "Februar to grader kulde" (1887) er eit godt døme på korleis impresjonistane meinte at fargetonane skulle skifte med lyset.
I Norge var Erik Werenskiold, Harriet Backer, Fritz Thaulov og Christian Krogh nokre av dei kunstnarane som let seg inspirere av impresjonismen. I biletet "Rue Lafayette" (1891) av
Edvard Munch, kan vi sjå impresjonistisk måleteknikk. |
 |
|
Edvard Munch
Edvard Munch (1863-1944) starta si kunstnarkarriere som naturalist og
impresjonist, men etter kvart endra bileta karakter. Munch studerte i Paris og budde mange år i utlandet, særleg i Tyskland. Der vart han kjend med nye kunstretningar som symbolisme og ekspresjonisme. Saman med Gauguin og Van Gogh har
Munch spelt ei viktig rolle for utviklinga av ekspresjonistisk kunst i vårt århundre.
Ekspresjonistane brukte fargar og former på ein slik måte at tilskodaren kunne involvere
kjensler og indre opplevingar i biletuttrykket. Dei la stor vekt på formale verkemiddel som farge, linje og komposisjon. Nokre av dei mest kjende ekspresjonistiske målarane, høyrde til
Die Brücke og Blaue Reiter. Det var to kunstnargrupper i Tyskland, som påverka hovudretninga i kunsten på 1900 talet. |
 |
|
I biletet "Skrik" ser vi korleis Munch har brukt linje, farge og form til å uttrykkje angst og redsle. Munch formidlar ei oppleving i biletet. Han gjekk bortover vegen, på den eine sida hadde han
byen og fjorden under seg. Han var trøytt og sjuk. Sola gjekk ned, og han såg at skyene vart farga raude som blod. Det kjendest som eit skrik i naturen og han høyrde eit skrik. Han måla dette biletet, han
måla skyene som verkeleg blod. Fargane skreik. Det vart biletet, "Skrik" i "Livsfrisen".
I 1902 vart "Livsfrisen",
som er ei samling av bilete, utstilt i Berlin. Utstillinga førte til kunstnarisk gjennombrot og økonomisk framgang for Munch. Munch måla dekorasjonane i aulaen i Universitetet i Oslo i 1914-1916.
|
 |
|
Kvinnene i "Livets dans" skal symbolisere tre ulike aldrar. Dei mørke konturlinjene i biletet følgjer mjukt rørsla til dei dansande figurane, og slik Munch bruker linjer i dette biletet, minner
det om jugendstilen. Åra rundt 1900-talet er særmerkt ved den svinga, stiliserte linjeføringa. Det dekorative i jugendstilen er også ei side ved symbolismen.
Frida Hansen
Frida Hansen (1855-1931) var ein av dei store vevekunstnarane i Norge. Gjennom kunsten sin gjorde ho norsk vevekunst internasjonalt kjend. Kunstnaren hadde eit studieopphald i Paris i 1895, der ho opplevde jugendstilen i full blomstring. Slik dei franske plakatkunstnarane utnytta flater og brukte konturlinjer for å få fram dekorative uttrykk, lærte Frida Hansen korleis ho kunne skape eit moderne uttrykk i tekstil. På verdsutstillinga i Paris i 1900, fekk ho gullmedalje for arbeida sine.
Dei kvinnelege målarane ved århundreskiftet
Elleve norske kvinner fekk delta på verdsutstillinga i Paris frå april til november 1900. Det var Harriet Backer, Kitty Kielland, Johanna Bugge, Borghild Arnesen, Helga Ring Reusch for å nemne nokre. Dei
unge nyetablerte kunstnarane fekk god omtale medan dei etablerte, Kitty Kielland og Harriet Backer ikkje fekk nokon pris. Men fleire av dei unge lovande Paris
utstillarane avslutta etter kvart si kunstnarkarriere til fordel for ekteskapet. Enkelte levde av å vere portrettmålarar, berre nokre få heldt fast på målaryrket.
Harriet Backer vart eit førebilete for mange kvinnelege kunstnarar. Johanna Bugge sitt bilete "Kivlemøyane" (1904) uttrykkjer eit kvinneleg livsmot og kan tolkast som optimisme og
forventning for framtida. Om forventningane vart innfridde er ei anna historie. |
 |
|
|
 |
 |
|
Symbolisme "Vinternatt i Rondane" av Harald Sohlberg vert rekna som eit symbolistisk måleri. Biletet, som også vert kalla "Naturens katedral", har tredelt komposisjon med dystre og forvrengde greiner i framgrunnen. Greinene skal symbolisere vårt jordiske nivå. Den mørke åsen i mellomgrunnen er vegen framover. Fjelltoppen med korset i bakgrunnen blir symbol på vandringa sitt mål. Korset på fjelltoppen gir det kalde vinterlandskapet ein religiøs dimensjon.
Edvard Munch var ein stor kunstnar innafor symbolismen, og i tillegg til Sohlberg kjenner vi m.a. Halfdan Egedius som symbolist. Theodor Kittelsen og Nikolai Astrup var også kjende kunstmålarar ved århundreskiftet.
|
 |
|
Henri Matisse (1869-1954) Matisse var fransk kunstmålar og ein av leiarane i "Les Fauves" (villdyra). Det var namnet på ei gruppe unge kunstnarar, som likte å eksperimentere med kunstuttrykk og dei hadde utstilling saman.. Dei vende seg mot symbolismen og stod bak fauvismen tidleg på 1900 talet. Gruppa vart oppløyst etter kort tid.
Henri Matisse er kanskje mest kjend for fargane og
fargekombinasjonane i måleria sine. Bileta har ofte enkle motiv, dekorative flater og innhaldet i bileta er plassert på ein slik måte at det er vanskeleg å få djupne. For mange nordiske målarar spela Matisse
ei spesiell rolle. Han tok imot elevar som ville lære å måle, og mange kunstnarar fann vegen til Paris. Fleire av elevane hans vart seinare sentrale kunstnarar her i landet. Dei mest kjende er Henrik Sørensen, Per Krohg, Jean Heiberg og Axel Revold.
|
 |
|
Ekspresjonismen kom til Norge rundt 1890 gjennom elevane til Matisse, og seinare gjennom tysk ekspresjonisme (sjå mellomkrigstida).
Ludvig Karsten (1876-1626) var ein fargesterk ekspresjonist, og sjølv Munch måtte innrømme at Karsten var ein større kolorist enn han sjølv. Karsten var ingen teoretikar, men baserte kunsten sin på temperament og kjensle. " Mine bileder sier hvad jeg har set. Og dermed har verken jeg eller mine billeder mer at si. Jeg er maler ikke taler" sitat, Karsten.
|
 |
|
Jugendstil
Jugendstilen eller Art
Nouveau er namnet på ei kunstretning innafor både arkitektur
og design. Stilen kom som ein reaksjon på historismen
og har felles trekk med "arts
and crafts"-rørsla i England. Retninga er inspirert
frå Austen, m.a. av japansk tresnitt. Både bygg og ornamentikk har
eit organisk preg, og blomster, dyreformer og menneskemasker går
igjen i bygningsdetaljane. Eit spesielt trekk ved jugendarkitekturen
er vindaugsutforminga, der den øvre delen av vindauget ofte er oppdelt
i fleire ruter.
Henrik Bull er
arkitekten bak fleire monumentale bygg i Oslo. Han har teikna Nationaltheatret, som stod ferdig ved århundreskiftet. Det liknar eit barokkbygg på utsida, men inne liknar det meir på nyrokokko. Dersom vi ser på
linjeføringa og detaljane, kan vi ane at arkitekten var påverka av Jugendstilen. Bull teikna også Historisk museum i Oslo, og det gamle Regjeringsbygget i Jugendstil.
Den Nasjonale scene i Bergen av Einar Oscar Schou, og
fleire arbeid av Johan Osness i Trondheim
er også jugendbygningar.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Design Ein designar gir ting form. Kvifor er design viktig? Gjennom utforminga kan ting påverke oss. Tenk berre på dei tinga vi har rundt oss til dagleg, på skulen, i fritida
og heime. Er det ikkje slik at du vel klede utifrå korleis du ønskjer å bli oppfatta? Vi gir ting meining ved å like dei eller forkaste dei.
Moteklede I tida før
århundreskiftet og fram til 1.verdskrig var det store vitskaplege og tekniske framsteg. Dermed vart også livsvanane endra. Med det lystige livet som var rundt dei nordiske Skagenmålarane og andre kunstgrupper,
endra klesdraktene seg. Sport og fritidsaktivitetar fekk innverknad på moten og det kom hjelp frå legehald til å avskaffe bruk av korsett. Før brukte kvinnene helsefarlege korsett slik at midja
blei syltynn, og brystet vart skote unaturleg mykje fram.
Kvinnedrakta skulle ikkje lenger berre vere praktisk og passe til kroppen, men drakta skulle fortelje kva rolle kvinna hadde i samfunnet. Det var enkle fasongar, livlege fargar og nye dekorative mønster, som var inspirert av Jugendstilen.
Konfeksjonsindustrien begynte å masseprodusere dameklede i standard storleikar, og det nye var bruk av glidelås i plagga. I herremoten var det få endringar tidleg på 1900 talet, den engelske stilen som var på mote, var framleis aktuell.
 |
Då kong Håkon
og
dronning Maud gifta seg i 1896, hadde bruda kjole i Jugendstil.
"Dronning Maud, et liv - en motehistorie" er tittelen på
ei bok, som fortel mykje om motedrakt, tekstilar og kunsthistorie.
Det var stor skilnad på klesdrakta til folk i byane og dei som budde ute på landsbygdene. "Nansen-lue" var moderne for gutar vinteren etter at Nansen var komen heim frå
polarekspedisjon i 1896. Hausten 1905 reiste Nansen rundt i landet og tala for innføring av eige kongedømet i Norge igjen. |
 |
|
|
 |
 |
|
Kunsthandverk I jugendstilperioden vart synet på handverk endra. Keramikarane starta produksjon i eigne verkstadar, og kunsthandverket fekk ein voldsom oppsving. Bedriftene
oppretta eigne kunstavdelingar og knytte kunstnarar til seg som designerar. I Norge var det to keramiske bedrifter: Egersund Fayancefabrikk og Porsgrunds Porselænsfabrikk og eitt glasverk: Hadeland Glasverk.
Jugendstilen slo igjennom i kunsthandverket tidleg på 1900 talet og det vart laga flotte pyntegjenstandar og samleobjekt som berre eit fåtal personar hadde råd til å kjøpe.
I bokkunsten skjedde det mykje i jugendperioden. Olav Gulbrandsson er ein kjend illustrasjonskunstnar. Thorolf Holmbo er kjend for sine jugendbokbind.
Gustav Gaudernack var ein nyskapar innan emaljekunsten. Han var kjend internasjonalt og
tilførte det norske miljøet nye impulsar. "Libelleskålen" er ein pyntegjenstand og eit berømt arbeid frå 1908, som er innkjøpt av Kunstindustrimuseet i Oslo. Gaudernack var designer hos
Gustav Andersen.
I dag er det populært med sølvbestikk i drakestil blant unge par i etableringsfasen. Som motiv i norsk møbelkunst dominerte draken i perioden 1880-1910. Møbelkunst i Jugendstil slo ikkje
gjennom i Norge tidleg på 1900 talet, no er det igjen nye møblar i møbelkatalogane som er inspirerte av jugendstilen. Det er stor variasjon på produktkvalitetar og prisar.[Same periode Verda]
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal Redaktør: Åshild Støbakk
- Webmaster: Svein Frøystad
|
|