|
 |
EIT NYTT ÅRHUNDRE TEK TIL
Skal ein forstå historia må ein alltid sjå bakover og leite etter samanhengar for å forstå det som skjer. Det må ein også når ein rundar eit århundre og tar til
på 1900-talet.
Imperialismen
Industrialiseringa
førte til sterk konkurranse om verdshandelen. Dei europeiske
stormaktene hadde lenge sikra seg koloniar i alle verdsdelar,
for det gjaldt å finne marknader for industrivarene. Frå midten
av 1870-åra vart det eit kappløp mellom dei fremste
industrilanda for å sikre seg område som enno ikkje
var koloniar.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
England var med på å hindre at Russland fekk for mykje makt på Balkan. Då fyrsten av
Egypt fekk økonomiske vanskar, kjøpte den britiske statsministeren Disraeli opp alle aksjane hans i
Suezkanalen, og dermed skaffa Storbritannia
seg kontroll over kanalen som var lettaste vegen til Sør-Afrika, India og Australia. I 1882 gjorde britane seg til herrar over heile Egypt, og nokre år etter tok dei
Sudan. I
India, som vart kalla juvelen i den britiske truna, utvida britane herredømet med å ta
Burma. I 1899 braut Boerkrigen ut i Sør-Afrika, og denne krigen vann britane. Dermed hadde dei
herredøme også her.
 Mot slutten av 1800-talet utvida
Frankrike makta si i Nord-Afrika. Ved sida av
Algerie gjorde dei seg til herrar over både
Tunis og
Marokko. Dei
utvida makta si i Søraust-Asia, i det området som vart kalla Indo-Kina. I dag er dette landa Kambodsja, Laos og Vietnam. Her vart grunnlaget lagt for Vietnamkrigen, som vi kjenner frå seinare tid.
Den tyske industrien hadde framgang mot slutten av 1800-talet, og kravde nye marknader for industrivarene sine. Då kom
Tyskland med i kampen om koloniane. Dei tok fleire område
på ulike stader i Afrika. Dei fekk og lov til å byggje ei jernbane frå Istanbul til Bagdad,
Bagdadbanen, og skaffa seg innverknad i eit område frå Balkan til Persiabukta.
Både Russland og
Japan hadde no vorte industriland og ville skaffe seg meir makt. Begge
landa utvida områda sine i Asia. Russarane bygde no
den transsibirske jernbanen frå
Moskva til Vladivostok, slik at dei lettare kunne kontrollere områda sine.
Amerika var og ei stormakt med økonomiske interesser på sitt kontinent.
USA hadde
økonomiske interesser over store delar av Sør-Amerika og dei vest-indiske øyane. Spesielt den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt var interessert i amerikansk imperialisme. For å kontrollere sine interesser sette dei i gang arbeidet med
Panamakanalen. Den vart ferdig i 1914.
 |
|
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
Frankrike Den tysk-franske krigen(1870-1871) gjorde slutt på det franske keisardømmet, og landet vart republikk. Frankrike var
redd for den tyske utanrikspolitikken og fekk i stand ein samarbeidsavtale med Russland. Nokre år før første verdskrig slutta Storbritannia seg til denne avtalen, som vart kalla ”Trippelententen”.
Mellom 1871og 1914 hadde Frankrike 58 regjeringar, og politikken bar nok preg av det. I denne perioden fekk
landet likevel utbetra sosialomsorga. Sjuke- og ulukkestrygd for
arbeiderar, kortare arbeidstid i industrien, fabrikktilsyn og alderstrygd for arbeiderar og småbønder. Skulereform med gratis og pliktig folkeskule for
alle vart og gjennomført. I byrjinga av hundreåret hadde fransk industri gode tider, og produksjonen var stor. Fransk bilindustri var ei tid den største i
Europa. Samstundes sette Frankrike fart i den militære opprustninga. |
 |
|
|
 |
 |
Storbritannia Også i Storbritannia vedtok dei store sosiale reformer i denne perioden. Men før noko vedtak vart gjennomført var det ein langvarig strid mellom underhuset og
overhuset i det britiske parlamentet. Den store innanrikspolitiske saka i denne perioden er spørsmålet om irsk sjølvstyre(“Home rule”).
Kort tid før første verdskrig hadde underhuset vedteke ei lov om irsk sjølvstyre tre år på rad, men overhuset vraka lovframlegget alle tre gongane. Lova vart då gjort gyldig likevel. Då reiste folket seg i Nord-Irland til hard motstand. Første verdskrig sette ein stoppar for denne saka, men den vart teken opp att etter krigen.
Sjå meir om dette på Godøy skule sin
Engelskweb!
Storbritannia merkar seg Tyskland sin iver etter opprustning til sjøs. ”Britannia rules the
waves” sang britane då som no, og den tyske politikken likte dei ikkje. Nokre år før 1. verdskrig gjekk dei med i ”Trippelententen”.
|
 |
|
|
 |
 |
Russland
I Russland sat dei ulike tsarane som eineveldige herrar og styrte over eit stort land
og dei mange bøndene i landet. Tsaren og adelen kunne styre akkurat som dei ville, og vanlege folk i Russland levde i stor naud. Rundt århundreskiftet gjer nihilistane seg sterkt gjeldande i Russland. Nihil betyr ingen ting. Nihilistane var anarkistar som nekta og godkjenne dei lover og normer som var i samfunnet i
Russland. Dei kjempa mot eineveldet, ufridom, underkuing, kunnskapsløyse og gamle tradisjonar og vanar. Spesielt ungdom var med her, og mange av dei var studentar eller adelege Den siste russiske tsar, Nikolai 2. kom til makta i 1894 og sat fram til den russiske revolusjon i 1917.
Russland og Japan kjempa om overherredøme over eit då svakt Kina. Den transsibirske
jernbanen hadde eit sidespor til byen Port Arthur. Då var byen russisk, men i dag er det den kinesiske byen Lu-Ta. Det vart krig mellom dei to landa om denne byen, og Russland tapte.
Då meldinga om dette nederlaget nådde St. Petersburg, braut det ut revolusjon. Det var i 1905. Tsaren budde i St. Petersburg. No ville folk vera med på å bestemme kva politikk tsaren skulle føre. Eit fredeleg demonstrasjonstog vart møtt med kavaleri, og mange menneske mista livet. Tsar
Nikolai vart likevel tvinga til å kalle inn den russiske nasjonalforsamlinga, Dumaen, men dei fekk ikkje gjennomført tiltak som gjorde situasjonen betre for vanlege folk.
Rundt århundreskiftet gjorde tanken om den panslaviske ide seg sterkt gjeldande. Den panslaviske ide gjekk ut på at alle slaviske folk skulle samlast under Russland sin førarskap. |
 |
|
|
 |
 |
USA Gjennom heile 1800-talet hadde USA ei svært stor innvandring, og på denne tida var innvandringa størst frå europeiske land.
Dei fleste innvandrarane nytta seg av
”The Homestead Act”, og frå 1860 til 1910 vart talet på gardsbruk endra frå to til seks millionar.
 På same tid auka jernbanelinene frå 49 000 km til 300 000 km. Då
hadde USA meir jernbane enn heile Europa til saman. Etter den amerikanske borgarkrigen gjekk industrialiseringa svært raskt i USA, og USA utvikla storkapitalisme. Mellom anna hadde dei høg vernetoll på
alle varer produsert i USA. Storkapitalistar som Rockefeller, innan olje, Andrew Carnegie, innan stål og
Henry Ford, innan bilindustri, veks fram.
Høyr Henry Ford “live”! (Real Audio)
Storkapitalistane gjekk ofte saman i trustar og kartell. Eit kartell er avtalar mellom verksemder i same bransje for å regulere prisar og produksjon. Trust er ei
organisering av verksemder i same bransje under ei felles leiing som regulerer pris og produksjon. På denne måten skaffar storkapitalen seg monopol, og makt til å
bestemme prisar. Dei kjøpte aviser,og på den måten prøvde å påverke folk til å akseptere sin politikk. Korrupsjon var vanleg i USA på denne tida. I 1909 vart Theodore Roosevelt vald til president på nytt, og han brukte mykje tid og krefter på å få slutt på korrupsjon og trustverksemd.
Trustane var svært sterke og vanskelege å knekke. Dei hadde framleis stor
påverknad på amerikansk politikk. I 1912 vart Woodrow Wilson vald til
amerikansk president, og han brukte mykje tid på å få til lovgiving som knekte trustane. Han fekk også vedteke reduksjon av amerikanske tollsatsar slik at USA
vart ein del av det internasjonale handelssamfunn, og ikkje dreiv sin eigen isolasjonspolitikk. Han var og for ei moderat arbeidarrørsle som dreiv
fagforeiningspolitikk. Dette skapte ei god lovgiving for arbeidarane i USA. Mellom anna fekk dei streikerett. |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk
- Webmaster: Svein Frøystad
|
|