|
|
 |
|
BILETKUNST I NORGE I MELLOMKRIGSTIDA:
I 1914 var det ei jubileumsutstilling i Norge som skulle markere 100 års dagen til grunnlova, det skulle vere ei utstilling som viste både landbruk, industri, handel og kunst. I ein stor kunsthall
var det sett opp ei moderne måleri avdeling som omfatta norsk kunst frå 1880 åra si naturalisme til dei aller nyaste tendensane i moderne bilete. Mange kunstnarar deltok med bilete eller skulptur. Då
utstillinga vart stengt for publikum i oktober 1914, var Europa i krig.
Christian Krogh
(1852-1925) var ein kjend person i gatene i Kristiania. Han var kunstnar, professor og direktør for Statens Kunstakademi. Krogh døydde i 1925 samme året som byen Kristiania fekk namnet
Oslo.
|
|
|
|
|
 |
 |
|
“Albertine”, 1886 av Christian Krogh
|
|
 |
|
Matisse og norsk målekunst. Fleire av dei unge norske kunstnarane som Axel Revold, Jean Heiberg og Henrik Sørensen høyrde til i eit kunstmiljø på Lysaker. Henrik Sørensen var født i Sverige av norske foreldre. Han flytta til Norge og var ein av Kristiania-bohemane tidleg på 1900 talet. Desse tre saman med Per Krogh var tidlegare studentar ved Matisse-skulen i Paris. Per Krogh var son til Chr. Krogh, og han fekk seinare
utsmykkingsoppdrag i FN bygget i New York.
Matisse påverka målekunsten i Norge. Han stod for eit kunstsyn som understreka dei formale elementa i måleriet. Det skulle vere klare fargeflater og former som skulle skape harmoni og jamvekt i bilete. Han utvikla motivet til eit dekorativt mønster. Ulike mønster i teppe, tapet eller dukar blir dekorative element i komposisjonen og gjenstandane blir skilt frå kvarandre med konturar eller omriss.
|
 |
|
Axel Revold, Per Krogh og Alf Rolfsen innleidde og dominerte den såkalla "freskoepoken" i norsk kunst. Arbeid frå denne perioden kan du finne i Oslo Rådhus.
Freske eller freskomåleri
er ein måleteknikk som kunstnarar brukte før og under renessansen.
Teknikken kravde god planlegging, for ein skulle måle rett på våt
mur og arbeidet måtte vere ferdig før murpussen tørka. Det var vanskeleg
å rette på arbeidet etterpå. Leonardo
da Vinci og Michelangelo
laga fine freskomåleri. Det sixtinske kapell i Roma av Michelangelo
er verd eit besøk.
I mellomkrigstida vart norske kunstnarar påverka av tysk
ekspresjonisme, særleg etter at Rolf Nesch kom til Norge i
1933. Vår eigen store ekspresjonist
Edvard Munch budde i utlandet og hadde fleire store utstillingar der. Han sette stor pris på Ludvig Karsten sine fargerike bilete, som var påverka av Matisse og fransk ekspresjonisme.
Kai Fjell var grafikar og måler. Han vart rekna som ekspresjonist i 30 åra. Han fabulerte og brukte tekst som inspirasjon til bilete. Han har utsmykka regjeringsbygget i Oslo.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Ekspresjonistisk kunst Biletvev som ekspresjonistisk kunst av
Hannah Ryggen. Ein dristig kunstnar som vende tradisjonen ryggen for å uttrykkje det ho
hadde på hjartet utan å gå vegen om måleriet. I 1933 vov Hannah sitt første ekspresjonistiske teppe "Fiske i gjeldens hav". Det vart mange teppe etter kvart. Kunstindustrimuseet
i Trondheim viser mange flotte arbeid.
Arne Ekeland, Reidar Aulie, Willy Middelfart og Henrik
Sørensen var radikale kunstnarar som kasta seg inn i klassekampen med heftige, uttrykksfulle måleri. Dei var påverka av mellom anna Nolde og Paul Klee etter ei tysk utstilling i Oslo i 1932.
|
|
|
 |
 |
|
”Tendens”, 1931 av Reidar Aulie (150 x 232 cm)
|
|
 |
|
Norsk filmindustri prøvde seg på det internasjonale marknaden og i 1920 kom den første stum-filmen. Nye former for reklame og
propaganda vart teke i bruk, radio, film, fly med transparentar på slep. Plakatar for fedrelandslaget, bondelaget og Arbeiderpartiet med ulike mål, men felles symbolbruk.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Arkitektur
Etter første verdskrig skulle husa vere funksjonelle og fleksible.
Nye byggjemateriale som stål, glas og armert betong vart teke i
bruk. Arkitekten Arne
Korsmo teikna Villa Stenersen i Oslo.
Lars
Backer og Ove Bang er arkitektar frå samme perioden. Backer
teikna Ekeberg restaurant i Oslo. I dag står anlegget som eit tomt
skal, men med sans for funksjonalismen
sine tanker og idear, kan ein ane det vakre som ein gong var.
Ingierstrand bad er eit funksjonalistisk anlegg som minner om ein ny livsstil i
mellomkrigstida og god arkitektur. Stupetårnet er bygd i armert betong og står som eit landemerke i dag. Dersom tårnet og resten av anlegget skal fortsette å stå må det
setjast i gong restaureringsarbeid, og det hastar! NRK viste nyleg eit program om heile anlegget på Ingierstrand. |
 |
|
Design I klesmoten kom dei "glade tjueåra". Skodespelarar frå scene og film vart førebilete for moten. Det vart likestilling for kvinnene og motebiletet endra seg
totalt. Kjolane vart kortare, den lause livlina vart flytta nedover og framheva med eit belte eller skjerf.. Trikot og rimlege kunstsilkestoff vart teke i bruk og lange genserar vart moderne. Herrebuksa vart smalare
og vesten vart erstatta med pullover.
I møbelindustrien var funksjonalisme stilretninga. Møblane fekk enkle og reine former og stolane kunne ein stable oppå kvarandre. Hermann Munthe-Kaas designa "Stålrørstolen" i 1928. Taklampen og bordlampen av Paul Henningsen vart populære produkt innafor belysning. Norsk lampedesign var kjend utanfor landegrensene i mellomkrigstida.
|
|