|
|
 |
|
VIKTIGE HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA:
Dei nye musikken ute i Europa kom seint til Noreg. Den seinromantiske stilen dominerte musikken som vart komponert i Noreg heilt fram til 1920-åra. Tendensen ser vi att i det som blir komponert heilt fram til 1930 åra.
Rundt 1920 gjorde ei forseinka impresjonisme seg sterkt gjeldande mellom komponistane i Noreg. Ekspresjonismen fekk også sine representantar .
Ei kraftig nasjonalistisk musikkbølgje som sette inspirasjonen frå dei europeiske
komponistane i skuggen, nådde eit høgdepunkt under St. Olavsjubileet i 1930.
Folkemusikk
og norrøn
litteratur var viktige komponentar for dei nasjonale
komponistane Etter kvart ser vi at dei let seg inspirere av
musikken frå Europa.
|
|
|
 |
|
Dette kan ha fleire årsaker. Unionsoppløysinga i 1905 med sterk nasjonalkjensle, sette sine spor i musikken fleire tiår framover. Grieg og Svendsen var framleis sterke inspirasjonskjelder. Dette gjaldt ikkje dei mest modernistiske sidene ved komponistane, som t.d. ”Slåttar i opus 72”, men heller tidlegare komposisjonar
Norske komponistar tok utdanning ved konservative konservatorium i Tyskland og fekk i liten grad ta del i dei radikale tendensane som gjorde seg gjeldande spesielt i Frankrike.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Harald
Sæverud (1897–1992)
Komponerte i seinromantisk stil rundt 1920, men gjekk meir over til
neoklassisk retning i 1930.åra.
Ludvig Irgens Jensen
(1894- 1969)
Han ”innførte” neoklassisimen i Noreg.
Sparre Olsen (1903 –1984) Han vidareførde Grieg sin seine stil og brukte folkemelodiar og eigenkomponert musikk i lag.
|
|
|
|
 |
 |
|
Harald Sæverud
|
|
|
|
|
 |
 |
|
Klaus Egge
( 1906 –1979) Musikken er prega av nasjonal stil.
Geir Tveitt
(1908 –1981)
Prøvde å skape ein musikk teori på norrønt grunnlag
Egil
Storbekken
Han starta karriere si i 1930 åra og
reiste på turne med Rikskonsertane i 15.år. Han var oppteken av å bruke ulike folkeinstrument
Eivind Groven
(1901-1977) Ein skapande spelemann som samstundes var
symfonikar. Forskningsarbeidet hans med folkemusikk og akustikk gav inspirasjon til nye komposisjonar.
I 1937 vann han konkurranse om radioen sitt pausesignal: Hovudtema i Symfoni nr 1.
|
|
 |
|
|
 |
 |
 |
|
To komponistar tok ikkje del i den nasjonale retninga:
Fartein Valen (1887-1952)
Høyr intervju med Valen
her..
Utvikla eit nytt system for komposisjonarbeid.
Pauline Hall (1890 –1969) Ho tok utdanning i Frankrike og let seg inspirere av Debussy.
Populærmusikk. I mellomkrigstida
let folk flest seg inspirere av slagarar og amerikansk filmmusikk t.d.: Max Steiner: Han komponerte musikk til meir enn 150 filmar. Døme: ”Tatt av vinden”,1936 og ”King Kong”, 1933, som var
den første filmen med eit gjennomarbeidd komponert symfonisk partitur. Erich Wolfgang Korngold: ”The adventure of Robin Hood” 1938. Han fekk tildelt Oscar for musikken til denne filmen.
Margethe Munthe sine sangar vart flittig brukt i mellomkrigstida.
|
|
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|