|
|
 |
|
ARKITEKTUREN I MELLOMKRIGSTIDA:
Starten på det 20. århundre var ei spanande tid i arkitekturen. Storbyen vokste både i Europa og i Amerika og det skjedde ei enorm utvikling innafor teknologien. Industriell framstilling av nye materialer,
armert betong, stål og masseproduksjon av til dømes vindauge, dører, byggjeelement og innreiingar gav arkitektane nye utfordringar. Dei braut med historiske stilartar og la grunnlaget for modernismen. Det nye mottoet var: "forma skulle følgje funksjonen".
I USA kom dei første skyskraparane og arkitekten Louis Sullivan var leiande innafor denne forma for arkitektur. Han var med å etablere Chicago skulen som stod for moderne arkitektur på 1900 talet.
|
|
|
 |
 |
|
Louis Sullivan, Carson Pirie Scott Department Store Chicago, 1904
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Arkitekten Walter Gropius starta Bauhaus skulen i Weimar i Tyskland i 1919. Gropius hadde eit ønske om at framtidas bygg skulle vere både arkitektur, skulptur og måleri. Kunstartane og folket skulle sameinast. Gropius meinte at utdanning av unge menneske ved Bauhaus var ein måte å forme samfunnet på, derfor var det viktig å få dei rette lærarane til skulen.
Målaren Johannes Itten, som er mest kjent for si utvikling av fargelære, fekk mykje å seie i Bauhaus-pedagogikken. Paul Klee og Vasilij Kandinskij var lærarar ved skulen og arkitekten Ludwig Mies van der Rohe. Hans utstillingsbygg til bustadutstillinga i Stuttgart, 1927 var av dei første husa med flatt tak og det fekk mykje å seie
for utviklinga av bustadar seinare. Rohe teikna den tyske paviljongen til verdensutstillinga i Barcelona i 1928-29.
Bauhaus sine idear var kjende i heile verda. I 1933 vart skulen stengt av nazistane og
Gropius flytta til England og seinare til USA. Der var han aktiv innafor arkitektur og byplanlegging.
|
|
|
 |
 |
|
Walter Gropius, Bauhaus, 1925-26
|
|
 |
|
I Storbritannia slo ikkje modernismen i arkitekturen gjennom før etter andre verdskrig. Gropius vart engasjert til å teikne skulebygg. Der samarbeidde han med Maxwell Fry, arkitekten som stod bak eit av dei få modernistiske bygga i England. Andre døme på modernisme er Berthold Lubetkin, emigrant frå Russland, sine arbeid. Han teikna pingvindammen i London Zoo og Highpoint I og II. Highpoint er høge, kostbare bygg med reine linje, utført i armert betong.
De Stijl Gruppa De Stijl var med å utvikle moderne arkitektur i Europa. Arkitektar, biletkunstnarar og formgivarar i
Nederland stifta gruppa i 1917 og dei ga ut eit tidsskrift under namnet De Stijl.
Schroder-huset i Utrecht som blei bygd i 1923-24 teikna av arkitekten Gerrit Rietveld er eit godt døme på gruppa
sin stil eller estetikk. Formspråket minner om biletkunsten til Piet Mondrian , han var medlem av gruppa.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
I mellomkrigstida var funksjonalismen den viktigaste byggjestilen i arkitekturen. Ideen var at forma skulle følgje funksjonen, funksjonen bestemme estetikken og all dekor var unødvendig. " Less is more" var eit funksjonalistisk slagord som vart utforma av arkitekten Mies van der Rohe. Han var lærar ved Bauhaus-skulen. Bauhaus fekk ei viktig rolle i den nye retninga
Husa skulle ikkje berre byggjast i
betong, men glas og stål skulle vere ein del av fasaden og samtidig stå for det dekorative. På denne tida flytte folk frå landsbygdene til byane for å arbeide. Behovet for bustadar og byplanlegging var stort.
Arkitekten Le Corbusier innførte funksjonalismen sine idear og stod for utforming av "The city in the park". Tanken var at folk skulle bu i naturen med lys, luft og parkanlegg mellom husa. Det var viktig å skilje bustadene frå industri og trafikk og etter kvart vart det bygd drabantbyar.
|
|
|
 |
 |
|
Le Corbusier, Skyskraper 1922
|
|
 |
|
Le Corbusier Le Corbusier var sveitsisk-fransk forfattar, målar, arkitekt og byplanleggjar og blei rekna for å vere ein av dei fremste arkitektane internasjonalt sett. I fyrste boka si "mot ein ny arkitektur", som kom ut i 1927, kunngjorde han arkitekturen sine fem punkt. Det var frittståande beresøyle, takhagar, vindauge som lange vassrette band ( for å sleppe inn mykje lys), fri
plan og ein fritt komponert fasade. Dette kan vi sjå i bygget Villa Savoye, men det er lettast å forstå ideen ved å studere ein plan.
Arkitekten hadde fleire teoriar å jobbe etter, han såg huset sitt indre rom som ein kube. Le Corbusier overførte kubismen sine tankar og idear til arkitekturen. Han brukte modular, ein skala av arkitektoniske proporsjonar som var basert på menneskekroppen og det gylne snitt.
Arkitekten Leon Battista Alberti brukte også modulsystem under renessansen (1450-1600). Alberti var den største og truleg den viktigaste teoretikaren innafor arkitektur på den tida.
|
 |
|
Albert Speer var Hitler sin arkitekt i Tyskland. Han teikna og planla eit byggverk som vart kalla Berliner Dom. Eit klassisk, monumentalt, bygg som aldri vart realisert, men det skulle vere ein del av Hitler sitt nye rike. Som tidlegare nemnt stengte Hitler Bauhaus i 1933. Idealet var det klassiske i alle kunstartane. I Sovjetunionen motarbeidde Stalin modernismen og mange arkitektar flytta frå landet.
I Skandinavia kjenner vi Alvar Aalto i Finnland som ein nasjonalhelt og unik meister innafor arkitektur. Det mest kjende bygget frå mellomkrigstida er "Paimio Sanatorium” (1923-1933). Arkitektur er høgt verdsett i
Finland samanlikna med andre nordiske land.
|
|
|
 |
 |
|
Alvar Aalto, Paimio sanatorium Finland, 1929-33
|
|
 |
|
USA og Frank Lloyd Wright Krakket på Wall- street i 1929 og depresjonstid i USA gjorde slutt på den aktive utbygginga av forretningsbygg På den tida var Chrysler Building i New York nesten ferdig Den blei bygd i art-deco stil av William van Alen som ein del av Manhatten. Art-deco stilen har
felles trekk med Bauhaus og De Stijl og den omfattar formgjeving og arkitektur. Eit kjenneteikn på art-deco er strenge geometriske element i form og fasade og inngangsparti.
Frank Lloyd Whright var den amerikanske arkitekten bak Imperiel Hotel i Tokyo. Konstruksjonen var genial og overlevde jordskjelvet i 1926. Whright var nysgjerrig og undersøkjande. Han gjekk stadig nye vegar og takla dei tilsynelatande umoglege tomtene og skapte nydelege former i naturen. Falling water i Pennsylvania i 1935 og Taliesin West i Arizona i 1938, viser fantastisk arkitektur og ber preg av individualisme. Seinare vart arkitekturen meir prega av uniformering enn variasjon.
|
|
|
 |
 |
|
Frank Lloyd Wright, Fallingwater Pennsylvania, 1935-37
|
|
|