|
|
 |
|
BILETKUNST I MELLOMKRIGSTIDA:
Tidleg på 1900 talet utvikla den spanske kunstmålaren Pablo Picasso og kunstnarvenen Georges Braque eit heilt nytt språk innafor biletkunsten. Den nye retninga fekk namnet kubisme og det var biletet "Hus i Estaque" som var opphavet til namnet. Kubistisk målekunst braut radikalt med fortida og inspirerte til nye uttrykksformer i framtida.
Picasso ville ikkje lengre måle ting slik dei såg ut, men slik han hugsa dei såg ut. Slik kunstnaren opplevde krig, viser han i bilete "Guernica" som han måla i 1937. Det kom som ein
reaksjon på bombinga av byen Guernica under borgarkrigen i Spania og som protest mot nazistane si innblanding i krigen. Biletet formidlar tragedie, redsle og død på ein måte som vanskeleg let seg formidle med ord.
|
|
|
 |
|
|
 |
 |
|
Kubistane ville frigjere forma frå naturen og gjorde formene om til geometriske figurar, som kubar, kjegler, sylindrar og sirklar. Det nye formspråket var ikkje like lett å forstå og tilskodaren måtte gå bort frå den tradisjonelle måten å sjå kunst på.
|
|
|
 |
|
Futurismen oppstod i Italia. Det var forfattaren Filippo Tommaso Marinetti som offentleggjorde Det futuristiske manifest i avisa Le Figaro i 1909. Futuristane var opptekne av fart, rytme og dynamiske bevegelsar. Kunstverka har ofte eit valdeleg uttrykk. Politisk var dei tilhengarar av Mussolini sine nasjonalistiske og fascistiske ideologi.
Biletkunstnarane laga eit futuristisk støttemanifest, underteikna av mellom anna Umberto Boccioni og Giacomo Balla. Kunstretninga fekk stor oppslutning i Russland og vart støtta av Vladimir Tatlin, Kasimir Malevitj, Mikhali Larionov m. fl.
|
|
|
 |
 |
|
Umberto Boccioni Byen våkner, 1910 olje på lerret, 199 x 301 cm
(klikk bilete for større versjon)
|
|
 |
|
Abstrakt kunst Å abstrahere tyder å trekke frå, uttrykket kjenner vi frå matematikken. Når vi bruker ordet i samband med bilete, snakkar vi om å forenkle. Uttrykket abstrakt eller nonfigurativ kunst er kunst som ikkje førestiler noko.
|
|
|
 |
 |
|
Vasilij Kandinskij Måleri med svart boge, 1912
(klikk bilete for større versjon)
|
|
 |
|
Det første abstrakte bilete blei måla av den russiske målaren Vasilij Kandinskij. Han uttrykte kjensler ved hjelp av
farger og former og utvikla eit symbolsk språk. Kunstverka skulle ikkje likne på noko, men vere ei oppleving nesten på samme måten som i musikken. I boka, “Om det åndelege i kunsten” , samanliknar Kandinskij fargar
med musikk. Han hadde eit sterkt forhold til farge. Kandinskij og målaren Franz Marz ga ut boka "Der Blaue Reiter", den blå ryttaren, i 1912.
Piet Mondrian frå Nederland og russaren Kasimir Malevich blir også rekna som opphavsmenn til den abstrakte kunsten.
|
 |
|
|
 |
 |
|
I mellomkrigstida forsvann litt av den moderne energien som prega målekunsten først på 1900 talet. No dominerte dadaisme
og surrealisme, to filosofiske retningar som dukka opp delvis som ein reaksjon på alt det forferdelege
som skjedde under første verdskrig.
I 1916 oppstod gruppa Dada i Zurich. Sveits var eit av dei få nøytrale landa
under første verdskrig og mange kunstnarar flytta dit for å unngå mobilisering. Ei gruppe unge kunstnarar påverka av sosialisme, politisk uro og det krigsherja Europa, kalla seg for dadaistar. Middelet dei brukte var "anti-kunst" eller "ready
made" dvs. daglegdagse ting som er stilt ut som kunst. Denne uttrykksmåten hadde mykje til felles med det som på 60 talet vart kalla "happenings"
|
|
|
 |
 |
|
Marcel Duchamp Sykkelhjul, 1913
(klikk bilete for større versjon)
|
|
|
 |
 |
|
Marcel Duchamp Nude descending a staircase, 1912 olje på lerret, 147 x 89 cm
(klikk bilete for større versjon)
|
|
 |
|
Marcel Duchamp var medlem av gruppa og blir rekna som ein av dei viktigaste kunstnarane på 1900-talet. Han er kjent for sine "ready made" og ikkje minst for bilete " Naken kvinne som går ned ei trapp". I dette bilete ser det ut til at kunstnaren har måla kvinnekroppen i serie for å få fram rytme. Både hoftelinje og skulderlinje endrar seg etter kvart som kvinna går ned trappa. Duchamp utvikla biletuttrykket til å bli ei oppleving av rørsle. Fleire kunstnarar har blitt inspirert av akkurat dette bilete.
|
|
|
 |
 |
|
( Frå boka "There`s treasure everywhere" a Calvin and Hobbes Collection by Bill Watterson)
|
 |
|
Surrealisme
var ei vidareføring av dadaistane sine idear. Det surrealistiske
manifest kom i 1924 og var skrevet av forfattaren Andre
Breton. Surrealistane var påverka av Sigmund Freud
og psykoanalysen og dei brukte det underbevisste, draumane, som
kjelde til nye kunstuttrykk. Surrealismen var meir knytta til litteraturen
enn biletkunsten, men det er kanskje gjennom biletkunsten retninga
har nådd sterkast ut til folket. I Europa var surrealistane dei
mest dominerande innafor den kunstnariske avantgarde - frontfigurar
i kunsten.
Salvador Dali var ein av dei. Bileta hans inneheld levande vesen og kjende element, ofte i unaturleg storleik,
forvrengde og sette saman på unaturlege måtar. Biletet " Hukommelsens uendelighet" er eit godt døme på surrialistisk kunst.
|
|
|
 |
 |
|
Salvador Dali Hukommelsens uendelighet 1931 olje på lerret, 24 x 33 cm
(klikk bilete for større versjon)
|
|
 |
|
Joan Miro, Rene` Margritte
og likeså Marc Chagall blir rekna som surrealistar. Før surrealismen i biletkunsten hadde arkitekten Antonio Gaudi demonstrert abstrakte former og surrealistisk fantasi i arkitekturen. Fleire av surrealistane m.a. Joan Miro var inspirerte av Goudi. Rene` Margritte sin kunst var realistisk surrealisme.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Ekspresjonisme I 1930 åra reiste mange europeiske kunstnarar til USA. Mange flykta frå
Tyskland då nazistane og Hitler kom til makta. Andre kjende kunstnarar som reiste var Leger, Mondrian og Chagall m.fl. Den amerikanske ekspresjonisten Jackson Pollock meinte at dei europeiske kunstnarane hadde ei viktig rolle i den ekspresjonistiske kunstretninga i USA.
Kathe Kollwitz var ein kvinneleg, tysk ekspresjonistisk kunstnar som valte å leve i isolasjon og forfølging i Tyskland. Ho var utdanna grafikar og arbeidde med tresnitt og andre trykkteknikkar.
Edvard Munch sin kunst gjorde inntrykk på kunstnaren, det kan vi sjå i dei første arbeida.
Tida etter første verdskrig var vanskeleg i
Tyskland. Kollwitz sin kunst uttrykkjer sosial nød, krig og sorg. Ho brukte kunsten til å motarbeide urett og vold. Det var årsaka til at ho måtte slutte som professor ved akademiet i Berlin i 1933. Ho vart stoppa
av nazistane, men fortsette arbeidet heime.
|
|
|
 |
 |
|
Kate Kollwitz Krig, 1923 Tresnitt
(klikk bilete for større versjon)
|
|
 |
|
Emil Nolde var også ein kunstnar som fortsette å bu i Tyskland då nazistane overtok makta i 1933. Kunstnaren var tidlegare medlem av gruppa, Die Brucke. Han var ein fantastisk kollorist, men fekk forbod mot å måle. Fargar, linje eller motiv forma på spesielle måtar var nok til å provosere dei styrande. Men Nolde fortsette og i dag kan kunstelskarar sjå ekte fargeglede i kunstverk utført av ein meister.
Harald Sverdrup skreiv eit dikt om Emil Nolde og hans situasjon under nazistyret:
|
 |
|
Kurt Schwitters var tysk kunstnar, men som etter 1930 var i Norge store delar av
året. Han vert rekna som ein av 1900 talet sine mest markante biletkunstnarar og kan stå som representant for modernismen og dadaismen. Schwitters kom til Norge
først som turist og seinare som flyktning. "Vi lever 25 minutter for sent" er eit kulturtilbod for ungdomstrinnet. om kunstnaren Kurt Schwitters. Prosjektet er utarbeidd av
ulike kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal.
Biletkunsten i mellomkrigstida var prega av filosofiske og teoretiske manifest, kunstnarane
ville vekk frå dei tradisjonelle uttrykksmåtane og tenke nytt. Vi skal sjå at det kom igjen i både i arkitektur, skulptur og design.
|
 |
|
|
 |
 |
|
Skulptur I modernismen vart det etter kvart mindre skiljelinje mellom dei ulike kunstartane. Særleg biletkunstnarar likte å eksperimentere med nye uttrykksformer. Både Picasso, Matisse, Miro, Dali og Margritte arbeidde i periodar med skulptur. Marcel Duchamp sitt " sykkelhjul" vert rekna som skulptur. I 1920 laga han "Roterande skiver" som er starten på
kinetisk kunst(kunst som rører seg) eller pop-art.
|
|
|
 |
 |
|
Salvador Dali (klikk bilete for større versjon)
|
|
 |
|
Naum Gabo var russisk kunstnar og aktiv innafor revolusjonær kunst. Det var eit
kunstnerisk gjennombrot dei første åra etter revolusjon i Russland i 1917. Gabo laga sin første motoriserte konstruksjon i 1920, " Kinetisk skulptur". Han arbeidde
i eit abstrakt formspråk, men skjøna etter kvart at denne uttrykksforma ikkje ville bli godt motteke i den kommunistiske staten. Han flytta til Tyskland og fleire kunstnarar kom etter.
Valdemir Tatlin er ein kjend kunstnar som vart verande i Russland heile livet. Han teikna "Monument over Den tredje internasjonale". Monumentet blei aldri bygd.
Henry Moore var ein kjent skulptør frå England. Han studerte i Leeds etter første verdskrig.
Figuren "Tilbakeliggjande form", 1929 er ei form han brukte og utvikla vidare. Moore fekk skulpturprisen i Venezia- biennalen i 1948.
|
 |
 |
|
Temaweb er ein netteneste frå PILOT, Møre og Romsdal
Redaktør: Åshild Støbakk Webmaster: Svein Frøystad Oppdatert:
11.01.04
|
|