|
|
 |
|
ARKITEKTUR I JUGENDSTILEN
Viktor Horta var arkitekten som innleia Art
Nouveau eller Jugendstilen på slutten av 1800-talet. Han var professor i arkitektur i
Brüssel. Gjennom studiar av kjende byggverk, som ”Glaspalasset” i London og ”Eiffeltårnet” i Paris, vart han kjent med bruken av nye materialar til dømes jarnbjelkar og glas. Med dei moderne
byggjemateriala kunne Horta skape sjølvberande konstruksjonar og store lyse rom. Han brukte planteornamentikk som flatedekorasjon og konstruktive element.
” Huset skal ikkje berre avspegle livet til dei som bur i huset, det skal vere eit ”portrett” av det”. Viktor Horta |
|
|
 |
|
”Tasselhuset” (1893) var truleg det første huset i Art Nouveau stilen. Huset er asymmetrisk oppbygd, har avrunda
bygningsparti og dei konstruktive elementa er synlege. Byggherren var Monsieur Tassel, ein ung ingeniør, forskar og professor, som var ungkar og budde saman med mora. Med god økonomi og sans for nye idear kunne han
bygge ”Tasselhuset” i Brüssels finare utkant. I dag er huset freda og er ein attraksjon i byen. ”Portrettet” fortel nok like mykje om arkitekten som om ingeniøren.
Arkitektane Henry van de Velde og Viktor Horta var to av dei mest kjende representantane for Jugendstilen.
|
|
|
 |
 |
|
“Tasselhuset”, Victor Horta, 1893
|
|
 |
|
Stilen spreidde seg raskt til Tyskland og Frankrike og resten av Europa. Den nye stilen fekk namn etter sine karakteristiske trekk i dei ulike landa. I Frankrike og Belgia er namnet Art Nouveau. Jugendstilen i tyske område, Sezession-stilen i Østerriket og i Spania, den såkalla Modernista-stilen.
Barcelona har kanskje den mest uvanlege form for originale bygg ein har sett i arkitekturens historie frå denne perioden.
 |
Antonio Gaudí Gaudí (1852-1926) var ein spansk arkitekt som utvikla nye og spesielle bygg. Det
meisterstykket som har gjort arkitekten mest kjent, er ”La Sagrada Familia”, som er det
mest spektakulære modernistbygget i Barcelona. Bygget var uferdig då arkitekten døydde og det er framleis ikkje fullført. Som turist kan du likevel kome inn i bygget, vandre mellom det
nye og det gamle, støv og stilas og handverkarar i arbeid. Ei flott og annleis oppleving for den som har tid og lyst til å studere lysstrålane gjennom stilas eller sjå arbeidsprosessen til
handverkarane. Verre er det nok for dei som bur i området med larmen og støvet rundt seg dag etter dag i årevis. |
|
|
 |
 |
|
“La Sagranda Familia”, Antonio Gaudi, 1882-1926
|
|
 |
|
Casa Milá (1905) er ei bustadblokk, bølgjeforma på utsida og utan rette vinklar inne. Bygget har skorsteinar som liknar abstrakte skulpturar og eit fantastisk taklandskap i ulike høgder, fordi Gaudí nytta ulike spennvidde i konstruksjonen. Fasaden er i stein med ei overflate som liknar bølgjer i vatn. Og kven trenger vel blomsterkasser med slike smijarnsbalkongar? Blokka har til og med garasje i underetasjen. Ideane til Gaudí er framleis spannande, hundre år etter at dei blei til.
 |
Charles Rennie Mackintosh Glasgow-skulen er typisk for Jugendstilen i Skottland. Der utvikla arkitekten og kunstnaren Mackintosh ein arkitektonisk stil forankra i den nasjonale tradisjonen. Han var påverka av
engelsk gotikk og estetikk frå Austen. Han let dei geometriske formene og rette linjene dominere i motsetnad til dei bua linjene og plantemotiva elles i Europa. Med sine geometriske
former, flate, grasiøse vassrette og loddrette konstruksjonar, vart han retningsgjevande for andre banebrytarar innafor moderne arkitektur og formgjeving. |
|
|
 |
 |
|
Teikning av “Glasgow-skulen, Charles Rennie Mackintosh, 1897-1909
|
|
 |
|
Det mest kjende rommet i Glasgow-skulen er biblioteket. Mackintoch nytta det geometrisk formspråket og vi ser
rette linjer og vinklar i bygget. Eit enklare formspråk og bygningane hans peikar fram mot funksjonalismen, den stilen som avløyste Jugendstilen.
Design i Jugendstil I dei første åra av det tjuande århundre hadde gjerne møblar, interiør og grafisk design, så vel
som klede og smykke ein rik ornamentikk. Jugendstilen var ein dekorativ stilart og den stod i optimismens og ungdomens teikn. Historismens tid var forbi. Jugendstilen med sine slyngande
linjer blei ein internasjonal stil i tida frå 1895 og fram til første verdskrig. |
|
|
 |
 |
|
Døme på jugendstil/ornamentikk, Trondheim
|
|
 |
|
Formspråket Jugendstilen har eit formspråk som er inspirert frå naturen, frå tre, plantar, blomster og dyr. I plakatkunst og kunsthandverk kan ein sjå trekk frå japansk og kinesisk kunst.
Det kan vere asymmetri i komposisjonen, samanhengande konturar eller samansmelting av tekst og illustrasjonar. Det rytmiske linjespelet er inspirert frå symbolismen.
Jugendstilen henta inspirasjon i ornamentikken frå vikingtida og mellomalderen. I Norge var det særleg i Drakestilen.
|
|
|
 |
 |
|
Døme på jugendstil/ornamentikk, Ålesund
|
|
 |
|
Tyskland ”Die Jugend” tyder ungdom og er det tyske namnet på stilen. Det var også tittelen på eit tidsskrift som kom ut i München i 1896. Eit blad med ein ny type design og layout der tekst og illustrasjonar skulle gå i kvarandre. Tidsskriftet ”Die Jugend” vart eit førebilete for andre tidsskrift i Europa.
England Decorative Style var namnet på stilen i England. Stilen hadde ideane om kunsthandverkets verdi frå ”arts and crafts” rørsla i England der William Morris og John Ruskin stod i spissen. Morris arbeidde i fleire år for at kunsthandverket skulle få den statusen det hadde hatt før den industrielle revolusjonen.
|
|
|
 |
 |
|
“Chaucer window”, Victoria and Albert Museum, William Morris
|
|
 |
|
Aubrey Beardsley var ein framifrå teiknar og debuterte i tidsskriftet ”The Studio”. Bladet som vart England sitt viktigaste tidsskrift for spreiing av dei nye ideane. To bokbind av den norske kunstnaren Thorolf Holmboe var avbilda i tidsskriftet. Ei interessant gruppe bokbindkunstnarar var Larsson søstrene i Paris, Alexandra Thaulow og Oda Krogh. Dei hadde utstilling i Paris og vart kjende for sine skinnarbeid gjennom positiv omtale i ”The Studio”.
|
|
|
 |
 |
|
“Ferden over Gjallarbrui” frå Draumkvedet,
Gerhard Munthe, 1904
|
|
 |
|
Belgia Brussel vart tidleg eit sentrum for framgangsrike kunstnarar og formgivarar innafor jugendstilen eller ”Art Nouveau”, som stilen vart kalla i Belgia og Frankrike. Ein av
Jugendstilens fremste talsmenn var arkitekten, målaren, og kunsthandverkaren Henry van de Velde. Han har utforma eit eige
jugendstilrom i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. I dag har dette museet den største samlinga av jugendstilgjenstandar, og ”van de Velde rommet” står sentralt i
samlinga. Rommet er internasjonalt kjent og avbilda i dei fleste større verk om Jugendstilen.
Frankrike Då verdsutstillinga opna i Paris i 1900 stod "Art Nouveau” stilen
i full blomstring. Paris var blitt eit sentrum for den nye stilen. Glaskunsten til Emilie Gallé og skulen i Nancy var blitt kjende i heile Europa. Galle var fransk glaskunstnar og grunnleggjar av ”Nancy-skulen”. (glaskunst i Jugendstil)
Plakatkunsten til Alfons Mucha vart beundra langt utover dei franske grensene. Han arbeidde med scenedekor ved ”Theatre Renessanse i Paris” hos Sarah Bernhardt og laga plakatar. Kunstuttrykket hans fekk ”Art Nouveau” stilen til å bli omtalt som ”Mucha-kunst”.
|
|
|
 |
 |
|
“Nature”, Alfons Mucha, 1900
|
|
 |
|
Norge Gustav Vigeland sine smijarnsarbeid rundt 1900-talet har jugendstiltrekk. Smijarnsgitteret rundt monumentet over Richard Nordraak i Oslo, teikna han i 1910-11. Motivet er fantasidyr, som knyter seg til drakestilen, men er også prega av Jugendstilen generelt. Eit anna typisk trekk er den planteliknande forma på drakane.
Meir om Jugendstilen under førkrigstida i Norge!
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk
- Webmaster: Svein Frøystad
|
|