|
|
 |
|
BILETKUNST OG SKULPTUR I FØRKRIGSTIDA
Kunsten har i det siste hundreåret vore dominert av
to store menn: Henri
Matisse og Pablo
Picasso. Matisse var knytt til fauvismen og Picasso
til kubismen.
Det var kunstretningane som danna oppstarten til modernismen
i kunsten rundt 1905. Modernistane dyrka samtida, dei involverte
seg med det ukjente og det usikre i ei verd som var i konstant
endring.
Kunstnarane ville prøve nye uttrykksmåtar og verkemiddel. Dei tok tak i det ukjende og ville uttrykkje meir
enn berre dei synlege tinga. Psykoanalysen, læra om det ubevisste i menneskesinnet, av Sigmund Freud fekk mykje å seie for kunstutviklinga. Relativitetsteorien til Albert Einstein frå 1905 og Darwinismen påverka folk si oppfatninga av verda.
Den franske diktaren og kunstkritikaren Guillaume Apollinaire spela ei nøkkelrolle i utviklinga av fleire kunstretningar i Paris. Han var av dei første som støtta Matisse og Picasso som dyktige, etablerte kunstnarar.
|
|
|
 |
|
Ekspresjonismen
Det vaks fram fleire ekspresjonistiske
retningar tidleg på 1900-talet. Vi skil ofte mellom tysk og fransk
ekspresjonisme. Retninga omfatta bilete, skulptur, arkitektur, litteratur,
musikk og film som var ny kunstart på den tida. Det første filmstudioet
i Hollywood kom i 1911.
Tysk ekspresjonisme utvikla seg i Tyskland og tysktalande land frå 1900-1910. Retninga kom snart etter i Europa. Kunstnarane skildra uroa i den moderne storbyen. Måleria inneheldt angst og bar forvarsel om første verdskrig. Til dei fremste tyske ekspresjonistane høyrer
Emil Nolde,
Ernst Ludvig Kirchner, som var inspirator til gruppa "Die Brücke" (1905-1913), og
Vasilij Kandinskij og
Franz Marc i gruppa "Der Blaue Reiter".
|
|
|
 |
 |
|
Emil Nolde, “Autumn Sea VII”, 1910
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
“Die Brücke" var ei gruppe tyske avantgarde kunstnarar som vart danna i Dresden. Dei fleste tyske ekspresjonistane var medlemmar i gruppa. Målet deira var eit slagkraftig og radikalt måleri. Dei nytta sterke fargar og effektar. Fleire nordiske målarar vart påverka av gruppa, mellom andre Edvard Munch og finnen Akseli Gallen-Kallela.
Henri Matisse og Fauvismen
Fauvismen prega kunstutviklinga i perioden 1903-1908
i Paris. Matisse
var leiaren i gruppa "Les Fauves" (villdyra). Gruppa representerte
fransk ekspresjonisme. Dei utnytta verkemidla på ein uttrykksfull
måte. Fargeeffektane hadde ei ekspressiv kraft og flatene var ofte
markerte og dekorative. Matisse brukte mønstrete tepper, dukar og
tapet som han såg rundt seg, til dekorative element i komposisjonane.
I biletet "Dansen" (1910) er det jamne, klare fargeflater
og flytande linjer i ein stram sirkelforma komposisjon som dannar
mønsteret.
I Matisse sitt bilete "Sigøynerinna" (1906) er det ein kraftfull koloritt, men ein kan likevel tydeleg sjå forma eller motivet. Matisse studerte Cézanne sin måte å bruke farge på. Inntrykket av lys
og luft vart teke vare på.
|
|
|
 |
 |
|
Paul Klee, “Red and White Domes”, 1914
|
|
 |
|
Kubisme
Kubismen
er ei kunstretning som vart utvikla i eit nært samarbeid mellom
Pablo Picasso og Georges Braque i åra frå 1908-1914 i Paris. Kunstnarane
arbeidde etter impresjonisten Paul
Cezanne sine teoriar. Dei gjekk ut på å forenkle formene
i naturen til geometriske former som sylinder, kule og kjegle. Kubistane
studerte og analyserte og løyste opp voluma på ting dei skulle teikne
eller måle. Ei arm kunne bli som ein sylinder og eit hovud vart
ei kule og dei såg personane eller gjenstandar frå fleire vinklar
samtidig.
|
|
|
 |
 |
|
Kasimir Malevitj, ”Vedhoggaren”, 1912-13
|
|
 |
|
Kubistane var også påverka av afrikansk kunst. Det kan vi sjå i Picasso sitt berømte bilete "Frøknene frå Avignon" 1907, som blir rekna som det første kubistske måleriet.
|
|
|
 |
 |
|
Pablo Picasso, ”Pikene i Avignon”, 1907
|
|
 |
|
Pablo Picasso
Picasso
var spansk målar, grafikar og skulptør og den mest kjende kunstnaren
på 1900-talet. Han reiste til Paris som 16-åring. Den "blå"
perioden er frå den første tida, då blåfargen dominerte bileta
hans. Den "rosa" perioden kom rett etter. Gjennombrotet
for Picasso som kunstnar kom med biletet "Frøknene frå Avignon”
(1907). Picasso forkastar her vanleg bruk av perspektivet, av lys
og skugge og det er vanskeleg å definere bakgrunnen i biletet. Han
forenklar og bryt opp figurane i fasettar. Biletuttrykket var sjokkerande.
"Guernica"
(1937) er Picasso sitt mest kjende verk.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Futurisme
Futurismen
var ei kunstretning som bygde på kubismens revolusjonerande idear.
Italienaren og forfattaren Fillipo
Tommaso Marinetti (1876-1944) skreiv det futuristiske manifest
i 1908. I starten var retninga knytt til litteraturen, men utvikla
seg til å omfatte andre kunstformer etter kvart. Som gruppe heldt
dei saman frå 1909-1929. Gruppa var opptekne av framtidas teknologi,
fart, krig og vold. Det kjem tydeleg til uttrykk i arbeida deira.
Det var mange som såg samanheng mellom futuristiske verk og filmen
si utvikling.
Giacomo Balla (1871-1958) var italiensk målar. Balla var autodidakt, det vil seie at han var
ein sjølvlært kunstnar. På sine reiser til Roma og Paris kom han i kontakt med andre kunstnarar og slik lærte og vidareutvikla han seg. Under eit opphald i Paris møtte han mellom anna Georges Seurat og Paul Signac som påverka hans sans for lys- og fargeverknader. Balla
var god ven av Marinetti og vart kjend med futuristane gjennom han. Målarane laga sitt eige futuristiske manifest i 1910 og Balla underteikna manifestet same året.
I futuristiske måleri og skulpturar av Giacomo Balla, Umberto
Boccioni og andre, la kunstnarane vekt på å skape ein dynamisk
framstilling av fart. Dei skildra til dømes bilar og gåande personar
ved å gjenta forma fleire gongar ved sida av kvarandre. Dette kan
ein sjå i Balla sine arbeid frå perioden han var i Düsseldorf, "Hund
i snor" (1912) og "Bil i fart + snøggleik + støy"
(1913) |
|
|
 |
 |
|
Giacomo Balla, "Bil i fart + snøggleik + støy", 1913
|
|
 |
|
Kunstretningane italiensk
futurisme og russisk konstruktivisme som Paul Klee, Piet
Mondrian, Vasilij Kandinskij, Marc
Chagall, Robert Delaunay, Fernand
Leger, Marcel Duchamp, Juan
Gris og Mirô.
Store deler av Mirô sine verk er å finne i Miró-museet i Barcelona
i Spania.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Skulptur Biletkunstnarar, forfattarar og skulpturar endra uttrykksmåtar utover på 1900-talet. Skulpturane vart meir enn menneskefigurar, dei skulle ikkje formidle berre dei synlege
tinga. Kunstnarane ville velje sine eigne kunstutrykk ut frå sine eigne kjensler. Sigmund Freud utvikla læra om det underbevisste i menneskesinnet, og mange kunstnarar vart opptekne av korleis dei
kunne uttrykkje det som rørte seg i det ubevisste. Spenningane og kontrastane i sjølve skulpturen, forma, overflata, materialet og lyset sin verknad på skulpturen var viktige verkemiddel for kunstnaren å jobbe med.
Skulpturen ”Den einsame” (1911) er laga av tyske Ernst
Barlack. Han var ven av Kate
Kollwitz, som delte hans medkjensle med dei fattige og einsame.
Han skapte forenkla skulpturar og jobba med menneskelege utrykk
i ulike sinnsstemningar, frå depresjon til ekstase. Barlack var
ekspresjonistisk bilethoggar, grafikar og forfattar. Det første
atelieret hans er omgjort til museum.
”Sovande muse” (1910) av Constantin
Brancusi er ei oval liggande andletsform i marmor. Brancusi
utforska dette eggforma motivet gjennom heile livet. Dei tidlege
arbeida hans kan minne sterkt om
Rodin, men i perioden 1907-1910 utvikla han ein revolusjonerande
form for skulptur. Arbeida endra seg frå det figurative til det
abstrakte og materialet vart utgangspunktet for forma.
”Kysset” (1910) er ein kubistisk liknande skulptur i grov steinblokk. Forma uttrykkjer både steinblokka og kva eit kyss eigentleg er. Den grovhogde forma i skulpturen kan minne om romansk folkekunst eller afrikanske stammeskulpturar.
|
|
|
 |
 |
|
Giacomo Balla, "Bil i fart + snøggleik + støy", 1913
|
|
 |
|
Italienaren Umberto Boccioni jobba med fart og rytme i sine verk. I bronsefiguren ”Romlig framstilling av rørslefasar”
(1913) ser vi ein kroppsliknande figur som ser ut til å flytte seg mekanisk framover. Skulpturen formidlar styrke og kraft.
|
|
|
 |
 |
|
Umberto Boccine, ”Romlig framstilling av rørslefasar”, 1913
|
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk
- Webmaster: Svein Frøystad
|
|