|
|
 |
 |
|
VIKTIGE HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA:
Dei første åra etter første verdskrig var prega av stor optimisme og pågangsmot både på landsbygda og i byane. Nye reiskap og maskiner gjorde jordbruket meir effektivt. Langs kysten skaffa fiskarane
seg større og betre båtar som gjorde at stadig nye fiskefelt kunne takast i bruk. Industrialiseringa skaut fart. Fleire fabrikkar vart bygde og lønningane
steig.
Samanbrotet i 1921 Det vart etter kvart produsert
meir varer enn folk hadde råd til å kjøpe. Mange arbeidarar vart arbeidslause. Fiskerinæringa var avhengig av eksport til utlandet og dei
økonomiske vanskane der gjorde at handelen gjekk kraftig ned. Bønder og fiskarar som hadde teke opp lån frå bankane for å finansiere nyvinningane innan for næringane, fekk etter kvart store økonomiske problem og mange gjekk konkurs.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
 |
|
Motsetnader mellom klassene
Kronprins
Olav sa dette i tala si på myndigheitsdagen i 1925:
”Ser vi på tilstanden i landet vårt nett no, er det dessverre slik at vi nordmenn står meir splitta
enn i 1905.” Dei sosiale og politiske motsetnadene førde til undertrykking og overgrep. Opne konfrontasjonar mellom arbeidarar på den eine sida og politi og militære på den andre sida.
Menstadslaget i 1931. Hydro/ Porsgrunn. Denne hendinga vart svært ulikt omtala i Arbeiderbladet og i Aftenposten Arbeidarane var organisert i LO. Arbeidsgjevarane sin organisasjon var NHO. |
 |
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Innanrikspolitikk
Dei største borgarlege partia: Høgre,
Bondepartiet og Venstre.
Høgreleiar: C .J Hambroe. Det var ofte skifte i regjering
,og politikken var prega av svake regjeringar.
I 1927 vart
Arbeidarpartiet det
størst partiet. Den første arbeidarpartiregjeringa sat i 14.dagar. Ingen av fraksjonane hadde fleirtal aleine
Etter den russiske kommunistiske
revolusjon gjekk det ei bølgje over Europa prega av dei nye kommunistiske ideane. I Arbeiderpartiet var det sterke sympatier for kommunismen på denne tida. Mange arbeidarar kjende det som om dei var utan fedreland, og måtte kjempe for politisk rettferd og menneskeverd.
I Høgre og Bondepartiet var det enkelte medlemmar som såg med begeistring på at Hitler etter kvart fekk økonomien i Tyskland under kontroll. Små udemokratiske pari som Nazipartiet ved
Vidkun Quisling og NKP fekk ikkje politisk gjennomslag..
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Arbeidarpartiet
kom til makta i 1937
Viktige leiarar: Johan Nygaadsvold og Martin Tranmæl. Partiet utvikla
seg frå å vere eit revolusjonært parti til eit parti som endra samfunnet på fredleg vis ved hjelp av lovendringar. For å få fleirtal for lovendringane fekk AP ofte støtte frå Venstre og Bondepartiet.
Velferdstaten tek form
Nye lover: (LO
sine nettsider har informasjon om dette)
- 8. timers arbeidsdag.
- Ferie med løn. - Alderstrygd. - Arbeidsløysetrygd. Den økonomiske oppgangen i Europa og den politiske kursendringa gjorde at tidene for arbeidarane i Noreg vart betre.
|
|
|
 |
|
Utanrikspolitikk ”Den beste utanrikspolitikk er å ikkje ha nokon politikk”. I Noreg var det ein
streng nøytralitetslinje i politikken og landet støtta sterkt fredsarbeidet til Folkeforbundet. Ved krigsutbrotet i 1939 erklærte Noreg seg nøytralt.
”Ishavsimperialisme”
Noreg fekk internasjonal godkjenning på suverenitet over: Svalbard, Bjørnøya og Jan Mayen.. |
 |
|
|
 |
 |
|
Kvardagsliv
Elektrisitet I mellomkrigstida fekk dei fleste deler av landet elektrisitet.
Dette gjorde kvardagen lettare: Komfyr, støvsugar, strykejern og vaskemaskin vart tekne i bruk i husholdninga.
Skilnad mellom by og land Landsbygda var prega av primærnæringane og
nyvinningane vart tekne i bruk i byane først.
Skule 7.årig skulegang for alle i 1920. Ofte var det born av velståande foreldre som fekk skulegang utover dette.
Fritid Kino med mest amerikanske filmar og nokre norske.
NRK kom i 1933. Avisene sitt opplag auka. Berre dei rikaste hadde råd til å kjøpe bil.
Kvinnene sin situasjon Mødrehygiene kontor.
Allmen
stemmerett i 1913. Fleire kvinner detltok aktivt i det offentlege: Cora Sandel og Ninni Roll Anker.
I 1938 kunne kvinner veljast inn på Stortinget. Frå 1939 kan ikkje kvinner seiast opp fordi dei er gifte.
|
|
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|