|
|
 |
|
VIKTIGE HOVUDMOMENT FRÅ PERIODA:
Verdsbiletet vart sterkt endra etter første verdskrig. Ein heil generasjon unge menn var drepne i krigen , mange millionar var skadde. Store nasjonar var fjerna frå kartet og nye nasjonar kjempa for å
overleve.
Nytt Europakart (Europakart 1914-1920-1937) Europa var ikkje lenger den
dominerande regionen i verda. Storbritannia og Frankrike var utmatta, og Tyskland låg i ruinar. Ønskje om fred var sterkt. Folk i Europa trudde at første verdskrig var ”Krigen som skulle gjere
slutt på alle krigar”. Politikarane lovde demokrati og ”land som passa for heltar”. Samstundes vart det sett spørsmålsteikn med det kapitalistiske system, med privat eigedomsrett slik det
vart praktisert i Frankrike, England og USA. Etter den russiske revolusjon i 1917, vart den første kommunistiske stat danna.
Mange meinte at kommunisme kunne gi løysinga på problema med arbeidsløyse, fattigdom og krig. I Europa vart det stadig fleire som kom under fascismen si makt.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Den vanskelege freden(1918)
Den
første verdskrigen blir avslutta og 20 millionar menneske
har mist livet som ei følgje av krigen. Versailletraktaten
gjorde at Tyskland som hadde tapt krigen måtte gå med på harde
fredsvilkår. Tyskland måtte gi frå seg alle koloniane sine,
betale store krigserstatningar og ta på seg heile skulda for
krigen. Dei harde vilkåra skapte sinne i Tyskland og fedsvilkåra
gav på mange måtar grobotn for nazismen.
|
|
|
 |
|
Politikarane i Europa ønskjer demokrati og fred Weimar-republikken 1919. Nye statar på leiting etter demokratisk styreform i Europa: Finland, Polen,Tsjekkoslovakia og
Dei baltiske statar.
Folkeforbundet blir danna (1920) På initiativ frå den amerikanske presidenten Woodrow Wilson vart Folkeforbundet danna. Hovudkontoret var i Geneve. Verdssamfunnet og spesielt landa i Europa, sette sin lit til at organisasjonen kunne oppretthalde verdsfreden. Håpet vart knust då det seinare braut ut krig i Kina, Etiopia og Spania utan at Folkeforbundet kunne hindre det.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Økonomiske vanskar i Europa (1923) Frankrike okkuperte industriområdet Ruhr for å sikre seg krigsoppgjer. Arbeidarane i Tyskland
gjekk til streik og staten trykte opp pengar for å støtte dei. Pengeverdien fall og det vart inflasjon .Tyskland opplevde ein økonomisk
kollaps.
Seierherrane Storbritannia og Frankrike sleit tungt med å modernisere og auke produksjonen. Landa i Europa lånte pengar frå USA. Etter kvart såg det likevel ut til at både
økonomien og forholda mellom landa var i ferd med å kome i balanse.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Kommunismen i Sovjetunionen Russisk borgarkrig. Etter revolusjonen i 1917 tok kommunistane makta i dei store byane, men hadde liten kontroll over resten av landet. Det braut ut borgarkrig mellom den nye regjeringa og kontrarevolusjonære grupper, som fekk støtte frå europeiske styrker. Under Leo Trotskij si leiing vann den raude hær borgarkrigen i 1920. Nye tankar og håp for framtida slår rot.
Sovjetunionen under Stalin Lenin døyr i 1924. Det blir maktkamp mellom leiaren for den raude hær Leo Trotijs og partisekretæren Josef Stalin. Stalin tek etter kvart over og får diktatorisk makt og styrer landet med jarnhand. Staten tek
kontroll over all jord og starter industrialiseringa av landet. I 1936 byrjar ”Moskva-prosessane” i Sovjetunionen med hardhendt utrensking av opposisjonelle.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Dei glade 20. åra i USA og Europa I USA merka ein ikkje verknadene av krigen på same måte som landa i Europa. No var USA det rikaste og mektigaste landet i verda. Stadig fleire kjøpte seg bilar og bilindustrien fekk svært gode tider. Husmødrene fekk ein lettare kvardag med nye moderne hjelpemiddel, som støvsugar, elektrisk komfyr og vaskemaskin. Nye oppfinningar dukka opp som radio og grammofonplater. Ny industri og livsstil vaks fram rundt den amerikanske filmindustrien.
Mange menneske fekk del i velstanden,
og hadde meir pengar å bruke på underhaldning og fritid enn før. Kino,
radio, danselokaler og klubbar blomstra. Dristige dansar som charleston
gjorde sitt inntog. Det blir meir vanleg å gå ut å more seg i
fritida. Kvinnelege moteskaparar som Coco
Chanel gjorde seg gjeldande.
Dei stormande 20-åra tok brott slutt i 1929. |
|
|
 |
 |
|
Charles Lindbergh er den første som flyg åleine
frå New York til Paris i mai 1927. Det tok 33 og ein halv time!
|
|
 |
|
Den økonomiske verdskrisa (1929)
Det vart etter kvart produsert meir varer enn folk hadde
råd til å kjøpe. Hausten 1929
byrja krisa
på børsen i New York. Verdien av aksjane fall . Mange
bankar og fabrikkar gjekk konkurs. Arbeidsløysa auka og stadig
fleire fabrikkar fekk vanskar med å selje varen sine (ressursar
om “depresjonen”).
Krisa som starta i jordbruket i USA spreidde seg med
arbeidsløyse og naud over heile verda , ikkje minst i Tyskland. Franklin D Roosevelt vart vald til president i USA i 1932. Han gjennomførde New Deal, der staten sette i gang store prosjekt for å få slutt på arbeidsløyse og krise.
Økonomisk forfall og høg arbeidsløyse førde til
eit samanbrot for demokratia i Europa og gav grobotnen for nazisme og diktatur.
|
|
|
|
|
 |
 |
|
Fascismen i Italia Benito Mussolini og fascistpartiet hans kom til makta i Italia i 1922. Sjølv om Italia hadde vore på seiarherrane si side i første verdskrig, var landet sterkt svekka.. Det vart store motsetningar mellom kommunistar og fascistar. Kong Viktor Emanuel III. bad fascistleiaren Benito Mussolini om å danne regjering. Han tok etter kvart diktatorisk makt og starta ein aggressiv kolonipolitikk m.a. i Afrika.
|
|
 |
|
|
 |
|
|
Nazismen
i Tyskland - Adolf
Hitler kjem til makta
|
|
1889
|
Adolf Hitler blir fødd i Austerrike.
|
|
1919
|
Hitler blir med i det tyske arbeiderpartiet.
|
|
1921
|
Arbeiderpartiet blir omdøypt til Nazipartiet. Hitler er leiar for partiet.
|
|
1923
|
Nazistane får auka støtte p.g.a. stor inflasjon og samanbrot i økonomien. Hitler prøver å ta makta ved eit kupp i Munchen, men mislukkast.
|
|
1924
|
Hitler skriv ”Mein Kampf” i fengsel
|
|
1925
|
Hitler får igjen kontroll over nazipartiet,og prøver å få plass i riksdagen.
|
|
1928
|
Nazipartiet får 2,6 % av stemmene ved valet til riksdagen.
|
|
1929
|
Økonomisk verdskrise. Arbeidsløysa i Tyskland blir mangedobla.
|
|
1930
|
Ved valet til riksdagen får nazipartiet 107 plasser. Spelar bevisst på veljarane si frykt for kommunisme og manglar ved det demokratiske system.
|
|
1932
|
Hitler er kandidat til presidentvalet, men taper for Hindenburg.
|
|
Juli
|
Nyval til Riksdagen. Nazistane får 203 plassar og blir det største partiet.
|
|
Nov.
|
Nytt val. Nazistane går tilbake, men er framleis det største partiet.
|
|
1933
|
Hitler blir kanslar.
|
|
Feb.
|
Hitler skriv ut nyval. Riksdagen brenn og ein kommunist får skulda. Kommunistpartiet blir forbode.
|
|
Mars
|
Hitler pressar gjennom lover son gjev nazistane absolutt makt.
|
|
April
|
Den første boikott av jødiske forretningar.
|
|
Juli
|
Tyskland blir ein eittpartistat.
|
|
1934
|
30.juni: ”De lange knivers natt”. Leiarar i SA blir drepne. Hitler har frie hender til å bygge opp hæren.
|
|
August
|
President Hindenburg døyr. Hitler erklærer seg som “der Führer”. Nazistane har full kontroll over Tyskland
|
|
|
|
 |
 |
|
Skulegutar gjer nazihelsing før ein fotballkamp
|
|
 |
|
Fascisme i Spania. Spania blir republikk I 1931. Borgarkrig i 1936.
Den fascistiske generalen Franco
gjer opprør mot den lovleg valde regjeringa sin venstrepolitikk.
Tyskland og Italia støtter opprørarane, og Sovjetunionen
regjeringa. Dei demokratiske stormaktene Storbritannia
og Frankrike held seg passive.
|
|
|
|
|
|
|
Opptakta til 2. verdskrig:
|
|
1933
|
Adolf Hitler og nazipartiet kjem til makta i Tyskland. Alle andre politiske parti blir forbodne.Tusenvis av politiske motstandarar blir arresterte. Mange flyktar.
|
|
1936
|
Tyskland
arrangerer dei olympiske sommar-
og vinterleikar.
|
|
1938
|
Anschluss
mellom Austerrike og Tyskland. Tyske troppar marsjerar inn
i Austerrike. Dei blir motteken av jublande folkemassar (meir
her..).
|
|
Krystallnatta.
|
Under krystalnatta vart tusenvis av jødiske forrretninger og synagoger øydelagt. Mange jødar blir sett i
konsentrasjonsleirar og fleire blir drepne.
|
|
München-forliket
|
Tyskland krev at Tsjekkoslovakia gjev frå seg dei vestlege delane av landet, der det bur mange tyskarar. Storbritannia går med på krava. Tsjekkoslovakia blir tvinga til å gi etter. Neville
Chamberlain, den britiske statsmiministeren, sa at München-avtala bar bod om ”fred i vår tid”.
Høyr Chamberlain si tale ved å klikke her..
Berre eit år etter bryt krigen ut. |
|
1939
|
Andre
verdskrig bryt ut. Med dei harde fredsvilkåra frå Versaillesfreden
som bakteppe er Tyskland klar for krig. Tyskland har under
leiing av Adolf Hitler rusta opp nok, til å våge ein krig
for å nå måla sine: Meir maktdominans i Europa - ”Lebensraum”.
Tyskland går til angrep på Polen.
|
|
3.september 1939
|
Frankrike og England går til krig mot Tyskland. Lytt til Chamberlain
som ærklærer Tyskland krig her..
(krev Real Media Player) |
|
|
|
 |
 |
|
Tyskland innlemmer Østerrike i det 3. rike ved “Anschluss”, 13. mars i 1938.
|
|
|
|
 |
 |
|
Andre delar av verda. - Krig mellom Japan og Kina. Japan går til angrep på den kinesiske provinsen Mandsjuria og etter kvart store deler av Kina. Krigen varer heilt fram til
1945. - Chiang Kai Shek - Mao Zedong/Den lange marsjen
- Etiopia /Haile Selassie -
Mahatma Gandhi
– sivilulydnad for at India skal bli
sjølvstendig (les meir her..)
|
|
 |
|
Kvardagsliv:
”Spanskesyken”
1918
Hårtørkeren frå Racine universal motor 1920
Designer parfyme 1921 Chanel no 5
Telefon 1922
Radiomottakar
1920
Flyrute London-Paris
Insulin 1921
Fjernsynet 1926
Penicillin
1928
Sportsklede påvirkar moten 1930
Nylon 1934
Den
første folkevogna 1936
Kulepenn 1938 |
|
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|