|
Det
vart ein sterk debatt for eller i mot Nietzsche sine tankar. Både
Ibsen og Nietzsche
var opptekne av den sterke personlegdommen, og innan litteratur
vart no forfattarane opptekne av sjelelivet til personane sine.
Dette løyser av naturalismen
sine tankar om at arv og miljø er styrande for alt eit menneske
står for. Både før og etter 1900 påverka dei nordiske forfattarane
kvarandre, og nordisk litteratur hadde gode kontakter både til Europa
og USA.
Sjølv om nye skrivemåtar og nye forfattarar kjem med det nye hundreåret, så har ikkje
realismen og naturalismen heilt slept taket. Det var nok vanskeleg med forfattarar som Ibsen, Bjørnson, Kielland, Lie, Skram og Garborg. Deira litteratur vart lest! Fleire av desse
forfattarane døyr i perioden vi no er inne i.
I Norge er vi inne i den litterære perioden nyromantikken, då det nye hundreåret kjem.
Knut Hamsun
Knut Hamsun (1859-1952) er den viktigaste norske forfattaren i perioden.
Hamsun set sitt preg på norsk litteratur og politikk i eit halvt hundreår. Du finn meir stoff om han både under mellomkrigstida og under andre verdskrigen. Då han var tre år gamal flytta familien hans frå Gudbrandsdalen til Hamarøy i Nordland. Naturinntrykka der i frå kjem til uttrykk i mykje av det han skreiv.
Som niåring vert han sett bort til onkelen sin, men trivest svært dårleg.
Då han var 15 år reiste han ut i verda. Han prøver seg i mange yrke, men han
er heile tida oppteken av å skrive. Han reiste til Kristiania for å prøve å få gitt ut det han skreiv, men ingen var interessert. Fattig og svolten bestemmer han
seg for å reise til Amerika, og her jobber han som trikkekonduktør og bonde. Han held og foredrag om nordiske og franske forfattarar.
Opphaldet varer berre eit par år. Han dreg først heim til Norge, men reiser så til København der han får gitt ut romanen "Sult", som vart hans gjennombrot som forfattar. Dei erfaringane han gjorde som fattig forfattarspire i Kristiania, er det no som skaffar han eit forfattarnamn.
"Sult" kan kallast ein psykologisk roman, og forfattaren brukar heile tida eg-form. Dette er noko som er typisk for nyromantikken.
Andre romanar av Hamsun som "Pan"
og "Victoria"
er og nyromantiske, og gjennom det han skriv fornyar Hamsun skrivestilen.
Måten han uttrykkjer seg på har vorte kalla prosalyrikk, der han
brukar verkemiddel som gjentakingar, klang og rytme. Men det er
først langt inne i hundreåret at Hamsun
vert sett på som ein stor forfattar. I 1915 kjem bøkene om Segelfoss,
og i 1917 "Markens grøde". Hamsun kritiserte det moderne
samfunnet ,og ville tilbake til eit liv i pakt med naturen. For
"Markens grøde" får han Nobelprisen
i litteratur i 1920.
Hans E. Kinck
Hans E. Kinck (1865-1926) var og oppteken av menneska sitt sjeleliv. Han
flytta mykje, frå Finnmark, til Setesdal og så til Hardanger. Kinck skreiv både romanar, noveller og skodespel.
Det er novellene hans som har gitt han namn som forfattar, og mange
skuleelevar har lese novella hans "Den nye kapellanen". Den handlar om ei familie på ein isolert fjellgard, som er så nysgjerrige at det endar med døden.
|