|
|
 |
|
EIT NYTT ÅRHUNDRE TEK TIL
Då 1800-talet går mot slutten byrjar på sett og vis ei heilt ny epoke i historia. Folketalet i verda aukar stadig raskare, urbaniseringa skyt fart, nye
energikjelder gjer at industriproduksjonen aukar og lønnsemda i industrien vert større. Alt dette fører også til større folkeopplysning, og dermed større leselyst, som igjen gir auka bokproduksjon.
Det var stor auke i talet på forfattarar, og i talet på utgjevne
bøker. Rundt hundreårsskiftet vert bestseljaren eit omgrep.
Ein roman på eit av verdsspråka kunne ha store salstal, og
forfattaren kunne tene mange pengar på ei bok. Då var det
viktig at forfattaren hadde gode avtalar med det forlaget
som gav ut boka. Framleis var det vanleg at forlag andre stader
enn i utgjevarlandet oversette og gav ut populære bøker. I
1886 vart ein internasjonal avtale om copyright
underskriven. Då kunne ein forfattar tene pengar på bøkene
sine, uansett kvar i verda den vart gjeven ut.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Då som no, gjekk diskusjonen om kva som var god eller dårleg litteratur.
Romanen har vorte sett på som finkultur, og dette vart forsterka i 1901 då Nobels litteraturpris vart utdelt for første gang. Nobel sa : "- prisen skal
hvert år tilfalle den som innenfor litteraturen har produsert det mest fremragende i idell retning". T.d. har framleis ikkje ein barnebokforfattar
fått prisen. Men folk las: visetekstar, drama, kriminalromanar, romantiske historier og sentimentale kjærleiksromanar.
Tida rundt hundreårsskiftet har i ettertid vorte kalla "La belle epoque", den sorglause og
lukkelege tida då ingen såg at verda gjekk mot ein storkrig. Kom det til konflikter, ville det ikkje ha konsekvensar for det jamne samfunnet trudde folk. Krig i moderne form vart ikkje
"funne opp" før under første verdskrig.
Frankrike Paris er i byrjinga av hundreåret den store kunstnarbyen i Europa. Dei som
skriv lyrikk byrjar no å endre på skrivemåten sin, og dette fører fram til at
modernismen slår gjennom.
- Sjå Norsk i mellomkrigstida for utdjuping!
Forfattaren Apollinaire samarbeidar med målaren Pablo
Picasso, men får noko vanskar med å få fram kubismen
gjennom ordet. Men seinare i hundreåret får ein litteraturgrupper,
som endrar både på skrive- og lesemåten.
- Sjå Kunst og Design i mellomkrigstida for stoff om dadaismen og surrealismen!
Det som skjer i samfunnet vert spegla av i litteraturen. Sjølvsagt gjeld det også i aviser. I Frankrike var Dreyfus-saka eit døme på det. Frankrike og Tyskland hadde i lang, lang tid kjempa om herredøme i Sentral-Europa, og i 1870 hadde
landa vore i krig med kvarandre. Sommaren 1894 oppdaga det franske krigsministeriet at den tyske ambassaden i Paris hadde hemmelege franske militærdokument. Mistanken om spionasje fall på den franske kapteinen
Alfred Dreyfus. Han var av jødisk slekt. Han sa han var uskuldig, men han vart stilt for
krigsrett og dømt til livsvarig forvising på straffekolonien Djevleøya. Etter kvart byrja rykta å gå om at Dreyfus var offer for falske skuldingar, og at fleire
dokument i saka var falske. Frankrike delte seg i to, for eller i mot Dreyfus.
Det
vart ein hard samfunnsdebatt omkring saka, og forfattarane engasjerte
seg og. Mellom dei Emile Zola, som skreiv ope brev til styresmaktene
der han forsvarte Dreyfus. I 1906 vart Dreyfus frikjend for alle
skuldingar, og han vende tilbake til hæren. I ettertid har Dreyfus
sine motstandarar blitt sett på som dei som ville halde på eit gamalt
samfunnet med privilegier for den einskilde. Medan Dreyfus sine
forsvararar vart sett på som revolusjonære, som ville ha ei endring
av samfunnet.
|
 |
|
|
 |
 |
|
England
Dronning
Victoria døyr i 1901, og ho sette sine spor i si styringstid. Perioden
har vorte kalla viktoriatida.
Sjølvsagt var det britiske samfunn mangfaldig, men i omgrepet viktoriatid
ligg det ei noko hyklersk haldning til moralske spørsmål, særleg
når det gjeld seksualitet. Derimot kunne ein fritt utfalde seg i
politikk og økonomi, i alle fall var det slik for menn. Idealet
var den seinviktorianske gentleman. Storbritannia som "The
Great Empire", går mot slutten til nærare ein kjem første verdskrigen.
Då dronninga døyr var det ein kan kalle imperieromantikken over,
for no vert den politiske situasjonen stadig vanskelegare. Dette
speglar seg av også innan litteraturen.
Rudyard Kipling (1865-1936) har vorte kalla imperiet sin diktar. Han var
fødd i India, og har skildra dette landet i mykje av det han har skrive. Han skriv om folk sitt ansvar overfor verda, og om einskildmennesket si
pliktkjensle. Men han er prega av tida sine overlegne tankar om den kvite man og at vesten skal spreie sin kultur til "primitive" folkeslag.
I 1899 skriv han diktet om "the white man's burden", men likevel kjenner vi han best frå ein annan innfallsvinkel. Han er forfattaren av "Jungelboka", som vi kjenner best frå Walt Disney sin teiknefilm. Her møter vi Mowgli, som veks opp hos ulvane, og er venn med ei andre
jungeldyra. Godt vaksne folk har og hørt visa "Mandalay", som Kipling har skrive teksten til. I 1907 fekk han Nobelprisen i litteratur for forfattarskapen sin.
Oscar Wilde (1854-1900) Han høyrde til eit miljø som angreip tida sitt hykleri
påslutten av viktoriatida. Han var irsk, og hadde han sjansen var han satirisk mot det britiske samfunnet. "The Picture of Dorian Grey" (1891) er den best
kjende boka hans. Men det er ikkje for bøkene sine Wilde er mest kjend. Han var homofil, og på den tida var dette eit brotsverk. Wilde var gift og hadde
barn, men innleidde eit forhold til den unge lord Alfred Douglas. Dei la ikkje skjul på forholdet sitt, og far til Alfred Douglas gjekk til sak mot Oscar Wilde. Han vart dømd
til to års fengsel, og då han slapp ut av fengselet var han ein øydelagd mann. Han reiste til Italia og Frankrike, der han døydde i Paris i 1900.
Sjå filmen om Oscar Wilde, for då får du innblikk i livet til ein forfattar frå viktoriatida.
John Galsworthy (1867-1933) er best kjend i Norge for Forsytesagaen.
Desse bøkene gjekk som fjernsynsserie på NRK. Kjærleik og pengar er hovudmotivet for denne slektshistoria. For desse bøkene fekk han Nobelprisen
i litteratur i 1932, men på grunn av sjukdom kunne han ikkje vera til stades då prisen vart delt ut. Han døydde i 1933.
George Bernhard Shaw (1856-1950) var og irsk. Han flytta tidleg til London, og
er ein av dei mest berømte britiske teaterforfattarar. Før han sjølv byrja å skrive, jobba han som journalist og teaterkritikar. Han likte godt stykka til Henrik Ibsen,
og då det vart danna eit teaterselskap i London som skulle oppføre Ibsen sine samfunnskritiske stykke, såg han sitt snitt til å få oppført eit av sine stykke. Shaw
var sterkt politisk engasjert, og var sosialist heile sitt liv. I alle stykka han skreiv var han kritisk til det han såg rundt seg.
Det stykket som har vorte hans største suksess, skreiv han til brevvennina si, som var skodespelar og spelte hovudrolla då stykket hadde premiere.
Stykket heiter "Pygmalion", og handlar om blomsterjenta Eliza Doolittle. Språkprofessor Henry Higgins veddar med ein venn om at han på seks
månader skal greie å forvandle Eliza si cockneydialekt til Oxford-engelsk. Det greier han sjølvsagt, han forelskar seg i Eliza og dei lever lukkeleg alle
sine dagar. "Pygmalion" er best kjend som den amerikanske musikalen "My Fair Lady". Vi kjenner best filmversjonen med Andrey Hepburn og Rex Harrison i hovudrollene.
Då Shaw fekk Nobelprisen i litteratur i 1925, vart han mektig irritert. Han ville ikkje ha alle
dei tiggarbreva som følgde med.
Kven bor i Baker Street 221 b, saman med sin trufaste følgjesvein,
Dr. Watson? Sjølvsagt Sherlock Holmes. Opphavsmann til denne figuren er forfattaren Conan Doyle (1859-1930). Sherlock Holmes er ein av dei best
kjende litterære figurane i verda, ved sida av Hamlet og Don Quijote.
Conan Doyle hadde denne detektivhelten som hobby medan han skreiv andre romanar, som han håpte skulle bli kjende. Men det vart Sherlock Holms vi knyter
til namnet hans. Doyle skreiv mange noveller om Sherlock Holmes, som han samla i ei bok. Som avslutning let han helten sin verte styrta utfor eit stup i Alpane. Elleve
år seinare dukkar Holmes opp igjen. Conan Doyle var blakk og trengde pengar. |
 |
|
Amerika
Den forfattaren vi stoppar opp ved er Jack
London(1876-1916). Han var oppteken av samtida si, og derfor
kunne han vera oppteken av fleire - ismer samstundes. Konsekvens
i livsynsspørsmål hadde han ikkje sans for. Han brann for ei sak,
men så var det brått ei ny sak han hadde på hjartet. Dette saman
med eit stort forteljartalent, gjorde han til ein mykje lest forfattar,
også i Skandinavia.
Han flakka mykje rundt, og hadde mange ulike jobbar før han bestemte
seg for å skrive. Han kom frå fattige kår, og i mykje av det han
skreiv stillte han seg på fattigfolk si side. Samstundes var han
oppteken av den sterke mannen som sette seg sjølv fremst. Han støtta
seg til Nitzsche sine tankar om overmennesket.(Sjå under Tyskland)
Ulven vart hans symbol for den einsame, sterke mannen som trassar
både menneske og natur. Det store gjennombrotet fekk Jack London
med boka "The
Call of the Wild" (1903). På norsk fekk boka tittelen "Når
villdyret våkner". Boka handlar om sledehunden Buck, som
når eigaren hans døyr vender tilbake til naturen og vert leiar for
ein ulveflokk. Jack London levde eit hardt liv, og berre 40 år gamal
tar han sitt eige liv.
Tyskland
Skal ein forstå tysk litteratur i byrjinga av hundreåret, må ein
kaste eit auge på tysk politikk og historie. Tyskland hadde sigra
over arvefienden Frankrike, i krigen mellom landa i 1870. Samstundes
greidde Bismarck (sjå historiedelen)
og samle alle dei tyske fyrstedøma til eit keisarrike. Filosofen
Friedrich
Nietzsche (1844-1900) presenterte tankane sine om overmennesket,
som har viljen til makt som den inste drivkrafta, og som naturen
har gjeve rett til å rå over dei veike og livsudugande.
I musikken dreg Richard Wagner fram gamal tysk mytologi, gjennom verket "Nibelungenring". Med all denne påverknaden blomstrar tysk nasjonalisme.
Sjølvsagt finn vi den att også innan litteraturen. Nasjonalisme hadde ein også i andre europeiske land t.d. i Frankrike. I Tyskland vert slagorda sivilisasjon
og kultur lansert. Den germanske rase sin kultur er reinhjerta og edel, medan den galliske, dvs. den franske, er overflatisk og dekadent.
Sjølvsagt var ikkje all tysk litteratur, og andre kunstutrykk, så
sterkt nasjonalistiske. Kunstretningar, som naturalisme
og symbolisme, med opphav i Frankrike, påverka også dei tyske kunstnarane.
Etterkvart vert tysk ekspresjonisme eit omgrep innan målarkunst,
og sjølvsagt vert litteraturen også påverka av dette. I ettertid
veit vi at dette var levande uttrykk heilt til nazistane kom til
makta i 1933.
Thomas Mann (1875-1955) gav i 1901 ut "Buddenbrooks", ei familiehistorie over fire generasjonar. Den handlar om ei kjøpmannsfamilie frå Lübeck. Han
hadde mellom andre dei norske forfattarane Kielland og Lie som mønster for verket sitt. Han følte seg som den som formidla tysk kulturarv. Han rømte frå
Nazi-Tyskland til USA, og uttalte: "Der jeg er, er den tyske litteratur". Ingen motsa han, fordi han var ein fornyar av europeisk romankunst, og han eksperimenterte ein god del med skrivemåten sin.
Den eldre broren hans
Heinrich Mann gav ut romanen "Professor Unrat" i
1905. Som forfattar nådde ikkje han same høgd som bror sin, men han er med her fordi filmmanus til filmen "Der blaue Engel" er bygt på denne boka. I denne filmen slo
Marlene Dietrich gjennom. Ho var ei av dei store filmstjernene, og
sangarane gjennom nesten heile hundreåret. |
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
|
Nordisk litteratur
Den store nordiske forfattaren frå denne perioden er svensk. August Strindberg (1849-1912) har i ettertid, saman med Ibsen, vorte ein
verdsklassikar. Han skreiv både romanar, skodespel og lyrikk. Ved sida av skrivinga måla han. Han gjennomlevde fleire store livskriser, og desse var det
som dreiv han framover og fornya han som forfattar. Han var kritisk til samtida si, og gjekk til angrep på det offentlege Sverige i det han skreiv.
Mykje av forfattarskapen hans går med til å skildre tilhøve mellom kvinne og mann, og det
frå ulike innfallsvinklar. Det er sagt om Strindberg at han var kvinnehatar. Han var gift tre gonger, og alle ekteskapa var korte. Kjende verk av Strindberg er romanen "Röda rummet" og dramaet "Fröken Julie"
Selma Lagerlöf (1858-1940) var og svensk, og ho er best kjend for
eventyrforteljinga "Niels Holgerssons underbara resa gennom Sverige" (1906-07). Denne boka var tenkt som ei lesebok for folkeskulen. I sitt store
verk "Jerusalem" (1901-02) fylgjer ho ei gruppe religiøse svermarar frå
Dalarna i Sverige til Jerusalem der dei vil starte på nytt. Det går ikkje heilt etter planen. Boka er filma, (1996) og norske Marie Bonnevie spela den kvinnelege hovudrolla. Selma Lagerlöf fekk Nobel sin litteraturpris i 1909.
Den svenske lyrikaren Gustaf Fröding (1860-1911), fekk stoffet sitt konfiskert då han
skildra erotiske møter mellom kvinne og mann.
Dansken
Martin
Andersen Nexø (1869-1939) sine bøker om "Pelle Erobreren"
(1906-10) og "Ditte Menneskebarn" (1917-21), er
godt kjende også i Norge. Bøkene er filma. "Pelle
Erobreren" i 1987 med Max von Sydow i hovudrolla. Nexø
kjempa gjennom bøkene sine for arbeiderklassa, og opplever under
eit besøk til Spania at denne klassekampen er universell. Nexø vart
ein overbevist kjempar for kommunismen. |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk
- Webmaster: Svein Frøystad
|
|