|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Før første verdskrigen slår ein ny periode gjennom i norsk litteratur, og den har vorte kalla nyrealismen. Nyrealistane skriv romanar om vanlege folk sitt kvardagsliv. Dei skildrar gjerne ei slekt over fleire generasjonar. Nyrealistane legg vinn på å bevare gamle verdiar. Ofte vel dei historiske romanar for å få dette tydeleg fram. Ein må med dette som utgangspunkt sjå mellomkrigstida som ein viktig periode også i vår litteraturhistorie.
|
 |
|
Då
Sigrid
Undset (1882-1949) gav ut trilogien om Kristin
Lavransdatter 1920-1922, hadde ho sett korleis krigen hadde
løyst opp gamle verdiar. Gjennom bøkene om Kristin Lavransdatter
ønskjer ho å ta vare på dei gamle verdiane. Denne trilogien gav
henne Nobelprisen
i litteratur i 1928. Liv
Ullmann laga film av første boka i serien, ”Kransen”.
(1995) Filmen vart sett av eit stort publikum.
|
|
|
 |
 |
|
Sjå video frå “Kristin sitt rike” og Jørundgard Middelaldersenter!
|
|
 |
|
Nye samfunnsgrupper får sin plass i litteraturen. Oskar Braaten (1881-1939) skildrar industriarbeidaren frå Kristiania sin austkant. I hovudverket til Braaten, ”Ulvehiet” (1919)
vert dagleglivet i ein gråbeinsgard skildra. Vel så kjende er nok bøkene hans ”Ungen” og ”Den store barnedåpen”. Desse har vore
utgangspunkt for både musikal og film. Her fortel han om fabrikkjentene sitt harde liv når dei kom i ”ulukka”.
|
|
|
 |
 |
|
Sigmund
Freud og psykoanalysen påverkar og forfattarar i Norge:
Sigurd Hoel (1890-1960) var oppteken av Freud sine tankar. Svik og sjølvbedrag er tema for fleire av S. Hoel sine romanar. Dette går att i både ”Syndere i sommersol” (1927) og ”Fjorten dager før frostnettene” (1935).
Hovudpersonane må gå inn i seg sjølve for å finne ut kven dei er, og kvifor dei handlar som dei gjer.
|
|
|
|
 |
 |
|
Og ”mannen frå Jante” Aksel Sandemose skaper Jantelova i sin roman ”En flyktning krysser sitt spor”(1933). Den boka er no filma.
Jantelova knekkjer Espen Arnakke, som er hovudpersonen i romanen. Tyrannisering, sjalusi og maktkamp fører til at Espen Arnakke vert ein mordar. Boka er no filma. Filmen ”Misery Harbour” er i høgste grad sjåverdig.
|
|
 |
|
I litteraturen finn vi uttrykket utviklingsroman.
Cora Sandel (1880-1974) sin romantrilogi om Alberte har fått ord på seg for å vera ein slik utviklingsroman. Hovudpersonen vert skildra over lang tid, ofte frå barndom til vaksen. I bøkene ”Alberte og Jakob” (1926), ”Alberte og friheten” (1931) og ”Bare Alberte” (1939) vert livet til Alberte skildra. Alberte går i bøkene gjennom ei personleg utvikling frå umoden jente til ei moden kvinne som lukkast i livet sitt. .Romantrilogien vart ein suksess.
Cora Sandel finn du meir om her: NRK - Dagbladet
|
 |
|
LYRIKK: Heller ikkje innan lyrikken slår modernismen gjennom i vårt land. Hos oss brukar lyrikarane dei tradisjonelle verkemidla som rim og rytme. Nokre få lar seg likevel inspirere av det nye - modernismen.
Alt på slutten av 1800-talet hadde Sigbjørn Obstfelder (1866-1900) skrive dikt der han tok i bruk nye verkemiddel.Han brukar ikkje fast rytme og enderim, men
set saman dikta sine på ein musikalsk måte. ”Rytmiske gjentakelser og klangfulle bokstavrim” er sagt om diktinga hans. Obstfelder var svært interessert i musikk. Obstfelder har vorte kalla Norge sin første modernist, og som hos dei seinare modernistane var angst og framandkjensle også tema i hans dikting.
Vi kjenner dei siste verselinene i diktet ”Jeg ser”:”Jeg ser, jeg ser…..Jeg er visst kommet på en feil klode! Her er så underlig…..”
|
 |
|
Dei fleste lyrikarane skreiv tradisjonelle dikt:
Herman
Wildenvey (1886-1959) og Olav
Bull (1883-1933) var lyrikarar som var populære i byrjinga
av 1900-talet, og som framleis skreiv i den perioden som vi no er
inne i.
Arbeidarane sin diktar var Rudolf Nilsen (1901-1929) Han vaks opp på
austkanten i Kristiania, og skreiv om korleis det var å bo i ”Nr. 13”, ein leigegard med fattigdom og fyll, men og med håp og draumar. R. Nilsen var kommunist og kjempa for
eit klasselaust samfunn. Han døydde svært ung, men mange av dikta hans kjenner vi godt til fordi visesangaren Lillebjørn Nilsen har sett tone til dei. |
 |
 |
|
”Gi meg de rene og ranke, de faste og sterke menn, de som har tålmod og vilje og aldri i livet går hen og selger min store tanke, men kjemper til døden for dem.”
Frå ”Revolusjonens røst” av Rudolf Nilsen
|
 |
|
Har du høyrt skodespelaren Jon Eikemo lese diktet som byrjar slik: ”I morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv - trur eg”
Ja, då kjenner du eit av dikta til lyrikaren Jakob
Sande. Diktet heiter ”Etter ein rangel” og står i samlinga “Storm
frå vest“ som kom ut i 1931. J. Sande
var frå Sunnfjord og skreiv om vestlandsnaturen og vanlege folk
sitt daglegliv.
|
 |
|
|
 |
 |
|
I 1936 vart diktet ”Du må
ikke sove” trykt i tidsskriftet ”Samtiden”. Diktaren
Arnulf Øverland (1889-1968) vakna opp etter ein draum og skreiv dette sterke
og mektige diktet. Nazistane hadde byrja å marsjere i Europa, og Øverland ville ha folk til å sjå at no var det fare på ferde. Øverland skreiv dikt også etter at Hitler
sine tropper hadde okkupert Norge. Det enda med at han vart arrestert og send til den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.
Likevel fekk han høve til å skrive og etter krigen kom dikta ut i samlinga ”Vi overlever alt”.
Øverland var sosialist, men etter kvart som han vart klar over tilhøva i Sovjetunionen under Stalin, gjekk han meir og meir vekk frå dette synet. Øverland vart leiar av Riksmålsforbundet
og kjempa ivrig for riksmålet. I 1933 gav Øverland ut ” Tre foredrag til offentlig forargelse”. Eit av foredraga ”Kristendommen, den tiende landeplage” vekte sterke reaksjonar. Han synest
kristendommen var overflatisk og han var kritisk til denne.
|
 |
|
|
 |
 |
|
|
 |
 |
|
Det var fleire forfattarar i Norge som såg at nazismen var ein fare
for menneska sin fridom. Ved sida av Arnulf Øverland og Nordal Grieg, så skreiv både Sigrid Undset, Sigurd Hoel og Aksel Sandemose kritisk mot nazismen.
Unnataket var Knut Hamsun. Det var kanskje ei sak som
samla norske forfattarar mot nazismen. I 1936 fekk den tysk-jødiske journalisten Carl von Ossietzky Nobels fredspris. Han sat i tysk konsentrasjonsleir fordi han motarbeidde nazismen, og fekk ikkje lov til å reise
til Norge for å ta i mot prisen. Knut Hamsun skreiv ein krass artikkel mot at Ossietzky fekk prisen og ”Aftenposten” trykte artikkelen. Så kom andre verdskrigen!
|
 |
|
BARNE- OG UNGDOMSLITTERATUR:
I år (2001) er det 75 år sidan Ole Brumm vart fødd, ja, det vil seie sidan første boka om han kom ut. Alan Alexander Milne skreiv om Ole Brumm og vennane
hans til sonen sin Christopher Robin. Det er berre i Norge at Ole Brumm heiter Ole Brumm. I andre land har han andre namn. På orginalspråket, engelsk, heiter han Winnie-the-Pooh.
”Tarzan – apenes konge” kom ut som bok i 1914. Edgar Rice Burroughs
er forfattaren bak fleire Tarzan bøker. Den første Tarzan-filmen kom i 1932 med berømte Johnny Weissmuller i hovudrolla. Den siste Tarzan filmen er ein
Walt Disney produksjon.
Opp gjennom åra har norsk ungdom slukt bøker om ”Frøken Detektiv” og ”Hardy-guttene”. Begge desse seriane kom til i mellomkrigstida. Carolyn
Keene som står som forfattarnamn på omslaget til bøkene om Nancy Drew, er ingen forfattar, men eit varemerke som Edward Stratemeyer fekk eineretten
til. Det er fleire som har vore med å skrive bøkene om ”Frøken Detektiv”. Også Franklin W. Dixon , som er forfattarnamnet til”Hardy-guttene”, er eit varemerke for same Stratemeyer.
Framleis finn ein bøker om Hjortefot i bokhyllene på biblioteket. Då er vi på
prærien i ”Det ville Vesten”. I desse bøkene vart konfliken mellom indianar og kvit dregen fram.
James Fenimore Cooper skreiv desse bøkene midt på
1800-talet, men likevel var dette favoritt-lesnaden til mange unge .”Den siste mohikaner” har vore lesen gjennom heile hundreåret. Det er ikkje mange år
sidan boka vart film - ein film som mange gjekk på kino for å sjå.
Skulebarn i Norge har møtt Margrethe Munthe gjennom leseboka. Ho gav ut tre samlingar
barnedikt. Dei hadde fellestittelen ”Kom så skal vi synge”. Dei to første rett nok før første verdskrigen, men hennar vers sette sitt preg på mellomkrigstida. Det er pedagogiske meiningar
og idear ho presenterar i dikta sine. Flink, snill og stille er nøkkelord i hennar barneoppdraging. |
 |
 |
|
”Da klokka klang, så fort vi sprang og ingen stod igjen og hang…… ….og ingen sa et ord og ingen lo, men stille sto vi sammen to og to."
|
 |
|
Ho skreiv og andre dikt. ”Vi har en Tulle med øyne blå” og ”Å jeg vet en seter…” er diktperler frå hennar hand.
Når det gjeld barnelitteratur i Norge frå mellomkrigstida kan ein drage fram
nokre moment. Ein stor del av barna er frå småbruk, av og til også frå husmannsplassar. Elles er fiskarmiljø, handelsmiljø og arbeidarmiljø representert.
Også lærarheimar. Tilværet var ofte eit blodslit, som også barna måtte ta del i. Gjennom 1930-åra var arbeidsløysa stor og det sette også sitt merke på barna.
Svært mange av barna i barnelitteraturen frå denne perioden er far-, mor- eller foreldrelause. Det kan leggast til at folkesjukdommen på denne tida var tuberkulosen. Hard realisme med andre ord.
Nokre av forfattarane kan nemnast: Halvor Floden (1814-1956) skreiv frå skogsbygdene mot svenskegrensa. Marie Hamsun (1881-1969), kona til Knut Hamsun, gav ut ei rekkje barnebøker. Bernhard Stokke (1896-1978) sine historiske bøker om ”Bjørneklo” og ”Dag frå skogane”
har i år etter år hatt mange lesarar.
Også lettare boktypar kom til. Eit døme er ungjenteboka, og ein populær forfattar var Evi Bøgenæs. |
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|